Gå til innhold

Ødelagt Oslofjordkabel gir billig strøm i Sør-Norge

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Interessant dette med kablene over Oslofjorden og eksporten til Sverige, og hvordan dette påvirker markedet for strøm.

Det vises til kabelbruddene i 2008 og var det ikke i 2009 kapasiteten på forbindelsen over Oslofjorden var så dårlig at strømmen til Sverige måtte sendes via Midt Norge.

Den gang var også noen kjernekraftverk ute av drift, slik at vi opplevde strømpriser rundt kr 10,-/kWh i Midt Norge.

Lenke til kommentar

Det er noko meir rart. I heile dag har flyten gått frå NO3 til NO5, trass i at prisen i NO3 har vore mykje høgare enn i NO5. Straumen skulle gått motsett veg.

Ja, det virkar merkeleg. No går noko straum i sirkel NO5 -> NO1 -> NO3 -> NO5

Eg ser ikkje noko anna forklaring på det enn at det må vere mykje straum som har blitt solgt på langsiktige kontraktar frå NO3 til NO5, og at denne flyten overgår krafta som er solgt på spotmarknaden.

Det er også interessant å legge merke til at vi overfører ein del straum til Sverige via Danmark. No har Danmark relativt stort kraftoverskot men importerar likevel frå NO2, slik at dei kan eksportere maksimalt til SE3.

Det trur eg ikkje. Då ville dei heller kjøpt attende frå spotmarknaden. Hydro på Sunndalsøra kjøper straum frå Sverige på langsiktig kontrakt, utan at straumen går frå SE3 til NO3 av den grunn. Sirkelen er eit poeng. Det kan vere ein ubalanse internt i NO3 som sluker heile kapasiteten. Desse sonene kan verke litt tilfeldig samansett av og til. Om det trengst meir straum aust i NO3 enn i vest der regnet fossar ned i dag, og denne straumen går ut til NO5, vidare til NO1 og attende til NO3 lengre aust.

Der skjer det av og til rare ting pga ein spesiell flaskehals i Danmark. Danmark kan ikkje eksportere eller importere for fullt gjennom begge kablane samstundes, men andre løysingar er mogeleg. Det er noko liknande i NO1, som ikkje kan importere for fullt frå NO2 og NO5 samstundes, og internt i NO2 slik at kabelen til DK1 ikkje kan utnyttast for fullt fordi for mykje av straumen som går sørover langs kysten skal vidare austover til Oslo.
Lenke til kommentar

Det trur eg ikkje. Då ville dei heller kjøpt attende frå spotmarknaden. Hydro på Sunndalsøra kjøper straum frå Sverige på langsiktig kontrakt, utan at straumen går frå SE3 til NO3 av den grunn. Sirkelen er eit poeng. Det kan vere ein ubalanse internt i NO3 som sluker heile kapasiteten. Desse sonene kan verke litt tilfeldig samansett av og til. Om det trengst meir straum aust i NO3 enn i vest der regnet fossar ned i dag, og denne straumen går ut til NO5, vidare til NO1 og attende til NO3 lengre aust.

Eg sendte ein epost til Statnett for nokre dagar sidan, for å prøve å få eit svar på fenomenet med at straumen går i sirkel NO3->NO5->NO1->NO3. No går straumen til og med frå NO3 til både NO1 og NO5, trass i at prisen er 50% høgare i NO3 og magasinfyllinga i NO3 er langt under normalen for årstida. Det er noko veldig rart her. Statnett har ikkje svart.
Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...

Eg trur eg fann løysinga på "mysteriet" i presentasjonen til Toril Christensen (BKK Produksjon) på nasjonalt kraftsystemmøte 31. august i år.

Årsaka er at grensene til NO3 nyleg er utvida i samband med 420 kV lina Ørskog-Sogndal snart er klar. Men sidan linja ikkje blir sett i drift før seinare i haust, så kan ikkje nok kraft i sørenden av NO3 flyte nordover, og må overførast til NO5 i staden.

http://statnett.no/Media/Nyheter/Nyhetsarkiv-2016/Nasjonalt-kraftsystemmote-2016/

Takk for opplysninga! Då forstår eg kvifor Statnett ikkje vil snakke om det. Sogndal-Ørskog er jo langt frå ferdig, og so langt trur eg ikkje eg har sett flyt frå NO5 til NO3 ein einaste gong, trass i mykje høgare pris i NO3. Dei har tydelegvis drite på draget.
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...