Gå til innhold

Den ultimate, trådlause gamingopplevinga

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
9 hours ago, Krispo123 said:

Hva mener du med "Det er vanskeleg å direkte samanlikne desse produkta, for dei er rekna for heilt ulike brukarar."? Er ikke begge gaming tastatur?

G915 har lågprofilbrytarar, og dei eignar seg nok betre for dei som vil ha noko litt anonymt ein kan bruke både på pulten på arbeid som til gaming. «Vanlege» brytarar som dei dette har eignar seg betydeleg betre til speling, og designet har meir openbert gamerpreg. Razer sitt er fast fullformat (i motsetning til dette som kan vere både det og TKL), og er endå mindre portabelt enn dette igjen. Så kva ein vil kjøpe kjem jo an på kva behov ein har i kvardagen, og kva ein skal bruke tastaturet til. Difor skriv eg at det er mynta på ulike brukarar. Blir litt i same gate som å samanlikne ei MMO-mus med ei skytespelmus. Kan alltids setje ein samla karakter, men dei er laga for forskjellige ting. 
 
Og om det er G915-etterligning… Det tviler eg på at Asus har tenkt så mykje på. Veldig ulike produkt. 

Endret av iR' BR34K
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Fartlitter skrev:

Tror du må prøve noe ala Ducky, Varmilo før du kan sette en 10er. Tviler det her er en 8.5.

Ducky, Varmilo, Vortex, og Keychron er alle tastaturprodusentar som produserer svært solide tastatur til bra penge. Eg og meiner at artikkelforfattar hadde vore tent med å teste noko frå desse produsentane, og kanskje til og med strekke seg endå lenger med å prøve custom-tastatur. Sistnemnde er mykje dyrare og meir tidkrevjande å ordne til, men kan vere eit bra verktøy i å gjere seg godt kjent med dei ulike komponentane i eitt tastatur. Og då kva manglar som ordinere kjøpetastatur/gamingtastatur eventuellt har. Særleg er mange gamingtastatur skuldig i å bruke dårlege stabilisatorar som støyer veldig mykje. Eg meiner ikkje at custom-tastatur er for alle, eller at ein bør bruke ufatteleg mykje pengar på tastatur, men det er viktig at kritikarar har ulike referansepunkt.
Lenke til kommentar

Ka i all verden er det eg egentligt leser her? 8.5/10?

Dette er et tastatur review for gaming eller har eg missforstått? Ka er det som egentligt gjør dette tastaturet unikt for gaming? Er det di optiske switchene fra 2016 med 1.5 mm aktivering?

Hall effect magnetisk switcher er det nye nå.

Ta Wooting 60HE: https://next.wooting.io/wooting-60he?_ga=2.31806270.1678671159.1635155615-558641715.1626974538

0.1-4.0 Aktivering

Rapid Trigger for instant deaktivering av switch når den blir sluppet.

Dynamic Keystroke.

Tachyon Mode for raskere input.

Universal PCB

Også ryktere om mulighet for å deaktivere taster som ikkje blir brukt under gaming for mindre scaning av keystrokes og enda raskere input.

Eg klarer ikkje med min beste vilje å finne ut koffor dette er et 8.5/10 tastatur til gaming, ser 100% ordinert ut. Den eneste er at den har 1.5mm aktivering som såvidt er bedre enn standarer på 2.2mm, men uten rapid trigger så fører det også til treigere deaktivering.

Det samme gjelder forsåvidt alle som anbefaler Ducky, Varmilo, Vortex og Keychron. Solide tastatur, men ingenting som gjør det noe bedre til gaming. Ingen av disse tasturen er i nærheten av 10/10 for gaming. Skal du nærme deg 10/10 er det kun Wooting 60HE som gjelder per idag.

Det er ein grunn til at eg ikkje skrive kokebok og det er fordi eg ikkje kan lage mat, denne tankegangen skulle eg likt å sett hos andre.

Lenke til kommentar

Blir alltid skeptisk til kor seriøse folk er når dei set spørjeteikn med karakter på produkt dei ikkje har prøvd sjølv, men sure. Wooting-tastatur skulle me gjerne testa, men av naturlege grunnar brukar ikkje Gamer.no tid på produkt som ikkje er i sal i norske nettbutikkar. Om dei nokon gong dukkar opp i norske hyller tar me gjerne ein titt. Eg ser Wooting One var i sal i 2019, men då gjekk det nok under radaren.

Ducky har me testa litt av, men kan alltids høyre med Varmilo/Keychron om dei vil sende noko. Prioriteringsrekkjefølgja går nok stort sett på kva som er mest etterspurnad etter/mest populært, fordi me har ganske avgrensa kapasitet på testing av tastatur og slikt. Då blir det ofte toppmodellane frå Razer, Logitech, MSI osv.

Skreddarsydde tastatur trur eg ikkje me kjem til å gjere noko på med mindre eg lagar ein feature på byggeprosessen eller noko slikt. Førebels held me oss til reine gamingtastatur. I dag har me berre ein person som jobbar med hardwaretestar i Gamer, meg, og med ein kapasitet på 5-6 artiklar i månaden (som og skal dekke skjermkort, headset, mus osv i tillegg) må me prioritere det som det me trur dei fleste lesarane er interesserte i.

Ideelt sett hadde me hatt fleire fulltidsskribentar, men Gamer har førebels berre ressursar til å ha eitt fast redaksjonelt årsverk. 

Endret av iR' BR34K
  • Liker 1
Lenke til kommentar
1 hour ago, iR' BR34K said:

Da missforsto eg. Trudde dere testa kor bra et produkt var, ikkje kor populert. Beklager, carry on. 

Edit: Men fra spøk te revolver. Beklager, eg blir overengasjert når det kommer til mus og tastatur 🙏

Endret av Noiz
Lenke til kommentar
  • 7 måneder senere...
  • 2 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...