Gå til innhold

PS/Gimp/Paint.NET: Lage mjuke overgangar mellom bilete.


Anbefalte innlegg

Eg vil her vise korleis ein lager mjuke overgangar mellom bilete i Photoshop og Gimp, til dømes slik som dette:

post-21406-1166625633_thumb.jpg

 

Photoshop

 

 

 

 

Skildringa for PS vart opprinneleg posta her. Alle skjermskot er frå betaen av Photoshop CS3, ettersom det er berre det eg har i skrivande stund, men so vidt eg veit er det ikkje noko forskjell frå CS2 for akkurat det som vert gjort her.

 

Steg 1

Opne begge bileta, ved å gå til File --&--#62; Open.

 

Steg 2

Om nødvendig, arranger vindauga slik at du kan sjå iallfall litt av begge bileta. Velg so verktøyet «Move tool» frå verktøyboksen til venstre. Klikk og hald inne museknappen i bilete 1, og dra over til bilete 2. Då vert bilete 1 lagt som eit nytt lag (populært kalla layer, som er det engelske ordet) i bilete 2. Sjå bilete for illustrasjon. Om du held inne Shift medan du slepp, vert det automatisk plassert midt i biletet.

post-21406-1166625747_thumb.png

Les forøvrig denne artikkelen frå Akam.no for litt meir om lag.

 

Steg 3

Legg til ei maske for det øvste laget. I det eg plar kalle layer-paletten, det vetle vindauget nede til høgre i Photoshop der alle laga er lista opp, er det fleire knappar. Nummer tre frå venstre (sjå bilete) legg til ei maske for det aktive laget. Det aktive laget er det som er merka blått, og for å aktivere eit anna lag er det berre å klikke ein gong på det.

post-21406-1166625784_thumb.png

 

I layer-paletten vil du no sjå at det har kome ein kvit firkant ved sida av miniatyrbiletet til laget:

post-21406-1166625810_thumb.png

 

Denne er eit miniatyrbilete av maska. Maska bruker gråtonar for å seie kva deler av laget som skal vere synleg, og i kva grad det skal vere synleg. Ei heilt kvit maske gjer at heile laget er synleg, ei heilt svart maske gjer at heile laget er usynleg og ei maske i 50% grå gjer at laget er gjennomsiktig, eller halvvegs synleg. Med andre ord, til nærare svart maska er, til mindre synleg er laget. Du kan male på masker med penselen (brush tool) eller blyanten (pencil tool), fylle med gradientar, leggje til effektar, og meir.

 

Steg 4

Velg gradientverktøyet (gradient tool) frå verktøyboksen. Det ligg kanskje skjult under malingbøtta (paint bucket), so då må du klikke og halde inne på den for å få fram ein meny der du kan velge gradientverktøyet.

post-21406-1166625856_thumb.png

 

Det er ulike former gradientar og fargekombinasjonar for gradientar å velge mellom. Standard fargar er frå den som er satt som framgrunnsfarge til den som er bakgrunnsfarge. Desse fargane er dei som er valgt i verktøyboksen:

post-21406-1166625883_thumb.png

 

Du skal ha kvit som framgrunnsfarge og svart som bakgrunnsfarge. Om det ikkje er slik allereie, trykk på den vetle figuren rett nedanfor dei to fargeboksane (men innanfor den raude ruta på biletet) og eventuelt ein gong på pila mellom dei.

 

Standard form er lineær gradient, og det er den du skal bruke her. Du vel mellom dei ulike med dei fem knappane på verktøylinja øvst (sjå biletet), der lineær gradient er nummer ein frå venstre.

post-21406-1166625904_thumb.png

 

Den litt større ruta rett til venstre for desse viser kva fargekombinasjon som er den gjeldande. Ved å klikke på den vetle pila kan du velge mellom ulike malar, og ved å klikke i ruta går du inn i «gradient editor», der du kan lage eigne fargekombinasjonar for gradientar.

 

For ordens skuld: Ein gradient er i dette tilfellet noko som går gradvis frå ein farge til ein annan, til dømes slik som denne:

post-21406-1166625931_thumb.png

 

Steg 5

Du skal lage ein gradient frå kvitt til svart på maska. Sjekk fyrst at det er maska, og ikkje biletet som er aktivt (den vil vere det om du ikkje har gjort noko). Det kan du sjå i layer-paletten, ettersom det vil vere ei lite ramme rundt den aktive delen, som på biletet:

post-21406-1166625953_thumb.png

 

For å lage gradienten klikker du ein stad i biletet og dreg ein annan stad, medan du held inne museknappen. Det vil kome fram ein strek som dette:

post-21406-1166625985_thumb.png

 

Dra ut frå sentrum, i den retninga du vil overgangen (faden) skal gå. Hugs at du har ein gradient som går frå kvit til svart, og at kvit maske = heilt synleg, medan svart maske = heilt usynleg. Ved å lage ein gradient som går frå kvit til svart i eit område, vil «synlegheita» til biletet i det området dermed gå frå heilt synleg til heilt usynleg. Resultatet vert noko slikt som dette:

post-21406-1166626065_thumb.jpg

 

For å lage ein overgang som går over ein kortare strekning, dra ein kortare strek med gradientverktøyet.

 

Meir «moro»

Det finst som sagt fleire ulike former gradientar, til dømes ein sirkelgradient, som er nummer to frå venstre blant dei knappane eg nemnte tidlegare. Ved å bruke den kan ein få resultat som dette. Du vil sjå på miniatyrbiletet til maska korleis gradienten ser ut:

post-21406-1166626091_thumb.png

 

Litt dårleg kvalitet, men du forstår vel konseptet.

 

Om du skulle få lyst til å leggje til fleire gradientar på den same maska (so er ikkje det mogeleg trur eg), so er det fleire måtar å gjere dette på. Ein måte er å lage ei laggruppe (layer group) ved å klikke på den vetle knappen som ser ut som ei mappe nederst i layer-paletten. Dra laget med maska inn i denne, og legg so ei maske til laggruppa. Du kan gjenta dette fleire gonger om du vil. Dette lærte eg i videoen du finn her: http://www.photoshop...om/archives/212

 

Eller, som pederk seier her, so kan ei gjere det ved å endre gradienttype til ein som går frå framgrunnsfargen til transparent (gjennomsiktig).

post-21406-1166886985_thumb.png

 

Ein må då tenkje på at om maska er kvit frå før, må svart vere valgt som framgrunnsfarge, og at ein då vil måtte dra gradientverktøyet i motsatt retning som om ein hadde brukt ein gradient som gjekk frå kvit til svart.

 

Ein tredje, enklare måte, som eg ikkje tenkte på før no, når eg føyer til dette, er å endre «blend mode» for gradientverktøyet frå Normal til Multiply. Det gjer ein på verktøylinja øvst:

post-21406-1166887854_thumb.png

 

Det tek berre omlag eitt minutt å gjere dette når du fyrst lærer det. Video som viser framgangsmåten (utan noko snakking, rett nok) kan du laste ned her:

Høgreklikk --&--#62; Lagre mål.

Komprimering er gjort med x264. Får du ikkje spelt den av, bruk VLC eller installer ffdshow.

 

Redigert: La til nokre ekstra avsnitt om det å bruke gradientverktøyet fleire gonger på den same maska, og endra litt på det som stod der frå før.

 

 

 

 

 

Gimp

 

 

 

 

Steg 1

Opne begge bileta, ved å gå til File --&--#62; Open.

 

Steg 2

I det eine bilete, merk alt og kopier. Det gjer du ved å anten trykke fyrst Ctrl + A og so Ctrl + C, eller ved å gå til Select --&--#62; All, og so Edit --&--#62; Copy. Skift fokus til vindauget med det andre biletet, og lim inn ved å trykke Ctrl + V, eller gå til Edit --&--#62; Paste.

 

Steg 3

Du har no det som vert kalla ein "floating selection". For å gjere det om til eit vanleg lag, høgreklikk på det og velg New layer, eller berre klikk på knappen for nytt lag.

post-21406-1180359334_thumb.png

 

Steg 4:

Legg til ei maske for det øvste laget. Det gjer ein ved å høgreklikke på laget og velge Add layer mask. Berre trykk OK i vindauget som kjem opp, White (full opacity) skal vere haka av.

post-21406-1180359382_thumb.png

 

Du vil no sjå at det har kome ein kvit firkant ved sida av miniatyrbiletet til laget:

post-21406-1180359427_thumb.png

 

Denne er eit miniatyrbilete av maska. Maska bruker gråtonar for å seie kva deler av laget som skal vere synleg, og i kva grad det skal vere synleg. Ei heilt kvit maske gjer at heile laget er synleg, ei heilt svart maske gjer at heile laget er usynleg og ei maske i 50% grå gjer at laget er gjennomsiktig, eller halvvegs synleg. Med andre ord, til nærare svart maska er, til mindre synleg er laget. Du kan male på masker med penselen (brush tool) eller blyanten (pencil tool), fylle med gradientar, leggje til effektar, og meir.

 

Steg 5

Velg gradientverktøyet (gradient tool) frå verktøyboksen ved å klikke på det:

post-21406-1180359462_thumb.png

 

Det er ulike former gradientar og fargekombinasjonar for gradientar å velge mellom. Standard fargar er frå den som er satt som framgrunnsfarge til den som er bakgrunnsfarge. Desse fargane er dei som er valgt i verktøyboksen:

post-21406-1180359570_thumb.png

 

Du skal ha kvit som framgrunnsfarge og svart som bakgrunnsfarge. Om det ikkje er slik allereie, trykk på den vetle figuren rett nedanfor dei to fargeboksane (men innanfor den raude ruta på biletet) og ein gong på pila mellom dei.

 

Standard form trur eg er lineær gradient, og det er den du skal bruke her. Du vel mellom dei ulike i boksen nedanfor verktøya, i nedtrekksmenyen der det står Shape:

post-21406-1180359729_thumb.png

 

For ordens skuld: Ein gradient er i dette tilfellet noko som går gradvis frå ein farge til ein annan, til dømes slik som denne:

post-21406-1166625931_thumb.png

 

Steg 6

Du skal lage ein gradient frå kvitt til svart på maska. Sjekk fyrst at det er maska, og ikkje biletet som er aktivt (den vil vere det om du ikkje har gjort noko). Det kan du sjå i layer-paletten, ettersom det vil vere ei kvit ramme rundt den aktive delen. Har du ei kvit maske, slik som her, vil du ikkje sjå at det er ei ramme, men berre sjekk at ramma ikkje er på laget.

 

For å lage gradienten klikker du ein stad i biletet og dreg ein annan stad, medan du held inne museknappen. Det vil kome fram ein strek som dette:

post-21406-1180359765_thumb.jpg

 

Dra ut frå sentrum, i den retninga du vil overgangen (faden) skal gå. Hugs at du har ein gradient som går frå kvit til svart, og at kvit maske = heilt synleg, medan svart maske = heilt usynleg. Ved å lage ein gradient som går frå kvit til svart i eit område, vil «synlegheita» til biletet i det området dermed gå frå heilt synleg til heilt usynleg. Resultatet vert noko slikt som dette:

post-21406-1180359785_thumb.jpg

 

For å lage ein overgang som går over ein kortare strekning, dra ein kortare strek med gradientverktøyet.

 

Meir «moro»

Det finst som sagt fleire ulike former gradientar, til dømes ein sirkelgradient, som er nummer tre i lista på nedtrekksmenyen (den heiter Radial). Ved å bruke den kan ein få resultat som dette. Du vil sjå på miniatyrbiletet til maska korleis gradienten ser ut:

post-21406-1180359823_thumb.jpg

 

Litt dårleg kvalitet, men du forstår vel konseptet.

 

Om du skulle få lyst til å leggje til fleire gradientar på den same maska, so er det ein enkel måte å gjere det på: Å endre «blend mode» for gradientverktøyet frå Normal til Multiply. Det gjer ein i boksen nedanfor verktøya, i nedtrekksmenyen der det står Mode:

post-21406-1180359900_thumb.png

 

Det tek berre omlag eitt minutt å gjere dette når du fyrst lærer det. Video som viser framgangsmåten (utan noko snakking, rett nok) kan du laste ned her:

 

Høgreklikk --&--#62; Lagre mål.

 

Komprimering er gjort med x264. Får du ikkje spelt den av, bruk VLC eller installer ffdshow. Den ligg i eit ZIP-arkiv fordi det ikkje er tillatt å laste opp AVI-filer.

 

 

 

 

Paint.NET

 

 

 

Paint.NET har ikkje masker på same måte som PS og Gimp, men det er mogeleg å få til ein slik effekt likevel. Problemet er at den mindre fleksibel, då pikslane vert sletta, ikkje berre skjult. Vil ein gjere endringar, må ein dermed gjere alt på nytt. Metoden vist i videoen benytter seg av gradientverktøyet, som har ein «transparency mode». Denne fjerner pikslar frå laget.

Høgreklikk --&--#62; Lagre mål.

 

Ein kan bruke ei maske indirekte, men då må ein fyrst lagre maska som ei eiga fil, og so benytte seg av denne pluginen. Ogso her vert pikslane sletta, det er ingen maske ein kan redigere som ein vil.

 

 

Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 2 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...