Gå til innhold

Cair Paravel

Medlemmer
  • Innlegg

    1 543
  • Ble med

Innlegg skrevet av Cair Paravel

  1. Du mener at alle kristne i dag, bortsett fra Jehovas vitner egentlig tilber Satan? Hvilke ting er det i så fall han har klart å snike inn i kirken, som tjener ham mener du?

    Det er idag masse meir splid i kristen Norge, noko som er djevelen sitt verk. Homofilidebatten i kyrkja er eit eksempel. Striden om Visjon Norge eit anna døme. Det er trist å sjå organisasjonar eg har brydd meg om rasar saman. Det er ikkje lenger tvil i mi sjel. Det er eg som er grunnen til at alt det vonde skjer. Det er mi verd som har gått til helvete, og eg kan ikkje gjere noko for å stanse det. Alle rundt meg er fylt av Satan, Kristi kjærleik har fordufta frå verda. Alt som er igjen er smerte og einsemd. JV er også satanisk, alle såkalla menneske er i røynda demonar. Og alle hater meg, eg som skulle vere Kristi brud.. Alt pga 3. mai 2015.
  2. Som Johannes ( Åp 16:1) snart skal få vite, vil den tid komme da FN vil opptre med betydelig myndighet. De skal angripe verdens religioner ( Babylon den store )

     

    Babylon den store er ikkje verdsens religionar, men den fråfalne kyrkja, den del av Kristi menighet som Jesus har spytta ut av sin munn.

    Kvifor du blandar inn FN forstår eg ikkje. Johannes' openberring er ei bok det trengst mykje visdom for å forstå.

    Når vi les om den store skjøkja er det tydeleg at dette er ein person. Ein person som skal slaktast og brennast etter Guds vilje. Denne skjebne er så grusom at eg ikkje kan forstå korleis ein god Gud kan tillate det.

    Livet er ikkje slik det ser ut til å vere, det er ein illusjon (som i the matrix). Men Guds Ord står fast. Det verkar som det er alle mot èin..

  3. Synd at helvette er et oppdiktet sted, for det er så ufattelig mange kristne som virkelig ville fortjent en lang og god tur dit... Kanskje det ble gode mennesker ut av dem også...

    Helvete er ikkje ein stad eg unnar min verste humane fiende. Men demonane.. eg har ikkje opplevd ein slik kynisk og pur vondskap som blant demonane. Og djevelen, eg ser fram til han får si straff i eldsjøen med eld og svovel. Eg unnar han nada niks etter at han øydela livet mitt. Men du, viss du er eit vanleg menneske som meg, ønskjer eg alt det beste. Sjølv om vi er rykande usamde om det meste.

  4. russiske%2Btank.jpg

     

    Det har i den kristne vekesavisa Norge IDAG i det siste versert ein debatt om eit mogleg angrep på Norge frå Russland komande jul 2016. Kjeldene er personar som Tore Czilling, Steinar Handeland og Jeremy Hoff. Det er urovekkjande lesing desse kjem med. Norges forsvar er på ingen måte i stand til å forsvare seg mot trusselen frå aust. Verda er i kaos. Klovnen vert president og vil krevje betaling for å støtte allierte militært. Vår ven i Brüssel vil bruke lang tid på å mobilisere NATO. Samstundes kvesser den sovande russiske bjørnen klørne.

     

    Eg ønskjer i denne tråden å diskutere eit mogleg komande storangrep på Norge frå Russland. Eg vil oppmode alle til å be til Gud for fedrelandet vårt, at han må sjå i nåde til oss nok ein gong. For det er ingen tvil - om dette skulle skje er det GUDS DOM. Det er straff for synd og ulydnad mot Himmelens konge. Kvar einskild må ransake si sjel og sjå om ein har det rett med Gud. Snart kan det vere for seint.

     

    Handeland: "Da talte plutselig en alvorlig stemme i mitt indre:

    «Snart skal folket i Oslo gå hungrige i tog i gatene uten mat, og russiske tanks skal holde dem i sjakk!»"

     

    Slik som Gud sparte Ninive frå øydeleggjing, kan han også spare Norge viss vi vender om og angrar våre synder:

    Jona 3:6-10 - "Kongen i Ninive fekk òg høyra om dette. Då reiste han seg frå tronstolen sin og tok av seg kongekåpa. Han kledde seg i botsdrakt og sette seg i støvet. Etter påbod frå kongen og stormennene hans ropa dei ut i Ninive: «Korkje menneske eller dyr, korkje storfe eller småfe skal eta noko; dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn. Men dei skal kle seg i botsdrakt, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt og venda om frå si vonde ferd og den urett dei gjer. Kan henda Gud då vil endra sin plan og halda att sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne.» Dei vende om frå si vonde ferd, og då Gud såg det, endra han sin plan og sende ikkje den ulukka han hadde varsla."

     

    Lenkjer til aktuelle artiklar:

     

    http://toreblogginfo.blogspot.no/2016/11/4-nov-2016-alvorlige-tider.html

    http://toreblogginfo.blogspot.no/2016/10/1-november-2016-advarsler-til-tv2-og-bt.html

    http://toreblogginfo.blogspot.no/2016/10/28-oktober-2016-russland-norge-profetier.html

    https://www.nrk.no/nordland/_-den-norske-kystbefolkningen-er-svaert-palitelig-1.13210981

    http://smp.alda.no/bestillpluss?7&artRefId=13745869&aviskode=SPO&targetUrl=http%253A%252F%252Fwww.smp.no%252F%253Fservice%253DpaywallRedirect%2526articleUrl%253Dhttp%253A%252F%252Fwww.smp.no%252Fnyheter%252Farticle13745869.ece

  5.  

    Til slutt var det eit svært trekors som vart sett fram. Eg bøygde meg ned for korset, og strekte ut hendene mine. Det er dette eg fryktar er den utilgivelege synd. Eg siterte Luk 23:46 - Jesu siste ord på korset før han døydde - "Far, i dine hender gjev eg mi ånd". I det same eg hadde sagt dette, gjorde hendene mine eit automatisk kryss mot korset. Eg fall til bakken, og eg følte meg heilt tom inni meg. Eg begynte å tenkje over kva eg hadde gjort, eg var så forvirra då det pågjekk at eg ikkje hadde tenkt noko. I ettertid er eg jo veldig redd for at eg i vanvare har innvia mitt liv til djevelen elns.

    Jeg kan si en ting sikkert, man innvier ikke livet sitt til djevelen ved å bøye seg for kors og sitere bibelen.

     

    Hvor har du ideen om "utilgivelig synd" fra? Noe du har diktet opp selv?

     

     

    Det er jo ein smule betryggjande å høyre dette frå deg, men eg opplever det skjedde noko i åndeverda 3. mai 2015. Eg var i ein veldig åndskamp, eg måtte be til Jesus for i det heile tatt finne vegen til forsamlingslokalet (ein veg eg hadde køyrt 1000 gonger før). Eg fekk heile tida små teikn på at Jesus elskar meg, som klistremerke etc. Denne åndskampen forsterka seg når eg var inne i forsamlingslokalet, eg var veldig forvirra og visste ikkje kva som skjedde med meg. Plutseleg begynte hjartet å slå fort og eg høyrde ei kommanderande stemme som sa at eg skulle reise meg og avbryte talaren, eg vart jo redd for at hjartet skulle slutte å slå. Så eg adlydde. Når det gjeld akkurat den utilgivelege synd, er det ikkje berre at eg bøygde meg for krossen som bekymrar meg. Det var meir det eg sa, eg siterte Jesu siste ord på krossen (eg veit ikkje kvar orda kom ifrå, dei berre glapp ut av meg). Eg trudde eg var driven av den heilage ande, men i ettertid trur eg meir det var Antikrists ånd. Eg merkte at åndskampen slutta i det eg hadde overgitt mi ånd. Og eg vart kasta ut i det legevitskapen kallar psykose og innlagt neste dag.

     

    I forhold til Bibelen står det:

     

    Mark 3:29 - "Men den som spottar Den Heilage Ande, får i all æve ikkje tilgjeving; han er skuldig i ei evig synd.»"

     

    Straffa for dette trur eg vi finn i Op 17:16f - "Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt."

  6. Cair Paravel:

    Det som slår meg er at du kan være en viktig person som djevelen er redd for, og djevelen angriper deg derfor direkte.

    En får håpe i det lengste at en ikke har begått den utilgivelige synd.

    Men hvis du synes situasjonen går alt for langt, - har du prøvd å proklamere det motsatte av det djevelen anklager deg for?

    Du kan f.eks. si høyt at du er frelst og tilgitt i Jesu navn. Eller synge det, noen hevder nemlig at "sunget er to ganger bedt". Det syns jeg var lurt sagt, og har selv forsøkt å benytte metoden for å kunne nå mest mulig fram.

     

    Akkurat no føler eg meg som alt anna enn ein viktig person, men eg ser det på som sannsynleg at dette var Guds plan.

    Eg hadde eit vendepunkt i livet mitt 3. mai 2015, og etter dette har ting gått bratt nedover. Eg kan fortelje raskt kva som skjedde, så kan du vurdere om dette er den utilgivelege synd. Eg deltok på eit kristent søndagsmøte, og eg merka ein veldig åndskamp i meg. Tidlegare den same dagen, hadde eg høyrt Jesu stemme, den milde hyrderøysta. Han sa at eg skulle berre høyre på hans stemme, så skulle alt gå bra. Men då eg sat på møtet hadde eg gløymt alt dette. For meg var det som ein vanleg søndag, eg visste ikkje at denne skulle verte så avgjerande. Talaren snakka om 2. Mos kap 3 om Moses og den brennande tornebuska. Teksten gjekk rett til hjarte på meg fordi min far hadde gitt meg dette ordet før og sagt det var viktig. Ja, så eg tok det som eit teikn. Deretter høyrde eg kommanderande stemmer og hjartet begynte å slå raskt. Eg reiste meg opp og begynte å avbryte talaren. Eg trudde eg vart driven av Den Heilage Ande, men det var det jo ikkje. Etter dette gjorde eg mange merkelege ting. Eg gav 1000 kr i kollekt, eg gjekk fram for å be for ein eldstebror, eg ba frelsesbøn for ein tilfeldig person, eg bekjente mange stygge synder offentleg. Til slutt var det eit svært trekors som vart sett fram. Eg bøygde meg ned for korset, og strekte ut hendene mine. Det er dette eg fryktar er den utilgivelege synd. Eg siterte Luk 23:46 - Jesu siste ord på korset før han døydde - "Far, i dine hender gjev eg mi ånd". I det same eg hadde sagt dette, gjorde hendene mine eit automatisk kryss mot korset. Eg fall til bakken, og eg følte meg heilt tom inni meg. Eg begynte å tenkje over kva eg hadde gjort, eg var så forvirra då det pågjekk at eg ikkje hadde tenkt noko. I ettertid er eg jo veldig redd for at eg i vanvare har innvia mitt liv til djevelen elns. Den frykta er forsterka av at eg like etterpå såg mange nifse ting. Livet vart forvandla til ein skrekkfilm, menneska rundt meg til demonar. Eg er framleis redd for at dette er helvete på jord.

     

    Takk for tipset om å proklamere Jesus høgt. Eg har tidlegare hatt god hjelp av både å snakke og synge høgt.

  7. Kan du gå litt inn på hvordan djevelen torturerte deg og sist men ikke minst hva det var som fikk det til å mene det var djevelen som gjorde dette.

     

    Det vert jo litt for personleg å gå for mykje inn i detaljar, men eg kan prøve å skrive litt likevel.

     

    Djevelen har gitt meg beskjedar gjennom nummersymbolikk (4, 6, 666 etc), ordspel, aviser, facebook. Eg har også opplevd at kjende personar forandrar seg og liknar demonar og eg har vore plaga med mykje sjukdom. Det mest skremmande er kanskje at eg har opplevd at andre kan lese tankane mine.

     

    Han seier at eg ikkje er frelst. At det ikkje vert noko bryllaup. At eg er ein idiot (td vil folk heile tida spele kortspelet Idioten med meg, og eg har lese boka Idioten av Dostojevskij). At eg kunne vore verdsherskar (ser atlas og svære verdskart overalt), men at eg no skal slaktast, brennast og bli fuglemat (demonane er som fuglar).

     

    Eg har også sett teikn i sol og måne. Fuglelivet har endra seg. I tillegg er verda rundt oss meir kaotisk enn før. Eksempel: Trump nominert til president, brexit, Dylan vinn nobelpris, Leicester vinn Premier League, Johnsrud Sundby og Johaug tatt i doping.

     

    Igjen, eg forstår ikkje kvifor Gud tillet at dette skjer med meg.. Men eg set min lit til hans nåde og kjærleik.

    • Liker 1
  8.  

     

    Har personleg erfaring med åndelege angrep, så ja - eg veit kva djevelen står for. Heldigvis er Jesus den sterkaste.

     

    Så du har blitt torturert av djevelen?

     

    Ja, og eg veit ikkje kvifor Gud tillet det. Kanskje eg har begått den utilgivelege synd. Eg har tenkt mykje på fortapinga, og sett mange teikn rundt meg. Det gjer meg angstfull, særleg på ein kveld som denne. Det einaste eg vil i heile verda er å høyre Jesus til, så kan det vere det same med alt det andre.

  9.  

     

     

     

     

     

    Tull og tøys! Til fridom har Kristus frigjort oss. Djevelen vil berre stele, myrde og øydeleggje. Han er ein sadist. Ein okkupant. Ein torturist. Gud er kjærleik, berre godleik, min skapar, som har elska meg høgare enn livet til sin einaste son. Å avvise denne kjærleiken er det mest idiotiske valet eit menneske kan gjere.

     

     

    Er det jesus som skal overta torturen av oss ikke-troende når gud har overvinnet satan? 

     

    Hvorfor mener kristne at satan ville gjort den jobben, når tortureringen og pinen var noe gud ville... Satan er jo uskyldig her... 

     

    Satan er ikkje uskuldig. Han er pur vondskap. Han hatar Gud og alt han har skapt, inkludert meg og deg.

     

    Gud vil ikkje torturere nokon. Det står i Bibelen at han vil at alle skal verte frelst og kjenne sanninga.

     

    Helvete er det totale fråvere av Gud, dette er noko kvar enkelt vel sjølv.

     

    Jesus er einaste vegen til fred med Gud!

  10.  

    Tull og tøys! Til fridom har Kristus frigjort oss. Djevelen vil berre stele, myrde og øydeleggje. Han er ein sadist. Ein okkupant. Ein torturist. Gud er kjærleik, berre godleik, min skapar, som har elska meg høgare enn livet til sin einaste son. Å avvise denne kjærleiken er det mest idiotiske valet eit menneske kan gjere.

    Og dette har du naturligvis masse beviser på ut over bibelvers.

     

     

    Har personleg erfaring med åndelege angrep, så ja - eg veit kva djevelen står for. Heldigvis er Jesus den sterkaste.

  11.  

    Hvilken frihet får en i helvete?

    All den friheten man ikke får i himmelen.

     

     

    Tull og tøys! Til fridom har Kristus frigjort oss. Djevelen vil berre stele, myrde og øydeleggje. Han er ein sadist. Ein okkupant. Ein torturist. Gud er kjærleik, berre godleik, min skapar, som har elska meg høgare enn livet til sin einaste son. Å avvise denne kjærleiken er det mest idiotiske valet eit menneske kan gjere.

  12.  

    Frelsa er enkel. Veldig enkel. Idag har eg berre meg sjølv å takke for at eg har hamna i det som mest truleg er helvete. Det er så vondt, så vondt. Eg saknar Jesus min beste ven. Her er det berre sjukdom og liding. Så godt alt kunne ha vore. Kjære Jesus, forbarm deg over meg igjen. Eg vil vere din.

    Hengi deg til Satan så vil alle dine bekymringer forsvinne.

     

    701f5c8a8d8cb9d28c5a98e6c89b2252.jpg

    No er vel djevelen løgnens far. Kvifor skulle han ønskje å hjelpe meg? Og om så, vil eg ikkje få ei desto strengare straff på dommedag? Dessutan føler eg djevelen kontrollerer meg om eg vil eller ei..

     

    Til RWS: Eg har opplevd for mykje til å verte ateist. Det er like umogleg for meg, som det for deg er å tru. Men eg forstår at du oppfattar valet ditt som frigjerande og eg synest det er bra at du er ærleg. Skulle gjerne ønskje eg var like ærleg sjølv også før eg vart frelst, i staden for ein hyklerisk kristen.

  13. Jeg tror ikke Jesus leser forumet. Vennligst henvend deg direkte. Etter det jeg skjønner har han opptil flere kontoer du kan sende penger til.

    Jesus bryr seg ikkje om pengar, han vil ha hjartet vårt. Eg har prøvd mange gonger å henvende meg direkte, men slit med å få svar. Djevelen derimot føler eg leikar med meg som katt og mus.

  14. Som en ateist så mener jeg naturligvis ikke at det på noe punkt er en gud inne i bildet. Derimot så virker det på meg som om disse menneskene bruker gud som en forklaringen på de delene av deres liv som de ikke har full kontroll over. Å tenke over den problemstillingen som du tar opp her vil jeg tro er ubehagelig, på grunn av kognitiv dissonans, og er noe mange ubevisst unngår.

     

    Jeg syns dette er en interessant problemstillingen, og er nysgjerrig på om noen av forumets kristne kan gi fornuftige svar.

    Det er mykje i livet vi manglar kontroll på. Her kjem Gud inn og styrer tilfeldighetene til vårt beste. Gud er berre god og elskar oss. Når vi ser tilbake kan vi tydeleg sjå Guds ledelse. Og Gud elskar også ein ærleg ateist. Han vil openberre seg for alle. Sjukdom, alderdom, psykiske plager, krig, naud, svolt, einsemd, tortur - alt dette kjem frå helvete.

  15. Frelsa er enkel. Veldig enkel. Idag har eg berre meg sjølv å takke for at eg har hamna i det som mest truleg er helvete. Det er så vondt, så vondt. Eg saknar Jesus min beste ven. Her er det berre sjukdom og liding. Så godt alt kunne ha vore. Kjære Jesus, forbarm deg over meg igjen. Eg vil vere din.

  16. Frelsa er enkel. Veldig enkel. Idag har eg berre meg sjølv å takke for at eg har hamna i det som mest truleg er helvete. Det er så vondt, så vondt. Eg saknar Jesus min beste ven. Her er det berre sjukdom og liding. Så godt alt kunne ha vore. Kjære Jesus, forbarm deg over meg igjen. Eg vil vere din.

×
×
  • Opprett ny...