Gå til innhold

Hva er deres erfaring - Tid fra intervju til tilbud


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Den mest avgjerande faktoren er vanlegvis kor nært i tid ein får gjennomført siste intervjuet med dei siste kandidatane. Dersom det berre er igjen nokre få kandidatar og dei alle kan gjennomføre intervju den samme dagen så vil ein ofte kunne få jobbtilbodet 1-3 dagar etterpå. Når ein har komt så langt i prosessen så har arbeidsgiver vanlegvis gjort seg opp ei meining om både kvalifikasjon, personlegheit og kva dei er villige til å tilby i lønn.

Når du får eit jobbtilbud så er det vanlegast at ein får ca 1 veke på å aksetere, takkar kandidaten nei så vil jobbtilbudet ofte gå vidare til neste person på lista. Så dersom det er 5 kandidatar og du er rangert nederst så kan det fort ta 4 veker før du får jobbtilbud om dei fire fyrste bruker heile tida dei har til rådigheit før dei takkar nei eller ikkje svarer.

Etter min erfaring er ofte det som tek lengst tid å vente på startdato etter å ha akseptert jobbtilbudet. Ofte får ein ikkje starte i jobben før den forrige har slutta så om ein tilsett med tre månedars oppseiingstid seier opp så lyser ein ofte ut stillinga i løpet av fyrste måneden og det kan då gå to månedar frå kandidaten har akseptert jobben til ein får møte på jobb.
Dette kan sjølvsagt variere ein del, enkelte arbeidsgivere ser fordelen med å ha overlapp for å raskt kunne sette den nye arbeidstakaren inn i arbeidsoppgåvene til den som skal slutte, andre ser berre at det er dyrare å betale for to tilsette samtidig enn berre ein om gongen.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...