Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 274
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Norgesgruppen i støypeskeia: Før dette hadde ein meir eller mindre sjølvstendige butikkar i kjeder som f.eks. Mathuset og EPA. Ein legg merke til innvendingane frå prisdirektoratet, forløparen til konkurransetilsynet. I dag er dette ein realitet.
  2. Ein kunne kanskje ha hatt ein mellomting, slik det var før konsollideringa rundt 1990. Problemet i dag er at det er blitt så få aktørar at dei kjedene som er att eig grossistane, og har tilnærma monopol.
  3. Var ikkje Slesvig danskspråkleg, medan Holsten var tysk? Schleswig vart etter det eg hugsar delt inn i ulike område som fekk halde folkeavstemming rundt 1920. Det nordlegaste området stemte for å bli dansk, og har sidan høyrt til Danmark. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Folkeavstemningen_om_Slesvig
  4. https://www.nrk.no/ytring/1_0-til-putin-1.17530210
  5. Oksedrit! Det var aldri noko fleirtal i Ukraina som ynskte seg NATO-medlemsskap før etter fullskalainvasjonen i 2022. Striden rundt Maidan-opprøret gjaldt spørsmålet om Ukraina skulle søkje EU-medlemsskap eller knyte seg tettare økonomisk mot Russland slik Putin og Janukovic ville. Med fullskalainvasjonen i 2022 oppnådde Putin at Sverige og Finland vart NATO-medlemmer.
  6. Sagt på ein annan måte: I staden for å krangle om korleis kaka skal fordelast bør ein heller gjere kaka størst mogeleg. Då blir det meir til alle.
  7. Ein treng ikkje å gå lenger tilbake enn 1939, då Norge ikkje hadde noko landegrense mot Sovjetunionen. Men ein trudde at ein var komne litt lenger no - eller rettare sagt trudde ein det fram til 24/2 2022. Det ein ser no er 1938 om igjen. "Peace in our time".
  8. Men problemet er vel at Putin trur at han har alt å tene på å halde fram og at han kan vinne krigen militært, og då blir det ikkje forhandlingar uansett kor mykje ein gjev etter for Putin. Då blir det eit diktat frå Moskva. Spørsmålet er om dette er noko som Ukraina eller Europa kan leve med.
  9. Heilskapen er viktig. Som Stoltenberg sa det for nokre år sidan: Ein må skape for å kunne dele. Dei to store heilskapspartia i Norge finn ein på kvar si side av sentrum. Ap og Høgre. Hadde det vore opp til meg burde ein ha hatt ei blokkoverskridande regjering. Ap og Høgre er einige i mange saker, og dette ville ha gitt dei beste løysingane.
  10. Og dermed vil folk bruke pengane dei har spart på andre ting i tillegg til det dei elles ville ha gjort. Sprøyter du pengar inn i ein økonomi skaper du knappheit på ressursar, og dermed ytterlegare press/overoppheting. (Skal økonomien halde seg stabil må ein kutte like mykje i offentleg forbruk som det ein gjev i skattelette. Og då er ein tilbake til det evige spørsmålet om kvar ein skal kutte).
  11. Var det ikkje eigentleg altinn som skulle dekke dette?
  12. Om du støttar Ukraina er iallefall ND uaktuelle, på lik linje med FOR.
  13. Overoppheta økonomi, høg inflasjon og høg rente.
  14. https://www.nrk.no/ytring/slik-splitter-sylvi-borgerlig-side-1.17529657 Det vesentlege er i kva retning politikken blir ført dersom Frp blir størst på borgarleg side, men det har også noko å seie kven som blir statsminister. Solberg har vore rund og samlande. Listhaug hugsar ein frå då ho var justisminister, då ho oppførte seg meir som ein opposisjonell enn som eit statsråd som skulle representere både Solberg-regjeringa og heile det norske folket. Ho måtte då også gå på grunn av manglande tillit. Eg har aldri stemt Frp, men eg likte Siv Jensen betre.
  15. Så du trur at russarane vil føle at dei har mindre framgang dersom ein byrjar å gje etter for Russland?
  16. Både i Norge og andre europeiske land bør ein ha tenkt gjennom- og lagt planar for kva ein bør stille opp med dersom noko slikt blir aktuelt. Men eg trur det er fornuftig å ikkje gå ut med dette før ein ser om det i det heile teke blir nokon avtale, og korleis den evt. ser ut.
  17. Ein bør smi medan jernet er varmt. Fell Ukraina er det ikkje usannsynleg at nettopp Moldova er neste på Putin si liste. Eg er elles bekymra over at mange er russarvenlege, og at ein lett kan få ei regjering som tek landet i same retning som Ungarn eller Georgia.
  18. Ukraina slenger på med det dei har, og har stansa det katastrofale gjennombrotet i denne omgang.
  19. Kva endar dette med til slutt?
  20. Azerbaijanarane har kamperfaring, og har også Tyrkia på laget om det skulle bli nødvendig. Så ein kan jo berre håpe på at Putin startar ein krig til, slik at den russiske kollapsen blir framskunda og Ukraina igjen blir fritt.
  21. https://www.nrk.no/vestland/pst-peiker-pa-prorussiske-hackarar-etter-damsabotasje-1.17526400
  22. Sa du kapitulasjon? Putin har maksimalistiske krav, og rikkar seg ikkje ein tomme.
  23. Dette. Norge er eit demokrati og ein rettsstat, og ein kan ikkje dømme nokon før ein kan ta dei for å ha gjort noko som ikkje er lov å gjere.
  24. 1. Og så hadde ein del bedrifter gått dukken, både på grunn av renta i seg sjølv og at folk flest reduserte forbruket. Ein ville ha fått nedgang i økonomien og folk flest ville ha fått dårlegare råd. Og så hadde inflasjonen gått ned på grunn av dette. Danske kroner er vel knytt meir eller mindre fast til Euro, medan den norske krona har vore flytande sidan Norges Bank ga opp fastkurspolitikken på byrjinga av 90-talet. Den svenske krona er flytande slik som den norske. Om norske kroner skal vere stabil i forhold til Euro er løysinga EU-medlemsskap og å låse krona til Euro.
  25. For min del er det mange gode grunnar til å stemme Høgre, eller evt. Venstre som er dei som ivrar sterkast for å auke støtta til Ukraina. Men eg likar ikkje høgrepopulistane i Frp. Eg meiner at å leggje til rette for bedriftene er det viktigaste ein kan gjere, men vil ikkje ha kulturkrig, innvandringsskepsis, nei til EØS eller tulledebatt om livstidsstraff vs. forvaring med på kjøpet. Sidan Frp ser ut til å bli klart større enn Høgre vurderer eg å stemme Ap i år, trass i alt som står ovanfor og trass i at eg slett ikkje er begeistra for partia til venstre for Ap og Sp, og som kan ende opp som ein del av grunnlaget for ei raudgrøn regjering. Eit alternativ er vel at eg hamnar hos sofaslitarpartiet.
×
×
  • Opprett ny...