Gå til innhold

Cair Paravel

Medlemmer
  • Innlegg

    1 543
  • Ble med

Innlegg skrevet av Cair Paravel

  1. 1. VI er oksidasjonstalet til svovel i CaSO4

     

    2. Namnet kjem av at jernionet har oksidasjonstal III og nitrogenet i nitrationet har oksidasjonstal V

     

    3. Fosforet i ammoniumfosfatmolekylet har oksidasjonstal V

     

    4. Dei resterande atoma i oppgåve 2-3: Oksygen (-II), Hydrogen (I) og Nitrogen (-III i ammoniumfosfat)

  2. Mesteparten av avRack sine tre korreksjonar er bagatellmessige og langt frå dårleg nynorsk (utanom "mye"). Det er dog andre døme på ord som er skrivne på ein slik måte at ein dårleg karakter i høgste grad kan forsvarast:

     

    "for augneblikket" - ein slik blanding av nynorsk og bokmål er vemmeleg. Skriv "for augneblinken"

     

    "summeras" - Skriv "summerast"

     

    "syntes eg vi må begynne" - blanding av presens og preteritum

     

    "noen" - Skriv "nokon"

     

    "sånn som ungdommen veljar sine fag" - Dette var som tortur å lese. Skriv "vel"

     

    "bare" - Skriv "berre"

     

    "ikkje beveger seg så mykje lenger" - Skriv "ikkje er så mykje i rørsle lenger", evt "bevegar seg"

     

    "slik at ikkje heile samfunnet forfall på grunn av fedme" - "Skriv "forfell"

     

    "Eg syntes også" - Her er det presens. Skriv "synest" evt "tykkjer"

     

    "selvfølgeleg" - Skriv "sjølvsagt"

     

    "hellar ikkje" - UÆÆÆ! Eg pinest! Skriv "heller ikkje"

     

    "de" - Skriv "dei"

     

    "Personlig" - Skriv "personleg"

     

    "ville vært" - Skriv "ville vore"

     

    "ein framifrå lausning" - NEEEEEEEEEEEEEEEEEEEI!!! Skriv "ei framifrå løysing"

     

    Vonar desse korreksjonane kan vere til hjelp.

     

    Elles er eg diametralt usamd i påstanden "Eg trur ikkje det er mange som kjem til å bruke noen av desse faga (realfag) seinare viss ikkje dei skaffar seg ein jobb som tilseier det". Teknologien i vårt samfunn er bygd på realfag som matematikk og fysikk, og alle som har interesse av å forstå det samfunnet vi lever i bør difor tileigne seg visse kunnskapar også innanfor desse fagfelta, sjølv om du tilsynelatande har negative erfaringar i så måte.

  3. Julius Cæsar og slaget ved Alesia er absolutt verdt å nemne. Elles kan personar som Saladin, Aleksander den store og Perikles vere relevante. I moderne tid vil eg saman med Rommel trekke fram Moshe Dayan, som var svært delaktig i Israels mange forsvarskrigar mot aggressive arabarstatar (kanskje spesielt Seksdagerskrigen).

×
×
  • Opprett ny...