Gå til innhold

Cair Paravel

Medlemmer
  • Innlegg

    1 543
  • Ble med

Innlegg skrevet av Cair Paravel

  1. Er seksuell legning fullstendig meningsløst? Så bra, da har du ikke noe i mot trans personer og at de kalles hen heller da... :)

     

    Hvordan hadde du reagert om din bror eller søster (om du har noen) kom hjem med en kjæreste av samme kjønn?

    Omgrepet legning er fullstendig meiningslaust. Det er skapt av samfunnet for å unnskylde synda og normalisere seksuell umoral. Det er som alkoholisme eller kleptomani, nokre menneske har ei tilbøyelighet for å utføre visse handlingar. Men vi har framleis ein fri vilje, og menneske med homofil tilbøyelighet kan velgje å ikkje leve homoseksuelt. Eller enno betre, la Jesus få frigjere ein frå syndige kjensler og drifter. Eg trur Jesus kan frigjere frå alt mørker og slaveri. Til sist, lat meg repetere at Bibelen er 100% tydeleg på at homoseksualitet er synd.

     

    Viss ein av syskena mine stod fram som homofil, ville eg møtt han/ho med kjærleik. Det er sjølvsagt trist, men ikkje noko eg kan gjere noko med. Utanom éin ting, eg kan be. Bøn er det einaste som hjelper.

    • Liker 1
  2. Det er selvsagt ikke kristne eller ideologien det er noe galt med, akkurat om det ikke er religionen islam det er noe galt med når de som faktisk følger den er simple mordere... Neida, islam er selvsagt uten skyld, de er jo ikke rett troende vettu...

    Eg vil ikkje forsvare islam på nokon som helst slags måte. Religion er djevelen sitt instrument for å undertrykkje menneske, og få om ingen religionar er så hatsk og krigersk som islam. Når det er sagt, vil eg framleis halde fast ved at hovudproblemet til mennesket er synda. Det er synd som øydelegg vår relasjon til Gud og våre medmenneske, det er synd som øydelegg menneskeliv og fører til død og fortaping. Krig og drap er berre eit ytre symptom på sjukdomen som er vår syndige natur. Du kallar muslimar for simple mordarar. Eg vil påstå dei er syndarar, på same måte som eg sjølv er ein fortapt syndar, på same måte som Moder Teresa og Nelson Mandela var syndarar. Alle menneske som har levd på jorda har vore syndarar, utanom éin - Jesus Kristus. Han levde det livet vi ikkje kunne leve, han gjorde soning for vår synd, han skapte evig fred. Same kven vi er og korleis vi har levd - Jesus treng vi alle. Han er svaret verda søkjer etter utan å vite det.

     

    Når det gjeld vald mot homofile, kjenner eg ingen kristne som støttar å kaste folk utifrå høge bygningar. For øvrig er omgrepet legning for meg fullstendig meiningslaust. Dette er menneskeskapt og ikkje noko å skulde Gud for.

    • Liker 1
  3. Dei fleste liberale i den norske kyrkja er ufrelste. Er det då rart at det vert strid? Det same kan seiast om drap og elende som RWS trekkjer fram. Det er handlingar utført av ufrelste menneske som kallar seg kristne i strid med Bibelen og Jesu eksempel. Hadde alle menneske i verda vore frelst, hadde verda vore ein mykje betre stad å leve. Hovudproblemet i verda er ikkje ulike religionar, politiske fraksjonar eller andre grupperingar. Problemet er SYND og ligg latent i vår alle sin natur. Vegen til eit betre samfunn startar i kvar einskild sitt hjarte ved å erkjenne at ein er ein syndar, vende seg bort frå synda og ta imot Jesus som herre og frelsar. Dette er vegen til sann fred, fred med våre medmenneske og fred med Gud. Jesus kan fjerne hatet ditt mot kristendom, RWS, og la deg smake ekte glede og fred. Gud velsigne deg!

    • Liker 1
  4. Å påstå at noen tolkning er feil uten å ha fasiten blir bare dumt....

     

    Men tipper at du fremdeles slår deg på brystet og sier at det finnes over 2 milliarder kristne når noen spør, selv om de aller fleste har en annen tolkning av fantasiene i bibelen enn den du tilhører.... Det er jo et sted mellom 45 000 til 110 000 kristne sekter, menigheter og kulter som krangler så busta fyker over så lite som et komma og som har vært opphavet til enorm lidelse og ødeleggelse oppover, men det er to milliarder kristne, ikke sant? Hørte jeg ordet hykler?

    Les som det står

    Tro som det står

    Aldri et ord av skriften forgår

     

    Fasiten er Bibelen. Vi skal gi Guds ord rett, ikkje tolke bort det som står der. Vi bør tolke minst mogleg, og der vi må tolke skal utydelege vers lesast i lys av tydelege. Ein klok mann sa at det ikkje er dei versa som vi ikkje forstår i Bibelen som er vanskelegast, men dei vi faktisk forstår. Dette er fordi Bibelen utfordrar måten vi lever livet vårt på.

     

    Når det gjeld dei 144000 er det teologisk klinkande klart at dette gjeld messianske jødar. For det første er dei kristne opprykka mellom Op kapittel 3 og 4, vi er ikkje til stades i verda på dette tidspunkt. For det andre er dei 144000 oppdelt i 12 stammer, dette viser at det her er snakk om jødar.

     

    Sjølv om du prøver å skildre ein splid i Guds kyrkjelyd, eksisterer det ein einskap mellom alle kristne på tvers av kyrkjesamfunn. Vi har alle del i Jesu lekam og blod, vi er alle frelst av nåde ved trua på Jesus. Vi er alle brødre sjølv om det eksisterer små nyansar i lære og former.

    • Liker 1
  5. som er en fiktiv person...

     

    Det er eit overveldande provmateriale for Jesu historiske eksistens både i Bibelen og sekulære kjelder.

     

    Av sekulære kjelder kan nemnast Josefus, Tacitus, Julius Africanus, Plinius den yngre, babylonske talmud etc.

     

    Du kan sjå på Josefus. Kva hadde han å tene på å fortelje om ein ikkje-eksisterande Jesus? Han var ein ortodoks jøde. Fleire gonger i hans skrifter ser vi at han pyntar på historia for å få den til å sjå finare ut frå eit jødisk perspektiv. Men han stadfestar Jesus, som var og er ein trussel mot ortodoks jødedom.

  6. post-162862-0-07685100-1469889095_thumb.jpg

     

    I denne tråden ønskjer eg å diskutere omgrepet frelse. Eg vil fokusere på det kristne synet, men det er fritt fram å diskutere andre religionar. Det er mi bøn at Gud må bruke denne tråden til å nå ut med evangeliet. Det er ikkje tilfeldig at akkurat du les denne tråden. Gud elskar deg og han har ein plan med livet ditt! Først i denne planen er at du skal verte frelst. 1. Tim 2:3f - "Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna." I denne førsteposten vil eg opplyse om det kristne synet på frelse og korleis du kan verte frelst.

     

    Kva er frelse?

    Det norske ordet "frelse" kjem frå "fri hals". I gammal tid måtte slavar gå med ein jernring rundt halsen. Når han vart fri, vart denne ringen teken av, og vi seier han vart frihalsa eller frelst. Det greske ordet "soteria" tyder å berge frå sjukdom, fare, død og fortaping. Alt dette illustrerer kva Bibelen meiner med å verte frelst. Ein ufrelst er slave under synda. Joh 8:34-36 - "Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie." Dette vert illustrert i Sal 124:7 - "Vi slapp fri som fuglen or fuglefangarens snare. Snara rivna, og vi slapp fri." Dette kan vi takke Jesus for, som overvann synda og døden på Golgata. Vi er frelst frå evig fortaping, og vi er frelst til eit evig liv saman med vår redningsmann Jesus Kristus.

     

    Kven er i behov for frelse og kven kan verte frelst?

    Vi treng alle frelsa fordi vi alle er fødde som syndarar. Sal 51:7 seier - "Ja, med skuld kom eg til verda, med synd vart eg avla i mors liv." Rom 3:10 seier - "Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste." Vi er alle infisert med den letale sjukdomen synd, og er alle evig fortapt utan at vi tek imot Guds redning i Kristus Jesus. Heldigvis er denne frelse tilgjengeleg for alle som vil ta imot. Joh 1:12 seier - "Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans." Joh 3:16 seier - "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."

     

    Kva er frelsa sitt fundament?

    Den einaste sanne frelsesgrunn som held er Jesu fullbrakte frelsesverk og ingenting anna. Joh 19:30 seier - "Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut." Når Jesus døydde på krossen, vart han vår stedfortreder. Han tok straffa som vi skulle hatt, slik at vi kan stå reine og rettferdige innfor Gud. Rom 8:1 - "Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus." Det finst mange idag som vil byggje si eiga frelse. Vi ser det i religion, dette ønskje om å gjere gode gjerningar for å rettferdiggjere seg sjølv. Vi ser det også i religiøs kristendom. Nokre snakkar om at vi vert frelste i dåpen. For andre vert trua ein prestasjon. Nokre er opptatt av anger og omvending, og ein byrjar å tvile på om ein har tatt eit fullstendig nok oppgjer på synda i sitt eige liv. Omvending er naudsynt for å verte frelst, men det er ikkje noko vi skal prestere. Vi skal berre få la den Heilage Ande vise oss synda, og la Gud få heilaggjere oss. For å konkludere er altså frelsa kun å finne i Jesus åleine. Apg 4:12 - "Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.» Frelsa er ingen prestasjon, men ei Guds gåve til oss. Ef 2:8 - "For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve." Vi skal få stole på at det Jesus gjorde er tilstrekkeleg for vår frelse.

     

    Det er nok det som Jesus gjorde,

    det er nok det som han har sagt.

    Han har sona di synd den store,

    og deg vunne så rein ei drakt.

     

    Korleis kan eg verte frelst?

    Dette spørsmålet stilte også fangevaktaren i Filippi til Paulus og Silas. Apg 16:30f - "Og han leidde dei ut og sa: «Kva skal eg gjera, herrar, så eg kan verta frelst?» Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.»" Dette er så enkelt at sjølv eit barn kan forstå det. Det er den enkle trua på Jesus som frelser. Vidare er å tru på Jesus det same som å tru på Guds Ord, for Jesus er sjølve Ordet. Vi må gi Guds ord rett når det seier at vi er syndarar, vi må vende oss bort frå synda og leve i ljoset. Bibelen viser oss at omvending er ein føresetnad for frelse. 2. Kor 7:10 - "For sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, som ingen angrar. Men verdsens sorg fører til død." Luk 5:32 - "Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»" Vi kan oppsummere vegen til frelse i 3 enkle steg:

    1. Erkjenn at du er ein syndar

    2. Vend deg om frå synda

    3. Ta imot Jesus som din herre og frelsar

     

    Du kan gi livet ditt til Jesus i denne stund ved å be ei enkel frelsesbøn:

    "Kjære Herre Jesus, eg veit at eg er ein syndar, og ber om di tilgjeving. Eg trur at du døydde for mine synder og vart oppreist frå dei døde. Eg vender meg om frå mine synder og inviterer deg til å kome inn i mitt hjarte og mitt liv. Eg ønskjer å stole på deg og følgje deg som min herre og frelsar. I ditt namn. Amen"

     

    Ba du denne bøna av eit oppriktig og ærleg hjarte, er du eit frelst Guds barn og gått over frå døden til livet. Luk 15:7 - "Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending."

    • Liker 4
  7. det finnes et liv etter døden ,men at det er en form for drøm .Når vi sover er vi

    på en måte ubevist men kan ha drømmer og oppleve ting i sovende tilstand

    da er sjelen på en liten tur ut ev kroppen for det merker ikke vi når vi sover men

    er til bake i kroppen når vi våkner opp Men er vi døde er det ikke mulig

    å komme til bake

    Ein kropp utan sjel er per definisjon ein død kropp. Så nei, sjela forlet ikkje kroppen i søvne. At vi har draumar er eit teikn på at vi er åndelege vesen, og er vanskeleg for vitskapen å forklare på same måte som vår tanke. Gud har skapt oss på overlag fagert vis.

  8. Cair: Greit nok at du tror alle andre går til helvete. Men hvordan tror du helvete er? Tror du det er evig pine i flammer som aldri slukker, eller tror du mer at det er en plass med fravær av Gud, hva enn det måtte innebære?

    Utifrå Bibelen og det Jesus seier om helvete, trur eg helvete er begge deler. Både ein eldsjø med gråt og skjering av tenner, men også ein stad utan Gud. Når Gud tek bort alt det gode han har skapt, vert eksistensen skrekkeleg. Eg trur det er den evige adskilling frå Gud som vil smerte mest.

  9. Jeg skjønner ikke hva som er så forlokkende med å leve evig som en ånd. For med virker det fryktelig kjedelig.

     

    Og siden de kristne, jødene og muslimene har samme abrahamske gud, så har de vel samme himmel/paradis. Høres ikke forlokkende ut.

    Eg trur på ei lekamleg oppstode. I himmelen kjem vi til å få herlegdomslekamar. Det er mykje vi ikkje veit om himmelen, men at det vert kjedeleg har eg null tru på.

     

    Dei som trur på Jesus går til himlen. Alle andre, inkludert jødar og muslimar, går til helvete.

    • Liker 1
  10. Livet er ikke fantastisk :'(

    Livet kan vere tøft og vanskeleg, men viss vi prøver å tenkje positivt, trur eg vi alle har noko å vere takksame for. Dei fleste av oss har 5 sansar vi kan oppfatte omverda gjennom. Dei fleste av oss har familie og vener. Mange i vårt land kan vere takknemlege for økonomi og helse. Vi kan vere takknemlege for muligheter til å velgje jobb og utdanning, til å ha interesser og hobbyar, til å kunne nyte ein tur i Guds natur. Alt dette og meir kan vi takke Gud for. Når Gud har gitt oss så mange gåver, korleis kan vi tvile på at han elskar oss? Livet er fantastisk, men det vert enno betre når vi tek imot Jesus som vår herre og frelsar. Livet på jorda er ein liten forsmak på himlens herlegdom. Vi treng ikkje om å vere deprimerte og motlause. Grip håpet, lev kvar dag til Guds ære, Gud har ein plan for ditt liv!

    • Liker 2
  11. Jepp, og bla bla bla kommer jeg til å holde på med til vi har tatt knekken på overtro her i landet, eller jeg havner 1,80 under... Whatever comes first... :)

     

    Helt utrolig at religiøse selv ikke evner å se hva for non fantasier dere setter opp og tror på... Så noen må gjøre det for dere, slik at sludder ikke får stå uimotsagt....

    Heilt utruleg at ateistar ikkje evnar å sjå at livet er for fantastisk til å vere eit meiningslaust resultat av slump og tilfeldigheter...

     

    Korleis har du tenkt å ta knekken på kristentru? Ønskjer du meir forfylgjing og fleire martyrar?

    • Liker 1
  12. I møte med døden er det beste å kvile i Jesu fullbrakte frelsesverk og stole på at Jesus vil bevare vår utgang og inngang frå no og til evig tid. Eg er så glad at eg har eit levande håp, eg er så glad at det beste alltid ligg framom. Dette håpet kan alle få del i ved å gi sitt liv til Jesus. Eg er sjuk og veit det ikkje alltid er like lett å tru. Djevelen kjem med sine piler, minner om gamle synder, sår tvil om vår frelse. Like fullt er eg trygg på at han som starta ei god gjerning i meg vil fullenda den inntil Jesu Kristi dag. Takk Jesus for det. Halleluja!

    • Liker 2
  13. Uten tvang og indoktrinering overlever ikke religiøst visvas i opplyste samfunn... Er en grunn til at de blir tvunget til å være muslimer vettu...

    I Kina eksploderte den kristne kyrkja trass i ateistisk tvang, indoktrinering og forfylgjing. Historia viser nett det same. The blood of the martyrs is the seed of the church. Kyrkjeveksten har alltid vore størst i dei tider det har kosta mest å vere ein kristen. Kvifor trur du det er slik?
    • Liker 2
  14. @Cair Paravel: Forstår jeg deg rett hvis du mener at en dyp indre overbevisning er nok til å kunne si at man vet noe?

     

    Godt spørsmål. Eg vil svare både ja og nei. Eit menneske kan ha sterke vrangførestelnader utan at desse treng om å vere sanne. Når det gjeld den kristne trua vil eg hevde at ei indre overbevising er ein legitim grunn til å tru. Og tru er full visse om det vi ikkje ser (Hebr 11:1). All kunnskap handlar igrunnen om å tru. Du trur på bevis, men du kan ikkje garantere at alt ikkje er ein illusjon (som the matrix). Eg trur på Gud og Bibelen, dvs eg stolar på at det eg trur på er sant. Mi indre overbevising og livserfaringar veg tyngre for meg enn bevis. Trua er ein relasjon mellom Gud og meg. Det er uråd å bevise ein relasjon, men vi kan likevel vere sikre på at den eksisterer.
  15. Du vet ikke at du har rett. Den som sier han vet i sitt hjerte påkaller en følelsesmessig appell. Du føler at du har rett. Du vil veldig gjerne at du har rett. Men det du vet sitter i hodet, hjertet pumper blod.

    Med hjarte meiner eg naturlegvis meir enn den fysiske blodpumpa. I judeokristen tradisjon er hjartet åndeleg sentrum for tankar, kjensler, vilje og handlingar. Hjartet er kort sagt det overordna kontrollorganet i kroppen. Når kristne snakker om å opne sitt hjarte for Jesus, tyder det at ein opnar opp for Jesus i sitt liv. Dette er også viktig å hugse på når ein les i Bibelen.

  16. Eg er kristen fordi eg veit i hjartet mitt at kristentrua er sann og at Gud er god. Eg har fått lært Gud å kjenne gjennom oppvekst i ein trygg kristen heim, barne- og ungdomsarbeid, bibelskule, menighet og bibelgruppe. Eg har opplevd at Gud er reell gjennom radikal syndenaud og omvending. Eg har også møtt Gud veldig sterkt gjennom eit dødsleie. Idag er det Gud som styrkar meg gjennom alvorleg sjukdom. Ser eg tilbake på livet, har eg så mykje å vere takksam for. Livet er ei fantastisk gåve vi alle har fått frå Gud. Jesus er livet for meg. Han er vegen, sanninga og livet (Joh 14:6).

    • Liker 1
  17. Vitenskap har bevist at gud ikke eksisterer, Yuri Gagarin kunne melde at han ikke observerte noen gud i da han var i verdensrommet, så det er absolutt ingen grunn til å tro at det skulle eksistere noen gud.

    Hadde Gagarin teke eit steg ut av romkapselen sin utan oksygen, ville han raskt få møte Gud. Det er også berre tull at det er ein motsetnad mellom kristen tru og vitskap eller at vitskapen har motbevist Gud. Vitskapen seier berre noko om kva vi empirisk veit her og no, den er dynamisk og forandrar seg heile tida. Bibelen på den andre sida er evig og tidlaus, den går aldri ut på dato. Det er mange ting Bibelen ikkje seier noko om, og då er vitskapen nyttig å ha. Bibelen og vitskapen utfyller kvarandre på ein god måte.

    • Liker 2
×
×
  • Opprett ny...