Gå til innhold

Smarte OS - endre skriftstorleik

enixitan

Anbefalte innlegg

Eg har nettopp pakka saman min nyinnkjøpte HTC Desire Z, sidan eg ikkje klarer å bruke den. Skrifta er alt for liten, og i mother-of-all-customizable-mobile-OSes Android ser det ikkje ut til å vere så enkelt å fikse slikt. Eg kan godta at Sense-biten ikkje kan dette, men ut frå informasjonen eg finn på nettet ser det ikkje ut til at dette er mogleg i stock Android heller. Så, før eg brenner meg på eit nytt telefonkjøp vil eg prøve å finne ut kva for OS (og evt. produsent, dersom dei har eigne UI) eg bør gå for. DZ er ein fin telefon, men litt dyr til å bare spele Angry Birds på.

Symbian/Series 60 har fungert fint ganske lenge, her er det mogleg å velje mellom førehandsdefinerte skriftstorleikar. I tillegg kan programmet Font Magnifier (kostar ein liten hundrelapp) forstørre skrifta ein heil del meir, om ein kan godta nokre visuelle småfeil. Det meste går greit, utanom nettlesaren. Her kan kanskje Opera Mobile/Mini vere betre, det har eg ikkje testa.

Korleis er det med dei andre der ute? Windows Phone 7, Symbian^3, WebOS, iOS - andre? Om du har erfaring med, eller høve til å teste på eit eller fleire smarte OS som er i bruk i dag, vil eg gjerne vite om det er mogelg å tilpasse skriftstorleiken, og i kva for grad (så stor du vil, eller avgrensa val). Fint om du nevner telefonmodell, og eventuelle ting som custom ROM o.l. Gjerne med tilleggsprogram (som Font Magnifier nevnt over), om mogleg - evt. nevn desse om dei kostar pengar, så eg kan sjå nærmare på dei.

:)

Endret av enixitan
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har du tatt en titt på menyvalget "Accessibility", "Tilgjengelighet" på norsk? Tror at den automatisk installerer ekstraprogramvare om man aktiverer slike saker, men Android skal via dette menyvalget ha en god del funksjonalitet innebygget som er rettet mot blinde/svaksynte...

Edit: Mye av problemet med Android, og smarttelefon-OS generelt er nok at utvikler står fritt til å formatere tekst i sine applikasjoner, og de fleste utviklere blåser en lang marsj i folk som har behov som avviker noe som helst fra normen (bare se på nett).

Endret av cyclo
Lenke til kommentar

Har du tatt en titt på menyvalget "Accessibility", "Tilgjengelighet" på norsk?

Ja. Det som fins av tilgjengeleghet i Android går på alternativ til det visuelle, og ikkje tilpasning av det visuelle. Talkback (syntetisk tale), Soundback (ikkje-verbal lyd) og Kickback (vibrasjon). Spiel er eit alternativ til Talkback, som er enklare å ta i bruk utan tilpasning (les fleire nyttige ting som skjer på skjermen). Eg kjøpte ein Android-telefon for å bruke den til alt som er gøy (slik alle andre gjer her inne), og ikkje bare som telefon. Då er Talkback/Spiel det einaste reelle alternativet, og talen (Espeak) har ein del talefeil (på norsk uttalar den alle c-ar med k-lyd, og stavar seg gjennom ord med æøå, m.a.). Engelsk tale er ikkje eit alternativ, sidan det er tungvindt å bytte språk mellom stemmer, og ein del av innhaldet eg vil lese er norsk. I tillegg er stemma veldig lite diskret (samanlikna med kommersielle stemmer med betre kvalitet), og det er difor vanskeleg å bruke den utanfor heimen utan å forstyrre nokon.

Det er sjølvsagt å forvente mykje at Espeak som eit fritt og gratis produkt skal vere like godt som stemmer til fleire tusen (Acapela, Vocalizer m.fl.), men slik det er er det ikkje brukeleg, og eg har ikkje råd til å ha ein svindyr telefon liggande medan eg håpar på at det vert fiksa (det ordnar seg sikkert om eg rapporterar det til Espeak, men først skal det fiksast i Espeak, så skal fiksen inn i Android, så må ein vente på ein ny Android-versjon med fiksen, og så vente på ein custom ROM med denne versjonen (sidan eg reknar med at HTC ikkje oppdaterar DZ lenger på dette tidspunktet, heilt ærleg).

Forstørring i nettlesaren (har ikkje testa tale i nettlesaren, kan ikkje uttale meg om det) fungerar derimot topp, hadde den fungert likt i heile OS-et hadde det vore heilt fantastisk for meg.

PL610: Fungerar denne i heile OS-et? Korleis ser det ut i praksis? Her er eit par videoar,

og
, er det som i ein av desse? Eller har du ein annan video som viser korleis det ser ut? :)
Lenke til kommentar

Ja. Det som fins av tilgjengeleghet i Android går på alternativ til det visuelle, og ikkje tilpasning av det visuelle. Talkback (syntetisk tale), Soundback (ikkje-verbal lyd) og Kickback (vibrasjon). Spiel er eit alternativ til Talkback, som er enklare å ta i bruk utan tilpasning (les fleire nyttige ting som skjer på skjermen). Eg kjøpte ein Android-telefon for å bruke den til alt som er gøy (slik alle andre gjer her inne), og ikkje bare som telefon. Då er Talkback/Spiel det einaste reelle alternativet, og talen (Espeak) har ein del talefeil (på norsk uttalar den alle c-ar med k-lyd, og stavar seg gjennom ord med æøå, m.a.). Engelsk tale er ikkje eit alternativ, sidan det er tungvindt å bytte språk mellom stemmer, og ein del av innhaldet eg vil lese er norsk. I tillegg er stemma veldig lite diskret (samanlikna med kommersielle stemmer med betre kvalitet), og det er difor vanskeleg å bruke den utanfor heimen utan å forstyrre nokon.

Det er sjølvsagt å forvente mykje at Espeak som eit fritt og gratis produkt skal vere like godt som stemmer til fleire tusen (Acapela, Vocalizer m.fl.), men slik det er er det ikkje brukeleg, og eg har ikkje råd til å ha ein svindyr telefon liggande medan eg håpar på at det vert fiksa (det ordnar seg sikkert om eg rapporterar det til Espeak, men først skal det fiksast i Espeak, så skal fiksen inn i Android, så må ein vente på ein ny Android-versjon med fiksen, og så vente på ein custom ROM med denne versjonen (sidan eg reknar med at HTC ikkje oppdaterar DZ lenger på dette tidspunktet, heilt ærleg).

Forstørring i nettlesaren (har ikkje testa tale i nettlesaren, kan ikkje uttale meg om det) fungerar derimot topp, hadde den fungert likt i heile OS-et hadde det vore heilt fantastisk for meg.

Enig. Jeg har til tider savnet den forstørringa man har i nettleseren sentralt i OS-et. Du kan nok gjøre mye på egenhånd. F. eks. kan du erstatte sense med en "homescreen" som lar deg endre skriftstørrelse sentralt (på de fleste widgets i hvertfall), slik som f. eks. open home v4. Det finnes også en rekke SMS-applikasjoner som lar enn gjøre flere tilpassinger, deriblant skriftstørrelse. De mer populære tingene å gjøre på telefonen generelt finner man flust av alternativer på market, og mange av dem lar en stille ulike saker og ting, deriblant skriftstørrelse.

Jeg tror man kan komme langt med å velge de riktige applikasjonene, og ikke minst bytte ut "homescreen" med noe bedre enn sense (flust av alternativer her). Perfekt blir det likevell neppe, og en del jobb vil det nok være.

Jeg synes det er trist at Android ikke er laget slik at man kan gjøre slike "nødvendige" tilpassinger selv på et globalt nivå (hvor ofte har jeg ikke irritert meg over applikasjoner med knøttliten grå skift på hvit bakgrunn... :( )

Om du er innstilt på å få noe ut av den nye Android telefonen din, så ville jeg i hvertfall gjort et forsøk på det jeg har nevnt over, kanskje det ikke var et fullstendig bomkjøp, men noen perfekt og "en-knappsløsning" finnes nok desverre ikke på Android i hvertfall.

her er forøvrig en android app som lar deg zoome teksten i "input-bokser"....

Eg prøvde ein gong til, har tidlegare prøvd med dxTop og aHome, utan hell. OpenHome lot meg justere skriftstorleiken, men klarte ikkje å finne nokon widgets som viste resultatet (heller ikkje OpenHome sine eigne). Prøvde restart av både OpenHome og telefonen, utan resultat. Eg fullbyrdar nok angreretten likevel.

Input er eigentleg ikkje det største problemet. Eg veit kva eg skriv, og kan gjenkjenne bokstavar eg veit eg har skrive, eller som ikkje burde vere der (det er slik eg klarer å bruke Cowon D2, ein utviklar mange sære teknikkar), men det å lese innhald utan å vite nokon ting om innhaldet på førehand er vanskeleg. Prøvde òg Handcent, som gjorde det greit å lese SMS, men det er kun ein liten del av problemet.

Leste et blogginnlegg fra en blind mann som var utrolig imponert over mulighetene iOS ga, prøvde og nettopp VoiceOver, og det var en norsk stemme som leste opp.

Har du sett på Apple sine sider? Du kan sikkert dra innom en butikk for å prøve det ut også.

http://www.apple.com/no/iphone/features/accessibility.html

Kjenner fleire som brukar VoiceOver på iPhone, og det ser ut til å gå greit, og ja, stemma der er heilt OK (ei kommersiell stemme, Stine (Vocalizer) om eg hugsar rett). Forstørringa ser òg ut til å vere god, ut frå videoane over.

Eg vil helst unngå å kjøpe iPhone, pga. Apple nyttar forretningspraksisar eg er lite nøgd med. Me får sjå kva som skjer, eg er spesielt nyfiken på Symbian^3, som eg håpar nokon kan seie noko om her.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...