Gå til innhold

MKap

Medlemmer
  • Innlegg

    586
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nylige profilbesøk

6 372 profilvisninger

MKap sine prestasjoner

224

Nettsamfunnsomdømme

  1. Det var mykje uklart i den kontrakta der. Når ein kontrakt er uklar, blir den normalt tolka til ugunst for den som har skrive ho. Sidan det ikkje er spesifisert noka registreringsavgift, bør du tolka det som at det ikkje er noka eiga registreringsavgift i dette tilfellet. Kostnaden med avmelding før studiestart blir dermed 0,- Er det nokon grunn til at det står studieåret H23-V24 i kontrakta, eller er dette ein typo sidan ho blei inngått over eit år i forvegen? Reknar uansett med du har div. mailar etc. som dokumenterer at du skulle byrja i august 2024. Synst dei drar det vel langt om dei påstår studiet har byrja fordi du (angiveleg) har fått tilgang til læremateriale. Dei har dessutan gjeve seg sjølv høve til å avlysa kurset inntil 14 dagar før oppstart, så fram til 6. august har du nok i alle fall ei god sak her. Elles er det nok eit par forbrukarrettslege ankepunkt her, i og med at det høyrest ut som du har vore utsatt for ganske aggressive salsteknikkar, der seljaren blant anna har oppgitt ukorrekt informasjon som gjorde at du gjekk inn ei kontrakt du ikkje villa ha teikna om du hadde fått korrekt informasjon.
  2. Produktet til TS er eit hackeapparat som har fått ein del merksemd for å kunna omgås elektroniske låsar m.m. Det blir kanskje vurdert å bryta med dette punktet i lista over forbudte annonser på Finn Torget:
  3. Seier planføresegnene/planbestemmelsene noko om mellombels anleggsområde i det aktuelle området (ofte skravert i plankartet)? Hadde nok prøvt å senda ei klage til kommunen her, som vel er avgjerdsmakt for både plan og støy/støv. Dersom utbyggaren nyttar arealet som rigg til heilt andre tiltak enn det opprinneleg var tiltenkt, bør det vera eit godt argument for at dette er ei vesentleg ulempe.
  4. Dette er tilrådde specs for League of Legends (minimum er endå lågare): Krava til The Sims 4 er knapt nok høgare. Trådstartar treng altså ingen kraftig maskin for å køyra desse spela med akseptabel yting. Stort sett alle moderne bærbare utanom dei rimeligaste modellane med Celeron-prosessor og 4 GB RAM vil fungera heilt greit. Opplevinga kan, som nemnt, bli betre om ein har litt høgare spesifikasjonar enn tilrådd, men sjølv ein 10 år gammal mid range gaming-maskin vil klara desse spela utan problem (League of Legends kom ut for 15 år sidan).
  5. Trur ein Playstation skal kunna spela av media frå ein USB-disk du koplar til, slik du ser for deg. Ser du får PS3 frå 500 kr med eit kjapt søk på Finn, og PS4 frå rundt 1200. Det finst vel òg fjernkontrollar å få tak i til desse, om du vil ha noko meir elegant enn den trådlause spelkontrollen.
  6. Om du fortsatt er interessert i å spela av frå iCloud, er dette den einaste løysinga eg kunne finna via nettsøk i farten: https://discussions.apple.com/thread/254414537?sortBy=best Litt upraktisk, men fungerer om du har videoar i iCloud. Du kan setta opp laptopen som ein Plex server, om du ønsker å prøva det ut. Den har tross alt videoane dine på harddisken allereie. 1. Installer Plex Media Server på laptopen herfra. 2. Sett opp serveren og vel at den skal bruka mappane der du har videoane dine (litt instruksar her) 3. Last ned Plex-appen til AppleTVen din (det er då ein klientapp, altså for å spela av det som ligg på serveren). Laptopen må vera på og kopla til internett, men AppleTVen din vil kunna spela av videoane du har på laptopen på den måten. Kva er det som gjer laptopen med mediasenter upraktisk for deg? Har du han kopla til TVen med HDMI-kabel? Det er lettare å foreslå gode løysingar om me skjønar kvar skoa trykker.
  7. Det høyrest fornuftig ut å investera i litt harddiskplass og NAS/heimeserver med såpass store datamengder. iCloud koster 400 og 800 kr/mnd for hhv. 6 og 12 TB. Ein sparer fort inn det med eigen hardware. Om du ikkje vil investera i ein Synology e.l. med ein gong, går det òg an å setta opp ein PC du allereie har som server (dog litt mindre intuitivt enn på eit produkt som Synology som er laga for formålet). Dei mest populære appane for å streama frå eigen NAS til TV/AppleTV/telefon etc. er Plex og Jellyfin. Har testa Plex sjølv, og den klarte fint å visa informasjon om skodespelarar etc, sjølv på ein veldig sær tittel.
  8. Er det eit alternativ å ta kontakt på ny med kreditoren som har lønnstrekk? Dei kan jo vera villege til å inngå ein avtale som sparer deg for litt pengar dersom dei får ein god sum umiddelbart som plaster på såret.
  9. Trudde denne diskusjonen blei lagt daud på 1800-talet. Me skal ikkje ha tvangsarbeid i eit liberalt demokrati. Synst det er skummelt at mange ser ut til å synast at dette er heilt OK. For meg høyrest det ut som eit forslag ein kunne forventa i Kina eller Russland. Ser enkelte politikarar kritiserer bruken av ord som tvangsarbeid. Eg hadde gjerne sett at dei gjorde reie for kvifor dei meiner omgrepet ikkje er treffande. Det blir i alle fall god gang i r/maliciouscompliance om eit slikt forslag skulle bli realitet.
  10. Dette er kanskje det beste alternativet så langt i tråden. Betre skjermkort i bytte mot litt dårlegare prosessor enn dei fleste andre er ei god prioritering i dette tilfellet. Godt balansert, utan nokon openbar flaskehals. Den vil nok fungera fint for formålet utan at ein å treng å oppgradera noko i nærmaste framtid. Største aber er 512 GB SSD, men det det kan handterast ved å ha litt disiplin rundt kva ein installerer. Dessutan tar vel konkurransespel ofte litt mindre plass enn dei nyaste storspela, og ein del av dei køyrer fint på god gammal HDD "snurredisk" som gir stor plass for ein rimeleg penge (dei kan sågar gjenbrukast frå den gamle maskinen som ofte samlar støv i boden). CS:GO har eg køyrt frå ekstern snurredisk via USB 3 utan problem ved eit par høve.
  11. Den vil nok vara kortare enn de håper, sidan det er mykje som er i svakaste laget, og høvet til oppgradering er veldig begrensa: 16 GB RAM er tilrådd for gaming, denne har 8. Det er i utgangspunktet lett og billeg å oppgradera sjølv, men vil nok køyra på lågare hastighet enn den originale sidan HP sine ferdigbygg ofte ikkje har høve til å aktivera XMP i BIOS. Straumforsyninga er akkurat kraftig nok for delane den kjem med, så ikkje rekn at ein kraftigare prosessor eller skjermkort vil fungera. Sannsynlegvis er straumforsyninga av spesialtype som ikkje er så lett å erstatta med noko kraftigare heller. Om punkta over er gresk så er det bare å ignorera. Anbefaler betala litt ekstra for noko slikt: https://www.elkjop.no/product/gaming/gaming-pc/stasjonar-gaming-pc/pcspecialist-core-200-r5-5165123050-stasjonar-gaming-pc/636241 Den er relativt lik den du linka til, men kan oppgraderast ein del etter kvart som han treng meir. Meir RAM og betre kjøling vil han nok merka frå dag 1. Om det ikkje er eit alternativ å øka budsjettet, er denne tilnærma like bra som den du har sett på, til ein hyggelegare pris: https://www.elkjop.no/product/gaming/gaming-pc/stasjonar-gaming-pc/hp-victus-15l-i5-1285121660s-stasjonar-gaming-pc/611467 (med dei same begrensningane når det gjeld oppgradering og levetid) .
  12. Som nemnt over, kjem det an på grafikkinnstillingane. Mange spel set grafikkinnstillingane av seg sjølv basert på PCen din, og erfaringa mi er at dei innstillingane ofte er litt tyngre enn det som blir nytta i tester på Youtube etc. Såvidt eg kan sjå er dette ei maskin med Intel Arc-grafikkort. Arc er kjent for å ha veldig variabel yting frå spel til spel, så ein kan godt enda opp å få lågare fps enn forventa i enkelte spel. Første søketreff eg fant med Fortnite på Intel Arc A770 får rundt 80 fps på medium, så det er jo ikkje heilt ulikt det sonen din får. Sjekk elles om de bruker DirectX 11, DirectX 12 eller Vulkan, og test med dei forskjellige. Arc fungerer dårleg med eldre versjonar av DirectX. Sjekk òg at resizable bar er slått på i BIOS.
  13. Antakeleg litt overkill med ein stor gaminglaptop til surfing og spel. På bruktmarknaden får ein solid bygde HP EliteBook 850 (og ProBook) for nokre få lappar.
  14. Du kan ikkje kreva at utleigar lar nokon andre overta kontrakten din, men du kan framleiga. Utleigar kan ikkje nekta deg å framleiga til ein spesifikk person utan sakleg grunn. At personen går på Nav vil nok ikkje i seg sjølv vera sakleg grunn. Mykje av risikoen for depositum og husleige hamnar jo då uansett hos deg, sidan du må betala inn husleiga kvar månad uansett om du har fått den frå framleigetakaren eller ikkje.
  15. Er det varebil? Litt motstidande informasjon mellom ulike sider på same nettstad, men forstår dette som at forbudet kanskje ikkje gjeld personbil: https://www.ecosticker.dk/da/miljoezonen/aalborg I alle tilfelle bør uklar/motstridande informasjon tolkast i favør av den "skuldige".
×
×
  • Opprett ny...