Gå til innhold

Burde nynorsk legges ned?


TheKims

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Vestlendinger må på lik linje med alle andre lære seg begge de norske skriftspråkene. Og nynorsk som skriftspråk ligner nødvendigvis ikke supermye på dialekten ens. Jeg finner i alle fall - som vestlending - mye av nynorsken ulogisk. Men ingen av skriftspråkene er noe problem; faktisk virker det som om mange (vestlendinger) heller skriver bokmål i "formelle" situasjoner, dersom en må velge et av de.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Koffor får vestlæningan skrive på dialækt å ikke vi fra nord?

Her tek du grunnleggjande feil. Nynorsk er ikkje "å skriva på dialekt", nynorsk er den eine av to offisielle skriftformer av norsk, fastslege ved lov. Bokmål er hi forma.

 

Nynorsk er heller ikkje det same som vestnorsk. Opphaveleg var nynorsk heilt klårt "overfarga" av dei vestnorske dialektane, men den sida hadde teke til å endra seg lenge før andre verdskrigen. I dag kan du skriva ein nynorsk like mykje farga av austnorske eller nordnorske dialektar, med ord, vendingar og former som er totalt framande for ein vestlending, og framleis halda deg innanfor nynorsk rettskriving. MIN nynorsk er klårt farga av vestnorsk, noko som ikkje er heilt urimleg når eg trødde borneskoa mine nett der. Det er likevel ikkje noko krav i nynorsken at ein skal skriva farga av vestnorsk, like lite som det er krav om at bokmål i dag skal skrivast farga av målet kring Oslofjorden. I praksis finn du nok litt tendansar til båe deler, men det er VAL ein gjer, ikkje noko krav.

 

Vi e tvungen til å skrive boksmål, men d slepp dem unna, koffor?

Nei, du er på INGEN måte tvungen til å skriva bokmål! Har du fylt 15 år, vel du sjølv om hovudmålet ditt er bokmål eller nynorsk. Same kva skulen du går på offisielt underviser. Det er berre å gje ei skriftleg og signert melding til kontoret. Derimot er du tvungen til å skriva norsk etter ei offisiell rettskriving. DET er noko heilt anna enn "tvungen til å skrive boksmål"! Noreg har titusenvis av dialektar, og skal nordmenn greia å skjøna kvarandre skriftleg, må ein ha nokre "minste sams multiplum" for koss ein skriv. Det har ein gjennom dei offisielle skriftformene bokmål og nynorsk. Dei fleste språk har ellers LANGT strengare reglar for koss språket skal skrivast enn Noreg. Du skal ikkje lengre enn til Danmark, før det å skriva "sykel" i staden for "cykel" eller "majonæse" i staden for "mayonaisse" før læraren finn ein tjukk raud penn og seier "feil". Der har eit kvart ord ein (og berre EIN) offisielt lovleg stavemåte. I Noreg har ein, både på bokmål og nynorsk, ei mengd sideformer.

 

Jeg har ikke noe i mot å skrive bokmål, så vestlendingende burde å klare det.

Det er ikkje eit spørsmål om å klara. Har ein nokolunde normalt vit kan ein klara å læra seg svensk, engelsk eller tysk som skriftspråk og på heilt grei måte. Det er eit spørsmål om skriva kva som naturleg harmoniserer med talemålet, men innanfor det minste sams multiplumet som offisiell rettskriving må vera - heilt serleg når ein har "dialektanarki" som i Noreg, og kor dialekt ikkje er noko ein nyttar heime i familen, men i alle samanhengar.

 

Og for å snu på spørsmålet ditt: Du greier å skriva bokmål, men ikkje nynorsk, om eg forstår? Har det noko med vilje å gjera, eller noko med intelligens å gjera? Ikkje fortel at du greier bokmål av di det er "norsk". Nynorsk og bokmål er heilt JAMstelt "norsk". Då skulle du - nett som vestlendingar og andre - like godt greia det eine som det andre, ut frå DEN vinkelen. Om det då ikkje er viljen eller intelligensen som vantar...

  • Liker 4
Lenke til kommentar

Synes tiden er overmoden for å fjerne nynorsk som skriftspråk og tvunget fag i skolen. Det burde holde lenge med ett skriftspråk.

Ein kan gjerne seia at det burde halda med eitt skriftmål (sjølv meiner eg to har meir + enn -, men eg ser absolutt - og), men kvifor er det då underforstått sjølvsagt at dette eine skal vera bokmål? Noreg har tradisjonelt hatt stor toleranse for både dialektbruk og skriftleg mangfald i språket, med ei mengd tilletne sideformer i skriftleg norsk, og med to jamstelte norske skriftformer, bokmål og nynorsk. Sidan formene er nett JAMstelte er det ikkje sjølvsagt at den eine skal veljast om ein skulle få "ett skriftspråk", og nynorsken har djupare røter i landet enn bokmålet. Det fyrste kan føra røtene sine via mellomnorsk til norrønt. Det siste har røter til siste helvta av 1800-talet, derifrå bøyer røtene til Danmark, ikkje til Noreg.

 

Etter mitt syn ville då det naturlege vera anten å trekkja lodd, slik at sjansen vart 50/50 for bokmål og nynorsk som "einaste norske skriftform", eller velja anten bokmål eller nynorsk med radikale former som "ny skriftnorm". Eg trur ein del som i dag syt over nynorske knapt hadde vorte nøgde med at ord som "mjølk", "auge", "aure" (ørret), "åbor" (abbor), "raud" (rød), "blei" (ble) "kjerke" (kirke) osb eller bøyingar som "ei gata-gata" eller "det eplet-de epla" vart påboden skrivemåte, sidan desse er naturlege former i radikalt bokmål. Etterpå kom læraren sin raudblyant fram og det vart minuskarakter for feilstaving kvar gong ein skreiv, rød, øye, melk, kirke, eplene osb.

 

Å snakka om "eit skriftspråk" (og det skal sjølvsagt vera moderat "Oslofjord-bokmål) er å sjå bort frå nynorsk og bokmål i dag er JAMstelte språk. Det er og manglande evne til å sjå at Noreg er eit land som rekk ein god del lenger enn bygda/byen kor ein sjølv bur. Og til sist er det å sjå heilt bort frå soga og dei ulike målformene sine røter.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Denne diskusjonen er det ingen som "vinner", noen har bestemt seg for nynorsk, andre for bokmål.

 

Jeg har bestemt meg for bokmål, og synes nynorsk er et sammensurium. Har selv bodd både i nynorsk og bokmålkommuner gjennom min skolegang. Og merker at bokmål ikke er noe problem i noen av disse kommunene, mens nynorsk ikke fungerer i det heletatt i bokmålskommuner, mens nynorsk fungerer halvveis i nynorskkommuner.

 

Hvorfor da ikke gå for det målet som alle kan?

 

Hvis vi skal være så "norske" at vi må velge nynorsk fordi det ikke er "dansk", så kan vi heller gå over til norrønt. Språk blir påvirket, norsk er så påvirket at bokmål er det logiske valget ut fra mine og de fleste andre nordmenns erfaringer.

 

 

Men for all del, la oss plage de skolesvake med å påtvinge to skriftspråk. (Og det er nynorsk som skaper trøbbel)

Endret av KoKo_
Lenke til kommentar

Man kan ikke "legge ned" et skriftspråk, men man kunne spart seg for å tvinge noe så unyttig på skoleelever som har nok å slite med allerede. Etter bokmål (eller nynorsk hvis det er hovedmålet) så trenger nordmenn å lære engelsk og det er direkte uansvarlig å lære dem en variasjon på norsk før engelsken sitter som støpt. Er engelsken på plass er det fortsatt et utall språk man vil ha stort utbytte av å kunne fremfor et norsk sidemål, som må sies å være kremen av irrelevans. Det er ikke mye rasjonalitet som ligger til grunn når man synes det er verdt å lære bort en alternativ form av et allerede ubetydelig og døende språk på bekostning av verdensspråkene.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Man kan ikke "legge ned" et skriftspråk, men man kunne spart seg for å tvinge noe så unyttig på skoleelever som har nok å slite med allerede

---

Er engelsken på plass er det fortsatt et utall språk man vil ha stort utbytte av å kunne fremfor et norsk sidemål, som må sies å være kremen av irrelevans.

Var dette rett, skulle eg vore samd med deg, men sidemål er på ingen måte "kremen av irrelevans" som du uttrykkjer det. For det eine er det å kunna hin målforma enn kva ein sjølv nyttar til dagleg naudsynt for å kommunisera med andre nordmenn skriftleg - med mindre du då ynskjer å fjerna JAMstellinga av formene og påleggja HIN å kommunisera på målforma DU ser mest tenleg. (I siste tilfellet kunne ein ellers fjerna heile det norske skriftspråket, og påleggja folk å kommunisera skriftleg på engelsk - så kunne utlendingar lettare trekkjast inn i kommunikasjonen om det var tenleg, utan å omsetja det som alt var skrive fyrst). Kan du ikkje sideforma av norsk, anten det no er bokmål eller nynorsk, så har du og sett sjølv deg utanfor å kunna lese vesentlege delar av norsk litteratur.

 

Kva viktigare er: Denne "unyttige lærdomen" og "kremen av irrelevans" som sidemålet etter di meining er, må ein kvar som skriv i offentleg teneste kunna. Sidan språka er nett JAMstelte, skal ein/ei som vender seg til offentleg etat ha svar på sitt mål, og ein offentleg tilsett skal difor - lovpålagt, som ein konsekvens av den språklege JAMstellinga - vera i stand til ordleggja seg fullt leseleg på båe målformer som svar til han/henne. Å ikkje kunna det er faktisk DISKVALIFISERANDE for å kunna få ei stilling i det offentlege! Sidane ein god del i Noreg er offentleg tilsett, vert det då ikkje HEILT irrelevant å kunna sidemålet.

 

Hugs og: Fjernar du plikta til å kunna sideforma, så fjernar du ikkje berre plikta til at folk med bokmål som hovudmål skal kunna nynorsk, du fjernar OG plikta til at folk med nynorsk som hovudmål skal kunna bokmål. Då legg du opp til at ein som mottek eit brev på motsett form av si eiga med full rett kan gjera kva finnane gjorde då dei var okkuperte av Sverige: Senda brevet i retur med påskrifta: "Läst, inte forstått". Det er nemleg ikkje ei naturlov at ein/ei som har bokmål som sideform skal skjøna bokmålet betre enn ein/ei som har nynorsk som sideform skal skjøna nynorsket. Det er eit produkt av at ein i dag har opplæring i båe målformer.

 

Eg er ikkje usamnd i at det er viktig å læra utanlandske språk. Lite skræmer meg så mykje som den polske eller den franske haldninga om at "verda må då sjølvsagt skjøna polsk (fransk), om dei ikkje er mindre intelligente, så stort land og folk som ME er", og endå meir gjeld det for eit lite folk. Men sjå berre på til dømes islendingane: Få er så flinke i utanlansk som dei, men dei legg ALLER STØRSTE vekt på sitt eige språk likevel. For det eine av di DET er hjartespråket deira (og aldri snakkar ein islending så godt og presist som når han/ho får utfalda seg på islandsk, sjølv om han/ho endeleg kan ordleggja seg på mange andre mål og) og for det andre av di dei ser på det å kunna HEILE språket sitt skikkleg som eit veldig godt grunnlag for og å læra utanlandsk godt. Det vert altså ingen som helst motsetnad mellom det eine og det andre. Klarer ein ikkje å læra "næraste framande", som sidemålet vert, har ein veikt grunnlag for å læra eit "fjernare" språk.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Hvorfor da ikke gå for det målet som alle kan?

Av di det at "alle kan bokmål" er eit produkt av sidemålsopplæringa, ikkje ei naturlov, og av di dei to språklege formene nynorsk og bokmål er JAMstelte etter norsk lov. At folk med nynorsk som hovudmål har meir språkleg intelligens, om dine observasjoanr er rette, er ikkje nokon grunn til å fjerna ei lovsett JAMstelling. Snarare vert det eit signal om å krevja MEIR sidemålsopplæring for dei som vel bokmål som hovudmål enn dei som vel nynorsk som hovudmål.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...