Gå til innhold

Min *kritiske* Half Life 2 review


Anbefalte innlegg

Skrevet (endret)

Skreiv ein review til ein konkuranse på Battlefield.no

Eg veit eg skriver veldig rotete, men eg håper det ikkje blir for rotete å lesa.

 

Word dokument med biletar

Http://213.167.99.110/ack.doc

 

Tekst basert utan biletar.

 

Ein skikkeleg Half Life 2 review.

 

Half Life 2 har fått uendeleg mykje skryt opp etter det blei lansert. 95% her og 10 av 10 moglege der. Men er det så bra? Eg likte spelet, men eg blei ikkje heilt tatt av vinden spelet blåste. Så spørsmålet er det verkeleg så bra?

Eg får gå igjennom Half Life 2 på ein kritisk måte og få det samanlikna med andre FPS spel som har blitt lansert i år. Få meg sjølv og deg som lese dette litt klokare sånn at me kan slå ned på bordet i diskusjonar med skikkelege argumentar.

 

Ditt oppdrag

Du blir vekt opp sjølvaste G-Man på eit tog som er på veg inn i City 17, byen som du skal lage litt action i. Til å begynne med virka ting ganske fredeleg. Tøffe sikkerheits kontroller og sivile som er redde.

Etterkvart så gjør du ein tabbe som i det første Half Life og helvete brytar laus. Historia er veldig hemmelegheitsfull som er greitt nok, men saka er vell det at du får vite altfor lite. Det kan bli litt plagsamt om du ikkje liker å spekulere, men gjør du det så er historia skapt for deg.

 

Gameplay

Spelet er som andre fyrstepersons skyte spel flest. Gå igjennom med ingen eller veldig få alternative løyper å ta undervegs. Spelet er heller ikkje veldig vanskeleg. Den kunstige intelligensen er må ingen måte ein forbetring frå det første spelet, eg vil heller sei svakare. I første Half Life så var soldatane du møtte på der veldig aggressive og begynte å skyte med ein gang. I nummer 2 så er dei ufatteleg trege i reaksjonen.

 

HL2 tilbyr ein verd med ny generasjons fysikk som funkar bra. Du kan plukke opp dei fleste gjenstandar og flytte på dei, eller kaste dei for den slags skyld, men det har me kunne gjort før i mange andre spel. I HL2 har objektane ein 'masse' som vil gi dei ein realistisk tyngdekraft. Det tyder at ting som verkar tunge berar med seg ein større bevegelsemengde når den kolliderer med ting enn ting som verkar lettare. Dette har blitt vist før med Unreal-motoren sin karma fysikk.

 

For å ta ein slem ein så siterer eg Gamer.no sin HL 2 omtale, "En rusten sykkel synker rett til bunns, mens ei luftfylt tønne flyter lett i vannet. Faller noe flytende fra høyde blir det presset under vann, før naturkreftene fører det opp til overflaten." Ærleg talt, det kunne du gjere i for eksempel Deus Ex og. Det er litt meir realistisk effekt i HL 2, men det er ikkje så stort at det revolusjonerer. Den einaste forskjellen er at HL 2 tilbyr eit verktøy som bruker fysikkmotoren på ein morosam måte. Det gjør at du kan få for eksempel meir interessante pusleoppgåver.

 

Men det er det faktisk lite av, det meste er faktisk bare skyting. Nokon liker det, men det blir då og veldig lett for Quakeworld spelaren å fyke igjennom spelet med sine umenneskelege reaksjonar og treffsikkerheit. Spel som Deus Ex og Zelda tilbyr mykje action og pusleoppgåver, fleire kjekke overraskingar i historia. Deus Ex og Metroid Prime har ofte pusleoppgåver som krev litt nytenking og dei har heller ikkje linære brett. Du får friheit til å gjere det du syns er mest fornuftig. Half Life 2 har nokre få "bossfights", men det er ufatteleg dårlege. Alt du trengjer å gjere er å skyte. Eg syns fleire spel utviklarar bør lære av "bossfights" frå Zelda og Metroid Prime.

 

HL 2 er og kort, eg brukte 10 timer. Eg spelte spelet som det skulle spelast, orka ikkje å bruke tid å leke meg med hovercraft, bil eller gravity gun. Eg har gjort det så mange gonger før og gravity gun går ein fort lei av. Eg ville vidare å redde City 17 og verda, det var min drivkraft. Deus Ex og Metroid prime er spel som eg brukte over 20 timer på. Dei var vanskelegare fordi det hadde skikkelege pusle oppgåver som krev litt meir tenking og dei hadde ikkje heller lineær verd. Dei hadde begge 2 også mange ekstra oppdrag som ikkje var relative til heile spelet. Shigeru Miyamoto (veit du ikkje kven personen er så er du ikkje ekte gamer) blei spurt eingang om kvifor spela hans var alltid ein suksess, han svarte det at han designa ein verden der minst 30% var fullt opp med ekstra "minispel, oppdrag". Om bare fleire spel designar hadde den tanken når dei laga spel.

 

Stemninga og atmosfæren er god. Doom 3 har betre men mangla igjen variasjon i bretta du går igjennom. Her gjør HL 2 ein god jobb sjølv om det er lineært. Hadde vore kjekt om eg kunne forandre litt på historia undervegs. Ville ha gjort det ekstra kjekt å spelt igjennom det ein gang til.

 

Grafikk

HL2 tilbyr ikkje ein revolusjonerande grafikk. Den er basert på vertex lit static meshes som tyder at objekter i spelet har ein lys oppløysing som er basert på mengda med punkter objektet har. Vanleg geometri brukar lightmaps som er eit ekstra lag texture som har lys og skugge informasjon. Akkurat det same som i UT2003. Lyset er ikkje matematisk korrekt på same nivået som Doom 3, det er statisk, med ein billig hack som gjør det 'halvveis' dynamisk. Det er litt bruk av bump maps, men dei er veldig dårlege av ein merkeleg grunn, eg kan ikkje forklare kvifor men dei ser langt betre ut i både Far Cry og Doom 3.

 

Bruk av Pixel shaders er imponerande, ingen spel som er gjeve ut til dags dato kan vise så overlegen bruk av dei som HL 2. Animasjonane er flotte og, men andre spel har vist fram herlege animasjonar i same klasse før som for eksempel UT2003 introen (Merk UT2003 sida UT2004 sin sug).

 

Det tekniske

Source motoren er veldig spanande, det er ein ny grafikk motor som mange moddere vil bruke dei neste åra. Ein ting som verkeleg har skuffa meg er storleika på bretta. Det er veldig mykje irriterande loading i HL 2, loadinga er ikkje direkte veldig kjapp heller. Det tar ofte over eit minutt på min 3Ghz Pentium 4 med 2 Gigabyte ram å laste inn eit brett. Eg har sjekka om det er mogleg med større brett i brett design editoren Hammer som du får ved å laste ned SDK pakka frå Steam. Far Cry og Unreal har moglegheit for minst 5 gonger større storleik på bretta.

 

Lyden

Lyden er veldig bra, ingen revolusjonerande denne gangen heller. Nokon våpen har svak trykk i lyden mens andre har herleg perfekt trykk. Dei som er litt plagsamt er at lyden ofte hakker, forsakar hikking som kan vera litt irriterande. Problemet skal vera fiksa nå, utan at eg kan få stadfesta det. Musikken er og veldig bra, brukt lite men heilt passeleg. Det er ingen bruk av 3D algoritmar der lyder for eksempel spretter akkurat som i røyndomen når den treffer vegger. Thief 3 brukar denne lyd teknikken.

 

Konklusjon

Half Life 2 er eit bra spel, det imponerer ikkje i gamplay eller grafikk biten. Men er likevel eit kjekt spel å spela igjennom. Atmosfæren er god men det føler gått ut på dato pågrunn av veldig keisam grafikk. Pixel shaders aleine er ikkje nok til å få auka atmosfæren. Det er ikkje eit spel eg vil spela igjennom ein gong til. Eg vil heller ikkje hugse det som eit revolusjonerande spel om 5 år i same grad som det fyrste Half Life og Metroid Prime.

Det som er sikkert er at det vil koma hundretals om ikkje tusentals mods til det etterkvart, så varigheita vil garantert vare lenge. Men eg skriv nå bare om HL 2 og trekkjer eindel poeng her.

 

Spelbarheit 7 av 10

Grafikk 8 av 10

Lyd 8 av 10

Varigheit 5 av 10

 

 

Totalt

 

7 av 10

 

Gjerne legg til dine kommentarar og flame :)

Endret av siDDIs
Videoannonse
Annonse
Skrevet (endret)

Du har skrevet http// istedet for http:// :p Dessuten har du skrevet http tingen to ganger og. Og du kritiserte spillet litt vel mye syns eg men alle har forskjellige meninger.

Endret av Pusur1993
Skrevet

Enig i deus ex som er den beste single player opplevelsen jeg har hatt.

Og jeg syns hl1 var mye bedre og spille da det kom en hl2.

Skrevet (endret)
du klager på alt untatt pixel shader, men likevel anbefaler du det?

 

offtopic: hva betyr storleik?

Storhet. Du er visst bokmål du siden du ikkje veit det.

Endret av Pusur1993
Skrevet
Enig i deus ex som er den beste single player opplevelsen jeg har hatt.

Og jeg syns hl1 var mye bedre og spille da det kom en hl2.

Helt enig. Med sine valgfrie veier, muligheter, RPG funksjoner osv, synes jeg Deus Ex er min beste enspilleropplevelse frem til i i dag.

 

Er tildels enig med trådstarter også. Half-Life 2 skiller seg ikke så mye ut fra dagens FPS spill. Spillet har en utrolig grafikk, nydelig fysikk, men bortsett fra det vil jeg ikke putte spillet i en klasse for seg selv.

Skrevet
Kan du anbefale spill som slår half life 2?

Deus Ex 1 og Metroid Prime er dei eg meiner er betre.

Det er det som er hele poenget her. Alle har forskjelig smak og du synes ikke at hl2 var så bra ,men jeg synes det er det nest beste spillet i historien 1'ern synes jeg er bedre.

Skrevet
du klager på alt untatt pixel shader, men likevel anbefaler du det?

 

offtopic: hva betyr storleik?

Storhet. Du er visst bokmål du siden du ikkje veit det.

du er visst smart som skjønte det

 

*mitt sarkasmehumør er på idag*

Skrevet

Jeg synest faktisk HL2 er noen av de beste spillene jeg har spilt, og jeg synest faktisk at det var mer enn nok innebygde "puzzles". Faktisk, så er jeg en av de få som synes at HL1 var dårligere enn 2eren, har aldri giddet å fullføre det, mens etter jeg fikk HL2, var det det eneste jeg spilte til jeg rundet det, noe som var idag. (Skal nok runde det om igjen ja :)) Jeg har ikke prøvd Deux Ex eller Metroid Prime, så skal ikke uttale meg om de, men jeg synest Half Life 2 er det beste FPS spillet ever.

 

Atmosfæren er god men det føler gått ut på dato pågrunn av veldig keisam grafikk.

 

Mulig jeg tar feil, men Deux Ex og Metroid Prime må da ha mye dårligere grafikk enn HL2 ? :hmm:

Skrevet
Jeg synest faktisk HL2 er noen av de beste spillene jeg har spilt, og jeg synest faktisk at det var mer enn nok innebygde "puzzles". Faktisk, så er jeg en av de få som synes at HL1 var dårligere enn 2eren, har aldri giddet å fullføre det, mens etter jeg fikk HL2, var det det eneste jeg spilte til jeg rundet det, noe som var idag. (Skal nok runde det om igjen ja :)) Jeg har ikke prøvd Deux Ex eller Metroid Prime, så skal ikke uttale meg om de, men jeg synest Half Life 2 er det beste FPS spillet ever.

 

Atmosfæren er god men det føler gått ut på dato pågrunn av veldig keisam grafikk.

 

Mulig jeg tar feil, men Deux Ex og Metroid Prime må da ha mye dårligere grafikk enn HL2 ? :hmm:

Men nå kom jo Deus Ex ut litt vell tidligere en Half-Life 2.

Skrevet

På de 3 bildene der du sammenligner Doom3, HL2 og Farcry, stemmer det ikke.

Overalt på Doom3 er det normal mapping. Det er noe helt annet en bump mapping. Har ikke sett bump mapping der i det hele tatt.

HL2 bruker nesten ikke normal mapping, men heller litt rar bump mapping ja.

Farcry (iallefall på det bildet du viser) bruker normal mapping.

Skrevet
du klager på alt untatt pixel shader, men likevel anbefaler du det?

 

offtopic: hva betyr storleik?

Storhet. Du er visst bokmål du siden du ikkje veit det.

du er visst smart som skjønte det

 

*mitt sarkasmehumør er på idag*

Når man er nynorsk kan man det :roll:

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...