Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 284
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://www.nrk.no/urix/ukrainer-pagrepet-av-italiensk-politi_-mistenkt-for-angrep-mot-nord-stream-1.17536431
  2. Kartet i den artikkelen viser vel frontlinjene i april 2022?
  3. Kva med å auke den militære støtta til Ukraina?
  4. Russarar flest drit i Ukraina, men irriterer seg over å måtte vente nokre timar på flyplassar nedstengt på grunn av ukrainske droner. Kan bensinmangel og lange køar vere det som til sist skal utløyse Putins fall?
  5. No er det vel uansett usannsynleg at USA blir invadert og deler av landet okkupert. Dårleg samanlikning og nok ein idiotisk kommentar frå Trump.
  6. Når det gjeld vindkraft er det vel også parti på høgresida som seier nei til dette. Elles meiner eg at naturvern har fått alt for mykje makt. Ein må ha ein jobb å leve av, og Norge må ha inntekter. Dersom ein gjer Norge om til eit naturreservat blir det lite å leve av.
  7. Putin halar ut tida. Den tida bør Europa bruke til å ruste opp og sende massiv støtte til Ukraina.
  8. Det er vel mogeleg å registrere Trumf på bankkort, men ikkje på kredittkort. Samstundes har kredittkort fordeler som ein ikkje får med bankkort, som null i årsavgift, utsett betaling og ingen gebyr på "vanleg" bruk. Trumf-kredittkortet gjev dessutan ein prosent ekstra Trumf-bonus.
  9. Ein grunn er vel at kjedene tilbyr sine eigne kredittkort, og at dei dermed ynskjer å hindre konkurranse. Men eg skjønar ikkje kvifor ikkje Rema tilbyr dette, sidan dei ikkje sel kredittkort. Fordelsprogrammet til Rema er dessutan elendig. Det var betre før, då dei hadde "bare lave priser". No brukar eg Trumf sitt kredittkort og handlar stort sett på Kiwi, der får ein trass alt bonus utan at ein treng å løfte ein finger bortsett frå å overføre bonusen til konto med jamne mellomrom.
  10. Og dermed er ein like langt som før - bortsett frå at Putin har fått vist at han er teken inn att i "varmen" etter toppmøtet i Alaska.
  11. https://www.nrk.no/vestland/russiske-hackarangrep_-norsk-kraftbransje-skjerpar-sikkerheita-1.17532223
  12. Dette kan ein berre drøyme om. Skulle russarane nokon gong gå med på noko slikt er eg redd for at avtalen ikkje vil vere verdt papiret. Ukraina vil måtte trekkje seg ut av Donetsk, medan Russland vil dikte opp ukrainske provokasjonar eller komme med unnskyldningar for kvifor dei ikkje trekkjer seg ut av Kherson og Zaporiszja. Ukraina bør ikkje godta ein dårleg fredsavtale som gjev Russland område som enno ikkje er okkuperte og smular eller ingenting i retur, men det er vel mykje meir sannsynleg at Trump pressar Ukraina til å godta dette enn at ein får Russland til å akseptere- og følgje ein fredsavtale der dei trekkjer seg ut av Kherson og Zaporiszja. Donetsk, Luhansk og Krim må heller aldri bli anerkjent som noko anna enn de facto russiskstyrte område.
  13. Er dette noko som kan brukast til å øydeleggje Krim-brua ein gong for alle?
  14. Det mest naturlege vil jo vere at mora ammar barnet. Alt anna blir ei etterlikning. Så blir spørsmålet om- og i tilfelle kva dette evt. får å seie for barnet og/eller forholdet mellom mor og barn, forsking kan sikkert seie noko om dette. At det er tungtvegande grunnar til at ein vel å ikkje følgje naturen i alt er ei anna sak.
  15. Likestilling er etter mi meining noko som dei fleste som er oppegåande burde vere for. Men så er spørsmålet korleis ein skal vege ulike omsyn mot kvarandre og å få dette til i praksis. Det er dette som er politikk. Elles er det slik at likestilling ikkje er det same som at alle skal vere like. Kvinner og menn er ulike biologisk sett. I tillegg er kvart enkelt individ ulike. Difor er mangfald bra, i denne samanhengen som i alle andre samanhengar. Mangfald inneber større personleg fridom. Motstandarar av mangfald vil redusere personleg fridom - slik at det blir fridom for nokre få. (Når alt dette er sagt ser eg absolutt også argumenta for- og er faktisk også einig i at deler av foreldrepermisjonen bør vere tildelt mor eller far slik som det er i dag).
  16. Eit godt poeng, men det er også gode grunnar til å gjere foreldrepermisjon kjønnsnøytral og la fordelinga vere opp til kvart enkelt par å bestemme sjølv. Familiar er ulike, og det som passar nokre passar ikkje andre. I verste fall endar mor opp med å ta ulønna permisjon, og mistar samstundes pensjonsopptening og rettar i arbeidslivet.
  17. Eg tykkjer at det dei vil er ganske klart.
  18. Ein kan seie mykje om dette. Antisemittisme er nemnt, men det står ingen ting i programmet om islamofobi. Støtte til Israel er nemnt, folkemordet som skjer i Gaza eller fordriving av palestinarar på Vestbreidda er ikkje nemnt. Det er heller ikkje nemnt noko om korleis partiet stiller seg til sikkerheitssituasjonen i Europa eller støtte til Ukraina. Innbilt trussel frå "radikal kjønnsideologi" er viktigare enn den reelle trusselen frå Russland.
  19. Vel... Russland okkuperer vel allereie i underkant av 20% av Ukraina. Det som er sikkert er at ein krig har mange fasar. Eit godt eksempel er armenarane som tok kontroll over Nagorno Karabach. Til slutt enda det med at Azerbaijan tok kontrollen, og den armenske befolkninga med røter i området gjennom tusenvis av år måtte flykte. Når det gjeld krigen i Ukraina speler Putin eit høgt spel, og når endringar i Russland fyrst skjer pleier dei ofte å skje raskt.
  20. Det som så langt ser ut til å kunne lukkast er ikkje nemnt - nemleg fredsavtale mellom Armenia og Azerbaijan. Dette er også viktig med tanke på at det reduserer russisk innflytelse i Kaukasus, noko som på sikt vil kunne bidra til Russlands fall og komme Ukraina til gode.
  21. Starten på dette var vel tapet av Avdiivka, som fall då republikanarane i den amerikanske kongressen heldt tilbake Ukraina-støtta i over eit halvt år, og Tsjekkia sitt forsøk på å få europeiske land med seg til å bøte på ammunisjonsmangelen drog ut i tid.
  22. Samstundes har Denys Davydov rett i at det russiske gjennombrotet aldri burde ha skjedd i utgangspunktet.
  23. Men dette siste burde du ha skrive i fyrste innlegg, då ville ein fått ein debatt rundt dette i staden for kritikk fordi folk ikkje forstår kva du eigentleg ynskjer å diskutere. Kritikk som eg opplever er oppriktig meint.
  24. Eg er spent på korleis dette kjem til å gå, og om ein får ein reprise av det som skjedde forrige gong.
×
×
  • Opprett ny...