Gå til innhold

Oversikt over redigeringsprogram. (OPPD. 20/02-08) -- IKKJE SUPPORT!


Anbefalte innlegg

Merknad: Som de ser av tittelen har eg ikkje oppdatert tråden på fire år, og eg ser ikkje for meg at eg kjem til å ta opp att arbeidet. Om det er nokon som har lyst til å ta over, berre send PM.

 

 

 

 

Denne tråden vart starta då TSP kom med forslaget om ein slik tråd, og vert oppdatert med ujamne mellomrom. Det vil alltid vere meir som kunne verte sagt, og det kan vere at noko av informasjonen er unøyaktig. Prisar vil til dømes ikkje verte kontinuerleg oppdatert, so sjå på dei kun som veiledande. (Men fullstendig villedande er dei forhåpentlegvis ikkje.) Om det er nokon som har noko fornuftig å seie om nokon av programma der det ikkje står noko, er det berre å sende ein PM eller e-post til meg, so skal eg prøve å få det inn so raskt som mogeleg. Det same gjeld idear til annan organisering eller layout. Eg er ikkje sikker på kor bra den noverande er, so om nokon med betre sans for slikt enn meg har forslag, er det berre å kome med det.

 

Eg vil gjerne takke alle som har kome med innspel til denne guiden.

 

 

Innhaldsliste

 

1. Innleiing

 

2. Windowsprogram

-Gratisprogram

-Rimelege program

-Profesjonelle/Semiprofesjonelle program

 

3. Program for OS X

-Gratisprogram

-Rimelege program

-Profesjonelle/Semiprofesjonelle program

 

4. Linuxprogram

-Gratis/nybyrjarprogram

-Profesjonelle/Semiprofesjonelle program

 

5. Andre nyttige småprogram

 

 

 

 

Innleiing

 

 

 

 

 

Det finst i dag svært mange program ein kan bruke til å redigere video med, og det å finne fram i denne jungelen kan vere vanskeleg. Bakgrunnen for denne guiden var å gje ein oversikt over kva som finst, og på den måten vise veg i den metaforiske jungelen. Sjølv om det er ein god del program her, so finst det andre som ikkje er nemnt. Likevel kan du finne dei fleste som vil vere aktuelle for deg.

 

Når ein set seg ned med eit nytt program for fyrste gong, vil det i dei fleste tilfelle verke litt framand og vanskeleg. Hugs difor det, at ein ikkje kan rekne med å forstå alt ved fyrste møte med eit program, og at ein difor ikkje bør gi opp etter fem minutt. Ta deg tid, les i manualen, sjå på tutorials og prøv deg fram. Gjer det, og du vil snart kunne bruke programmet utan store vanskar. Det er ikkje uvanleg at produsenten har ein del tutorials på heimesida si, og ein vil ofte finne fleire med Google.

 

Her følgjer noko som på ein måte er ei kort oppsummering av guiden (sett bort frå Linux-delen). Det er ei kort "innleiing" til kvar kategori guiden er delt inn i - gratis, nybyrjar og (semi-)profesjonell - og nokre anbefalingar for kvar av dei.

 

Vil helst ikkje bruke pengar.

Det er ikkje nødvendig å bruke pengar for å finne eit dugande program. Har ein Windows XP eller Apple OS X følgjer det med eit program som kan brukast. Dei har kanskje ikkje enormt med mogelegheiter, men det treng ein nødvendigvis ikkje i byrjinga. Om Movie Maker/iMovie ikkje passer deg, kan Avid Free DV vere eit alternativ.

 

Den kanskje største ulempa med Movie Maker og FreeDV, er at ingen av dei kan brenne DVDar. Rett nok, iMovie kan det heller ikkje, men til gjengjeld er iMovie integrert med iDVD, som følgjer med i same pakke (iLife).

 

Bruke litt pengar, men ikkje so veldig mykje.

Er du i denne kategorien, er dei mest kjende alternativa Adobe Premiere Elements og Pinnacle Studio. Andre alternativ er Magix Movie Edit Pro og Sony Vegas Movie Studio+DVD (Platinum Edition). Alle saman koster under tusenlappen, vil gje nok mogelegheiter for nybyrjarar, og kan brenne til DVD. Studio er kjend for å vere eit svært intuitivt og enkelt program, men har hatt mykje problem med ustabilitet blant ein del brukarar. Magix har fått ein del god omtale, og storebroren til Vegas Movie Studio er eit svært bra program.

 

Sit du med ein Mac, vil Final Cut Express vere eit naturleg - og godt - val.

 

Vil ha noko meir enn det Studio/Premiere Elements o.l. kan tilby.

Tenkjer du slik, er mogelegheitane mange. Dei mest vanlege (semi-)profesjonelle programma, er Sony Vegas, Avid Liquid (tidlegare Pinnacle Liquid Edition), Adobe Premiere Pro og Avid Xpress Pro. Desse varierer i pris frå ca. 5000kr for Avid Liquid, til ca. 15 000kr for Avid Xpress Pro. Dei andre ligg for det meste rundt 6-10 000kr. Er du ein Mac-brukar, og er i denne gruppa, sit du truleg allereie med anten Final Cut Pro eller Avid Xpress Pro framfor deg.

 

Men merk dette: Uansett kva du vel, vil du truleg verte fornøgd. Dei har i stor dei same mogelegheitene, og hovudforskjellane ligg i arbeidsflyten og korleis programma gjer ting. Ein kan vanskeleg seie at eitt av dei programma er best, sjølv om det alltid vil vere nokon som hevder det er eitt som slår dei andre ned i støvlane. Ein kan rett nok seie at enkelte program er betre på enkelte område – til dømes skal Avid Xpress vere svært bra på håndtering av store mengder media. For å finne ut kva som passer deg best, prøv dei ut. Det finst demoversjonar av fleire av dei.

 

 

 

 

Programnamna er linkar!

 

 

For Windows

 

 

 

Gratisprogram

 

 

 

 

 

AviDemux

Dette er eit program rekna for enkelt kutting av video, samt omkoding til ei rekkje ulike format, deriblant DVD-klar MPEG2. Ein kan automatisere arbeidoppgåver ved hjelp av mellom anna skripting.

 

DDClip Free

Finst og i ein betalversjon med fleire mogelegheiter.

 

Jahshaka

Jahshaka er eit opensource-program, som er relativt avansert, og har mogelegheiter for klipping, effektarbeid, (3D)animering og lydmiksing. Du finn nokre få tutorials på heimesida til programmet. NB: Programmet har so langt ikkje mogelegheit for å overføre video frå DV-tape. For å gjere dette må du bruke eit anna program som Virtualdub eller Scenalyzer.

 

Panasonic MotionDV Studio LE

Dette programmet følgjer med miniDV-kameraa til Panasonic, frå og med NV-GS37 og oppover. Det fungerer heilt greit, og kan overføre video i full kvalitet via USB.

 

VirtualDub

Dette opensource-programmet vert mest brukt til å konvertere videofiler over til andre format, men det er og i stand til å utføre enkel redigering. Ein kan t.d. overføre video frå kamera, trimme videoen, leggje til diverse effektar og erstatte lydsporet.

Test.

Liten guide.

Liten guide 2.

Informasjon om VDub-bok

 

Vivia

Dette er eit program med open kjeldekode, som framleis er i startfasen, men som allereie har eit par avanserte funksjonar. Desse er for det fyrste «multicam»-redigering, altso ein måte å forenkle redigeringa av scener tatt opp med fleire kamera, og for det andre mogelegheit for å ha fleire tidslinjer i det same prosjektet. Av effektar og overgangar er det for augeblikket berre overtoning (crossfade/cross dissolve) og inn- uttoning (fade in og fade out). Import- og eksportmogelegheitane er begrensa til PAL-video og ein del ulike biletformat.

 

Windows Movie Maker

Windows XP:

Versjon 1 av dette følger med Windows XP, medan MM2 følgjer med Service Pack 2 for XP. Programmet har eit enkelt grensesnitt, der ein har prøvd å gjere det enkelt for nybyrjaren. Det har ein relativt bra samling av enkle effektar og overganger. Ein kan leggje til musikk, voiceover og tekst, men det har berre eit videospor , i tillegg til tekstspor, og eit lydspor, en ein kan ikkje brenne filmar til DVD frå dette programmet..

 

Windows Vista:

I Vista Home Premium og Ultimate skal WMM ha mogelegheit for å redigere HDV-opptak og, via programmet DVD Maker kan ein brenne video-DVDar.

 

WindowsMovieMakersnet

Custom FX og overganger via XML

MovieMaker Archive

RehanFX

 

ZS4

Dette er eit program der du kan ha so mange video- og lydsport du vil, og importere video i nokre ulike format. Det har ei rekkje effektar, ma. spele video baklengs, endre farten gradvis, chroma keying (fjerne ein bestemt farge i eit klipp, som ved blue/greenscreen) og fargejustering. Effektane kan justerast med keyframes.

 

 

 

 

Rimelege program

 

 

 

 

 

Adobe Premiere Elements

Prisar er henta frå nettbutikken til Adobe.no, 20/02-08.

Premiere Elements 4.0: 887,50kr

Pakke med Photoshop Elements 6.0: 1325,00kr

 

Premiere Elements er ein mykje enklare versjon av Premiere Pro, berekna på nybyrjarar, men som likevel har mange av funksjonane til Pro-versjonen innebygd, og ein ganske likt utsjånad. Ein fordel med dette, er at du kan få kjøpt det i ein pakke med Photoshop Elements for litt over 1000kr, og då får du med eit bra biletbehandlingsprogram på kjøpet. Ein overgang til dyrare program vil truleg vere ganske lett, ettersom grensesnittet har ein del likskapar. Programmet tilbyr ei uendeleg mengd video- og lydspor, ei rekkje effektar og brenning til DVD med eller utan meny direkte frå tidslinja.

 

Ein kan laste ned ein 30-dagers prøveversjon frå denne sida.

 

Testar:

Adobe Premiere Elements 2.0

 

CyberLink PowerDirector

Pris henta frå Cyberlink.com og rekna om frå USD, 20/02-08:

PowerDirector 6: 485kr

 

[Fyll ut informasjon]

 

Testar:

CyberLink PowerDirector 5

 

MAGIX Movie Edit Pro

Pris henta frå Magix.com, 01.12.06:

Movie Edit Pro 11: 599kr

Movie Edit Pro 11 PLUS: 999kr

 

Programmet kjem frå versjon 11 i to versjonar, «Classic» og «Plus». Det har fått mykje gode kritikkar, både i testar og på forum. Plus-versjonen inkluderer mellom anna støtte for HDV, 5.1-lyd og 3D-tekst. Begge har mogelegheit for å lage video-DVD-ar.

 

NB! På den norske Magix-sida er i skrivande stund (20/02-08) kun versjon 11, og ingen demo tilgjengeleg. På den amerikanske sida derimot, finn ein versjon 12 og ein demo av denne: http://www.magix.com...movie-edit-pro/

 

Artikkel frå akam.no.

Test av DinSide.

 

Nero Vision 5

Prisar henta frå Nero.com 20/02-08:

Nero 8: 485kr (nedlastbar)

Nero 8: 565kr (tilsendt i eske)

 

Dette er ein del av Nero-pakka. Det har mogelegheit for overføring av video frå DV- eller HDV-kamera og import frå DVDar, enkel redigering med nokre effektar, lage slideshows av bilete, og brenning med eller utan menyar på DVD.

 

Pinnacle Studio

Prisar henta frå XD.no, 20/02-08:

Studio 11: 485kr

Studio 11 Plus: 789kr

Studio 11 Ultimate: 845kr

 

Dette er «standardprogrammet» i norske heimar, ettersom det er eit av få (det einaste?) ein kan kjøpe på Elkjøp/Expert, og til ein gunstig pris. Det er eit program som er kjend for å vere ganske ustabilt, og det er mange som har mykje problem med det. Men merk at det ikkje gjeld alle, og at om ein har ei ryddig maskin som oppfyller alle krava til programmet, so er det større sjansar for at programmet held seg stabilt. Den nyaste versjonen, 11, skal i følge nokon oppføre seg betre enn tidlegare versjonar, og kjem i tre utgåver.

 

Testar:

Pinnacle Studio 10.5

 

Mediachance EditStudio Pro

Prisar henta frå Puremotion.com og rekna om frå USD, 20/02-08:

Edit Studio Pro: 426kr (NB! kampanjepris)

 

Puremotion, som laga dette programmet, vart kjøpt opp av Mediachance. Programmet tilbyr ikkje DVD-authoring, men ein kan kjøpe det i ein pakke saman med DVD lab pro, som er eit godt program for den jobben. Demoversjon kan lastast ned frå Download.com.

 

Roxio VideoWave

Prisar henta frå Roxio.com og rekna om frå USD, 20/02-08:

VideoWave 8: 270kr

 

[Fyll ut informasjon]

 

Sony Vegas Movie Studio

Pris henta frå Trigono.no, 20/02-08:

Vegas Movie Studio 8: 547,50kr

 

Sony Vegas Movie Studio er ein «krympa» versjon av storebroren Vegas Pro. Blant forskjellane er ei begrensing på fire video- og lydspor, manglande støtte for HD, surroundlyd og ikkje verktøy for fargekorrigering. Pakka inkluderer versjon 4.5 av DVD Architect Studio for å lage DVDar.

 

Ein tabell som viser forskjellane mellom dei tre pakkane i Vegas-familien finn ein her.

 

Sony Vegas Movie Studio + DVD Platinum Edition

Pris henta frå Trigono.no, 20/02-08:

Vegas Movie Studio Platinum 8: 825kr

 

Nokre av forskjellane frå standardversjonen av Vegas Movie Studio:

  • HDV- og AVCHD-støtte
  • 5.1-surround-lyd
  • Fargekorrigeringsverktøy
  • Fleire video- og lydeffektar
  • DVD med læringsvideoar.

Ein tabell som viser forskjellane mellom dei tre pakkane i Vegas-familien finn ein her.

 

Ulead Video Studio

Pris henta frå Ulead.com og rekna om frå USD, 20/02-08:

Video Studio 11: 378kr

Video Studio 11 Plus: 539kr

 

[Fyll ut informasjon]

 

Testar:

Ulead Video Studio 10.

 

 

 

 

Profesjonelle/Semi-profesjonelle program

 

 

 

 

 

Adobe Premiere Pro CS3

Prisar henta frå Adobe Store, 20/02-08:

Adobe Premiere Pro CS3: 9025,00kr (nedlastbar versjon: 7220,00kr – nedlastinga er på omlag 1,2GB)

(Oppdateringar frå Elements eller tidlegare utgåver av Premiere koster i underkant av tredjedelen.)

 

I tillegg er programmet ein del av pakkene Creative Suite Master Collection (koster omlag 30 000kr) og Creative Suite Production Premium(koster omlag 21 000kr). Les meir om Creative Suite her: http://www.adobe.com.../creativesuite/

 

PPro har eit relativt enkelt grensesnitt, og mange effektar som ein kan tilpasse/kombinere med andre effektar. Det har 99 lyd- og videospor, mogelegheit for å eksportere direkte til DVD med eller utan menyar (menyar er berre tilgjengeleg i 2.0 og nyare), i tillegg til mange andre eksporteringsmogelegheiter. Det som er kanskje er den største fordelen med Premiere Pro, er integreringa med dei andre programma frå Adobe, og i det nye Production Studio har dette vorte endå betre. Med CS3 er no Encore inkludert i pakka.

 

Testar:

Adobe Premiere Pro 2.0

Adobe Premiere Pro 2.0 - Creative Cow

 

Avid Liquid/Liquid Pro

Prisar henta frå Avid Store, 20/02-08:

Liquid 7: 4533kr

 

Programmet kjem ogso i ein Pro-versjon, som inkluderer ein «break out box», som ein bruker til å kople analoge kjelder til PC-en, og ein Chrome Xe-versjon som inkluderer støtte for kortet AJA XENA LHe.

 

Etter at Avid kjøpte opp Pinnacle, har Pinnacle Liquid Edition skifta namn til Avid Liquid, ved lansering av versjon 7 av dette populære programmet. Men ut frå screenshotsa ser det ikkje ut som dei har endra mykje på sjølve på programmet (med tanke på UI). Det inkluderer brenning av DVD med menyar direkte frå tidslinja og ei uendeleg mengde video- og lydspor. Dette skal vere eit stabilt og bra program, og har støtte for mange format.

 

Alle som vurderer å kjøpe Liquid eller oppgradere til Liquid frå Studio: For å kome i gang med Liquid Edition, sjå på Pinnacle sine eigne tutorials. Du finn dei her: http://www.pinnaclesys.com/publicsite/us/T...line+Tutorials/

 

Testar:

Avid Liquid 7

Avid Liquid 7 - Creative Cow

 

Avid Xpress Pro

Prisar henta frå Avid Store, og rekna om frå euro, 20/02-08:

Xpress Pro HD: 15588.70kr

 

Noko av det som vert framheva som Xpress-serien (og andre program frå Avid) si beste eigenskap, er handteringa av store mengder media. Dette vil vere ein fordel om du skal redigere store prosjekt. Pro-utgåva har ein stor samling effektar, støtter HD-video i mange ulike former. Multicam-redigering er òg inkludert i Xpress Pro, medan DVD-authoring kjem gjennom Sonic DVDit, som er inkludert (kun for Windows). Ein får i tillegg SmartSound SonicFire (for å lage musikk), Sorenson Squeeze (for komprimering av video) og Noise Industries Factory Tools (kun for OS X).

 

Oversikt over Xpress Pro HD

 

Testar:

Avid Xpress Pro HD

 

Avid Media Composer

Prisar henta frå Avid Store, og rekna om frå euro, 20/02-08:

Media Composer: 46 395kr

 

Dette er storebroren til Xpress Pro, mykje brukt i TV- og filmbransjen.

 

Sony Vegas Pro

Pris henta frå Trigono.no, 20/02-08:

Vegas Pro 8: 5982,50kr

 

Vegas Pro inneheld Vegas for redigering og DVD Architect for å lage DVDar og Blu-ray-plater. DVD Architect er ikkje lenger mogeleg å kjøpe separat.

 

Vegas er eit program som både er enkelt og kraftig. Det har støtte for fleire ulike format, som DV, HDV, XDCam og HD-/SD-SDI. Det har ei uendeleg rekkje video-/lydspor, og mogelegheit for leggje prosjekt innad i prosjekt. Redigering og eksportering av surroundlyd (5.1) er inkludert.

 

Ein tabell som viser forskjellane mellom dei tre pakkane i Vegas-familien finn ein her.

 

Ulead Media Studio

Pris henta frå Ulead.com og rekna om frå USD, 20/02-08:

MediaStudio Pro 8: 2 155kr

 

[Fyll ut informasjon]

 

Testar:

Ulead MediaStudio Pro 8

 

 

 

 

For MAC OS X

 

 

 

 

 

Gratisprogram

 

Apple iMovie HD

(Dette ligg under gratisprogram fordi iLife er inkludert på alle nye Macar. Skulle ein kjøpt det frå Apple Store ville det kosta 649kr.)

 

Enkelt og brukarvenleg program som gjer jobben på ein god måte. DVD-brenning gjer ein via iDVD, som ogso er inkludert i pakka iLife.

 

AviDemux

Dette er eit program rekna for enkelt kutting av video, samt omkoding til ei rekkje ulike format, deriblant DVD-klar MPEG2. Ein kan automatisere arbeidoppgåver ved hjelp av mellom anna skripting.

 

Jahshaka

Jahshaka er eit opensource-program, som er relativt avansert, og har mogelegheiter for klipping, effektarbeid, (3D)animering og lydmiksing. Du finn nokre få tutorials på heimesida til programmet. NB: Programmet har so langt ikkje mogelegheit for å overføre video frå DV-tape. For å gjere dette må du bruke eit anna program som iMovie.

 

ZS4

Dette er eit program der du kan ha so mange video- og lydu vil, og importere video i nokre ulike format. Det har ei rekkje effektar, ma. spele video baklengs, endre farten gradvis, chroma keying (fjerne ein bestemt farge i eit klipp, som ved blue/greenscreen) og fargejustering. Effektane kan justerast med keyframes.

 

Rimelege program

 

Apple Final Cut Express HD

Pris henta frå Apple Store, 20/02-08:

FCE 4.0: 1590,00kr

 

FCE er ein litt krympa versjon av FCP, med det same grensesnittet, men litt færre funksjonar. Programmet har likevel alt ein vanleg brukar i konsumentmarknaden treng, og kanskje meir til. HDV- og AVCHD-støtte er inkludert. DVD-brenning gjer ein i iDVD, som følgjer med i iLife-pakka.

 

Testar:

Apple Final Cut Express

 

Profesjonelle/Semi-profesjonelle program

 

Adobe Premiere Pro CS3

Prisar henta frå Adobe Store, 20/02-08:

Adobe Premiere Pro CS3: 9025,00kr (nedlastbar versjon: 7220,00kr – nedlastinga er på omlag 5GB)

(Oppdateringar frå Elements eller tidlegare utgåver av Premiere koster i underkant av tredjedelen.)

 

I tillegg er programmet ein del av pakkene Creative Suite Master Collection (koster omlag 30 000kr) og Creative Suite Production Premium(koster omlag 21 000kr). Les meir om Creative Suite her: http://www.adobe.com.../creativesuite/

 

PPro har eit relativt enkelt grensesnitt, og mange effektar som ein kan tilpasse/kombinere med andre effektar. Det har 99 lyd- og videospor, mogelegheit for å eksportere direkte til DVD med eller utan menyar (menyar er berre tilgjengeleg i 2.0 og nyare), i tillegg til mange andre eksporteringsmogelegheiter. Det som er kanskje er den største fordelen med Premiere Pro, er integreringa med dei andre programma frå Adobe, og i det nye Production Studio har dette vorte endå betre.

 

Testar:

Adobe Premiere Pro 2.0

Adobe Premiere Pro 2.0 - Creative Cow

 

Apple Final Cut Studio

Pris henta frå Apple Store, 20/02-08:

FCS: 11 490,00kr

(Oppgraderingar er billegare.)

 

Final Cut Studio er ein komplett pakke for videoproduksjon, som består av Final Cut Pro, Motion 2, Soundtrack Pro og DVD Studio Pro 4. FCP er eit svært bra og kraftig redigeringsprogram som vert mykje brukt i den profesjonelle marknaden. Det har god støtte for ulike HD-format, gode fargekorrigeringsverktøy, multicam-redigering og elles alt ein avansert brukar treng. Det er ikkje lenger mogleg å kjøpe Final Cut Pro separat.

 

Testar:

Apple Final Cut Pro 5

 

Avid Xpress Pro

Prisar henta frå Avid Store, og rekna om frå euro, 20/02-08:

Xpress Pro HD: 15588.70kr

 

Noko av det som vert framheva som Xpress-serien (og andre program frå Avid) si beste eigenskap, er handteringa av store mengder media. Dette vil vere ein fordel om du skal redigere store prosjekt. Pro-utgåva har ein stor samling effektar, støtter HD-video i mange ulike former. Multicam-redigering er òg inkludert i Xpress Pro, medan DVD-authoring kjem gjennom Sonic DVDit, som er inkludert (kun for Windows). Ein får i tillegg SmartSound SonicFire (for å lage musikk), Sorenson Squeeze (for komprimering av video) og Noise Industries Factory Tools (kun for OS X).

 

Oversikt over Xpress Pro HD

 

Testar:

Avid Xpress Pro HD

 

Avid Media Composer

Prisar henta frå Avid Store, og rekna om frå euro, 20/02-08:

Media Composer: 46 395kr

 

Dette er storebroren til Xpress Pro, mykje brukt i TV- og filmbransjen.

 

 

 

 

For Linux-distroar

 

 

 

 

 

Dyne:bolic

Dyne:bolic ein eigen distro spesielt retta mot multimedia. Den inkluderer ei rekkje program for bilet- og videoredigering, samt ein del andre relaterte program. Du finn ei kort omtale her.

 

Ubuntu Studio

Dette er ein versjon av den populære distribusjonen Ubunu som er berekna på media. Den har difor ei rekkje program for lyd, video og grafikk installert som standard. Les meir på heimesida og på Wikipedia.

 

 

Gratis-/nybyrjarprogram

 

AviDemux

Dette er eit program rekna for enkelt kutting av video, samt omkoding til ei rekkje ulike format, deriblant DVD-klar MPEG2. Ein kan automatisere arbeidoppgåver ved hjelp av mellom anna skripting.

 

Kino

 

[Fyll ut informasjon]

 

LiVES

 

[Fyll ut informasjon]

 

OpenMovieEditor

Litt meir info her:

http://stream0.org/2008/01/open-movie-edit...rprisingly.html

 

Vivia

Dette er eit program med open kjeldekode, som framleis er i startfasen, men som allereie har eit par avanserte funksjonar. Desse er for det fyrste «multicam»-redigering, altso ein måte å forenkle redigeringa av scener tatt opp med fleire kamera, og for det andre mogelegheit for å ha fleire tidslinjer i det same prosjektet. Av effektar og overgangar er det for augeblikket berre overtoning (crossfade/cross dissolve) og inn- uttoning (fade in og fade out). Import- og eksportmogelegheitane er begrensa til PAL-video og ein del ulike biletformat.

PiTiVi

 

[Fyll ut informasjon]

 

ZS4

Dette er eit program der du kan ha so mange video- og lydsport du vil, og importere video i nokre ulike format. Det har ei rekkje effektar, ma. spele video baklengs, endre farten gradvis, chroma keying (fjerne ein bestemt farge i eit klipp, som ved blue/greenscreen) og fargejustering. Effektane kan justerast med keyframes.

 

 

Profesjonelle/Semi-profesjonelle program

 

Cinelerra / Cinelerra CVS

 

 

Jahshaka

Jahshaka er eit opensource-program, som er relativt avansert, og har mogelegheiter for klipping, effektarbeid, (3D)animering og lydmiksing. Du finn nokre få tutorials på heimesida til programmet. NB: Programmet har so langt ikkje mogelegheit for å overføre video frå DV-tape. For å gjere dette må du bruke eit anna program som DVGrab eller Kino.

 

 

 

 

Andre nyttige småprogram

 

 

 

 

DVdate

Programmet er gratis for privat bruk, men bedrifter o.l. må kjøpe lisens.

 

Har ein nokon gong hatt lyst til å vise dato og klokkeslett på videoane dine, so kan dette vere programmet for deg. Det kan legge informasjonen direkte på videoen, eller lage ei undertekstfil med den. I tillegg kan det gjere mykje forskjellig med DV-filer. Du kan konvertere mellom type 1 og type 2, konvertere andre filer til DV AVI, konvertere mellom PAL og NTSC og meir.

 

Debugmode Wax

Wax er eit program som kan brukast for seg sjølv, eller som plugin til Vegas og Premiere (om det fungerer med dei nyaste versjonane av desse). Det har ein god del effektar som 3D-tekst og ein partikkelgenerator, og kan brukast til keying, rotoscoping o.l.

 

Ein kan bruke mellom anna plugins for Virtualdub i programmet, og det finst ein del ferdiglaga presets som ein kan laste ned, t.d. Her: http://users.otenet.gr/~vassias/

 

Enhancemovie

Pris henta frå Enhancemovie.com og rekna om frå USD, 20/02-08:

215kr

Dette er eit program som enkelt lar ein forbetre videoen ved å utføre ymse fargekorrigeringar, utbedre støy o.l.

 

EffectsLab/CompositeLab/VisionLab

Prisar henta frå FXHome.com og rekna om frå euro 20/02-08:

EffectsLab Pro: 1019kr

CompositeLab Pro: 1019kr

VisionLab Studio: 3388kr

 

EffectsLab er eit ganske enkelt og greit program for å lage spesialeffektar som Star Wars-lyssablar og eksplosjonar. CompositeLab er for keying, maskering og fargegradering. VisionLab er eit program som inkluderer alle funksjonane til begge dei to andre, og eit par ekstra.

 

Scenalyzer

Pris henta frå Scenalyzer.com og rekna om frå euro 20/02-08:

268kr

Scenalyzer er eit hendig program for overføring av video frå videokamera til PC. Det har mange greie funksjonar, fint skildra i dette innlegget.

 

WinDV

Eit anna program for overføring av video frå kamera. Det består av kun ei programfil på under 100kb, og er heilt gratis.

 

Endret av Torbjørn T.
  • Liker 4
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Du glemte FastSilver, et proff program/hardware combo for PC. [...] Koster en relativt stor formue.

 

To grunnar til at det ikkje er noko poeng i å ta det med i denne guiden. Guiden er retta mot konsument-markedet, og hardware/software-løysingar som FastSilver (som eg aldri hadde høyrd om før du nevnte det...) og Avid DS Nitris (veit ikkje om dei er i same "klasse", men det var det fyrste eg kom på...) er det få her på forumet som treng vite noko om, ettersom det er nærast ingen som vil bruke ein "relativt stor formue" på noko slikt, fordi dei ikkje treng det.

 

Og forresten, tek eg feil når eg seier at software-delen av FastSilver er Liquid Silver, som Pinnacle Liquid Edition til ein viss grad er basert på?

Lenke til kommentar
To grunnar til at det ikkje er noko poeng i å ta det med i denne guiden. Guiden er retta mot konsument-markedet, og hardware/software-løysingar som FastSilver (som eg aldri hadde høyrd om før du nevnte det...) og Avid DS Nitris (veit ikkje om dei er i same "klasse",  men det var det fyrste eg kom på...) er det få her på forumet som treng vite noko om, ettersom det er nærast ingen som vil bruke ein "relativt stor formue" på noko slikt, fordi dei ikkje treng det.

 

Og forresten, tek eg feil når eg seier at software-delen av FastSilver er Liquid Silver, som Pinnacle Liquid Edition til ein viss grad er basert på?

 

Når du nevner proffe programmer, bør du jo nevne alle, eller heller begrense deg til semi-pro. Synes det er fint at man tar med alle nivå programmer, det virker som proffene ofte blir glemt både når det gjelder software og hardware her i forumet.

 

FAST, som laget SILVER ble kjøpt opp av Pinnacle, og det er mye mulig at noe av teknologien er blitt innkorporert i andre Pinnacle produkter.

 

Har en Silver redigeringsstasjon stående her, men foretrekker å bruke Premiere Pro, da det er et mye mer logisk grensesnitt, fargekorreksjon osv er som hentet rett fra Photoshop, noe som er bra både for novisen og for den viderekomne.

 

Ulempen med Premiere er mangel på støtte for ekte HD og DVCPro50.

 

EDIT: Leifer og omstrukturering av innlegget

Endret av spiffers
Lenke til kommentar

Du har kanskje rett...

 

Har uansett lagt til FastSilver og på lista. Kunne kanskje du tenke deg å lage ein kort beskrivelse av systemet, ettersom du tydelegvis kjenner godt til dette.

 

Og eg vil samtidig oppfordre alle andre her på forumet som har erfaringar med eit eller fleire av dei programma som ikkje har nokon beskrivelse, til å nytte ein liten stund ein kveld til å skrive ned noko om det/dei programma, og sende det til meg. Tusen takk på førehand.

Lenke til kommentar
Veldig fint du lagde denne listen incanus.

Men burde ikke disse trådene bli Sticky?

Sånn at man slipper alle de dumme spørsmålene om og om igjen.

 

La en moderator gjøre denne og LE FAQen Sticky!

Hvis alle disse nye «FAQ»-trådene skal gjøres «klebrige», opptar disse for mye plass av forumet. Hva med én klebrig oversiktstråd med lenker til alle de gjeldende trådene?

Lenke til kommentar

Har sendt ein PM til ein moderator med spørsmål om han kunne gjere denne tråden sticky, og vurdere om LE FAQen skulle bli sticky, men har ikkje fått svar. Sender ein til over helga, eventuelt til ein annan moderator om ingenting skjer.

 

Takk for positiv tilbakemelding!

 

 

Men venter framleis på bidrag. Om nokon kunne ha skrive noko om Avid Xpress DV/Pro, Sony Vegas og Ulead Video Studio hadde det vore fint. Tar sjølvsagt imot alt, men det er vel kanskje dei tre som er mest populære, og som bør skrivast noko om.

Lenke til kommentar

Enda et program som kan være verd å se litt på:

 

MAGIX Movie Edit Pro 2005, som også koster rundt 600 kr.

Har anskaffet det for kort tid siden, og det tar tid å sette seg inn i noe nytt. Min erfaring er bare fra Pinnacle Studio 8, og det er ingen tvil om at overgangen er et kvantesprang. Programmet har 16 spor.

Helt andre muligheter til bildebehandling, fargebalanse, skjerping, beskjæring, bilde i bilde, zooming, etc. Lydhandtering med mixer, surround, støyreduksjon, equalizer, ekko, ------. Menyer, brenning av DVD. Sikkert mer finesser enn de fleste har bruk for.

Lenke til kommentar

Til spiffers:

 

Det viser seg at eg har vore litt dobbeltmoralsk her. Eg trudde at NewTek VT[4] (NewTek er forresten same selskap som lager Lightwave, for dei som kjenner til det) var utelukkande software, noko som viser seg å vere heilt feil. For å sitere newtek.com:

 

What is VT[4] LIVE!

NewTek’s VT[4] is a professional live production system combining live switching, editing, 2D & 3D animation and streaming into a single integrated system. VT[4] LIVE! allows you to seamless mix up to 24 video sources (component, composite and Y/C). It also includes both balanced (XLR) and unbalanced (RCA) audio in and out.

 

 

Ikkje noko for konsumentmarknaden med andre ord...

Endret av incanus
Lenke til kommentar

@ Incanus: Kjempebra guide! Har sendt en glad-report, om den kan bli sticky til vi evt. har lagd en samletråd. ;) .

 

Forresten vil jeg nevne at man kan Pinnacle Studios DV 9 til 799 på Expert, 200 kroner billigere enn Elkjøp altså.

 

Edit: Dette var Expert i Sandefjord.

 

TSP :)

Endret av The Strategy-player
Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Sjølv om det etterkvart har vorte ganske mange gratis/nybyrjarprogram i guiden, so mangler ein del på fleire av dei viktigaste (i mine auge) oppføringane:

 

-Sony Vegas (+DVD)

-Avid Xpress DV/Pro/Studio

-Apple Final Cut Pro (+ iMovie, Final Cut Express og FC Studio)

 

Det må no vere nokon her inne som bruker desse programma, og som kunne tenke seg å skrive ein kort beskrivelse av dei. Ikkje for å mase, men har enno ikkje fått noko respons på desse progsa, sjølv om det har vore over 1000 visningar her og på NAF til saman.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Framleis ikkje nokon som har hatt anledning til å setje seg ned ei lite stund å skrive ei beskrivelse av dei programma eg nemnde i den forrige posten min, so eg har lagt til Avid sin eigen beskrivelse av prorgamm i Xpress-serien.

 

Sjølv på over 1100 visningar er det ingen...

Endret av incanus
Lenke til kommentar
Vil bare si at jeg har brukt Studio 9 lenge, og aldri opplevd stabilitetsproblemer. Så den svartmalingen du gjør av Studio er jeg ikke helt enig i...

egentlig enig med begge to jeg

 

på den gamle maskina mi klikka studio 8 konstant!! så jeg vart ganske påpasselig med å lagre hver gang jeg gjorde noe, men på den nye maskina (med nyere patch enn det var på den gamle men...) så klikker den nesten aldri!!!

 

så enten har pinnacle greid å ordne patcha sine ordentlig, eller så er det rett og slett hardware som teller inn! ;)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...