Gå til innhold

Cair Paravel

Medlemmer
  • Innlegg

    1 543
  • Ble med

Innlegg skrevet av Cair Paravel

  1. Liv og død er åndelege omgrep.

    I 25 år går livet oppover.

    Så kjem vegskiljet, der aldringa kan begynne.

    Dette er noko ingen sjølvsagt vil erkjenne, fordi folk er verdslege.

    Eg er vegen, sanninga og LIVET sa Jesus.

    Det er altså berre tull at ein er dødsdømt frå fødselen. Dødsdømt er ein først den dagen alt går til helvete.

    Kva er så grunn til å deppe? Å vere åleine kjempande mot det store universet er ein god grunn synest eg. Å ikkje kunne tøme sine djupaste tankar fordi ingen forstår er ein annan. Å leve i frykt for kva morgondagen bringer er ikkje godt. Å vere fanga i livsveven på veg mot avgrunnen er ulideleg. Å berre eksistere, men ikkje leve. Å høyre på andre sine trivielle problem. Det er så mykje rundt meg som vekkjer avsky. Bryllup og babyar, sjukdom og død. Eg veit ikkje kva som er verst. Best å døyve smertene med underhaldning og røyndomsflukt. Eg ser verda gå i grus rundt om meg, og føler meg som keisar Nero der han sat og spelte lyre medan Roma brann. På eit vis har eg empati med Nero. Kva kunne vel han gjere? Han var ingen brannmann. Eller kapteinen på Titanic som fulgte skipet ned. Kva tenkte han i det undergangen nærma seg. Eg veit ikkje, men eg føler med han også. Eg ropar Eloi, Eloi lama sabaktani, som ein gammal ven gjorde før meg. Men eg får aldri noko svar. Alt er svart.

  2. CK - Crusader Kings

    EU - Europa Universalis

    HOI - Hearts of Iron

    GPS - Geo-political simulator

    FM - Football Manager

    NSS - New Star Soccer

    SWOS - Sensible World of Soccer

    PCM - Pro Cycling Manager

    CYM - Cycling Manager

    AO - Anarchy Online

    SL - Second Life

    GW - Guild Wars

    RDR - Red Dead Redemption

    GH - Guitar Hero

    SM64 - Super Mario 64

  3. Det verste med døden er at det er då lidinga for alvor tek til.

    Først må ein stå til rette for alt ein har gjort og sagt.

    Så får ein domen.

    Så ventar evig pine i sjøen med eld og svovel.

    Står det ikkje skrive at Gud har lagt ned æva i menneskehjartet?

    Kor naivt er det då ikkje å tru at all liding plutseleg skal ta slutt berre fordi lekamen døyr?

    Nei, det finst ingen godleik og nåde for den fortapte.

  4. Det du tar til ordet for i ditt innlegg vil bety en massiv utvidelse av velferdsstaten som er det motsatte av hva vi trenger i en tid med sterkt økende utgifter grunnet en aldrende og mer pleietrengende befolkning. Skatteøkningene du foreslår vil heller ikke være langt på nær nok til å dekke inn kostnadene, og kan fort føre til mindre inntekter for staten da de vil gi færre sysselsatte og lavere økonomisk vekst. Å øke skattene når de allerede er blant de høyeste i verden er ikke spesielt klokt.

     

    Vi må naturlegvis ha balanse i budsjettet, men det betyr ikkje at vi skal nedprioritere dei som har minst til fordel for dei som har mest. Tal frå TBU viser at dei økonomiske skilnadene har auka med 9.7% under dagens regjering (http://www.tv2.no/a/8948736/). Forskjellsforskar Rolf Aaberge seier: " Stort sett er det to grunner til at inntektsulikhetene har fortsatt å øke de siste 15 årene. Den ene grunnen er innvandring. Den andre er at de rikeste i Norge har fått mer i inntekt, både på grunn av olja, og på grunn av skattereformer som har gitt lavere skatt." (https://www.faktisk.no/artikler/VL/hvorfor-oker-forskjellene-i-norge)

     

    Det eg tek til orde for er først og framst å reversere denne utviklinga ved å auke skattenivået særleg for dei rike, auke velferdsytingane til svakare stilte, samt føre ein streng innvandringspolitikk. Så kan graden av desse endringane diskuterast i lys av budsjettet, men det sentrale er at vi tek grep for å få ned dei sosiale skilnadene i samfunnet.

     

    Kvifor gi pengar til norske lukkejegarar??

    La kvar og ein take vare på si eiga velferd (vera seg sjølve nok), vere rause med sine eigen familie, og restriktiv med frammade lukkejegarar (uansett kva språk dei pratar).

     

    Det er ein skilnad på å vere fødd i Norge, og dermed vere ein del av vårt fellesskap og ein felles rett på våre naturressursar, kontra å vere utanlandsk og kome hit for å profittere på våre velferdsgoder. Vår oljerikdom er noko alle har del i, ikkje berre dei rikaste, men alle statsborgarar av Norge. Det betyr naturlegvis ikkje at nordmenn skal ha rett til å snylte på trygdeordningane, men dette har NAV sitt kontrollsystem god kontroll på.

     

    Den store majoritet av folk som nyttar seg av NAV-ordningar, er menneske med reelle behov, anten det er arbeidsløyse, sjukdom eller alderdom. Dette er lagnadar som kan råke alle, og som fellesskapet har eit ansvar for å forsørge. Dersom alle skal ta vare på seg sjølve, vil vi få eit kaldt og lite medmenneskeleg samfunn, med store klasseskilnader og alle problem som følgjer med stor fattigdom. Det er inga sjølvfølgje at alle har familie som kan hjelpe, og uansett ville dette føre til stigmatisering. Det er vel og bra at familien trør til når ein kjem i ein uheldig livssituasjon, men det kan aldri erstatte det sosiale tryggleiksnettet som folketrygda utgjer.

  5. Norge er eit fantastisk land. Vi har høg levestandard og små skilnader mellom fattige og rike. Vi har mange velferdsgoder som gir hjelp til dei som treng det mest, dei gamle, dei sjuke, dei arbeidslause, dei fattige osv. Mange tek desse godene for gitt, men i den tida vi lever i er det desto viktigare å stå opp for dei svake i samfunnet, og kjempe mot dei som ønskjer eit kaldare og meir usosialt samfunn. Korleis kan vi best hegne om dei verdiane som har gjort Norge til eit velståande land? Korleis kan vi best bevare velferdsstaten både i eit kort og eit langt perspektiv?

     

    I eit kort perspektiv bør Norge føre ein rettferdig omfordelingspolitikk, der dei rike betaler meir i skatt, samstundes som ytingar til svakare stilte aukar. Gode skattepolitiske tiltak er til dømes auke i formueskatten og gjeninnføring av arveavgifta. Det bør bli dyrare å eige og køyre bil. Vidare må vi auke inntektene til dei som har lite. Studentar bør få meir i lån og stipend. Arbeidslause bør få meir dagpengar. Sjuke bør få meir uføretrygd. Satsen for arbeidsavklaringspengar bør aukast. Minstepensjonistar bør få auka kjøpekraft. Vi må bruke meir pengar på fellesskap, på skule, helse og eldreomsorg. Eigenandelstak 1 og 2 for medisinske utgifter og fysioterapi bør reduserast. Bustøtte bør aukast. Dette har vi råd til, dersom vi prioriterar rett. Å erstatte velferdsytingar med borgarløn er også ein god tanke.

     

    I eit langt perspektiv er det to ting som er viktige. For det første må bruken av oljepengar ned no, og sparast til framtidige generasjonar. Med tanke på korleis samfunnet utviklar seg, til dømes den komande eldrebølgja, utfasing av fossilt brensel, er det fullstendig uansvarleg å bruke så mykje oljepengar som vi gjer idag. For det andre må vi redusere graden av innvandring kraftig, ettersom det vil koste ufatteleg mykje å integrere desse på ein god måte. Veldig mange innvandrarar går idag på velferdsytingar. Med mindre innvandring vil vi spare store utgifter, som kan bli brukt til å utjamne skilnader mellom etniske nordmenn. Vi kan heller støtte utanlandske naudlidande der dei er i nærområda.

     

    Kva parti vil så i størst grad føre ein velferdspolitikk som skissert over? Venstresida har gode tankar om sosial utjamning, men ein altfor naiv innvandringspolitikk. Frp har ein god innvandringspolitikk, men har elles ein politikk som aukar skilnadene i samfunnet. Vi manglar altså eit parti som både vil støtte sosial utjamning og streng innvandring. I den tida vi lever i, står vi overfor ei rekkje kritiske utfordringar. Vi er ein del av ei klode, som ligg i dødskramper, truga av klimakrise, overbefolking og ekstremisme. Som verdsborgarar har vi sjølvsagt eit medansvar, til dømes å redusere utslepp av CO2. Som nordmenn bør det likevel vere vår førsteprioritet å vere oss sjølve nok, ta vare på vår velferd så godt vi kan så lenge vi kan. Vi må vere rause med våre eigne landsmenn, og restriktive mot framandkulturelle lukkejegarar!

    • Liker 1
  6. Hvorfor skulle man da ikke trodd på noe om man ville?

    Tro er ett valg.

     

    For å sitere Richard Dawkins: "Believing is not something you can decide to do as a matter of policy. At least, it is not something I can do as an act of will. I can decide to go to church and I can decide to recite the Nicene Creed, and I can decide to swear on a stack of bibles that I believe every word inside them. But none of that can make me actually believe it if I don't."

     

    Her skriv Dawkins noko veldig viktig. Tru er noko meir enn ei kognitiv oppfatning av rasjonelle prov. Det er ei djup indre overbevising basert på empiri, som vi ikkje kan endre på. Ja, vi kan velge å utføre trushandlingar, men det er dermed ikkje sagt at vi trur. I kristen samanheng skil ein gjerne mellom å tru OM Gud og å tru PÅ Gud. Berre det siste er ei frelsande tru. Å tru om Gud er å tru at Gud eksisterer, at Bibelen er sann osv. Dette gjer mange ufrelste. Også djevelen trur at Gud er til og at Bibelen er sann osv. Ei frelsande tru er derimot gudegitt. Det er eit frø som Gud har planta i hjartet, og som veks seg stort med god og rett næring. Ei frelsande tru er å lære seg til å stole på Gud gjennom alle livets omstendigheter. Dette handlar ikkje om blind synsing, men om relasjonsbygging med Gud. For min eigen del synest eg at å tru om Gud er enkelt. Eg har lært om Gud sidan eg var knøttliten, og veit at alt er logisk og gir meining. Etter så å ha erfart Gud, er det ingen tvil i mi sjel om Guds eksistens.Det å tru på Gud derimot, det finn eg vanskeleg. Det å tru at Jesu død og oppstode gjeld som soning for mine synder. Det å tru at Gud bryr seg om meg, at han ikkje har forlatt meg. Det å tru at eg er frelst og kjem til himmelen. Det er veldig veldig vanskeleg. Ikkje fordi eg ikkje veit at Gud er kjærleik eller at himmelen eksisterer, men ganske enkelt fordi eg opplever ein annan åndeleg røyndom enn før. Sjølv om eg skulle ønskje av heile mitt hjarte at eg trudde, så greier eg det ikkje. Det har ingenting med viljen å gjere, men ei djup indre oppfatning av tilveret.

    • Liker 1
  7. Så du vil heller være alene. (enn å søke hjelp) Ja, hvis du mener at det er bedre for deg så.

    Terapi kan aldri erstatte naturlege relasjonar. Terapi er kunstig sosial kontakt, der alt handlar om pasienten. Eg trur derimot alle menneske har behov for å bry seg om nokon. Vi treng å vere del av ein familie, ikkje bli stua inn på kalde institusjonar der ingen bryr seg. Så kan ein også spør seg kor mykje "hjelp" ein får gjennom terapi. Mitt inntrykk er at terapeuten sitt primærfokus er å verne samfunnet mot pasienten. Middelet for dette er makt, til dømes hindre pasienten å køyre bil. Har ein først fått ei psykiatrisk diagnose (som på langt nær er like påliteleg som ei somatisk diagnose), møter ein eit urokkeleg system, der kameraderi gjer at ein ikkje kan få second opinion. Det følest som å slå mot ein murvegg. Andre sider ved terapien er dei evinnelege spørsmåla om basale funksjonar. Terapeuten bryr seg lite om korleis det eigentleg står til, så lenge søvnen er bra ol. Det største problemet er dog tilliten. Det er vanskeleg å ha tillit til nokon som har eit fullstendig annleis verdsbilete enn deg sjølv. Eg har for lengst innsett at psykiatrien er makteslaus i møte med eksistensielle endelege problem som mine. Kva så med lettare psykiske plager? Vel, eg trur ikkje psykiatrien kan hjelpe så mykje der heller. Det endar som regel med neddoping med medisinar, som gjer meir skade enn gagn. Ein fjelltur til dømes har langt betre effekt for helsa enn det psykiatrien kan tilby.

     

    Nei, mitt råd er å halde seg så langt borte frå all psykiatrisk terapi som mogleg. Det gjer ikkje ting noko betre og er eit nett som er vanskeleg å kome ut av.

  8. Kan noen hjelpe meg med denne oppgaven?

     

    I attraksjonen SpaceShot på Tusenfryd, festes du til et sete før du skytes rett opp til en maksimal høyde på 55 meter. I løpet av turen opplever man først konstant akselerasjon til man når maksimal hastighet, Vmax =75 km/h. Deretter virker kun tyngdekraften. Finn gjennomsnittsakselerasjonen fra start til maksimal fart.

    Her kan du bruke den tidlause formelen.

    Vi deler først strekninga i to delar.

    s1 + s2 = 55 m.

    s2 = vmax^2/2g = (75/3.6)^2/(2*9.81) m = 22.1 m.

    s1 = 55m - 22.1 m = 32.9 m

    a = vmax^2/2s1 = (75/3.6)^2/(2*32.9) m/s^2 = 6.6 m/s^2.

  9.  

    Hvordan fortelle menneskeheten at religioner og guder er menneskeskapt?

    Gi antipsykotisk medisin først.

     

    Seriøst, er det forsket på om folks tro svekkes av antipsykotisk medisin?

    Mitt forslag er: Legg ned psykiatrien. Den gjer meir skade enn godt. La folk få tru på kva dei vil.

     

    Medisinering kan aldri endre på den objektive røyndomen. Det er den sekulære røyndomen som er ei vrangforestilling, og dens tilhengjarar står bevisst eller ubevisst i ledtog med djevelen.

  10. Wohuu !!! det er ikke lenge til vi får svar!!! For å være ærlig Jeg gueeeeeeeegleeeeder meg å få svar . Har vært girra å studere siden nytt året 2017. Nå begynner det å nærmere seg . det er 11 dager igjen , men det føles 11 år. jeg har ordnet student bolig og har skrevet under kontrakten. men det problemet er at jeg søker om dispensasjon fordi klarte ikke å bestå i matte faget. de 3 år jeg gått på vgs har jeg bestått med alle fag unntatt siste året matte 2py. jeg strøk matte pga jeg har hatt diagnose '' psykose'' . jeg har sendt til skolen en søknad der jeg beskriver grunnen jeg søker om dispensasjon og 2 erklæringer fra sykehuset og psykologi . jeg tror jeg har sjanse de tar meg inn!! hva tenker dere ? det hadde vært fint om dere kunne si deres meninger ?

    jeg håper at alle dere som har søkt høyre utdanning kommer inn .

    No er eg i utgangspunktet veldig skeptisk til diagnosen psykose, men på kva måte hindrar tilstanden din deg i å gjere det bra i matematikk? Lukke til med studiane?

  11. Helt riktig. De fleste synes ikke det er så rasende festlig å sitte i kassa eller vaske golv, så om en kunne få nesten like mye penger ved å sove utover formiddagen og kose seg, ville mange gripe den muligheten med begge hender.

    Jeg har selv en slags erfaring her: For noen år siden var jeg lei, så jeg sa opp jobben og tok meg fri i to år. Herlig! Og det virket bra, etter friåra kom arbeidslysten tilbake og jeg fikk meg ny jobb. (Men jeg lå ikke samfunnet til byrde, jeg levde kun av mine egne sparepenger).

    Ytelsene til arbeidsløse og uføretrygdede må ned, slik at det blir klart mer penger netto ut av å jobbe enn av å sløve.

    Det er allereie idag eit stort klasseskilje mellom dei som jobbar og dei som ikkje jobbar. Dette klasseskiljet må bort! Det er ingen som ønskjer å gå på trygdeytingar, men når skaden først er skjedd, har staten ei plikt til å ta vare på dei svakaste i samfunnet. Difor må vi styrke velferdssamfunnet. Trygdeytingane må opp for at sjuke og vanskelegstilte kan få eit verdig liv. For mange er sjukdom og helsevesen allereie ei stor byrde. Vi treng ikkje leggje stein til byrda gjennom dårleg økonomi og NAV. Dersom vi ikkje hadde velferdsstaten måtte slekt og vener trått til for å hjelpe den sjuke. Dette hadde vore ugunstig både for den sjuke og dei pårørande. I tillegg ville mange utan slekt og vener hamna i rennesteinen. Eg er glad for at Norge ikkje er eit slikt usosialt samfunn.
  12. Jeg har tatt det opp med de, og hun sa at det var blitt mye vanskeligere å få utdanning som et tiltak inn under AAP. Det var faktisk lettere for meg å få trygd sa hun. Men det ville ta noen måneders saksbehandlingsprosess.

     

    Min sakshandsamar sa at det ikkje skulle vere noko problem å få utdanning som eit tiltak ved AAP. Men det har vel med grad av helseplager og liknande. Sjølv finn eg det langt meir givande å bruke tida på noko som interesserer meg enn å bli utplassert på random dumrian-arbeid. Skulle berre mangle at NAV gir hjelp til omskulering og utdanning.

  13. Spoilervarsel

     

    Høgdepunktet i sesongen var Frank sin tale i slutten av episode 12, der han overraskande trekk seg som president. Verkemiddelet med å henvende seg direkte til sjåaren forsterkar det heile, i det Underwood anklagar også sjåaren for å ha blitt underhaldt av den umoralske politiske reisa han har vore vitne til.

  14. Størst av alt er kjærleiken. Dess lengre eg lever, dess meir forstår eg dybda av desse orda. Ikkje fordi eg sjølv erfarer det, men kanskje tvertimot. "I thought love was only true in fairytales, meant for someone else but not for me". Eg kjenner meg igjen i desse strofene frå The Monkees. Verda er oppslukt av kjærleik, men den er overfladisk og egoistisk. Den einaste kjærleiken som overlever tidens tann er Guds kjærleik. Jesus seier: "Med ein evig kjærleik har eg elska deg". Eg fattar ikkje at eg ikkje gav livet mitt til Jesus lenge før. For livet var eit eventyr. Det var meg og Jesus. Det var forutbestemt, skrive i stjernene. Han var den rette for meg. Eg trudde eg hadde rett til å playe folk, og i staden var det eg som vart playa av djevelen. Eg tenkte vondt om meg sjølv, men idag forstår eg kor dyrebar eg var i Guds auge. Kvifor jage verdsleg lukke når det beste i livet er gratis? Det beste i livet er Jesus. Ingen legg ljos over vegen som Jesus og kjærleiken hans. Eg fortente den aldri uansett. Eg, ein syndar, som i staden for å vinne sjeler for himlen lot verda gå til helvete. Likevel vert det ikkje mindre bittert å tenkje på alt som kunne ha vore. Love hurts.. </3

    • Liker 1
×
×
  • Opprett ny...