Jump to content

Torbjørn T.

Medlemmer
  • Content Count

    12257
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

355 :)

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Recent Profile Visitors

32187 profile views
  1. Ser du er på sporet, men likevel: Ei tom linje i koden starter eit nytt avsnitt, det vil seie: Dette er fyrste avsnitt. Dette er andre avsnitt. Dobbel backslash avslutter linja, men starter ikkje nytt avsnitt. Som du har innsett skal ein aldri bruke \\ til slutt i avsnittet, resultatet er advarslar som den du nemner. Men du må skilje mellom korleis du angir eit avsnitt i koden, og korleis det vert vist i PDFen. Standard her er å starte ei ny linje med innrykk for fyrste linje i det nye avsnittet. Vil ein i staden for innrykk ha ekstra tomrom mellom linjene, er den vanlege metoden (i standard-dokumentklassane) å leggje til \usepackage{parskip} Dette er betre enn å manuelt setje \parskip, då denne pakken tek omsyn til nokre tilfelle der du ikkje vil auke \parskip (i samband med lister og innhaldslister). Merk at KOMA-klassane (scrartcl, scrreprt, scrbook) og memoir har sine eigne innebygde metodar for å endre parskip, so om du bruker ein av dei er ikkje parskip-pakken fyrstevalg.
  2. Det kan jo hende eg er noko treig, og at alle andre forstod deg med ein gong, men det at det var so mange misforståingar peiker vel på at eit kodedøme ville vore ein god ting. Det er og ein god ting å venne seg til lage små, komplette døme for å vise problem, anten det er ei feilmelding ein ikkje finn ut av, eller det er noko ein vil endre i resultatet. Eg reknar med at noko som dette er tilstrekkeleg i ditt tilfelle: \documentclass[fleqn,twocolumn,12pt]{article} \usepackage{amsmath} \begin{document} \[ u = 2000(1-0.2p) \Longrightarrow u' = 2000\cdot (-0.2) = -400 \] \[ v = e^{-0.2p} \Longrightarrow v' = -0.2e^{-0.2p} \] \end{document} Det fungerer ikkje fordi \displaystyle er meint å brukast som $\displaystyle \frac{1}{2}\int f(x)\,dx$, altso ein må ha den inni mattemodusen. polynom har kvart element i $ .. $ trur eg. Resultet ser forøvrig temmeleg j#&lig ut, men: \documentclass{article} \usepackage{polynom} \makeatletter \def\pld@PrintLongDiv{% \ensuremath{\hbox{\vtop{\begingroup \offinterlineskip \tabskip=\z@ \edef\pld@fakeline{\expandafter\pld@ConvertFake\pld@fakeline&\relax&}% \halign{\strut\pld@firsttrue\hfil$\displaystyle ##$% &\pld@firsttrue\hfil$\displaystyle ##$% &&\hfil$\displaystyle ##$\cr \pld@fakeline\cr \noalign{\vskip-\normalbaselineskip}% \pld@allines}% \endgroup}}}} \makeatother \begin{document} \polylongdiv{x^4-\frac{1}{2}x^2}{x-1} \end{document}
  3. Eg skjønner at om du hadde posta eit skikkeleg eksempel som viste akkurat kva du har gjort, so hadde ikkje eg misforstått deg tre gonger på rad. (Orsak om eg høyrest ut som ein gretten gubbe, men det er faktisk eit poeng med å vise kode, og ikkje berre eit skjermskot.) Men las du det eg skreiv om \mathindent? Standardverdien av den (i article-klassen iallfall) er 25pt minus 25pt, juster den som nemnt over.
  4. Du tek til dels feil. Prøv t.d. \the\medmuskip og du ser at standarddefinisjonen er 4mu plus 2mu minus 4mu. "plus"-delen seier kor mykje mellomrommet kan strekkast med, "minus"-delen kor mykje det kan krympast med. Med andre ord vil eit \medmuskip vere mellom 0mu og 6mu, og LaTeX vil strekke eller krympe for å gjere resultet betre (slik TeX måler det). Var det du hadde gjort ja. For det fyrste: I staden for to \[ .. \], bruk \begin{gather*} ... \\ ... \end{gather*}. For det andre: Midtstilling er jo standard, so sjølvsagt vil ei kortare linje ha lengre innrykk. Vil du at all display-matematikk starter heilt i venstre marg, legg til fleqn (flush left equations) i det alternative argumentet til dokumentklassen, og legg til \setlength{\mathindent}{0pt}.
  5. Ok, eg misforstod deg tydelegvis. Trur https://tex.stackexchange.com/questions/55512/how-to-change-default-for-spacing-around-binary-relations er ein liknande link for matematikk. Det er for meg noko uklart kva du faktisk har gjort, kan du vise LaTeX-koden i staden? (Helst som eit komplett døme, liknnande det eg posta over.) Sidan du snakker om innrykk, får eg inntrykk av at den andre linja og er $ ... $, men at det er eit avsnittsskilje før den. Med andre ord, at du har noko tilsvarande bla bla $u = 2000 ...$ $v = ..$ Med ein slik konstruksjon, og gitt at avsnitt er vist med innrykk, er det jo klart at den andre linja har innrykk. Men som sagt, det er ikkje akkurat openbart akkurat kva du har gjort, so dette er berre spekulasjonar. (Med eit skikkeleg kode-døme ville ikkje spekulasjonar vore nødvendig.) Overfulle \hbox-advarslar (det er ikkje feilmeldingar), får du berre om det ikkje er mogeleg å justere innhaldet på linja slik at den held seg innanfor margane, heile poenget med å ha fleksible mellomrom er vel å gje slingringsmonn, slik at justeringar kan gjerast utan å havne i margen for det minste problem. Når det er sagt, so ville eg truleg ikkje tenkt meir på akkurat det dømet der, men brukt align*/alignat* uansett.
  6. (Venstre marg går den vel aldri ut i ...) Ikkje akkurat eit område eg kan mykje om, so det er heilt sikkert ting her som burde kommenterast, men som eg ikkje kjenner til. Når det er sagt: Jamfør https://tex.stackexchange.com/questions/23921/how-to-shorten-shrink-spaces-between-words er det mogeleg å bestemme kor mykje mellomrommet mellom ord kan (potensielt) krympast med. Med andre ord kan du setje den til null (eller ein annan verdi som høver for deg) med \fontdimen4\font=0pt. Mellomromma kan framleis strekkast, men då ikkje krympast (om eg forstår dette rett). Kjapt døme: \documentclass{article} \usepackage{showframe} \newcommand\foo{Lorem ipsum dolor sit ameti consecteturiii foo bar baz b $1234567uo123456789$} \begin{document} \foo Standard: \the\fontdimen4\font{} --- \fontdimen4\font=0pt Ny verdi: \the\fontdimen4\font \foo \end{document}
  7. Kanskje \usepackage[f]{esvect} og \vv{d}. (Med mindre du snakker om tex-tagen her på Diskusjon.no.)
  8. Det er dette som er skildra i avsnitt 4 av bruksanvisninga til flashcards-klassen. Der finn du eit døme: \newcommand{\cardpaper}{a4paper} \newcommand{\cardpapermode}{portrait} \newcommand{\cardrows}{5} \newcommand{\cardcolumns}{2} \setlength{\cardheight}{2.0in} \setlength{\cardwidth}{3.5in} \setlength{\topoffset}{0.50in} \setlength{\oddoffset}{0.75in} \setlength{\evenoffset}{0.75in} Lagre dette i ei fil med filendinga .cfg, t.d. flashy.cfg. So bruker du \documentclass[frame,flashy]{flashcards} Som du sikkert forstår vil du få to kolonner og fem rader per side. Elles kan kanskje Anki vere av interesse: https://apps.ankiweb.net
  9. ytick=data i staden for xtick=data? Det hjalkp litt, største problemet var at figuren var i en beamer presentasjon og for stor for ett lysbildet. Det hjalp å gjøre linjene mindre, fjerne tittelen og gjøre søylene mindre. Takk for hjelpen! Vel, sidan eg ikkje kan lese tankane dine, so var jo det ganske vanskeleg å forstå ... (Med andre ord, med mindre det er noko heilt openbart, so må du forklare kva du vil ha hjelp til å fikse.)
  10. ytick=data i staden for xtick=data?
  11. Kryssreferansar er jo generelt noko som er kurant å få til, men kjem litt an på korleis du hadde tenkt at det skulle sjå ut. Du kan jo til dømes bruke ein heilt vanleg \index: \documentclass{article} \usepackage{imakeidx} \makeindex \usepackage{hyperref} \begin{document} A\index{Viktig om a} \newpage AB\index{Viktig om b} \newpage ABC\index{Viktig om c} \newpage ABCD\index{Viktig om d}\printindex \end{document} Det går og an å lage sine eigne lister, liknande \listoffigures: \documentclass{article} \usepackage[utf8]{inputenc} \usepackage{tocloft}\usepackage{hyperref}% lag ei ny liste \newcommand\viktiglistenamn{Pass på å lese dette} \newlistof{viktig}{vik}{\viktiglistenamn}% lag ein makro som lagrer ting i den lista \newcommand\hugsdette[1]{% \refstepcounter{viktig}% legg til 1 på teljaren \textsuperscript{\theviktig}% skriv ut eit tal med heva skrift \addcontentsline{vik}{viktig}{\theviktig: #1}% legg til ei linje i den nye lista } \begin{document} \listofviktig\section{Bla bla} A\hugsdette{Viktig om a} \newpage AB\hugsdette{} \newpage ABC\hugsdette{Viktig om c} \newpage ABCD\hugsdette{} \end{document}
  12. Eg forstår ikkje heilt det argumentet eigentleg, du kan jo endre på korleis lister ser ut (t.d. enumitem-pakka). Men eg veit jo sjølvsagt ikkje akkurat kva du gjer, so eg skal ikkje mase.
  13. Om du berre gjer det so vil det og verte vanskelegare å sjå kor eit avsnitt slutter og det neste byrjer, so eg ville ikkje gjort det. parskip-pakken som Raspeball vil, i tillegg til å setje null \parindent, lage litt avstand mellom to avsnitt, so det er mogeleg å sjå kor avsnitta er. Men som nemnt i svaret over, so høyres det for meg ut som dette er feil veg å gå.
  14. Sidan du seier «punkter», so høyres det ut som du burde bruke ei liste: \begin{description} \item[Test:] Bla bla \item[Test 2:] Bla bla \item[Test 3:] Bla bla \end{description}
×
×
  • Create New...