Gå til innhold

Noreng: «Norske oljekutt er ikke god klimapolitikk!»

Anbefalte innlegg

Og vi har en skattesats på 78% for olje i Norge. Hvordan skal fornybar være skattet høyere enn 78%? Det må gjerne forklares.

Oljebransjen har ei lang rekkje subsidiar som gjer at den reelle skattesatsen ligg langt under 78%.
Dersom oljeselskapa blir subsidiert så voldsomt, lurer eg på kor alle milliardane som renn inn i statskassa kjem frå? Vindmøller??
Den viktigaste inntektskjelda til staten er arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift. Meriverdiavgift er ein god nummer to. Deretter kjem vanleg skatt på inntekt og formue. Det aller meste kjem med andre ord frå vanlege privatpersonar som har jobb og inntekt og kjøper det dei treng.

Leiterefusjonsordninga og dei mange små leiteselskapa kan ein diskutere, og nokre av desse betaler sikkert ikkje skatt, men der dei store pengane ligg i Equinor etc. så er skattesatsen mykje større enn i nokon annan sektor.

No repeterer du i praksis den same påstanden som eg svarte på, men du kan umogeleg ha lese dokumentasjonen min på at det ikkje stemmer. Vasskraft er i realiteten tyngre skattlagt. Oljeselskapa kan skrive av meir enn ti gonger raskare, dei har mange gonger høgare friinntekt, kan trekkje frå ein mykje større del av utgiftene, nyt godt av mange subsidieordningar osb.

Det stemmer, eg leste ikkje lenkene dine. Men du kan ikkje halde 78% fradragsrett fram som eit gode for oljeselskapa. Dei hadde meir enn gjerne bytta ut skatteregimet med vanleg 23% eller kva det no er for tida. Det er jo berre fordi overskot blir skatta så hardt, at verdien av frådrag for utgifter som reduserer overskotet blir høg.

Den hypotesen om at oljeselskapa kjem til å vedta ein masse tapsbringande prosjekt framover har eg ingen tru på. Dei setter høge krav til profitt og nedbetalingstid. Det er godt mulig at ein del middels profitable prosjekt blir lagt i skuffen slik Noreng skriv, men frå eit miljøperspektiv er det greit. Ikkje fordi reduksjon av norsk produksjon i seg sjøl reduserer oljeforbruket i verden. Men fordi mindre penger inn på kontoen til ola nordmann reduserer det ekstremt forurensende forbruket vårt av f.eks. flyreiser..

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Nei, under oljekrisa kutta OPEC eksporten av olje. Vi har hatt fleire. Som regel av politiske årsakar. Det er noko heilt anna enn ein priskrig.

http://www.oil-price.net/en/articles/shale-producers-opec-oil-price-war.php

Oljekrisen var en priskrig startet av OPEC. Alle andre omtaler det som priskrig, om du mener noe annet er du nok alene om det.

Wikipedia er samd med meg: https://no.wikipedia.org/wiki/Oljekrisen

Poenget er at olje ikkje kjem til å erstatte kol til nokon form for energiproduksjon. Fornybar energi gjer det. Olje er ikkje konkurransedyktig.

Og så?
Kommenterer vi den same artikkelen? Heile poenget til Noreng er jo at olje og gass skal erstatte kol. Poenget mitt er at vi har erfart det ikkje skjer. Fornybar energi veks for fort, og tek over for både kol, olje og gass.

Vi kommer til å forbruke enorme mengder olje i lang tid fremover. Om oljeandelen går ned vil vi fortsatt trenge masse olje. Er du klar over hvor ekstremt mye fornybar energi som må bygges? Og hvor latterlig lang tid det vil ta? Så mens vi holder på med det, hvorfor skal vi stenge kranene?

Ja. Har du teke innover deg kor fort det går? Auken i sol- og vind spesielt, men òg vasskraft, er ekstrem. Sol og vind åleine har auka med i snitt over 15% år for år i meir enn ti år. Det kan det ikkje halde fram med veldig mykje lenger, om det ikkje skal overta heile energiprodiduksjonen. Om tre år vil sol og vind ha gått forbi kjernekraft. Om sju år har det passert vasskraft, som òg veks med 2-3% i året. Med noverande vekst er det berre 10-15 år før all kraftproduksjon er fornybar. Ja, eg veit at veksten må flate ut snart, men når skjer det? Fornybar energi vert jo berre meir konkurransedyktig for kvart år som går.

Det viktigaste for olje sin del er transport. Salet av elbilar veks med over 50% i året. So snart vi passerer det kritiske nivået der salet av olje fell fortare enn naturleg fråfall av gamle oljefelt, dvs at vi ikkje treng å setje nye i drift, er oljen praktisk talt verdilaus. Vi kjem til å måtte subsidiere oljeproduksjonen på same måte som Tyskland subsidierer brunkol, for å unngå massearbeidsløyse. Det er ikkje eit spørsmål om verda treng olje eller ikkje, det er eit spørsmål om vekst eller fall i etterspurnaden.

SSB har rekna ut at det vil føre til både høgare prisar på olje og gass og redusert oljeforbruk i verda. Det vil hjelpe miljøet.

SSB er ikke oljeanalytikere. De lager nasjonale statistikker, hvilken kompetanse har de på dette? Hva baserer de analysen på? Har du analysen deres?
Ja, og den er grundig. Dei konkluderer med at for å få best mogeleg effekt på klimautsleppa må ein ta tak både på tilbods- og forbrukssida: https://www.ssb.no/en/forskning/discussion-papers/_attachment/255356?_ts=152c52f27e0

Hvordan mener du prisene skal bli høyere om OPEC da øker produksjon tilsvarende norsk kutt? Og forbruk kan ikke kuttes ved å kutte produksjon. En båt bruker ikke mindre drivstoff bare fordi norsk sokkel ikke henter opp mer. Det gir ikke mening.

OPEC kan ikkje berre auke produksjonen med 2 millionar fat om dagen på kommando. Det er òg logistikkproblem som gjer oljen dyrare i Europa dersom Noreg kuttar produksjonen. Samt at OPEC får større makt over oljeprisen når tilbodet av olje frå eksterne fell.

Jaudå, for båtar er det ein sterkare samanheng enn for dei fleste andre transportmiddel. Ein båt brukar mindre drivstoff på å gå seinare. Det er meir å spare på å gå seinare dersom drivstoffet er dyrare. Internasjonal skipsfart er ein svært konkurranseutsett bransje, og dei tyner marginane der dei kan. Ekstrautgiftene med å gå litt fortare og komme fram ein dag før vil ved ein viss fart overstige dei faste daglege kostnadane ved å la skipet bruke ein dag ekstra. Dess høgare oljepris dess deinare løner det seg å gå. Ergo går skipsfarten seinare når drivstoffet kostar meir. Internasjonal skipstrafikk går gjennomsnittleg seinare no enn han gjorde då oljen kosta 50 dollar fatet.

Oljebransjen har ei lang rekkje subsidiar som gjer at den reelle skattesatsen ligg langt under 78%. Dei fleste selskapa som opererer på norsk sokkel får meir i subsidiar enn dei betaler i skatt. Spesielt leitesubsidiane har fått mykje politisk kritikk, og EU undersøkjer om ordninga kan vere ulovleg statsstøtte. Sidan 2005 har norske skattebetalarar betalt over 100 mrd kroner berre i leitesubsidiar til oljeselskap som ikkje betaler skatt i Noreg. Då Statoil skulle byggje ut på Melkøya fekk dei vedtekne spesailsubsidiar i Stortinget verd 180 millionar kroner. Oljeselskapa kan skive av store oljeinstallasjonar på berre 6 år, trass i at dei er bygd for å vare mykje lenger enn det. Vasskraftverk har til samanlikning ei nedskrivingstid på heile 67 år(!) trass i at dei hadde hatt nytte av nyinvesteringar mykje oftare enn det.

Og du mener fornybar energi IKKE har subsidier? Staten bruker og oljepenger gjennom både Statkraft og Equinor til å bygge fornybar. Skal du bare ignorere dette?

Statkraft har ikkje fått ei einaste olje-krone. Staten tek utbyte frå Statkraft. Eller, staten tok utbyte frå Statkraft til hyklar-Ola Olje-Borten fann ut at Statkraft skulle kjøpe Tyske gasskraftverk, som har gått med dundrande underskot, slik at Statkraft no brukar inntekter frå fornybar energi til å subsidiere tysk gasskraft. Han ville ikkje la utanlandske selskap utvikle norsk vasskraft, men meinte i staden vi skulle bruke inntektene frå norsk vasskraft til å kjøpe tyskarar ut av tapsprosjekt og subsidiere tysk fossil kraftproduksjon. Det var vel for å sikre framtidig kjøp av norsk gass frå oljeselskapet han starta etter å ha tapt valet. Den fyren var ei katastrofe for landet.

Staten brukar heller ikkje ei einaste olje-krone til å byggje fornybar energi gjennom Equinor. Statoil har bygd noko havvind i Skottland på reint forretningsmessig grunnlag, og det utgjer verkeleg berre ein symbolsk del av verksemda til Statoil. Dei har ikkje gjort dette på oppdrag av den norske staten, og har ikkje fått ei einaste norsk olje-krone for det. Dei har derimot fått subsidiar av britiske skattebetalarar.

"Subsidiene" til olje er jo en ordning fra gammelt av for å øke verdiskapning og arbeidsplasser på norsk sokkel og holde verdier i Norge.

Javel? Det var ikkje ein del av den offisielle grunngjevinga. Dei fleste mottakarane av subsidiane har vore utanlandske oljeselskap.

Altså et oljeselskap f.eks fra USA blir skattet latterlig mye om de vil bare tjene masse penger og kan dermed flytte lite ut. Derimot om de investerer de pengene igjen i Norge får de masse tilbake på skatt.

Det er jo berre tull. Sjølv Statoil byggjer i Sør Korea og gjer alskens krumspring for å spare skatt.

Så da får Norge amerikanerne til å reinvestere penger på norsk sokkel istedenfor å flytte dem ut av landet og bare ta inntekt fra norsk olje. Dette skaper verdiskapning for Norge som vi tjener masse på. Det er en genial ordning som handler om norsk økonomi og at oljeinntektene kommer fellesskapet til gode. Ikke om å subsidiere olje.

Ingen av subsidiane på norsk sokkel er knytt mot at pengar skal reinvesterast i Noreg. Tvert imot hamnar ein veldig stor del av pengane i utanlandske skatteparadis gjennom innleige av riggar og anna, og det fullstendig lovleg. Du hugsar kanskje Transocean-saka? Alt på norsk sokkel er kraftig overprisa, for kven bryr seg om kva noko kostar når staten tek nesten heile rekninga?
Lenke til kommentar

Den globale temperaturen har gått opp med 0,8 g de siste 150 årene, noe som er helt innenfor normalen. Det er heller ikke mye med 0,04% CO2 i atmosfæren, for mengde CO2 i atmosfæren varierer naturlig, på samme måte som temperatur gjør.

Klimahysteriet må ta slutt! Pump opp all oljen som finnes. Norge kommer aldri til å finne noe som kan erstatte oljen og de som tror det lever i en drømmeverden. Fornybar energi er ingenting.

Nei, temperaturen har økt usedvanlig raskt de siste 150 årene.

Det er mye CO2 i atmosfæren (vitenskapshatere skjønner visst ikke konseptet med at lite av noe fortsatt kan ha stor effekt).

Vitenskapshaterne er de reelle klimahysterikerne, da de påstår at hele verdens forskere har gått sammen i en ufattelig stor konspirasjon for å... ja, hvorfor har de gjort det?

  • Liker 4
Lenke til kommentar

Trådstarter forutsetter vel egentlig at man tror på menneskeskapte klimaendringer og at man tror at dette er noe negativt, for å ha en konstruktiv dialog. Jeg mener, det er det som er rammen for diskusjonen. Men som du vet befinner ikke jeg meg innenfor den rammen, så jeg lar vær å skrive noe mer på denne tråden. Vi kan diskutere videre på vår sedvanlige tråd.

Lenke til kommentar

Nei, temperaturen har økt usedvanlig raskt de siste 150 årene.Det er mye CO2 i atmosfæren (vitenskapshatere skjønner visst ikke konseptet med at lite av noe fortsatt kan ha stor effekt).Vitenskapshaterne er de reelle klimahysterikerne, da de påstår at hele verdens forskere har gått sammen i en ufattelig stor konspirasjon for å... ja, hvorfor har de gjort det?

For penger.

Er det oljeselskapa som har so djupe lommer? Nei, vent litt.. Kven er det som har betalt dei pengar? Det er titusenvis av forskarar, so det må vere plenty prov på dette. Du kan sikkert hoste opp nokre kvitteringar.
Lenke til kommentar

Statkraft har ikkje fått ei einaste olje-krone. Staten tek utbyte frå Statkraft. Eller, staten tok utbyte frå Statkraft til hyklar-Ola Olje-Borten fann ut at Statkraft skulle kjøpe Tyske gasskraftverk, som har gått med dundrande underskot, slik at Statkraft no brukar inntekter frå fornybar energi til å subsidiere tysk gasskraft.

Jeg vil gjerne at du dokumenterer påstandene dine. Jeg sier ikke at de er feil, det er bare at alle milliardtapene jeg har sett Statkraft tatt de siste årene har vært knyttet til fornybart. Her er to kjappe:

https://www.dn.no/nyheter/2017/10/26/0855/Energi/statkraft-tar-milliardtap-i-chile

https://e24.no/energi/statkraft-blaaste-bort-1-82-milliarder-i-sverige/23493608

og ja, det er snakk om milliarder, og ja, staten henter disse milliardene i stor grad fra oljevirksomheten.

Du snakker om avgifter på vannkraft. Det du da snakker om er inntektene staten har fra norske vassdrag, du er klar over det? Dette gir en strømpris som er konkurransedyktig med våre naboland, og pen inntekt for staten. Mener du at det er relevant å snakke som om dette er en avgift som bør fjernes? Det er nemlig det du gjør. Samtidig som du argumenterer for avvikling av oljenæringen? Så skal vi alle leve av skatten staten drar inn på lønninger. Hvem skal så betale disse lønningene staten skal skattlegge tenkte du?

Lenke til kommentar

Wikipedia er samd med meg: https://no.wikipedia.org/wiki/Oljekrisen

Du linket til noe som skjedde på 70-tallet, jeg snakker 2014 så nei Wikipedia er ikke enig med deg. Det som skjedde da er og helt forskjellig fra nå.

Kommenterer vi den same artikkelen? Heile poenget til Noreng er jo at olje og gass skal erstatte kol. Poenget mitt er at vi har erfart det ikkje skjer. Fornybar energi veks for fort, og tek over for både kol, olje og gass.

Jeg har aldri sagt jeg er enig i alt han sier. Eksempelvis dette. Jeg synes han har noen gode poenger derimot. Jeg er enig med deg her. Bortsett fra at olje og gass vil gå ned da:

https://www.iea.org/topics/naturalgas/

Oljeforbruk i verden øker også. Vi er langt ifra at olje og gass blir betydelig redusert.

Ja. Har du teke innover deg kor fort det går? Auken i sol- og vind spesielt, men òg vasskraft, er ekstrem. Sol og vind åleine har auka med i snitt over 15% år for år i meir enn ti år. Det kan det ikkje halde fram med veldig mykje lenger, om det ikkje skal overta heile energiprodiduksjonen. Om tre år vil sol og vind ha gått forbi kjernekraft. Om sju år har det passert vasskraft, som òg veks med 2-3% i året. Med noverande vekst er det berre 10-15 år før all kraftproduksjon er fornybar. Ja, eg veit at veksten må flate ut snart, men når skjer det? Fornybar energi vert jo berre meir konkurransedyktig for kvart år som går.

Det vil ta veldig lang tid før fornybar energi tar over veldig mye, fordi veldig mange har ikke råd til å bare skifte ut eksisterende kraftverk. Alt fornybart innen 10-15 år er bare tull. Umulig. Du tar og ikke med generell høy vekst i strømforbruk. Heller ikke at mye som bruker energi i verden som ikke tar energien fra strømnettverket. Olje og gass vil være viktig i lang tid enda.

Det viktigaste for olje sin del er transport. Salet av elbilar veks med over 50% i året. So snart vi passerer det kritiske nivået der salet av olje fell fortare enn naturleg fråfall av gamle oljefelt, dvs at vi ikkje treng å setje nye i drift, er oljen praktisk talt verdilaus. Vi kjem til å måtte subsidiere oljeproduksjonen på same måte som Tyskland subsidierer brunkol, for å unngå massearbeidsløyse. Det er ikkje eit spørsmål om verda treng olje eller ikkje, det er eit spørsmål om vekst eller fall i etterspurnaden.

Både forbruk og produksjon av olje øker. Jeg vet ikke hvorfor du er så oppsatt på at dette liksom faller bare fordi fornybart er blitt kult i det siste. Som om det vi har brukt som energi så lenge bare blir byttet ut over natten. Det skjer ikke. Og selv om det synker i Europa så øker det i nesten hele verden ellers. Vi har ikke batteriproduksjon eksempelvis til å bygge masse elbiler. Elbiler er fortsatt en utrolig liten del av verdens bilpark. Og det å bygge opp produksjon av batterier alene vil ta laaaang tid.Du later å tro at så snart fornybart er lønnsomt så blir alt fornybart over natten. Det er bare umulig. Det du skriver om fremtiden er umulig.

Ja, og den er grundig. Dei konkluderer med at for å få best mogeleg effekt på klimautsleppa må ein ta tak både på tilbods- og forbrukssida: https://www.ssb.no/en/forskning/discussion-papers/_attachment/255356?_ts=152c52f27e0

Ja de antar at produksjonen faller, men om Norge kutter olje vil ikke verdens produksjon falle i mer enn uker. Så tar OPEC over. Norge vil ikke stenge på dagen. Ser du for deg ekstrasending på NRK med Erna som stenger alle oljekraner? OPEC kan åpne kraner dagen Norge stenger dem, de vil ha flere års forberedelse. Transport av olje koster ingenting. Vi får malm sendt fra Latin-Amerika til smelting i Norge pga strømpris som videre blir sendt til f.eks Asia. Transport er ~gratis.

Statkraft har ikkje fått ei einaste olje-krone. Staten tek utbyte frå Statkraft. 

https://www.dn.no/nyheter/2010/11/26/statkraft-far-endelig-penger

Altså det du sier er bare ikke sant. Statkraft er og åpenbart bygget opp av staten og staten har jo bygget det meste av kraften og nettet i Norge og så får Statkraft inntektene til dette og har utviklet seg til å bli så store at de stort sett klarer seg selv nå uten ekstra penger. 

Staten brukar heller ikkje ei einaste olje-krone til å byggje fornybar energi gjennom Equinor. Statoil har bygd noko havvind i Skottland på reint forretningsmessig grunnlag, og det utgjer verkeleg berre ein symbolsk del av verksemda til Statoil. Dei har ikkje gjort dette på oppdrag av den norske staten, og har ikkje fått ei einaste norsk olje-krone for det. Dei har derimot fått subsidiar av britiske skattebetalarar.

Equinor er eid av staten. Når Equinor bruker penger på noe, så bruker de statens penger. Fordi de bruker penger de tjener som ellers vill gått til staten via skatt eller penger til aksjonær. Hele poenget med statskapitalisme er at staten ikke må detaljstyre alt og si alt Equinor skal gjøre. De gjør likevel dette som en forlegning av staten. Akkurat som Erna ikke gjør alt liksom. Staten er eier av Equinor, de har selvfølgelig retningslinjer de ønsker de skal følge og retning de vil bedriften skal gå i. Så  bare fordi Erna ikke står på TV og sier Equinor må bygge 10 vindmøller på X sted så betyr det ikke at staten ikke står for utbygging av fornybar energi. 

Javel? Det var ikkje ein del av den offisielle grunngjevinga. Dei fleste mottakarane av subsidiane har vore utanlandske oljeselskap.

Hva mener du er offisiell grunn da? Gjerne med kilde på denne offisielle grunnen. Det at du sier de fleste som mottar er utenlandsk selskaper viser at du ikke forstår poenget med denne ordningen. 

Det er jo berre tull. Sjølv Statoil byggjer i Sør Korea og gjer alskens krumspring for å spare skatt.

Igjen, du forstår åpenbart ikke.

Du ønsker utenlandsk investering. Vi trang utenlandske selskap i starten tom. Så vi VIL at de skal komme og skape verdier i Norge. Vi vil ikke at de skal tjene masse penger på olje i Norge og så putte det i skatteparadis og bruke det i Afrika, Brasil, Midtøsten. Så vi tar nesten alle pengene de tjener. Og så støtter vi verdiskapning og gir tilbake masse på skatt for folk som vil reinvestere i Norge. Som gjør at det mest lønnsomme blir å investere mer i norsk sokkel. Som gir et veldig høyt nivå av investeringer på norsk sokkel som gir mye verdiskapning i Norge, samtidig som staten og norges innbyggere sitter igjen med nesten alle pengene. Genialt.

Det at Statoil bygger i Sør-Korea har ingenting med dette å gjøre. De flytter ikke inntekter ut av landet. De investerer på norsk sokkel og får bygget utstyr i utlandet, som oljeordningen har ingenting med å gjøre. Den omhandler olje. Det er stor forskjell her. Da måtte oljelovgivning gått over til verftsindustri som bare ville vært merkelig. Norsk verftindustri har blitt hjulpet UTROLIG mye pga lovgivningen derimot med så mye bygging for norsk sokkel gjennom årene. Og Statoil gir fortsatt gigantiske kontrakter til norske verft og bedrifter. Hele poenget er å sikre investering til norsk sokkel. Så er det opp til norske bedrifter å være konkurransedyktige slik at de får mest mulig av de kontraktene.Staten kan ikke tvinge alle som drive olje i Norge om å kun bruke norske selskaper til bygging. Det blir ekstremt.

Ingen av subsidiane på norsk sokkel er knytt mot at pengar skal reinvesterast i Noreg. Tvert imot hamnar ein veldig stor del av pengane i utanlandske skatteparadis gjennom innleige av riggar og anna, og det fullstendig lovleg. Du hugsar kanskje Transocean-saka? Alt på norsk sokkel er kraftig overprisa, for kven bryr seg om kva noko kostar når staten tek nesten heile rekninga?

Ehm, jo. Hvis du mener det ikke stemmer har du ikke forstått. Hvordan tror du alle oljepengene i Norge havner til stat og folk, men ikke i andre land? Når vi angivelig bare sponser olje og ingen betaler noe skatt? Det blir bare latterlig. 

At noen har funnet hull endrer ikke på hvordan loven er og meningen med loven. Det betyr bare at det kreves en mindre endring for å tette hull. Alle skattelover har hull som utnyttes. Du bruker et unntak for å prøve å bevise noe. 

Lenke til kommentar

Jeg vil gjerne at du dokumenterer påstandene dine. Jeg sier ikke at de er feil, det er bare at alle milliardtapene jeg har sett Statkraft tatt de siste årene har vært knyttet til fornybart. Her er to kjappe:

https://www.dn.no/nyheter/2017/10/26/0855/Energi/statkraft-tar-milliardtap-i-chile

https://e24.no/energi/statkraft-blaaste-bort-1-82-milliarder-i-sverige/23493608

og ja, det er snakk om milliarder, og ja, staten henter disse milliardene i stor grad fra oljevirksomheten.

Du snakker om avgifter på vannkraft. Det du da snakker om er inntektene staten har fra norske vassdrag, du er klar over det? Dette gir en strømpris som er konkurransedyktig med våre naboland, og pen inntekt for staten. Mener du at det er relevant å snakke som om dette er en avgift som bør fjernes? Det er nemlig det du gjør. Samtidig som du argumenterer for avvikling av oljenæringen? Så skal vi alle leve av skatten staten drar inn på lønninger. Hvem skal så betale disse lønningene staten skal skattlegge tenkte du?

Noen folk har fått det for seg at vi må være miljøvennlige for enhver kost. Det har ingenting å si at ingen i verden bryr seg om Norge stenger ned produksjon Vi skal gjøre det liksom. Og så skal liksom vi bare tjene penger på fornybar som bare liksom kommer over natten. Og så i tillegg for å forsvare dette så prøver enkelte å fremstille det slik at olje blir subsidiert i dag, og om kun kort tid vil vi tape penger på olje så da er det bare bra å skru igjen kranene da. Fordi vi tjener liksom ikke noe videre på olje uansett. (Hvem bryr seg om at oljeprisene og forbruket i verden vil øke?) Rimelig utrolig synes jeg at folk kan klare å finne frem til slik som bare er tull. Vi tjener jo så mye penger på olje.

Lenke til kommentar

Statkraft har ikkje fått ei einaste olje-krone. Staten tek utbyte frå Statkraft. Eller, staten tok utbyte frå Statkraft til hyklar-Ola Olje-Borten fann ut at Statkraft skulle kjøpe Tyske gasskraftverk, som har gått med dundrande underskot, slik at Statkraft no brukar inntekter frå fornybar energi til å subsidiere tysk gasskraft.

Jeg vil gjerne at du dokumenterer påstandene dine. Jeg sier ikke at de er feil, det er bare at alle milliardtapene jeg har sett Statkraft tatt de siste årene har vært knyttet til fornybart. Her er to kjappe:

https://www.dn.no/nyheter/2017/10/26/0855/Energi/statkraft-tar-milliardtap-i-chile

https://e24.no/energi/statkraft-blaaste-bort-1-82-milliarder-i-sverige/23493608

Alt i utlandet. Kven sin ufatteleg idiotiske idé var det at vi skulle sende Statkraft ut for å tape milliardar i utlandet? Jau, det var den vandrande katastrofa Hyklar-Ola Olje-Borten.

Tapa i Chile og Sverige er småpengar samanlikna med tapa i Tyskland: https://www.hegnar.no/Nyheter/Naeringsliv/2016/07/Statkraft-taper-milliarder-i-utlandet

og ja, det er snakk om milliarder, og ja, staten henter disse milliardene i stor grad fra oljevirksomheten.

Nei, det er ikkje sant. Statkraft hentar milliardane frå norsk vasskraftproduksjon.

Dersom du meiner at Statkraft har fått pengar frå oljeverksemda, får du dokumentere det med budsjettpostar.

Du snakker om avgifter på vannkraft. Det du da snakker om er inntektene staten har fra norske vassdrag, du er klar over det? Dette gir en strømpris som er konkurransedyktig med våre naboland, og pen inntekt for staten. Mener du at det er relevant å snakke som om dette er en avgift som bør fjernes? Det er nemlig det du gjør. Samtidig som du argumenterer for avvikling av oljenæringen? Så skal vi alle leve av skatten staten drar inn på lønninger. Hvem skal så betale disse lønningene staten skal skattlegge tenkte du?

Eg argumenterer stort sett ikkje med noko av det du påstår der, eg har berre slått fast at oljenæringa får svært høge subsidiar, medan vi skattlegg fornybar energi (i praksis vasskraft, som utgjer nesten all norsk fornybar energiproduksjon) knallhardt. Vi kan tene mykje meir på vasskraft òg, men alle investeringane, 3/4 av alle investeringar i landet, går til oljesektoren. Den siste 1/4 er fordelt på alt anna

Vi kan tene pengar ved til dømes å byggje om fleire kraftverk til høgare effektproduksjon, installere pumper og leggje fleire kablar til utlandet. Medan oljeinvesteringar kan avskrivast på 6 år, må investeringane i vasskraft avskrivast på 67 år med mykje lågare friinntekt og ein heftig skattesats. På toppen av det heile er det strenge restriksjonar på kven som kan investere i vasskraft. Det er det ikkje i oljenæringa.

Poenget mitt er at vi må slutte å gje oljenæringa særfordelar over fornybar energi. Det fører til ein usunn økonomi og fører til meir forureining.

Vindkraft er eit unnatak. Der får private og utlendingar lov til å investere på lik linje med det offentlege, anlegga kan skrivast av på berre 5 år og skattesatsen er mykje lågare. Difor har vi mange store vindkraftutbyggingar som pga slike vilkår er meir lønsame enn ny vasskraft. Sol er òg eit unnatak, men her har vi eit handicap med vår geografiske plassering. Det er meir lønsamt å byggje i land lengre sør.

Lenke til kommentar

For penger.

Tuller du? Klimaforskere tjener ikke bra i det hele tatt.

De som tjener bra er de som tar betalt for å lyve på vegne av fossilindustrien. Det er der de store pengene ligger.

Les og lær:

https://arstechnica.com/science/2016/05/if-climate-scientists-push-the-consensus-its-not-for-the-money/

https://www.huffingtonpost.com.au/2017/05/25/scientists-getting-filthy-rich-on-climate-change-here-are-the-f_a_22106707/

https://skepticalscience.com/climate-scientists-in-it-for-the-money.htm

https://www.facebook.com/katharine.hayhoe/posts/"climate-change-is-a-hoax/1814155105476035/

Kan du nå kutte ut slike tåpelige og åpenbart feilaktige påstander?

Lenke til kommentar

Tuller du? Klimaforskere tjener ikke bra i det hele tatt.De som tjener bra er de som tar betalt for å lyve på vegne av fossilindustrien. Det er der de store pengene ligger.Les og lær:https://arstechnica.com/science/2016/05/if-climate-scientists-push-the-consensus-its-not-for-the-money/https://www.huffingtonpost.com.au/2017/05/25/scientists-getting-filthy-rich-on-climate-change-here-are-the-f_a_22106707/https://skepticalscience.com/climate-scientists-in-it-for-the-money.htmhttps://www.facebook.com/katharine.hayhoe/posts/"climate-change-is-a-hoax/1814155105476035/Kan du nå kutte ut slike tåpelige og åpenbart feilaktige påstander?

Kan du slutte å sitere fra midt inne i tråden når jeg har kommet med presisering etterpå?!

Lenke til kommentar

Alt i utlandet. Kven sin ufatteleg idiotiske idé var det at vi skulle sende Statkraft ut for å tape milliardar i utlandet? Jau, det var den vandrande katastrofa Hyklar-Ola Olje-Borten.

Tapa i Chile og Sverige er småpengar samanlikna med tapa i Tyskland: https://www.hegnar.no/Nyheter/Naeringsliv/2016/07/Statkraft-taper-milliarder-i-utlandet

Takk for lenken, ja det ser ut som Statkraft har tapt på all utenlandsvirksomheten sin. Milliarder både på gass og fornybart. Dette er trist, og her burde politikerne vist edruelighet. Å gi Ola Borten Moe hele skylda med kallenavn på den måten du gjør her synes jeg ikke noe om.

Nei, det er ikkje sant. Statkraft hentar milliardane frå norsk vasskraftproduksjon.

Ja, av statens verdier. Hva tror du bidrar mest til statskassa, vannkraft eller olje og gass?

Eg argumenterer stort sett ikkje med noko av det du påstår der, eg har berre slått fast at oljenæringa får svært høge subsidiar, medan vi skattlegg fornybar energi (i praksis vasskraft, som utgjer nesten all norsk fornybar energiproduksjon) knallhardt.

Vi skattelegger (vennligst ikke kveruler om det kalles avgift eller skatt, det er uvesentlig) både vannkraft og olje, de er begge naturressurser som bidrar til velstanden vi har. Skatteleggingen av begge reguleres av markedene utenfor Norge, og er ment å hindre at private aktører får overdreven profitt. Din retorikk her kan kun forstås som fanatisme.
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Alt i utlandet. Kven sin ufatteleg idiotiske idé var det at vi skulle sende Statkraft ut for å tape milliardar i utlandet? Jau, det var den vandrande katastrofa Hyklar-Ola Olje-Borten.

Jeg ble nysgjerrig på denne historien, så jeg søkte litt flere kilder enn din ene. Det viser seg at grunnen til milliardtapet på gasskraft er manglende vilje til å fase ut kullkraft i Tyskland:

https://www.abcnyheter.no/penger/makrookonomi/2018/06/17/195406258/eus-klima-fiasko-gir-statkraft-milliard-smell-i-tyskland

Disse milliardene føyer seg altså pent inn i rekken av penger Norge har brukt for å hjelpe klimautslipp i verden. Hvis du mener Norge skal slutte å prioritere penger for å få klimautslipp ned, så synes jeg du skal være konsekvent!

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Wikipedia er samd med meg: https://no.wikipedia.org/wiki/Oljekrisen

Du linket til noe som skjedde på 70-tallet, jeg snakker 2014 så nei Wikipedia er ikke enig med deg. Det som skjedde da er og helt forskjellig fra nå.

Eg lenka til artikkelen om oljekrisa. Ja, det som skjedde i 2014 er heilt ulikt det som skjedde under oljekrisa.

Kommenterer vi den same artikkelen? Heile poenget til Noreng er jo at olje og gass skal erstatte kol. Poenget mitt er at vi har erfart det ikkje skjer. Fornybar energi veks for fort, og tek over for både kol, olje og gass.

Jeg har aldri sagt jeg er enig i alt han sier. Eksempelvis dette. Jeg synes han har noen gode poenger derimot. Jeg er enig med deg her. Bortsett fra at olje og gass vil gå ned da:

https://www.iea.org/topics/naturalgas/

Oljeforbruk i verden øker også. Vi er langt ifra at olje og gass blir betydelig redusert.

Elektriske bilar er det største trugsmålet mot oljeforbruket. Det er til og med IEA samde i. IEA er er berre konsekvente med å underestimere kor fort utviklinga går, slik dei har gjort med fornybar energi.

Salet av elektriske bilar globalt aukar med over 50% i året kvart år. Over halvparten av oljeforbruket i verda er bensin og diesel, og det kjem til å få store konsekvensar for oljeforbruket:

https://www.bloomberg.com/news/articles/2017-11-28/electric-cars-and-energy-storage-seen-arriving-early-next-decade

Ja. Har du teke innover deg kor fort det går? Auken i sol- og vind spesielt, men òg vasskraft, er ekstrem. Sol og vind åleine har auka med i snitt over 15% år for år i meir enn ti år. Det kan det ikkje halde fram med veldig mykje lenger, om det ikkje skal overta heile energiprodiduksjonen. Om tre år vil sol og vind ha gått forbi kjernekraft. Om sju år har det passert vasskraft, som òg veks med 2-3% i året. Med noverande vekst er det berre 10-15 år før all kraftproduksjon er fornybar. Ja, eg veit at veksten må flate ut snart, men når skjer det? Fornybar energi vert jo berre meir konkurransedyktig for kvart år som går.

Det vil ta veldig lang tid før fornybar energi tar over veldig mye, fordi veldig mange har ikke råd til å bare skifte ut eksisterende kraftverk. Alt fornybart innen 10-15 år er bare tull. Umulig.

Eg er veldig klår over at eksponensiell vekst på dette nivået, som til og med akselererer, ikkje kan halde fram til evig tid, men det har vore realiteten i minst 15 år no. Før det har gått ti år vil det løne seg å leggje ned sjølv nye kolkraftverk og erstatte med fornybar energiproduksjon. Vi har passert nivået der det ikkje lenger løner seg å investere i ny fossil kraftproduksjon.

Du tar og ikke med generell høy vekst i strømforbruk.

Jaudå. Veksten i straumforbruket globalt er ca 2,5% i året.

Heller ikke at mye som bruker energi i verden som ikke tar energien fra strømnettverket. Olje og gass vil være viktig i lang tid enda.

Eg har ikkje sett nokon hevde noko anna. Eg seier berre at vi kjem til å trenge mykje mindre. Vi treng òg mindre energi totalt, fordi elektrifisering (med batteri) gjev betre verknadsgrad og dermed redusert energiforbruk.

Det viktigaste for olje sin del er transport. Salet av elbilar veks med over 50% i året. So snart vi passerer det kritiske nivået der salet av olje fell fortare enn naturleg fråfall av gamle oljefelt, dvs at vi ikkje treng å setje nye i drift, er oljen praktisk talt verdilaus. Vi kjem til å måtte subsidiere oljeproduksjonen på same måte som Tyskland subsidierer brunkol, for å unngå massearbeidsløyse. Det er ikkje eit spørsmål om verda treng olje eller ikkje, det er eit spørsmål om vekst eller fall i etterspurnaden.

Både forbruk og produksjon av olje øker. Jeg vet ikke hvorfor du er så oppsatt på at dette liksom faller bare fordi fornybart er blitt kult i det siste. Som om det vi har brukt som energi så lenge bare blir byttet ut over natten. Det skjer ikke.

Du argumenterer mot ein stråmann. Ingen har hevda at olje forsvinn over natta. Derimot at når nedgangen kjem, og det skjer pga elektrifisering av transport, kjem oljeprisen til å synke veldig fort. Mykje fortare enn forbruket. 2 millionar fat om dagen utgjorde skilnaden mellom 100 dollar fatet og 50 dollar fatet i 2014. Dersom auken i salet av elektriske bilar held fram som dei siste åra, vil dei i seg sjølv føre til ein nedgang i forbruket på 2 millionar fat om dagen om ti år, og nedgangen vil berre gå fortare og fortare år for år.

Og selv om det synker i Europa så øker det i nesten hele verden ellers. Vi har ikke batteriproduksjon eksempelvis til å bygge masse elbiler. Elbiler er fortsatt en utrolig liten del av verdens bilpark.

Ah, slik er det, og då må det alltid halde fram med å vere slik. Er det det du meiner? Du klarer ikkje å sjå ei utvikling for berre status quo?

Og det å bygge opp produksjon av batterier alene vil ta laaaang tid.

Kvifor? Det har gått veldig fort til no. Når du ser på alle fabrikkane under bygging, som får gigafabrikken til Tesla til å verke liten, er det ikkje mykje dekning for påstanden om at det vil ta lang tid. Batterifabrikkane ser ikkje ut til å ha problem med å skaffe finansiering heller. Eg tykte det svenske prosjektet verka håplaust, men det ser ut til å verte realisert. Det går veldig fort. Batteriproduksjonen ser ikkje ut til å vere ein flaksehals for vidare vekst på over 50% i året. I gamle dagar då alle dei største selskapa i verda var oljeselskap og mykje av resten av økonomien krinsa rundt dei, kunne det verke vanskeleg. No er dei største selskapa i verda teknologiselskap. Moderne kapitalistar ser at det kan skapast større verdiar utanom oljebransjen enn i oljebransjen.

Du later å tro at så snart fornybart er lønnsomt så blir alt fornybart over natten. Det er bare umulig. Det du skriver om fremtiden er umulig.

Eg har ikkje lagt til grunn anna enn framhald av 15% årleg vekst. (Gjennomsnitt siste 10 år har vore vel 16% vekst med 17% vekst i 2017.)

Ja de antar at produksjonen faller, men om Norge kutter olje vil ikke verdens produksjon falle i mer enn uker. Så tar OPEC over. Norge vil ikke stenge på dagen. Ser du for deg ekstrasending på NRK med Erna som stenger alle oljekraner? OPEC kan åpne kraner dagen Norge stenger dem, de vil ha flere års forberedelse.

Nei. OPEC treng meir enn nokre veker på å auke produksjonen av olje med to millionar fat om dagen. Det er dessutan tvilsamt at OPEC ynskjer det. Med ein konkurrent ute av marknaden, har OPEC større makt til å halde prisen oppe.

Merk at eg ikkje har snakka om å kutte nokon produksjon på dagen. Det er det berre du som gjer. Eg veit ikkje kvifor du er so oppteken av at alt skal skje på dagen. Endringar skjer gradvis i ulikt tempo.

Transport av olje koster ingenting. Vi får malm sendt fra Latin-Amerika til smelting i Norge pga strømpris som videre blir sendt til f.eks Asia. Transport er ~gratis.

Eg skreiv logistikkproblem, gjorde eg ikkje? Jau, det gjorde eg. Ikkje kostnad. Hugsar du at store delar av Europa fekk problem med gassforsyningane då Russland stansa gasstransport gjennom Ukraina? Problemet var ikkje mangel på gass, men at gassen ikkje kom gjennom dei røyrleidningane han skulle. Å endre forsyningsvegane for olje og gass er ikkje gjort over natta, og det kostar pengar. Då vil det alltid vere eit spørsmål om dei vil gjere nye store investeringar i gammal teknologi, eller om dei vil tenkje nytt og skifte energikjelde. Her er det faktisk ein fordel at endringa skjer over ei viss tid, slik at dei får tid til å områ seg.

Statkraft har ikkje fått ei einaste olje-krone. Staten tek utbyte frå Statkraft.

https://www.dn.no/nyheter/2010/11/26/statkraft-far-endelig-penger

Altså det du sier er bare ikke sant.

Jau, det er det. Det er ikkje ei einaste olje-krone! I 2009 betalte Statkraft 10260 millionar kroner i utbyte til staten. I 2010 betalte Statkraft 7964 millionar kroner i utbyte til Staten. Dette er staten som gjev noko av utbytet frå Statkraft attende til Statkraft for å styrke eigenkapitalen. Statkraft betaler 85% av realisert overskot frå norsk vasskraft og 25% av overskotet frå øvrig verksemd i utbyte til Staten, som forresten er mykje meir enn Statoil betaler.

Dei 10 milliardane Statkraft fekk styrke eigenkapitalen med forsvann forresten i dei feilslåtte gasskraft-investeringane i Tyskland.

Statkraft er og åpenbart bygget opp av staten og staten har jo bygget det meste av kraften og nettet i Norge og så får Statkraft inntektene til dette og har utviklet seg til å bli så store at de stort sett klarer seg selv nå uten ekstra penger.

Statkraft har òg fått ein heil del kraftverk bygd av private på heimfallsretten. Statkraft har ingenting å gjere med straumnettet, som forresten hovudsakleg er bygd av kommunale og regionale nettselskap.

Staten brukar heller ikkje ei einaste olje-krone til å byggje fornybar energi gjennom Equinor. Statoil har bygd noko havvind i Skottland på reint forretningsmessig grunnlag, og det utgjer verkeleg berre ein symbolsk del av verksemda til Statoil. Dei har ikkje gjort dette på oppdrag av den norske staten, og har ikkje fått ei einaste norsk olje-krone for det. Dei har derimot fått subsidiar av britiske skattebetalarar.

Equinor er eid av staten. Når Equinor bruker penger på noe, så bruker de statens penger.

Feil. Equinor AS er eit børsnotert aksjeselskap med mange eigarar, ikkje eit statsføretak som Statkraft SF.

Fordi de bruker penger de tjener som ellers vill gått til staten via skatt eller penger til aksjonær. Hele poenget med statskapitalisme er at staten ikke må detaljstyre alt og si alt Equinor skal gjøre. De gjør likevel dette som en forlegning av staten.

Staten seier det motsette når dei får kritikk for å involvere seg i Canadisk oljesand, når Telenor og Yara vert tekne for å vere innblanda i korrupsjon eller DNB opprettar hemmelege selskap i Panama til kundar som vil spare skatt. Her er det nok staten, ikkje du, som har rett. Regjeringa har i alle fall som sin offisielle politikk å ikkje blande seg direkte i styringa av selskap dei eig aksjar i.

Akkurat som Erna ikke gjør alt liksom. Staten er eier av Equinor, de har selvfølgelig retningslinjer de ønsker de skal følge og retning de vil bedriften skal gå i. Så bare fordi Erna ikke står på TV og sier Equinor må bygge 10 vindmøller på X sted så betyr det ikke at staten ikke står for utbygging av fornybar energi.

Staten står for utbygging av fornybar energi, men det skjer ikkje gjennom oljeselskapet Equinor. Det skejr gjennom statsføretaket Statkraft og delvis gjennom støtteordningar som fordelaktige skattevilkår for vindkraftverk.

Javel? Det var ikkje ein del av den offisielle grunngjevinga. Dei fleste mottakarane av subsidiane har vore utanlandske oljeselskap.

Hva mener du er offisiell grunn da? Gjerne med kilde på denne offisielle grunnen. Det at du sier de fleste som mottar er utenlandsk selskaper viser at du ikke forstår poenget med denne ordningen.

Den offisielle grunnen var å stimulere til meir leiteaktivitet på norsk sektor. Det er seint, og eg har ikkje tid til å leite fram vedtaket frå 2005 no.

Her er ei kort historie som illustrerer nokre av skattefordelane oljesektoren har i Noreg i dag: https://www.itromso.no/meninger/2017/07/12/North-Energy-skandalen-15007831.ece

Her er skattelista frå 2016. Legg merke til kor låg skattesats mange av selskapa i skatteposisjon reelt har (etter frådrag av mange andre fordelar, dette er ein konsekvens av leiterefusjonsordninga), kor mange som får att pengar på skatten utan å ha betalt ei krone og kor mange av selskapa som er utanlandske. Dvs at dei er heileigde dotterselskap av eit utanlandsk oljeselskap. Legg òg merke til at lieterefusjonsordninga åleine har redusert den reelle oljeskatten frå 78% til 62%: https://www.skatteetaten.no/contentassets/922c1015306a44d39e6b31e73280ee45/skatteliste-osk-2016.pdf

Du ønsker utenlandsk investering. Vi trang utenlandske selskap i starten tom. Så vi VIL at de skal komme og skape verdier i Norge. Vi vil ikke at de skal tjene masse penger på olje i Norge og så putte det i skatteparadis og bruke det i Afrika, Brasil, Midtøsten. Så vi tar nesten alle pengene de tjener.

Tvert imot, vi betaler nesten alle pengane dei brukar! Sjå skattelista og den korte historia som forklarer litt om dei andre fordelane oljeselskapa har, som ingen selskap utanom oljesektoren har.

Desse pengane hambar berre i liten grad i Noreg. Dei er brukt på til dømes leiteriggar frå Transocean og andre selskap i skatteparadis.

Ingen av subsidiane på norsk sokkel er knytt mot at pengar skal reinvesterast i Noreg. Tvert imot hamnar ein veldig stor del av pengane i utanlandske skatteparadis gjennom innleige av riggar og anna, og det fullstendig lovleg. Du hugsar kanskje Transocean-saka? Alt på norsk sokkel er kraftig overprisa, for kven bryr seg om kva noko kostar når staten tek nesten heile rekninga?

Ehm, jo. Hvis du mener det ikke stemmer har du ikke forstått. Hvordan tror du alle oljepengene i Norge havner til stat og folk, men ikke i andre land? Når vi angivelig bare sponser olje og ingen betaler noe skatt? Det blir bare latterlig.

Du dummar deg berre ut med uttrykk som "Når vi angivelig bare sponser olje og ingen betaler noe skatt". Då har du ikkje lese det eg har skrive.

Det er i alle fall latterleg å tru at alle oljepengane (for å sitere deg) hamnar til stat og folk i Noreg. Du ser skattelista for 2016. Noreg eksporterte olje og gass for 348,4 mrd kroner same år. I fylgje skattelistene kom berre 14% av det inn i form av skatt, etter fråtrekk for leiterefusjon. Då er fordelane av særordningar som avskrivingstider og friinntekter inkludert, men somme andre særordningar, som refusjon av skatteverdien av udekka underskot ved nedlegging, er ikkje inkludert.

At noen har funnet hull endrer ikke på hvordan loven er og meningen med loven. Det betyr bare at det kreves en mindre endring for å tette hull. Alle skattelover har hull som utnyttes. Du bruker et unntak for å prøve å bevise noe.

Du kallar det hol. Det har ikkje eg gjort. Eg trur dette er veldig medvitne fordelar gjeve oljeindustrien som subsidiar, samstundes som politikarane kan seie at dei har ein høg skatteprosent. Jadå, på papiret er skatteprosenten høg, men i realiteten vert fornybar energi (nesten berre vasskraft i Noreg) skatta hardare.
Lenke til kommentar

Oljekrisen i 2014 var en oljekrise jo. Jeg vet ikke hvilken sten du var under, men alle avisene skrev om det i månedsvis her.

Du virker å tro at alle analyser om olje og gassforbruk er feil. Og alle analyser om prisen på dette er feil. Derimot ser jeg ingen kilder på dette. Du mener bare at organisasjoner som IEA tar feil basert på din personlige mening. Jeg støtter meg på ekspertene. Oljeforbruk trenger ikke å minske pga økning av fornybar energi. Prisen vil og gå opp. Det er prognosene. Du mente det allerede gikk ned, helt feil.

Og du har helt latterlige tidsskjema. 10 år før de stenger nye kullkraftverk? Det er så tull at jeg ikke kan forstå du kan påstå noe slik. Ønsketekning. Se på land som India og Kina som bygger store mengder kraftverk. De kan umulig klare å erstatte alt det på 10 år. Det går ikke. Kina er største utbygger av fornybar, men de bygger og nye kullkraftverk. 

Japan trang mye gass etter Fukishima. Og nå blir det sendt mye. Nye gasslinjer kan bli bygget mellom Midtøsten og Europa om de slutter å drepe hverandre der. Logistikkproblemer? Hva med problemene med å bygge ut strømnett og bokser i alle hjem og elektriker til store uttak og nye komfyrer ol for alle innbyggere? Koster mye å bytte ut gass. Mye mer enn å bygge en terminal til å ta imot gass fra LNG tankere eksempelvis.

Statkraft fikk oljepenger og har fått det før og uansett hva det ble brukt til. Uansett om de og betaler penger tilbake. Og hvordan tror du dammene ble bygget om de aldri har fått noe penger?

Equinor er 67% eid av staten så under kontroll av staten. Det er sånn AS fungerer, flertallet (51%) bestemmer. Altså staten kan gjøre det de vil med Equinor. 

Ja offisielle grunnen er å stimulere leteaktivitet på norsk sokkel. Akkurat som jeg sier det. Få selskapene til å reinvestere pengene sine på norsk sokkel og få flere til å investere. Å joda noen selskap vil få penger og så feile og tape alt. Men sånn er det å støtte både grundere og andre små og store selskaper i investeringer. Noen ganger går det dårlig, men vi har tjent mye mer på det enn vi har tapt. Du kan trekke frem enkeltsaker som ikke er bra, men det endrer ingenting. Trenger bare gå ut døren for å se hvor suksessrik politikken til den norske stat har vært angående olje. Og det lenge før år 2000. Norge skiller seg sterkt fra andre oljeland. Stor grad pga ordninger som dette. Og du kritiserer det? Det er utrolig. En av de viktigste ordningene for at du og jeg har det så bra i dag og vi ikke er oligarkland som bare brenner penger med høy korrupsjon. Og du mener dette er dårlig.... og sponsing av miljøfiendtlig aktivitet og tap av penger. Rimelig utrolig. Global oppvarming var ikke en ting engang når de fant på dette. Du kan prøve å finne på hva enn fantasier du vil, men om du ser på samfunnet så er det åpenbart at oljerikdommen havner hos folket og ikke i i utlandet. Resten av verden gir Norge utrolig ros for hvor flinke vi har vært med dette. Å liksom ta en enkeltsak eller to og prøve å bevise at alt havner i utlandet blir bare tåpelig. Det er så beviselig feil. 

Hvis du ikke tror inntektene fra olje kommer til Norge og dets innbyggere så gir jeg opp å diskutere med deg. Da lever du i benektelse og skapt din egen virkelighet for hvordan Norge fungerer. En virkelighet der vi liksom taper masse penger på olje og de ikke betaler noe skatt og bare har masse forelder og alt havner i utlandet. En konstruert virkelighet for å promotere miljøvennlige alternativer. Sannheten er langt ifra det. Vi tjener så mye penger på olje. Vi kan ikke stenge kranene, da går landet under økonomisk. Du kan prøve å benekte alt du vil, men realiteten er den, og det vet norske politikere og staten. Så de kommer aldri til å avslutte høyt profitable ordninger bare fordi du tror vi taper penger på det.

Anbefaler å lese mer på ordninger og hvorfor de er som de er. Og hvordan dette landets økonomi fungerer. 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...