Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 671
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Om ein les artikkelen står det at dette er sesongvariasjonar. Det har vi også her i landet, der f.eks. nypotetene om sommaren er dobbelt så dyre som elles i året. I følgje sentralbanken er inflasjonen framleis høg, men på veg ned. Så vil tida vise korleis dette endar.
  2. Det har vist seg at desse missila var ganske upresise. Men youtubaren Denys Davydov trur at det blir jobba med treffsikkerheita, slik at dei vil gjere betre nytte for seg.
  3. Og ei viktig årsak til den konkrete hendinga er truleg at Putin vil at militær støtte skal sendast til Polen på bekostning av Ukraina. Putin bør ikkje få det slik han ynskjer. Ein må både trygge Polen og auke støtta til Ukraina. Det fyrste har NATO allereie gjort.
  4. Er det ikkje snart på tide at Trump besøkjer Kyiv?
  5. Ukraina treng luftvernet meir enn Polen. Det står vel ein del luftvern i Tyskland og andre land i Sentral- eller Vest-Europa? Noko av dette bør kunne flyttast til Ukraina, eller i det minste til Polen/Baltikum. Kan eit land som Ungarn ha noko å tilby? Orban er jo venn med Russland, og som vi ser er landet då heller ikkje utsett for russiske droner. Iallefall enn så lenge. Det er vel presidentval til våren.
  6. For meg ser dette ut som eit svar som ikkje reduserer støtta til Ukraina. Men det aukar heller ikkje støtta til Ukraina.
  7. Eit liknande scenario er dersom det kjem ein dårleg fredsavtale som bind opp europeiske soldatar til å passe på Russland inne i Ukraina. Då har ein mindre å stille opp med dersom Russland går til angrep ein annan stad, som f.eks. Moldova.
  8. Om alt skulle handle om EU ville vel regjeringa Raudt+Sv+Sp+Frp ha sett dagens lys.
  9. Skal Frankrike fylle det maktpolitiske tomrommet som er i ferd med å oppstå når USA trekkjer seg meir og meir ut?
  10. Det betyr at også USA har stemt for. Interessant.
  11. Begge partia kunne heller ha vore ein del av ei sentrumsregjering som også omfatta Ap og Høgre.
  12. Dette kunne evt. ha vore eit forsøk på å vinne Belarus over på amerikansk side og vekk frå Russland. Men eg tvilar på at Trump og idiotane rundt han vil lukkast.
  13. Det er ikkje godt å seie. Dersom Sp går saman med borgarleg side i alt for mange saker kan det bli vanskelegare å samarbeide med partia på venstresida i neste periode (2029).
  14. Venstre har vore eit parti som har bidrege til å flytte arbeidsplassar til distrikta i motsetnad til symbolpolitikken som Senterpartiet har drive med. Eksempel på utflytting av statlege arbeidsplassar gjennomført av borgarlege regjeringar er Lotteritilsynet og Norec (Fredskorpset) som begge ligg i Førde i Sunnfjord.
  15. Er det i stor grad russiske botar som ligg bak desse tala, eller er folk sjølv i Polen så hjernevaska som dette gjev inntrykk av? Eg blir litt oppgitt når folk i dei landa som historisk sett har vore mest underkua av Russland/Sovjetunionen ikkje er meir opplyste.
  16. Skal ein drive landbruk er ein avhengig av vêr og vind, og må nytte høvet til å jobbe når det passar. Sjølv i gamle dagar då bibelen låg på stovebordet var det "lov" å berge tørrhøyet på ein sundag før regnet kom. Når det gjeld temaet, så er det nok mange som kunne ha tenkt seg ei regjering på midten der m.a. Ap og Høgre deltok framfor at ein må velje mellom pest eller kolera. Ap og Høgre er einige i mange saker.
  17. 19+ krenkingar av polsk luftrom, og ingen krenkingar av slovakisk eller ungarsk luftrom. Sikkert berre tilfeldigheiter...
  18. For at ikkje folketalet skal gå ned på sikt må kvar kvinne føde minst to born i snitt. Norge ligg vel på 1,4 om eg ikkje hugsar feil.
  19. Gitt at desse innvandrarane får mange born som blir verande i landet som framtidige skattebetalarar kan dette like snart vere eit bidrag til å redusere/stanse eldrebølgja ein gong i framtida.
  20. Ein får håpe at det snart kan komme ein kraftig reaksjon, m.a. i form av auka støtte til Ukraina.
×
×
  • Opprett ny...