Gå til innhold

Tips og triks i Adobe Photoshop (oppd. 29/01-08)


Anbefalte innlegg

Det er mange småting som kan gjere det enklare og raskare å jobbe i Photoshop. Her er ei lita samling med nokon av desse, forsøkt organisert etter tema på ein nokolunde fornuftig måte.

 

NB! Eg har slutta å bruke PS, og kjem ikkje til å oppdatere denne tråden meir, men om det er noko de tykkjer burde vore lagt til, berre send med ein PM.

 

 

Arbeide med lag

 

Lage «Background»-lag om til vanlege lag

Når ein opner eit JPG-bilete i PS, vil det verte lagt som eit «Background»-lag, og desse kan ikkje redigerast. Den enklaste måten å gjere dette om til eit vanleg lag, er å halde inne Alt, og dobbeltklikke på det.

 

Justeringslag

Eller Adjustment layer, som det heiter på engelsk. Bruker du ofte Levels, Hue/Saturation og andre ting ein finn under Image --> Adjustments, men angrer litt på det du gjorde, so alt må gjerast på ny? Bruk eit justeringslag i staden. Desse finn ein ved å gå til Layer --> New adjustment layer, eller ved å trykke på post-21406-1181092821_thumb.png nederst i lagvindauget. Det som skjer då er at det vert laga eit nytt lag, som påverker laga under på same måte som det tilsvarande under Image --> Adjustments. Ved å dobbeltklikke på det kan ein endre på innstillingane, og fjerner ein det heilt er biletet attende til originalen.

 

På justeringslag har ein og ei maske, som gjer det enkelt å leggje til ei justering på kun ein del av biletet. Sjå steg 3 her for litt meir om masker.

 

Lage nye lag

  • Hurtigtasten for å lage nye lag er Ctrl + Alt + Shift + N.
  • Om ein bruker berre Ctrl + Shift + N vil ein få opp ein dialogboks der ein mellom anna kan skrive inn namn på laget, endre blandemodus og setje opacity.
  • Om ein held inne Ctrl medan ein klikker på knappen for nytt lag (post-21406-1167346411_thumb.png), vil det nye laget verte plassert under det aktive.

Duplisere lag

Ved å trykke Ctrl + J vil ein lage ein kopi av det aktive laget. Om eit område er merka, vil kun det verte lagt på det nye layeret.

 

Vise berre eitt lag.

Har du mange lag, og vil sjå korleis eitt av dei ser ut åleine, hald inne Alt og klikk på auget ved det laget. Då vil alle andre lag verte skjult. Klikk ein gong til, framleis med Alt, og laga vert synlege att.

 

Slå saman lag lag

I situasjonar der ein vil slå saman lag kan det vere kjekt å kunne nokre hurtigtastar:

  • Ctrl + E: Slår saman det aktive laget med det som er rett under.
  • Ctrl + Shift + E: Slår saman alle laga til eit bakgrunnslag (tilsvarer Flatten image)
  • Ctrl + Alt + Shift + E: Lager eit nytt lag der innhaldet på alle dei andre laga er med. (Det kan vere du må lage eit nytt lag øvst, med t.d. Ctrl + Alt + Shift + N, før du kan bruke denne.)

Markeringar (selections)

 

Markere innhaldet i laget

Ved å halde inne Ctrl og klikke på miniatyrbiletet til laget i lagvindauget, vil du lage ein markering rundt ytterkantane til innhaldet i laget. Det fungerer både på vanlege lag, «Smart objects» og tekstlag, samt kanalar. (NB! I versjonar før CS2 må ein klikke til høgre for miniatyrbiletet).

 

Kombinert med Shift eller Alt vil ein henhaldsvis kunne leggje til eller trekkje frå markeringa.

 

Ta vare på markeringar

Kanskje ikkje det mest brukte, men det vil sikkert vere anledningar der ein kunne tenkje seg å spare på eit område ein har markert. Dette kan ein enkelt gjere ved å gå til Select --> Save selection. Ein kan hente dei fram att ved å gå til Select --> Load Selection, eller berre sjå i Channels-vinduget, der dei vert lagt som alfakanalar. Som sagt under «Markere innhaldet i laget», bruk Ctrl (+ Shift/Alt) for å hente fram markeringa.

 

Midlertidig skjule markeringsgrensa

Eller kva ein skal kalle det, den stipla linja som viser kva område som er markert (marching ants på engelsk). Har ein t.d. markert eit område for å kun justere det kan det vere greit å kunne sjå resultatet utan den grensa. Ved å trykke Ctrl + H kan ein skjule «Extras» som det heiter. Kva anna som kan skjulast slik ser ein ved å gå til View --> Show.

 

Verktøy

 

Velge verktøy

Alle verktøya du ser i verktøyboksen har eigne hurtigtastar, til dømes B for pensel, M for rektangulær markering, L for lassoverktøyet og V for flytteverktøyet. Ved å lære seg desse vil ein mykje raskare kunne skifte mellom verktøy. Der det er fleire verktøy på same knapp/hurtigtast, kan ein bla mellom verktøy ved å halde inne Shift samtidig som ein trykker på den aktuelle hurtigtasten.

 

For å finne ut kva hurtigtast som høyrer til kvart, hald musa over, eller klikk og hald på knappar med fleire verktøy. Hurtigtasten står bak namnet på verktøya.

 

Endre framgrunnsfarge/bakgrunnsfarge

Om ein vil setje dei svart og kvit, er det berre å trykke D på tastaturet. For å byte om på dei to, er det berre å trykke X.

 

Raskt velge farge utan å skifte verktøy

Dei fleste veit sikkert at ein kan bruke dråpeteljaren for å velge ein farge frå biletet. Noko alle kanskje ikkje er klar over, er at om ein bruker eit anna verktøy, som penselen, kan ein aktivere dråpeteljaren midlertidig ved å halde inne Alt.

 

Hurtigtast for å auke/minke storleik på pensel

Dei som ser på Photoshop TV har kanskje lagt merke til at programleiarane ofte bruker hurtigtastar for å auke og minke storleiken på penslar. Dei hurtigtastane er ikkje tilgjengeleg på norske tastatur, ettersom tastane ikkje finst der. Det ein kan gjere i staden, er å endre hurtigtastane ved å gå til Edit --> Keyboard shortcuts (som har ein eigen hurtigtast: Shift + Alt + Ctrl + K). Velg Tools frå nedtrekksmenyen der det står «Shortcuts for», og ein vil finne Increase brush size og Decrease brush size nesten nederst i lista. Eg har satt dei til henholdsvis Æ og Ø, men du kan sjølvsagt bestemme sjølv. På same stad kan du lage hurtigtast for å endre hardheita til penselen; til dømes Shift + Æ/Ø, eller '/*.

 

Desse er svært praktiske mellom anna om ein skal skjule noko med ei maske. Då vil ein gjerne bruke ein stor pensel for store område, og ein mindre pensel for detaljar. Hurtigtastane gjer dette mykje enklare, då ein slepp å gå opp til verktøylinja kvar gong. Dei vil fungere med andre verktøy, som blyant, viskelær, kloneverktøyet m.m.

 

Endre synlegheita (opacity) til penslar

Om nokon kjem i situasjonar der dei har behov for å endre synlegheita til ein pensel ofte, til dømes ved arbeid på lagmasker, er det ein enkel måte å gjere det på, nemleg å skrive inn talet på tastaturet. Er det nok å endre til tala i tigongen, er det berre å trykke på eitt tal: 1 vil gje 10%, 2 vil gje 20%, 3 - 30%, osb. For å kome til 100% er det berre å trykke 0 (null).

 

 

Arbeidsflaten

 

Gjere arbeidsområdet betre

Det er eit par måtar å få betre plass på, som kan vere praktisk, spesielt om ein har ein skjerm med liten oppløysning i høve til biletet ein jobber på. To tastar er alt ein treng hugse: F og Tabulator-tasten (den rett over Caps Lock, på venstre sida av tastaturet). Tab skjuler verktøyboksen og alle småvindauga på høgre side. Saman med shift skjuler den berre småvindauga.

 

F lar ein skifte mellom ulike vindaugsmodusar, mellom anna fullskjermsvising utan menylinja øvst (med File, Edit osb.)

 

Arbeide på bilete ein har zooma langt inn på

Om ein har zooma langt inn på eit bilete, kjem ein ofte i ein situasjon der ein må scrolle for å sjå kva ein skal arbeide på. Ved å trykke inn mellomromstasten aktiverer ein handverktøyet midlertidig, som lar ein dra biletet rundt. Når ein slepp tasten går ein attende til det verktøyet ein brukte før. Det fine med dette er at ein kan gjere dette sjølv om ein bruker det andre verktøyet.

 

Zoome raskt til 100%

Dette kan du gjere ved å dobbeltklikke på zoomverktøyet i verktøyboksen.

 

Arbeide med mange bilete samtidig

  • For å skifte mellom bilete kan du halde inne Ctrl og trykke tab.
  • For å lukke alle dei opne bileta på ein gong utan å lukke PS, hald inne shift og lukk eitt av bileta, ved å trykke på x-en oppe i venstre hjørne på biletvindauget.
  • Ved å gå til Window --> Arrange --> Tile ... kan ein få arrangert alle bileta ein har ope etter eit rutenett, og slik få betre oversikt.

Diverse

 

Redusere verknaden av ein effekt

Om ein legg til ein effekt, eit strøk med penselen, eller noko anna, som vart litt kraftigare enn ein hadde tenkt, treng ein ikkje nødvendigvis gjere det på nytt for å få det rett. Ved å gå til Edit --> Fade ... kan ein senke synlegheita av det siste ein gjorde.

 

Raskt fylle med farge

Skal ein fylle eit lag, maske eller markering med framgrunns- eller bakgrunnsfargen, er det enklare å trykke henholdsvis Alt + backspace eller Ctrl + backspace, i staden for å velge malingbøtta og bruke den.

 

Enkelt gje stemning til fotografi

Blant justeringslaga (nemnt over) vil du finne eit som heiter Photo filtre. Med dette kan ein raskt gje eit bilete varme eller kalde fargar, eller diverse andre stemningar. Juster intensiteten av effekten med «Density»-spaken.

 

Halde storleiken på PSD-filene nede

Sitat, riktig:

«Noen ganger vil man kopiere bakgrunnslayeret og endre blending til overlay eller annet. I mange tilfeller kan man kopiere et layer "uten å kopiere det". Åpne ganske enkelt et nytt adjustment layer, f.eks. levels. Ikke gjør endringer, bare trykk ok. Deretter kan man endre blending på samme måte som man gjør med et kopiert layer, uten å faktisk kopiere det og doble filstørrelsen.»

 

Til sist vil eg igjen nemne Photoshop Killer Tips og Photoshop TV. Føl med på dei og du vil få mange fleire tips.

 

 

Endringslogg:

  • Endra avsnitt om å «Lage nye lag». La til ein hurtigtast der.
  • La til avsnitt om å markere innhald i lag.
  • La til avsnitt om å lage steming i fotografi
  • La til eit par linjer under «Markere innhald i lag», om tastekombinasjonar.
  • La til avsnitt om å ta vare på markeringar.
  • La til avsnitt om å arbeide med mange bilete samtidig, og laga liste i avsnittet om å lage nye lag. La til riktig sitt tips.
  • Endra layout: Delt i kategoriar.
  • La til hurtigtast for å lage nytt lag
    La til to avsnitt under «arbeide med lag»; vise eitt lag og slå saman lag.
  • La til avsnitt om å endre synlegheita på penslar, under avsnittet om verktøy.
    La til punkt om Window --> Arrange under avsnitt om å jobbe med mange bilete samtidig.
  • La til punkt under Markeringar om å skjule markeringsgrensa.
Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 1 måned senere...

Et tips for å holde filstørrelsen nede, i disse megapixel-dager:

 

Noen ganger vil man kopiere bakgrunnslayeret og endre blending til overlay eller annet. I mange tilfeller kan man kopiere et layer "uten å kopiere det". Åpne ganske enkelt et nytt adjustment layer, f.eks. levels. Ikke gjør endringer, bare trykk ok. Deretter kan man endre blending på samme måte som man gjør med et kopiert layer, uten å faktisk kopiere det og doble filstørrelsen.

 

Jobber man ofte i 16 bit, vil dette ha STOR betydning for størrelsen på PSD-filene. :)

Lenke til kommentar
  • 3 måneder senere...

Veldig gode råd her!

Spesielt det om å endre hurtigtaster for større/mindre brush!

 

 

 

En hurtigknapp jeg oppdaget for ikke så lenge siden, som i min arbeidsflyt i alle fall sparer endel tid er kombinasjonen av:

 

 

CTRL + SHIFT + E (Merge visible)

 

og

 

CTRL + SHIFT + ALT + N (Nytt layer uten dialogboks)

 

 

til den koselige hurtigtastkombinasjonen:

 

CTRL + SHIFT + ALT + N + E

 

Som gir merge visible på nytt layer.

 

 

Andre som jeg kommer på, som jeg i farten ikke så (kan være jeg tar feil) :

 

CTRL + TAB - går gjennom bildene som ligger oppe i PS (CTRL + SHIFT + TAB = går motsatt vei/tilbake)

 

F - trykk flere ganger for å toggle gjennom de ulike screenmodene. Selv foretrekker jeg fullscrenn med grå bakgrunn. Da får du hakket større arbeidsflate og du er heller ikke restricted til å jobbe innenfor rammen av bilde.

 

Window > Arrange > Tile Vertically/Horizontally fin måte å legge bildene ved siden av hverandre i PS hvis du har åpnet mange på en gang.

Lenke til kommentar

Den nest siste, med F, har eg nemnt, men det med å slå saman lag må eg leggje til. Takk for tipset/påminninga. Har ein eller to andre ogso. Iallfall ein måte å lukke alle opne dokument på ein gong utan å lukke heile PS (hald inne shift og lukk eit av dokumenta ved å klikke på X-en i hjørnet). (Den hadde eg visst med ...) Skal i same slengen organisere dei etter tema, so det vert litt meir oversiktleg.

Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar
Den selvkomponerte hurtigtasten for å endre brush-størrelse kan utvides ved at shift + ø/æ endrer hardness på brushen.
Eg hadde nemnt dette i ein setning til slutt, men har endra litt på det no, so kanskje det vert meir synleg.
CTRL + SHIFT + ALT + N + E
Eg trong ikkje, i CS3, å lage eit nytt lag fyrst, det var nok å trykke Ctrl + Alt + Shift + E. Veit ikkje om dette er nytt i CS3. Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar
  • 4 måneder senere...
  • 2 måneder senere...
  • 1 måned senere...
Printa ut denne, for her var det faktisk flere småting jeg ikke hadde fått med meg (ALT + Brush for å lese en farge var GULL, samt at Å og Æ (er nå [ ] som ikke virker på Norsk keyboard mht. Brush størrelse) Veldig bra ;)

 

/L

Skifter til Engelsk layout på tastaturet når jeg bruker PS (alt+shift)

Lenke til kommentar
  • 4 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...