Gå til innhold

hdd og red ring of death


Anbefalte innlegg

Eg har nettopp no vore så uheldig å få RROD på min Xbox 360 Elite med 120 gb hdd. Er det nokon som kan svare meg på følgjande spørsmål: Betyr dette at harddisken også er øydelagt? Eller kan eg hypotetisk kjøpe ein ny konsoll og installere den gamle harddisken på den nye konsollen? Det er litt kjedeleg å til dømes måtte spele gjennom ME1 heilt på nytt for å kunne importere save file til ME2.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ok, takk for svar! Eg skal uansett ringje xbox-support i morgon. Garantien min er utløpt, så det betyr vel at eg må betale for eventuell reparasjon? Elite-versjonen har uansett blitt såpass billeg at eg kan kjøpe ny. Har også høyrt at dei nyare modellane er meir driftssikre. Men det verkeleg problematiske ville vere å miste game saves.

Lenke til kommentar

Ei lita oppdatering for dei som eventuelt måtte vere interesserte om dei hamnar i same situasjon. Eg har no gått til innkjøp av ein ny Xbox 360 Elite og kan stadfeste at harddisken ikkje blir øydelagt av RROD. Faktisk utruleg praktisk at ein ikkje mistar alt av save games, DLC og kva ein no måtte ha lagra på harddisken, noko som skjedde då eg fekk YLOD på PS3. Eg har også vore i kontakt med Xbox support og skal sende den gamle konsollen inn til service. Standardgarantien (2 år) var utgått, men garantien blir utvida med 1 år ekstra ved RROD. PS: Må tilføye at den nyare modellen av Elite er merkbart mindre bråkete enn den gamle!

Endret av nyklo
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...