Jump to content

Cair Paravel

Medlemmer
  • Content Count

    1542
  • Joined

Community Reputation

590 :)

Profile Information

  • Kjønn
    Mann
  1. Op 7:12 – «Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»» I høve den komande translasjonsfesten, skriv eg nokre ord om Den Store Himmelstriden, om den store løyndomen som har vorte openberra i desse siste tider. Kven er draken? Kva er eit menneske? For å ta det siste fyrst, mennesket er både det løynde og det røynde, det synlege og det usynlege, det maskuline og det feminine, det ytre og det indre. Gud skapte Adam av jord, og Eva av ribbeinet hans. Både Adam og Eva fall i synd der i Edens hage. Adam er slik eg skjønar det mennesket sin maskuline avatar i det synlege, medan Eva er det feminine indre motstykket, det sjelelege eller psykiske. Fordi synd er skuldig til døden, og synd er ein naturleg konsekvens av den frie vilje, hadde Gud i sin nåde frå opphavet klar ein redningsplan. Det måtte ein mellommann til, ein ny Adam, den perfekte Kristus. Og dette er den store striden, ein strid mellom det gode og det vonde. Bibelen seier at i opphavet var Ordet. Ordet som vart forkynt til det indre hjartet, skapte tru på ein Redningsmann. Den Heilage Ande er eit såkorn som gjev evig liv i Kristus. Møya skulle verte med barn, og føde det inkarnerte Jesusbarnet. Dette er det å verte fødd på ny. Kven er så draken? Ikkje utelukkande ei ekstern kraft, ein ytre fiende, men mennesket sin eigen syndige natur. Det var derfor det står skrive at Jesus vart til synd, og at han samanlikna seg med koparormen i øydemarka. For å verte frelst må eit menneske krossfeste sin eigen vonde natur med lystene og lastene. Han må bøye eigenviljen, og krone Jesus som konge i sitt hjarte. Det finst ingen siger utan liding, ingen herlegdom utan fornedring. Og tida kom då møya skulle føde. Jesus, som før var berre eit ideal om eit perfekt menneske, skulle manifesterast i det synlege. Så kjem vendepunktet i historia. Gamle Adam ville ikkje døy. Hovmodet vart for stort. På den vonde dagen, ville han bli god i eiga kraft. Kjærleiken tapte og egoismen vann. Draken vart kasta til jorda som ein orm, og mennesket forstod skilnaden mellom godt og vondt. Djevelen er ikkje alle andre, det er egoet, sjølvlivet. Så har då Antikrist kome til verda, ikkje som ein konge, men som ein svikefull og tarveleg Judas, som den lidande Kristus. Fordi han har dolka Kristus i ryggen, er det inga soning for synd i Lammets blod. Dette er den utilgivelege synd, spott mot den Heilage Ande. Egoet som valde seg sjølv til pave, vart dømd som juksepave, og transformert til ein altargut, den lågaste av alle. Sviket er komplett i dette at dei vonde englane også har vendt seg mot Antikrist. Det løynde og det røynde dansar ein makaber dødsdans, i svikefull kjærleik, forakt og eld. Mennesket vert manipulert og er ein manipulator, bunden til det illusoriske spelet som eksistensen er. Skjøkja vert brent på staken som heks, medan Antikrist vert kasta i eldsjøen. Kva gagnar det så eit menneske om det vinn heile verda, men tek skade på si sjel?
  2. Når du skriv tretti sekel, er det nærliggjande å tenkje på dei tretti sylvpengane Jesus vart sviken for (Matt 26:15). Jesus valde å ofrast for å løyse fri ei brud med sitt blod.
  3. 79 poeng er ikkje nok til ligagull. Det er merkeleg at alle synest å tru at gullet er i boks..
  4. Klimafanatisme er ei skummel antikristeleg domedagssekt, som er bygd på løgn og svovelpredikering. Dei klimareligiøse påstår at klimaendringar er menneskeskapte og at menneskeslekta gjennom bot og betring kan redde verda. Sanninga er at menneskeslekta har eit problem, og det er synda - dvs opprør mot Guds vilje. Følgjene av synda er døden. Idag blomstrar synda overalt i samfunnet, til dømes pride-tog, og vi mistar Guds velsigning over landet. At verda er i ferd med å gå under, var profetert for lang tid tilbake. Bibelen seier at denne verda er spart for elden. I staden for klimaaskese burde vi alle søke Gud og be om ny nåde over landet. Vi kan ikkje redde verda åleine, men Gud kan frelse. Den einaste redninga er Jesus.
×
×
  • Create New...