Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 602
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,9k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Det kjem veldig ann på. Det fyrste spørsmålet er om du er fornøgd med ordninga både i dag og slik som du trur du kjem til å jobbe i framtida. Dersom du sjølv synes det er mest fordelar ved at du får fleksibilitet så er det ikkje sikkert du skal gjere noko med det sjølv om det er feil. Det er eigentleg ikkje ditt problem at stillinga ikkje følgjer arbeidsmiljølova heilt ut, og skulle arbeidstilsynet kome på tilsyn og gi pålegg om at det må ordnast opp så får du heller ta diskusjonen på eit seinare tidspunkt. Merk at veldig mange arbeidsgivarar brukar "særleg uavhengig stilling" for å kunne pålegge deg meir arbeidsoppgåver enn du klarer på ei vanleg arbeidsveke utan å gi deg overtidsbetalt. Så før du prøver å få endra på stillinga di så bør du ta ei vurdering på om du lønnsnivået ditt er akseptabelt når du veg lønna opp mot talet på timar du legg ned. Kjem du gunstig ut med talet på arbeidstimar sett opp mot lønna så skal du i alle fall ikkje kreve endring slik at du blir pålagt å jobbe fulle dagar fem dagar i veka. Men om du alltid må jobbe "overtid" utan betaling så bør du kreve å få stillinga endra. Om du krever stillinga endra så kjem det veldig ann på kva syn arbeidsgivar har. Ofte vil arbeidsgivar meine at det er korrekt at du har særleg uavhengig stilling, og er det uenigheit rundt faktum så kan du risikere at du eventuelt må heilt opp til arbeidsretten for å få slått fast kva slags stilling du skal ha. Dersom arbeidsgiver er heilt einig i at du ikkje har særleg uavhengig stilling så kan dykk berre lage ei ny arbeidsavtale om at du har normalstilling, og kva som då skal være lønnsnivået i ei slik stilling. Fungerer det fint for deg med særleg uavhengig stilling så er det uproblematisk å fortsette med det. Den aller største ulempen med ei slik stilling er at du mister forutsigbarheit, både på kort og lang sikt. Det ligg i stillingens natur at du må jobbe når det er behov for å jobbe, så fordelen med ei normalstilling er at sjølv om du må være heile dagen på jobb er at du kan legge ned arbeidet ved arbeidsdagens slutt, eventuelt må du påleggast overtid og få betalt for det.
  2. Clas Ohlson har L skilt med sugekopp til kr 79,90. Utan at eg har prøvd sjølv så ville nok eg vurdert å stikke hol i det L-skiltet du har for å feste to snorer, og brukt skiltramma til å henge L-skiltet frå. Då blir L-skiltet hengande midt på like over støtfangeren, det blir ikkje så langt frå same høgda som du normalt hadde hengt opp L-skiltet. Ein patent der du fester noko i skiltet som du lar ligge i klem ut av bakluka kan kanskje også vurderast. Om du har hengerfeste så kan det kanskje være aktuelt å bruke 105 kr på eit slikt sykkelstativ og feste skiltet i sykkelstativet?
  3. Det er vel i dag ytterst få abonnement som betalar for å ringe. Så at det er vanleg pris for å ringe 02800 betyr i praksis ingenting. Einaste konsekvensen av at det er vanleg pris å ringe 02800 er at dersom du har kontantkort eller liknande så kan du risikerer at samtalen brytes om du går tomt for pengar på kortet. Sjølve nødnummeret må vel være gratis for at det skal være mogleg å ringe nødnummeret også utan SIM-kort i telefonen, men så vidt eg veit så gjeld dette berre nødnummeret. Så sjølv om det hadde vært gratis å ringe 02800 så må ein ha eit aktivt abonnement for å kunne ringe. Om eg forstår spørsmålet til trådstarer rett så er det her spørsmål om nødnummeret bør fortsette å være gratis, eller om det bør koste pengar for å redusere talet på unødige oppringingar? Mitt syn er at nødnummeret bør være gratis å ringe, også for dei som har kontantkort eller på anna måte betalar per minutt. Viktigaste grunnen til det bør være gratis er at det i enkelte situasjonar er nødvendig å halde linja open i lang tid, og da bør det berre være færrast moglege hinder for dette. Til dømes så kan ein få ein langvarig gisselsituasjon der det er nyttig for politiet å holde linja open i mange timar for å kunne lytte til kva som foregår i rommet sjølv om innringaren sjølv ikkje kan prate. Ved misbruk av nødnummeret så bør ein bruke vanlege straffereaksjonar med bøter og i verste fall fengsel ved reint misbruk. Ei løysing som skissert der det kostar pengar å ringe nødnummeret og skal operatøren etter samtalen vurdere om samtalen var nyttig nok til at du skal få prisavslag eller gratis oppringing høyres veldig tungvindt ut. Ein av dei viktigaste grunnane til at politiet får mange unødige anrop er at alle telefonar har satt opp slik at det er veldig enkelt å ringe 112. Ein treng som nemnt ikkje SIM-kort for å ringe nødnummeret, og dersom telefonen er låst så kan ein fortsatt ringe 112 utan å låse opp telefonen. Dette gjer nødnummeret enkelt tilgjengeleg, men det gjer sjølvsagt at små barn som får tak i ein mobiltelefon lett kan aktivere nødnummeret, og i tillegg så kan ein få problem med lommeringing til 112 sjølv om telefonen er låst. Så mange av dei unødvendige anropa kan ein eliminere dersom ein er villig til å endre krava til kor enkelt det skal være å ringe nødnummeret. Før når alle betalte tellerskritt så var politiet plaga med at enkelte som hadde tomt kontantkort ringte til 112 fordi det var einaste nummeret dei kunne ringe utan pengar på kontantkortet. Då vart nødnummeret misbrukt til alt frå å spørre om politiet kunne ringe ein namngitt person og be dei ringe til innringaren med tomt kontantkort, be om å få bestilt taxi heim frå byen, eller alt mulig anna tull som ikkje nødnummeret er meint å brukast til. I dag tviler eg på at det er særleg mange slike telefonar som politiet mottek. Her tenker eg at den litt særnorske ordning med tre nødnummer er ein stor fordel. Ettersom nesten alt av unødige telefonar kjem til politiet så betyr det at dei to andre nødnummera 113 og 110 stort sett har ledig kapasitet og kort ventetid. Og utan at eg har gode data for det så vil eg tru at dei mest livskritiske situasjonane oftast gjeld sjukdom og ulykker slik at det hastar mest med å varsle ambulanse og brannvesen. Ikkje at politiet ikkje er ute og redder liv, til dømes i voldssituasjonar men eg vil nok gjette på at det er veldig mange fleire som til ei kvar tid er i livsfare på grunn av ulykker og sjukdom enn på grunn av kriminell aktivitet.
  4. Ja du må nok loggføre timane når arbeidsgiver ber om det. Det som er viktig er at ettersom du har særleg uavhengig stilling så skal ikkje timetalet ha betydning for anna enn det som er nemt her som budsjettoversikt og berekning av arbeidstimar på eit bestemt prosjekt, at arbeidsbelastninga er forsvarleg, eller til anna dokumentasjon. Det skal derfor ikkje ha betydning for din jobb om du rapporterer inn at du berre jobbar 20 timar i veka like lite som det har betydning at du rapporterer om at du jobbar 60 timar i veka. Realistisk sett så er nok du ein av mange som har arbeidsavtale om særleg uavhengig stilling utan at du reelt sett er så uavhengig som det er forventa at ein tilsett i særleg uavhengig stilling skal være.
  5. Kva er eigentleg sannsynlegheita for at ein person har hatt kontakt med sin beste venn (som ein alle sa hang sammen heile tida) både tidleg og seint på dagen? Det er i utgangspunktet ingenting mistenkeleg i at to venner møtes. Om JHA og VK til vanleg ikkje hadde noko særleg kontakt, men plutseleg hadde veldig tett kontakt tett opp mot ugjerninga så kan det være mistenkeleg. Isolert sett er det heller ikkje eit bevis på at dei må ha samarbeida om ugjerninga, men det er ein del av bevisvurdering når ein skal vurdere om det er sannsynlegheitsovervekt for at dei har planlagt og utført utgjerninga saman. Mangel på DNA kan aldri brukast til å utelukke nokon, det kan ha vært to gjerningspersonar og det kan ha vært 200 gjerningspersonar. Det ein har DNA bevis for er at JHA eller ein nær mannleg slektning har avlagt DNA. I tillegg har ein nokre ufulstendige DNA treff som kan kan stamme frå VK eller halve den mannlege befolkninga i Norge. Med minst 12 mannlege etterforskarar som har vært på åstaden og deltatt i sporsikringa og som også kan ha avsatt sitt DNA så er det ganske langt utanfor rimeleg tvil at det må være ufullstendige DNA treff frå akkurat VK og ikkje nokon andre. Disse ufullstendige DNA profilane kan heller ikkje utelukke at det kan være ufullstendig DNA-profil frå nettopp JHA. Det at ikkje alle DNA-spora som er sikra gir sikker identifikasjon på JHA betyr ikkje det må ha vært fleire gjerningspersonar. Det vi derimot veit med svært høg grad av sikkerheit er at JHA har vært på åstaden. Både fordi vi har eit såpass sterkt DNA treff på JHA som kombinert med at JHA har delvis tilstått gjer at vi kan uteleukke at det ikkje var JHA sin far, bror eller bestefar som var på åstaden. Det kan derfor utan rimeleg tvil slåast fast at JHA var på åstaden og gjennomførte ugjerningane. Sjølv om JHA har fortalt at han ikkje var åleine så er lite anna objektive bevis som underbygger den påstanden. Det nærmaste ein kjem er mobilbeviset, som er eit særdeles tynt bevis og medfører at ein må legge til grunn at mobilnettet ikkje fungerte som tilsikta på det aktuelle tidspunktet. Vi kan derfor med tilstrekkeleg høg nok sannsynlegheit slå fast at JHA er skuldig i utuktig omgang med begge jentene basert på DNA treffa, og vi veit at han er skuldig i det drapet som han har tilstått. I mangel på bevis for at det har vært ein person til på åstaden som har deltatt aktivt utan å sette igjen DNA spor så er det ingen andre enn JHA som det er natuleg å sikte også for det andre drapet. DNA treffa mot JHA er også særlig sterke i denne saka ettersom det både er snakk om DNA treff frå intime plassar, og fordi jentene hadde vært å bada. Vi kan derfor utelukke at JHA til dømes møtte jentene tilfeldig på stien og spytta på dei, gav dei ein klem, eller på anna måte hadde kroppsleg kontakt med dei, og at det er det som er grunnen til at ein fant JHA sitt DNA på begge jentene. Så sjølv om VK skulle være skuldig, så kjem ein ikkje unna det faktum at det ikkje finnes sikre nok bevis mot han til at han kan dømmast. Det var i utgangspunktet heller ikkje sterke nok bevis under den opprinnelege rettssaken, men fordi JHA sitt vitnemål vart tillagt så stor vekt og fordi ein hadde skylappar for at det måtte være to gjerningsmenn og JHA berre hadde ein venn som i tillegg hadde ein tvilsom historikk så vart VK dømt utan fysiske bevis.
  6. Forsikringsselskapa tek høgde for dette, til dømes ved høgare eigenandel ved skade. Så er det heller ikkje slik at flate tak nødvendigvis er dårlegare enn andre tak, men med flatt tak så er det mindre tilgivande dersom det blir gjort feil. Både ved at det er større fare for vanninntrenging ved dårleg arbeid, og ved at lekkasjen blir større om den fyrst skjer.
  7. Så vidt eg kjenner til så finnes det ingen offentleg tilgjengeleg database å søke i. Jobbar du i skatteetaten så kan du søke opp personen der. Om du skal søke deg fram så har eg ikkje anna råd enn at du bør sjekke sosiale media og sjå om arbeidsplassen er oppgitt i profilen, og då særleg LinkedIn om vedkommande har ein profil der.
  8. Støtter det å ha kaldt vatn ståande i kjøleskapet, gjer det mykje meir fristande å drikke vatn. Ellers så er mitt råd å prøve å redusere matinntaket steg for steg. Om du ikkje klarer å kutte ned til berre 3 skiver til lunsj, så kanskje du kan redusere kaloriinntaket ved å droppe majonesen? Det er ikkje for alle å ete frukost, for enkelte hjelp ein skikkeleg frukost på å redusere matinntaket gjennom dagen, men for andre blir frukosten berre nok eit måltid i løpet av dagen. Om du har nytte av å ete frukost så er det eit tips å smøre opp noko som frister kvelden i forvegen slik at frukosten står klar neste morgon. Med skrivebordsjobb så kan det også være at du kan prøve å ta frukosten etter at du har komt på jobb. Om ikkje ei brødskive eller to, så kanskje eit eple? Utanom det så tenker eg at den viktigaste innsatsen er på å prøve å reduserr middagsporsjonen. Der har eg to konkrete tips. Det fyrste er å bruke lengre tid, prat gjennom måltidet evt. vær bevist på å tygge maten ordentlig. Det neste tipset er å ete berre ein porsjon og pakke resten ned som rester. Sjølv om du startar på middagsrestane alt ein time etter middag fordi du er svolten, så har du klart å få måltidet til å vare ein time lengre. Og klarer du å vente enda lenger slik at middagsrestane blir kveldsmaten så har du spist eit måltid mindre. Mykje av svolten du kjenner på kjem av at du har utvida magesekken slik at den er vandt med å være full. Ved å innta mindre måltid om gongen så vil magesekken trekke seg saman slik at du etterkvart blir like mett av mindre mat.
  9. Kva er eigentleg greia med uteplassar som har så stort problem med kokainbruk at dei smører matolje og handballklister på toaletta? Det kan da vel ikkje være så mykje enklare å sniffe kokain frå eit dolokk enn det er sniffe fra handbakken som om det var snuff-tobakk? Om det absolutt må sniffast frå ei hard overflate så har vell alle ein mobiltelefon? Kva er det eg ikkje forstår som gjer at gjestane ikkje får til å ruse seg på kokain når uteplassen ikkje har reine overflater tilgjengeleg? At det blir sniffa inne på toaletta forstår eg forsåvidt ettersom ein vil gjere det ein stad utan å bli oppdaga av vakter eller gjestar som vil tipse vakta om dei ser noko slikt. Men eg slit med å forstå kva som er hensikta med å legge dopet på doringen før inntak.
  10. Børster kan lage små riper, med med rein spyling så blir det ikkje ordentlig reint, ikkje utan å bruke sterke vaskemiddel men då er ein tilbake på at det slit på lakken igjen. Sjølv har eg berre positive erfaring med børster sjølv om det er litt skummelt. Vaskeautomaten er sjølvsagt designa slik at jeg ikkje blir brukt meir fysisk kontakt enn nødvendig, så faren for riper er redusert. Er bilen veldig møkkete så bør du vurdere å vaske i to omgongar ein med spyling for å få vekk veistøv og slikt som kan slite på lakken om skiten blir massert inn av børstene, og deretter ein børstevask for å få bilen rein. Handvask med gnikking gir fort same utfordringane sjølv om du har litt meir kontroll når du vasker sakte for hand. Personleg så har eg lite betenkeleggeiter med å vaske ny bil med børstevask, normalt sett er det liten risiko for riper, i alle fall riper som du ikkje får vekk med voksing.
  11. Frå gamalt av så var ein viktig suksessfaktor at mykje av overskotet vart investert tilbake i bedrifta i staden for at eigaren tok det ut i utbytte. Dette sikra bedrifter som hadde økonomi til å overleve dårlege tider og dermed fekk tid til å bygge seg opp. Vill spekulasjon frå min side, men det kan være på grunn av generelt dårlege forutsetningar for å etablere bedrifter på Sunnmøre at det vart ekstra viktig å tenke langsiktig og ikkje ta ut meir i lønn enn absolutt nødvendig.
  12. Strengt tatt skal du trekkast i lønn og feriepengane betalast på siste lønningsdag før uttak av ferien. Det har likevel blitt ganske vanleg at dei fleste bedrifter for enkelheitsskuld berekner og betalar ut feriepengane i juni måned, så for veldig mange så vil juni være måneden der ein får ein litt større utbetaling enn vanleg. Denne forenklinga blir mellom anna også gjort for at då blir alle fem vekene med ferie utbetalt samtidig då det er meir arbeid å stadig gjere justeringar på lønnsutbetalinga alt etter kor når ein tek ut sine feriedagar. Skal ein være heilt nøyaktig så er det slik at dersom du i påska tok 3 feriedagar, så skulle du blitt trekt i lønn for dei tre dagane og heller fått utbetalt feriepengar tilsvarande dei tre feriedagane, tilsvarande om du deretter hadde tatt 3 veker sommarferie i juli, så skal du eigentleg ha vanleg lønn i juni, og trekk for tre veker i juli. Og til slutt om du tek resten av feriedagane i desember så skal du ha tilsvarande trekk i desember måned. Dette er likevel ganske så tungvidt, så dei aller fleste bedrifter gjer livet enkelt for seg sjølv og betalar ut feriepengane i juni ettersom dei fleste tek sin sommarferie i juli uansett.
  13. Klarer ikkje å forstå kvifor digitalt førarkort ikkje skal være akseptabelt som ID kort. Det er ikkje nødvendigvis lettare å forfalske ein app enn det er å forfalske eit plastkort. For veldig mange bruksområder, som å hente ut ein pakke så burde det vel være rikeleg godt nok med å sannsynleggjere sin identitet? For slik som Posten praktiserer sin ID kontroll så er det ikkje akkurat nokon garanti for for at ikkje feil person får utlevert pakken. Går posten nøye til verks så scanner dei passet, men det vil i beste fall berre stadfeste at passet er ekte. For å være sikker på at passet ikkje er stjålet og at det er rett person som står foran dei. For det er noko merkeleg å ha pass med massevis av sikkerheitssystem, men ein baserer seg fortsatt på at den som står i skranken skal kaste eit raskt blitt på bildet og anslå om det faktisk er deg som vart avbilda for 8 år sidan i det du stirrer rett i kameraet og ikkje f.eks. din bror eller andre som likner på deg. Dersom pakken du skal hente er så kritisk at den berre blir utlevert til rett person så burde det vel være eit krav om at identiteten også blir verifisert gjennom biometriske data? Det er altså eit kraftig misforhold mellom kor formelle krava er til ID-kortet og kor formelt viktig det er å være sikker på at du er den du utgir deg for å være, og til slutt korleis identitetpapira blir brukt for å være heilt sikker på at det er rett person som har ID-kortet. Kan politiet godkjenne digitalt førerkort som både ID og dokumentasjon på at du har gyldig førarrett, så burde Vinmonopolet AS (som er heileigd av staten) også kunne godta digitalt førarkort som ID. Det vil jo tross alt være langt meir alvorleg om du lager ein falsk førarkort-app for å lure politiet til å tru at du har førarkort enn det er å bruke den same falske appen til å lure Vinmonopolet til å selge deg ei flaske sprit som du ikkje er gamal nok til å kjøpe. I mange tilfeller så burde det være rikeleg nok å sannsynleggjere at du er den du utgir deg for å være. Har du eit HMS-kort frå Arbeidstilsynet, eit bibliotekkort utstedt frå kommunen eller eit studentkort frå Universitetet som er godt nok til at busselskapet aksepterer det som bevis for at du har rett på studentrabatt, så burde vel det være godt nok for dei fleste kvardagslege situasjonar? Eg klarer ikkje å forstå kvifor daglegvarebutikken i praksis krev at du må ha førarkort eller pass for å handle øl, men i møte med politiet så treng du ikkje å vise ID-kort i det heile tatt, alt du er pliktig til å oppgi er namn, fødselsdato, fødselsår, stilling og bopel, og deretter må politiet sjølv sjekke opp om dei opplysningane er korrekte. Eg er forøvrig også einig med blant anna @Morromann om at det er kritikkverdig at det er den private tenesta BankID som har blitt defakto standardløysing for digital identifikasjon. Ikkje berre hos bankar, men også hos ei rekke andre aktørar. Digital ID bør forbeholdast til dei aller viktigaste digitale tenestene, det er etter mitt syn ikkje greit at både frisørsalongen på hjørnet og skatteetaten bruker BankID, for det gjer oss langt meir utsatt for svindel når både seriøse og mindre seriøse aktørar maser om BankID.
  14. Ja. Eg vil ha ein lege som er dyktig i faget sitt, om journalen lar seg lese som poesi eller berre eit referat av kva som er gjort bryr eg meg ikkje så mykje om. Forhåpentlegvis så finn ikkje min lege noko så spesielt på min kropp at det er nødvnedig å skrive vitenskapleg avhandling om temaet. Og misforstå meg rett, det skal ikkje lønne seg å jukse. Likevel så meiner eg at dersom ein student blir tatt for å jukse med metodikken så bør det føre til stryk og kanskje også ei kortare utestenging om det er alvorleg nok før ein får forsøke igjen. Har ein derimot juksa grovt ved til dømes ved å ha med læreboka på eksamenen så bør det straffast mykje strengare, og ein bør kanskje også bli utestengt på livstid.
  15. Månedslønna skal være årslønna delt på 12 månadar. Ikkje bland inn feriepengegrunnlaget, det gjer det berre meir komplisert. Det kan være relevant å ta det med om du skal rekne ut eksakt kva du kjem til å få utbetalt frå arbeidsgivaren din i løpet dette kalenderåret, men månadslønna di skal være årslønn delt på 12 månadar, altså 45 833 kr. Om du har bruttolønn på 44 500 kr så mangler det 1333 kr. Kan dette være lønnstrekk? Til dømes fagforeiningskontigent eller forsikringar?
×
×
  • Opprett ny...