Mogleg du har rett, og at eg har skrive dette før 😉 Uansett:
Var i ein liknande situasjon som deg for eit par år sidan. Har ikkje angra eit sekund på at eg bytta ut den monotone konsulentjobben. Bytta side av bordet, til det som var ein typisk kunde, og jobbar med oppfølging av prosjekt innanfor liknande fagfelt. Arbeidsoppgåvene er langt meir varierte. Får bruk for det meste av tidlegare arbeidserfaring, og føler det berre har vore positivt med tanke på karriereutvikling. Har inntrykk av det er lite høve til utvikling i form av nye oppgåver og meir ansvar i konsulentselskap. Etter 20 år gjer ein på papiret same jobben som ein junior, sjølv om ein så klart har utvikla seg mykje fagleg og kanskje får ha "senioringeniør" i e-postsignaturen.
Ein tidlegare konsulentkollega sin situasjon liknar kanskje endå meir på din (RIB). Han gjekk òg lei trykking på PCen heile dagen, og fekk jobb som prosjekteringsleiar hos ein litt større entreprenør.
Det er gjerne større spreiing i løningane enn i kva ein kan fakturera for den enkelte. Rådgjevarkontraktar lar ein gjerne differensiera 3-4 timeratar ut frå erfaringa til medarbeideren. Ein senior er ein senior etter kontrakt, uansett om han har 10 eller 30 års erfaring. Han med 30 års erfaring kan kreva høgare løn sidan han antakeleg vil vera meir verdifull for arbeidsgjevar og deira evne til å gjennomføra kompliserte oppdrag enn han med 10 år på baken, sjølv om marginen på timeratene blir mindre. Dessutan er det vel rundt rekna berre halvparten av timeraten som går til løn og liknande. Mykje går til overhead som er likt for alle, som programlisensar, utstyr, lokale, osv. Til sjuande og sist er det uansett slik at norsk arbeidsliv har eit jamnt lønsnivå, der ein sjukepleiar ikkje tenar drøyt mykje mindre enn ein ingeniør eller økonom.