-
Innlegg
1 534 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Har eit scenario her: Bilen på forkjørsveg blinkar til høgre ved ein feil men køyrer rett fram. Ein bil på sidevegen ser dette og køyrer ut då han forventar bilen på hovudvegen skal svinge av pga blinklys. Kva skjer med skyld om det blir kollisjon her? Bilen som har vikeplikt blir jo lurt til å tru at det er klart.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Systemet der borte er meir fragmentert. Mykje av "importen" er internt i California som f.eks. frå BANC, TIDC og LDWP osv. Er berre ulike private selskap som driv i ulike områder. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ehh... nei. Batteriene kan stå for ein stor del av forsyninga heile kvelden. Er jo avhengig av kor mykje overskot det har vore på dagtid til å lade batteria. I går så var batteri den mest brukte kjelda mellom kl 17 og 22. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Dei har nokre store magasin, men dei er mest for vassforsyning til landbruk og for å dempe flaumar. Kraftverka er ofte små i forhold til mengda vatn som er lagra. Største er Grand Coulee Dam på ca 6800MW. Og så er det 5 andre på 2-3000MW. Faktisk så er ein stor del av vasskrafta i Washington og Oregon. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Trur nok kapasiteten på rett over 700MW er ein stor del av grunnen. Kabelen er også redusert til 420MW pga eit harmonisk filter som er ute av drift. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Har i januar spart inn like mykje som ein eventuell spotpris på 0 vil koste meg i juli og august. Straumforbruket mitt i januar er som regel like mykje som juni, juli og august til saman. Og så må ein legge til februar også som sikkert er like stort som mai og september. Må bli svært kaldt med låg spotpris i sommar for at det skal gå i minus. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Men det går kun på eletrisk straum. Ein stor del av Europa er fyrt med gass. Den er ikkje med i dette. Straumen blir påverka av gassprisen, men ikkje omvendt. Sørover i Europa så er privat forbruk av elektrisitet langt under det vi har her. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Eg sparar inn det eg brukar ekstra på straum ved å redusere anna forbruk. Så sånn sett blir ikkje AS Norge rikare. Det går ut over lokalt næringsliv. Kommunen får kanskje meir utbytte frå eventuelle kraftselskap, men skatteinntektene frå det lokale næringslivet går ned når lokalt forbruk går ned. Vil heller bruke tida på andre ting enn å sjekke straumprisen time for time kvar dag og så planlegge neste dag ut frå det. Prøvde ei stund når krisa var på det verste og vart heilt tullete av det. Vart rett og slett i dårleg humør. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Dei får starte med å fjerne alle fastpris kontraktar i privatmarknaden i resten av Europa. Er vel berre Skandinaviske land + Finland som har spotpris som normalen. Kvifor skal lille Norge og forbrukarane her bli utsett for slike jo-jo prisar når resten av Europa har faste prisar til sluttkunde? Få straum og gass over på 15 minutt intervall i heile EU osv så kan vi snakke. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Eg skal endre kvardagen og flytte forbruk for at andre skal tene pengar og forsyne andre land som har tulla det til for seg sjølv? Nei veit du kva, det får vere grenser for kva ein skal finne seg i. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Eg veit ikkje kva slags kvardag du har men dei fleste eg kjenner er i seng på den tida. I blokker så kan klesvask med sentrifugering så seint vere brot på regelverk om støy seint på kvelden. Eldre bygg er faktisk ikkje så veldig godt isolerte for dette. Dessutan brukar ein klesvask på 40 grader minimalt med energi. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Uaktuelt for meg å drive å flytte forbruk manuelt. Automatiserte løysingar er såpass dyre at ein ikkje har tent inn att kostnaden før utstyret sluttar å virke. Og for mange løysingar som er enkle for folk flest så må ein betale per månad. Ein er heller ikkje garantert at løysinga varer evig. Selskap kan gå under og så forsvinn server osv som systemet er avhengig av. Og ikkje kom å seie at det kan ein fikse sjølv, for det er heilt urealistisk for alle bortsett frå dei som har utdanning eller hobby med programmering osv. Og igjen, så er det sikkert fint for dei som eig sin eigen bustad og har peiling på alt slikt. For eldre og folk som ikkje har verken peiling eller interesse for dette vil ha null føresetnad til å kunne finne ut av slike løysingar. Om dei vil at vi skal flytte forbruk så får dei investere i løysingar til kundane. Dei tener plenty til å bruke pengar på dette. Hadde det øret som går til Enova gått til slike tiltak så hadde nok det dekka inn ein stor del av dette. For ikkje å snakke om elavgift. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Datasenter brukar standard server racks. Ingen ombygging er nødvendig. -
Usikker på kva desse OC modellane av 4090/5080 trekker normalt, men kan godt vere ein kan undervolte litt og behalde det meste av ytelsen. Veit ikkje om @Nizzen har testa ytelse vs undervolt på 5090 og kva ein kan klare der. Men brukar ein så mykje pengar på eit kort så vil ein vel ha det ein betalar for. For min del så er det ikkje ofte mitt 5070Ti trekker maks sidan eg har sett maks FPS til 165 i drivaren. Har og sett max power draw til 90%. Ikkje brydd meg med å teste undervolt sidan kortet ligg på 60-70C maks. I fleire spel er det knapt så viftene roterer sidan kortet ligg kun rett over 60C. Eg speler også for det meste meir CPU intensive spel.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Vi har vel ikkje snakka om sikkerheita. Prisar vi oss opp nok så får vi vel importert nok også. Så lenge det er effekt å hente andre plassar vel og merke. Men eg er usikker på om det vil vere nok om vi ikkje får over normalen med nedbør i 2026. Veit ikkje kor mykje av forbruket vårt vi eventuelt kan dekke opp neste vinter om resten av året blir under normalen. Ein kan ikkje forvente at full kapasitet på linjene vil vere tilgjengeleg heile tida. Problemet er jo prisen som kan bli skyhøg berre for at kraftselskapa skal tene godt no. Ein anna ting som du ikkje tenker over er at det er berre nokre få kommunar som har gode inntekter frå kraft. Dei fleste har lite eller ingen ting. Min kommune eig også eit kraftselskap som driftar kraftverk, men inntektene er ikkje all verden. Eigedomsskatten har auka ei god del siste åra for å dekke inn underskot. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Må vere ein spesiell bank du har som gir dette. Sjekka med bankane her og fekk beskjed om at det ikkje var noko dei kunne gi om ein allereie betalte maks av det ein kunne på andre lån. Du får ikkje eit ekstra lån som er utan nedbetaling dei neste 25-30 åra. Det er ganske normal tid på eit bustadlån om ein allereie har betalt nokre år. Innsparinga på tiltak er ganske liten per år. Det ville fort utgjere kun ein månads nedbetaling på lånet ein måtte ha for å gjere tiltaket. Berre så det er klart, vi snakkar ikkje om å installere ei luft-luft varmepumpe altså, men etterisolering eller byte av glas osv. Ting som fort kan koste 100-200k eller kanskje meir også. -
Vi snakka vel om ein vanleg kabel med 90 graders vinkel, ikkje WireView. Er ingen fan av at + og - er heilt ubeskytta mellom kontakt og PCB på den gamle versjonen. Og einaste WireView som er verdt å kjøpe for folk med 4090 eller høgare er Pro II som du visar på andre bildet, den kostar 140€. Litt meir enn ein kabel til 130kr.
- 262 svar
-
- 1
-
-
Ein 90 graders plugg passar ikkje i mage kort med stor kjølar fordi kontakten og PCB er langt inni kjøleløysinga. Corsair skriv om dette på nettsida si. Har ikkje funne mål på dei Corsair lagar, men ein del slike 90 grader pluggar er breiare enn den vanlege rette kontakten og kan difor få problem med å gå ned mellom kjøleribber eller bakplate.
-
Tenker du at 90 graderen skal gå til PSU då eller? For mange kort har kontakten for langt inne i kortet sin kjølar. Vurderte noko slikt for mitt ROG Strix 5070Ti men fann ut at den ville ikkje passe. Må bruke ein med 2x8pin til PSU. Men har akkurat nok rom framfor til at det ikkje blir for stor knekk.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Får ikkje lån om ein ikkje har råd til å betene lånet. 273k netto i året er minste for ein 100% ufør. Går fort 100-120k bort i husleige og så skal resten dekke straum, mat, forsikring osv. Skal ein bu rimeleg så må ein ofte ha bil. Då går det nokre tusen der også i året på forsikring og vedlikehald. I dagens marknad så er det mangel på husvære. Folk må ofte berre ta det dei har råd til. Dei bustadane har ofte gammal og dårleg oppvarming som då vil koste meir. Kan ikkje forvente at folk skal kunne rekne ut kva totalen blir på straum + leige i forkant. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Rart at all den store kraftutbygginga kunne skje lenge før vi hadde slike fine prisar og eksportkapasitet. Eg får ikkje noko meir pengar til å bruke på tiltak om eg må betale full spotpris. Tvert imot. Kvifor skal ein som leiger ut bry seg med å effektivisere? Er ikkje eigar som betalar for straumen. Og då er det ofte dei med dårleg råd frå før som leiger sidan dei ikkje har råd til å kjøpe seg noko. Og blir det pålegg så blir husleiga så dyr at folk ikkje har råd til å bu der, som igjen går ut over dei svakaste. Ein kan ha dårleg råd utan å komme inn under diverse ordningar. Har god erfaring med dette. Fleire ordningar har vore lite målretta også. Nokre har vore heilt hinsides lite smarte. Under den verste krisa fekk dei som hadde rett på bustøtte ei ekstra utbetaling, om det var 200kr/mnd eller 2000/kr/mnd i bustøtte hadde ingen ting å seie. Utbetalinga var på 1000kr/mnd oktober-mars, men 1500kr/mnd for januar og februar. For min del i ei lita leilegheit så betydde det nær gratis straum i fleire månader. Og dette var jo på toppen av straumstøtta som alle fekk. Snakk om målretta støtte Bustøtte ordninga har heller ikkje justert seg etter auka kostnader og grunnbeløpet i folketrygda, så er nok færre som får bustøtte i dag. Så langt eg veit er det kun inntektene frå overføringar internt i Norge som Statnett kan bruke til å redusere nettleiga si. Dei andre er bundne av desse EØS reglane og EU sine elmarkedspakker. Områdekonsesjonane følgjer i stor grad kommunegrensene. Spesielt dei som kun distribuerer straum på 22kV nettet i sin kommune. Unntaket er ein del plassar etter endra kommunestruktur ifbm samanslåing av kommunar. Men dei store selskapa som f.eks. Elvia driftar av og til regionalnettet (45-132kV) inn i og gjennom slike områder. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Trur nok folk hadde vore like frustrerte om vi brukte 90% gass til varme og straumproduksjon, og så var det bygd to nye røyr til utlandet for meir eksport. Kanskje det då vart mindre til eige forbruk eller at prisen då går opp sidan det er meir å hente på eksport til land som manglar gass. Men så er ikkje gassen avhengig av veret. Her snakkar vi om 2x1400MW som i Europeisk skala er svært lite, men for oss er det faktisk ein god del. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Men som biletet visar så er det 85% eksport. Kva trur du prisen og fyllingsgraden hadde vore om det ikkje var kapasitet til all eksporten? Kablane nær dobla kapasiteten ut av landet og til to land med høge prisar. Men dei merkar det jo knapt sidan eit hus med ein vanleg familie der brukar kanskje 4000kWh per år. Eit tilsvarande hus her brukar 20-25k i året. Før vi fekk dei to siste kablane så var prisen forholdsvis låg og meir stabil. Ein kald vinter kunne vel få spotprisen opp i 70-80 øre. Fjernar vi ordningane så skal eg love deg at vi får ein kraftig auke av minstepensjonistar som dør etter å ha spart straum og frose ihel. Men det er vel bra for AS Norge sidan det blir mindre utbetaling av pensjon til folk som ikkje lenger bidreg til samfunnet. Ein må då lage ei eller anna komplisert ordning med støtte for dei som har dårleg råd. Men som regel bil det berre eit system der dei som har under ei viss inntekt får ein viss sum og det er det. Svært lite treffsikker og rettferdig. Om folk må bruke meir på straumrekninga så vil det ikkje bli meir til å effektivisere. Staten kan fint gjere to ting samtidig. Pengane dei brukar på støtte i dag er berre ei liten del av dei ekstra inntektene dei får pga høge prisar. Så om dei vil så kan dei finansiere effektiviseringstiltak og så redusere støtteordningar etter kvart som forbruket går ned. Dei kunne og ha redusert utbytte frå Statnett og så la dei bruke pengane på oppgradering av nettet. Men i staden så må kundane ta rekninga med auka nettleige. Vi må betale for utbygginga slik at staten skal kunne ta utbytte. Ja, dei reduserte elavgifta, men den kjem etter at Statnett har fått sine inntekter. Heile nettselskap strukturen i Norge er idiotisk. Masse ekstra kostnader i administrasjon osv. Vi treng maks eit selskap per fylke under Statnett og alt av nett skulle vore drifta via skatteinntektene. Men det går jo ikkje sidan vi skal dilte etter EU og deira ide om konkurranse. Kraftprodusentane får betalt marknadspris for straumen uavhengig av støtteordningar frå staten. Så med høge prisar bør insentiva til utbygging vere der. Men så har vi jo andre skjær i sjøen. Det visar jo planane for utviding og oppgradering av Røldal-Suldal systemet. Ein endar fort opp med at ein ikkje kan få meir kraft, eller effekt, fordi bevaring av natur og dyreliv er viktigare. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Då var fasiten for januar med "norgespris" klar. Enda på 1,06kr/kWh inkludert nettleige og avgifter. Så det betyr at over halvparten var nettleige. Spot snittet mitt vart 156,84 øre/kWh før norgespris, som var lågare enn forventa med dei spotprisane eg såg. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Sikkert vore fin pris fordi magasina ikkje hadde vore så tomme som dei er. Utan 2800MW sugerøyr så ville ikkje kraftverka kunne produsere like mykje og selje til høg pris. Prissmitten frå UK og Tyskland ville vore mykje mindre. Kvilldal, Saurdal og Tonstad kraftverk har 2840MW installert totalt. Legg ein til nokre av dei andre i området så kjem ein vel opp i 4000MW.
