Gå til innhold

locked

Medlemmer
  • Innlegg

    59
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av locked

  1. Av og til lønna det seg å ikkje skrive så mykje. Du vraka ikkje, du solgte ein bil til høggaren for stålprisen. Den norske vrakpanten er gitt på forhånd. Du står fritt til å selge heile bilen i delar før du hevar vrakpanten. I teorien kan du nok kappe opp ein bil og selge den i deler så lenge du tar vare på det innprega chassienummeret kan du få utbetalt vrakpanten.
  2. Dette virkar å vere basert mykje på antagelsar/kvalifisert getting (av ikkje fagperson). Start med feilkodar. Det er alfa og omega for å sleppe å skifte delar i blinde. Må bruke utstyr som tar merkespesifikke feilkodar og ikkje EOBD. Partikkelfilteret stoppa sot og aske. Sot blir brent opp under regenerering. Sot er resultatet av diesel men aske er resultatet av brent motorolje. Aske kan ikkje brennast vekk med regenerering og vil over tid tette filteret. Ei god motorstyring greier å skilje desse to frå kvarandre og gje relativt presis diagnose. Det sitte ein deltaP sensor som måler trykket over partikkelfilteret. Dette gjev mykje informasjon om tilstanden. Dersom trykket er høgt sjølv etter regenerering tyder det på "ash buildup in particulate filter" og då vil regenerering kome oftare og oftare til det er nærmast tett. Motorolje blir uttynna med diesel på alle bilar med partikkelfilter sidan det blir sprøyta inn diesel i sylinderane på eksostakta. Det er diesel som har lett for å bli skrapa av sylinderveggane og ende opp i oljen. Det er eit uttrykk som heiter "engine oil degradation/dilution due to excessive regeneration of particulate filter". Motor utan EGR og partikkelfilter leve mykje lenger. Skal ein moderne dieselmotor vare så må den skiftast olje på mykje oftare enn produsentens anvisning. Gjerne så lavt som 10-15000km (som eg gjer). Min bil frå 2016 har gått 310.000km og har fått ny olje 25gongar, det gir eit snitt på under 12.000km. Ikkje skifta ein einaste motordel, turbo, registerkjede eller noko av dei typiske delane. Vedlikehald er alfa og omega.
  3. Eit tips er jo å sammenligne med ein bil som har samme motor og automat. Min 2.0 diesel 200++hk den girar svært raskt/ofte. Er aldri nokon gong over 2000rpm ved normal køyring. Har riktignok 8gir så det er alltid eit gir som passar.
  4. Eg lurer på kor mange hjerneceller som har vore i drift hos dei på norsk side som har vore med på å skrive desse avtalane (eller kanskje dei var opptatt av å reise rundt i Europa og vise seg fram og berre signerte etterpå?). Desse avtalane er i globaøismens ånd, svært ensidig utforma og åpenbart at vi har kome mykje dårlegare ut enn nødvendig ut i frå våre forhandlingskort. Eg definerar dette som landsforræderi. Og om dei ikkje visste bedre så burde dei i alle fall ikkje inngått slike avtalar.
  5. Grunnen til at eg delar dette er at eg lærte det for alvorleg mange år sidan og har endå til gode å sjå nokon andre gjere det same. Så nei, det er nok ikkje allmenn kunnskap.
  6. Det betyr i klartekst å forklare Tyskland og Storbritannia følgande. Hei, utvekslingskablane mellom våre to land var bygt med forutsetning av at vi skulle utveksle straum forstått med import til Norge av (billig) overskuddskraft på natta av kjerne/kolkraft og elles ved overskudd av vindkraft og på den måten spare innenlands kraftproduksjon og magasinere vatnet. Deretter kunne vi eksportere det igjen på dagtid når behovet for energi er større i utlandet eller om det er lite vind. Slik de no har organisert den innenlanske kraftproduksjonen ved å legge ned stabil kol og kjernekraft så har markedet blitt så dysfunksjonelt at forutsetninga for kraftutveksling ikkje lenger er tilstede. Norge legg kraftutveksling med DE/UK på is inntil vidare. Vi kan starte opp igjen utvekslinga dersom vi står i fare for å sleppe vasskrafta vår på havet eller de har fått skikk på kraftproduksjonen igjen. Men det vert på norges premissar. Norge forsyne i mellomtida Europa med så mykje gass som vi maktar og legg alle (meiningslause) planar om elektrifisering av norsk sokkel på is. Dette er ein ordlyd verken DE eller UK greier å argumentere mot så det er berre å oversette det til tysk/engelsk og sende brevet i morgon.
  7. Det er stor forskjell på kor langt lyden rekke langs bakken frå veg og frå ei vindmølle 200m over bakken.
  8. Med andre ord så burde ikkje dette fungere utan å kontrollere at føraren følge med på vegen. Igrunn virkar det såpass dårleg at det like greitt kunne vore flytta tilbake til labratoriumet. "Autopilot" det er jo svært misvisande.
  9. Uavhengig av skyld så er det noko som virkar for å vere for lite fokus på i køyreopplæringa, og det er enkelt. Gå aldri ut i køyrebana på ein motorveg utan å forvisse deg om at trafikken er leda over i venstre felt og farten redusert enten ved skilting eller utrykningskøyretøy. Ja, det kan virke håplaust å ringe vegtrafikksentralen eller politiet og vente på hjelp, men denne tragiske ulykka viser at det er viktig å sørge for egen sikkerhet. Når det er sagt så er eg litt forundra over Tesla sin autopilot kor iskald den framstår. Eg har aldri køyrt ein Tesla, men ein slik situasjon burde den jo skifta felt eller stoppa opp og fått sjåføren til å overta. Det stod jo faktisk eit vogntog delvis inni køyrefeltet utan at det virka for at bilen såg på det som noko problem. Eg hadde aldri passert denne lastebilen i høgre felt uansett dersom det hadde gått raskare enn gangfart. Så kan ein vere enig og uenig, men det faktum at denne ulykka fekk tragisk utfall er pga. det var ein person i køyrebana. Trist men sant. Og om vegen var for dårleg? Sammanlign gjerne med den gamle E18 før ein kritiserar den nye vegen, ein skal vere glad for at ein har fått så god veg som det er der.
  10. Ein aldri så liten "lifehack" eg lærte av ein tidlegare kollega som gjer vask av kaffikanner fulle i ubåtar til verdens enklaste oppgåve. Tøm 1 ts maskinoppvaskmiddel oppi kaffikanna. Du kan og bruke ein halv eller 1/4 oppvasktablett med det tek lenger tid å løyse opp. Ha oppi så varmt vatn som du får i frå springen, ca 1/3 fullt. Skru på loket og rist raskt. Vent 5minutt og rist godt 30s og skyll godt. Like reint som nytt nesten uten anstrengelse. Vedlagt bilde før og etter.
  11. Eg flytta relativt nyleg inn i ny leilighet, eg valde å trekke ut kvitevarer (som forsåvidt var inkludert i prisen) av to grunnar: 1. Kjøkkenleverandøren er ei byggevareforretning, kvitevarar har dei ikkje noko god greie på i utgangspunktet 2. Pris/utvalg. Dei hadde nokre katalogar med nokre spinnville prisar, orka ikkje be om tilbud på dei ulike produkta. 3. Shoppa litt her og litt der for å finne akkurat det eg ville ha, eg har ikkje brydd meg om å ha same produsent på alle kvitevarene, det spelar ingen rolle om oppvaskmaskina er frå bauknecht(?) og komfyren frå siemens. Oppvaskmaskina er usynleg(innebygd) alikavel.
  12. Eg har svart deg i rødt over.
  13. 129kr/mnd for fiber 500/500? Det er rimeleg, kor stort sameige bur du i for å få en sånn deal? Sitte sjølv i eit sameige med 50 leiligheter når dette er ferdig bygd og har fått en relativt OK pris, men det er jo laaaangt over din pris :-(
  14. 1ince, 10års forhåndsbetalt abbonement for IoT med 500mb total datapakke for 10euro. https://1nce.com/ Skulle vere perfekt til din bruk. Brukar du opp dei 500mb kan du kjøpe meir eller kaste simkortet og kjøpe eit nytt. Eg betalte ca 178kr no i sommar for eit kort inkl.frakt.
  15. Du kan ha fleire ekstra kort til eit abbonement avhengig av leverandør. Forskjellen mellom eit ekstra datakort og eit mobilt breiband er i praksis KUN pris og at du med mobilt breiband slepp å dele datakvote med hovednummeret. Om du har datakort eller tvillingkort i ein router spelar ingen rolle, routeren brukar ikkje tale uansett. SMS kan du sende og motta med alle typar simkort så lenge dei ikkje er sperra for det. Sidan du kan få abbonement med fri bruk og datakort så er det berre tull å kjøpe mobilt breiband (med datakvote). Dei fleste operatørar tilbyr no mobilt hjemmebredbånd eller tilsvarande, desse har begrensning på hastighet og ellers fri bruk i tillegg til at dei er geolåst til ei adresse der du bur.
  16. Skal du ha BankID må du vere kunde i en bank som tilbyr det, men det er gratis så det er jo ikkje noko problem?
  17. Litt offtopic her, men det er ikkje mange plassar å finne informasjon om fiber frå Enivest så eg prøvar her; Nokon som bur i sameige/burettslag som har fiber gjennom Enivest og veit om det er noko å spare på å gjere det på denne måten? Tenker på månadsprisar, mulighet for individuelle valg av hastighet/tv osv. Eg svarar meg sjølv eg veit ikkje om det har noko å seie kor mange leiligheter det er, men besparelsen er betydeleg. Berre å ta kontakt med Enivest.
×
×
  • Opprett ny...