Gå til innhold

Kart-/navigasjonsprogramvare til PC


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Heisann!

 

Eg har eit (kanskje) noko spesielt spørsmål på vegne av arbeidsgjevar: Me er på utkikk etter eit kartprogram til PC som ein kan bruke til navigasjon (saman med eit eksternt GPS-adapter).

 

Der er nokon spesielle krav til dette kartprogrammet:

 

  • Bør innehalde gode topografiske kart, gjerne ned til 1:50000.
  • Må kunne importere data i GeoJSON-format.
  • Må kunne varsle visuelt OG med lyd når ein nærmar seg eit definert punkt/område.

 

Som de sikkert skjønar så skal dette systemet brukast til å kome med ei audiovisuell åtvaring når ein nærmar seg eit gjeve punkt. Det har synt seg vanskeleg å finne noko som kan få til båe delar, som regel er det berre visuelt eller med lyd... Difor tenkte eg at eg ville høyre om det kunne tenkjast å vere nokon her inne som har nokon erfaringar eller tips å kome med.

 

(PS: Det ikkje vere til PC, viss det fungerer på iPad så er det òg gode greier!)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...