Gå til innhold

Problem med Icybox og backup


Anbefalte innlegg

Hei,

 

Eg er fotograf og har ein del bilete som treng backup. For ei lita stund sidan gjekk eg til innkjøp av eit Icy Box kabinett med plass til to harddiskar (link), og tre stk. 4TB diskar. Eg har tidligare brukt ein enkel Icy Box dock, utan problem.

 

Tanken var å ha to diskar i kabinettet heime hjå meg, og ein heime hjå foreldra mine. Kvar gong eg reiser på besøk til dei tek eg med meg ein av diskane frå kabinettet og bytter ut med den som ligg hjå dei. På denne måten er alt lagra tre plasser, og ein av kopiane er trygg dersom huset brenn ned.

 

Eg reformaterte diskane og overførte alle filene til dei. Kabinettet er stilt inn på "Single". Dette gjekk heilt greit, fram til eg skulle rotera diskane. Då eg satte disken som hadde vore hjå foreldra mine inn i kabinettet fekk eg beskjed om at den ikkje kunne lesast av maskina. Eg prøvde igjen seinare med den som eg hadde teke ut av kabinettet og fekk same beskjed.

 

Dei to diskane som ikkje vert lest av kabinettet har begge vore i HDD2-sloten då dei vart formatert. Dei fungerer heilt fint i docken. Den disken som er i HDD1-sloten fungerer fint i kabinettet, men kan ikkje lesast dersom eg set den i docken (same feilmelding som på dei andre når dei er i kabinettet).

 

Eg hadde håpa at eg kunne bruka kabinettet som om det var to uavhengige dockar, og trudde singel-funksjonen skulle fungera slik. Kva er det som har gått galt, og har eg misforstått kva singel-funksjonen gjer?

 

Eit alternativ er å bruka RAID 1 i kabinettet, vil det fungera å bytta diskar slik eg ynskjer då?

Endret av ÅdneD
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

i følge manualen, så har du ikke misforstått: "single - Hard drives are being handled independently as separate logical volumes where files are stored."

men, det står også: "Note! Setting/changing the RAID mode requires formatting the drives. Make sure to backup all existing data first!"

Lenke til kommentar

i følge manualen, så har du ikke misforstått: "single - Hard drives are being handled independently as separate logical volumes where files are stored."

men, det står også: "Note! Setting/changing the RAID mode requires formatting the drives. Make sure to backup all existing data first!"

Takk for svar.

 

Diskane var nye då eg satte dei i kabinettet. Eg formaterte dei, medan dei stod i kabinettet, før eg overførte filene til dei. Diskane som ikkje er lesbare i kabinettet fungerer heilt fint i docken. Alle filene er der.

Lenke til kommentar

Dette er grunnen til at jeg holder meg langt unna alt som heter "NAS" og likesinnede. Man har ingen idè (som lekmann) om hvordan de forskjellige produsentene implementerer sine løsninger.

 

Regel nr 1: RAID/JBOD løsninger er ingen backup løsninger.

Man kan sette opp RAID til å ha en viss form for sikkerhet mot at en eller to disker ryker, men diskene sitter i samme kabinett og har samme strømforsyning. Og med den elendige kvaliteten vi har på strømnettet i Norge så vil en voltage dip/swell mest sannsynlig føre til at alle diskene ryker om først en skulle ryke. Det samme mht. brann/tyveri etc. etc.

 

Regel nr 2: UPS!

Ha alltid UPS på maskinvare av en viss verdi (i kroner eller datainnhold). En UPS fungerer som overspenningsvern og gir samtidig maskinen mulighet til å kjøre en kontrollert shutdown når strømmen går.

 

Regel nr. 3: Backup!

Ha alltid en eller annen form for automatisk backup. Helst med versjonskontroll slik at du har mulighet til å hente tilbake eldre versjoner/slettet innhold. Her vil jeg på det varmeste anbefale skyløsninger i tillegg til separat backuphardware hjemme hos deg selv.

 

Hva som har skjedd hos deg er ikke jeg kompetent til å svare på, men det høres ut som om det er noe krøll med filsystem/MFT etc. som systemet roter med i NAS'en/Kabinettet selv om du sier at du skal kjøre JBOD'en i singel. RAID 1 skal i teorien være det du er ute etter da begge diskene i kabinettet skal ha identisk innhold. Men prøv dette i praksis slik at du er helt sikker på at du kan lese fra den disken du napper ut og legger hos dine foreldre! Og ha stålkontroll på hvilke disk som er fersk når du gjenskaper RAID'et med den gamle backupen slik at du ikke plutselig sitter med gammelt innhold i RAID'et.

 

Lykke til :-)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...