-
Innlegg
9 222 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No har Ukraina blitt lova både patriot og andre luftvernsystem frå både den eine og det andre. I tillegg ventar ein på F16. Kor mange fleire kraftstasjonar, flyplassar eller bustadhus må gå til før Vesten greier å få ræva i gir? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om eg ikkje tek heilt feil vil terror og antisemittisme styrke høgrepopulistane i den franske valkampen. Ein skal heller ikkje sjå vekk frå at Russland kan setje i gang påverknadsoperasjonar som forsterkar eit sinne i befolkninga. -
Når ein klikkar på ein tråd på framsida til diskusjon.no ser ein ikkje dette før ein er inne i tråden. Dessutan skader det ikkje å bruke ei skikkeleg overskrift uansett.
- 25 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/fotballem/soldatane-hyllar-ukraina-stjernene-_-folger-em-med-denne-1.16929400 Ukrainske soldatar ved fronten følgjer fotball-EM via Starlink mellom slaga. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/eu-vil-fortsatt-kjope-russisk-gass-1.16934093 -
Om ein tar med svineinfluensaen har ein allereie hatt to pandemiar på under 15 år. Samstundes hadde ein uvanleg mange fuglar som døydde av influensa her i Norge i fjor. Pandemiar er ikkje noko som ein skal gå rundt å bekymre seg over, men det er viktig at beredskapen er på plass før neste pandemi, enten den kjem om 10 eller 100 år. Har ein god beredskap der ein har lært av erfaringane frå forrige pandemi blir det forhåpentlegvis også færre og meir målretta tiltak. Nedstenging må vere siste utveg. Men neste gong beredskapen blir testa er det gjerne snakk om ein heilt annan type krise, som f.eks. naturkatastrofe, terror eller krig.
- 182 svar
-
- 5
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er kanskje like greit å innføre yuan (eller låse kursen på rubel mot yuan) først som sist? -
Eg hadde aldri forventa at Norge og Sverige samla sett skulle ende opp med nesten lik overdødelegheit. Dette er noko som også burde interessere forskarar. Kva kan forklare skilnaden i 2022? Er det immunitetsgjeld eller andre effektar/biverknader av nedstenging/gjenopning? Sidan Sverige venta lenge med å stenge ned vart nok immunitetsgjelda mindre. Var det mindre dødelegheit på grunn av korona, influensa eller andre sjukdommar i Sverige enn i Norge i 2022? Mange unge fekk ei vanskeleg tid i ein kritisk periode av livet, og det har vel vore auke i både psykiske problem og ungdomskriminalitet etter gjenopninga. Har det vore auke i talet på sjølvmord? Det var vel også uvanleg mange trafikkulukker i 2022. Kanskje førte nedstenginga til at folk kasta alle hemmingar når ting vart normalisert? Reagerte folk annleis i Norge enn i Sverige? Elles er sjølvsagt overdødelegheit berre ein liten del av korleis pandemien påverka oss, og det vil også vere interessant å forske på skilnader når det gjeld langtidsskader, psykisk helse, økonomi osv. Så får ein håpe at det er mogeleg å finne svar, slik at ein kan setje inn treffsikre og målretta tiltak med minst mogeleg skadeverknader ved neste pandemi.
- 182 svar
-
- 4
-
-
-
Det var betre slik: Men det verste med linjær-tv frå Nrk er alt reklamemaset. "Se det nå!". Synd at det ikkje var snakk om Trump forresten.
- 25 svar
-
- 2
-
-
-
Figuren med statistikk over overdødelegheit er interessant. Ein legg merke til at Sverige ikkje har nevneverdig meir overdødelegheit i perioden enn Norge. Dette trass i at det i deler av perioden, og då særleg i starten var store skilnader i handteringa av pandemien. Skilnaden ser ut til å vere at Sverige hadde høgare overdødelegheit i 2020, men hadde til gjengjeld mindre overdødelegheit i 2022 etter at koronatiltaka vart fjerna. Hadde Tegnell likevel rett?
- 182 svar
-
- 2
-
-
Men i dagens samfunn slepp ein massedød både fordi ein har ein heilt annan levestandard, kunnskap om smitte og hygiene samt at ein brukar vaksiner til å skape immunitet. (Og korona-tiltaka hindra stor smittespreiing før folk var vaksinerte).
- 182 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Då får ein håpe at Ukraina også får luftvern så det monnar. Elles er dette idioti. Eg vil tru at F16 er noko av årsaka til at det no m.a. kjem meldingar om at USA prioriterer luftvern til Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ja, meteorologisk sommar hadde ein vel i mai. Uansett: I Sverige kallar dei jonsok for midtsommarafton. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sommarmånadane er juni, juli og august. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dennis Davydov snakka om dette i den siste youtube-videoen som vart posta her for nokre innlegg sidan. Han meinte at sidan det er ganske få F16 som blir levert i nær framtid er det heller ikkje nokon vits i å trene haugevis med pilotar som deretter ikkje får praktisert, og etter kvart mistar treninga. Han hevda også at flyvåpenet til Ukraina fram til krigsutbrotet i 2022 (eller var det 2014?) hadde "sovjetisk" mentalitet, og at pilotane vart sett til å flytte papir og nesten aldri fekk trent. Medan USA og andre sviktar får ein håpe at franskmennene får fart på trening og leveranse av Mirage-fly som monnar. -
Motkraft var vel dei fyrste som ikkje greidde å halde det dei lova. Vibb har vel sterke selskap på eigarsida, og det er dermed større sjanse for at dei faktisk greier å halde den avtalen som ein har ingått tida ut.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I følgje oversikta ovanfor er talet 7984. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Her kan ein vel berre spekulere. Tokajev er vel kanskje ikkje Guds beste barn han heller. Skulle det vise seg at han har bestilt eit drap på nokon som oppheld seg i Ukraina vil dette vere ein stor skandale. Derimot er det heilt "normalt" at Russland gjer slike ting. Er det nokon som kjenner meir til dette ekteparet, meiningane deira og om dei evt. kan ha blitt oppfatta som ein "trussel" mot Putin? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det har vore leigesoldatar frå Nepal, India, Afrika osv. Men ein har vel aldri høyrt om at Russland har prøvd å rekruttere kinesarar som kanonføde. Er dette fordi dei redde for å miste sin viktigaste støttespelar? -
AIDS og HIV betydde den visse død då desse virusa byrja å smitte. I dag har ein medisinar som gjer at folk som blir smitta er friske. Vel og merke gjeld dette berre i rike land, og HIV og AIDS, tuberkolose osv. er eit stort problem i store deler av verda. Men dette er berre to av dei gløymde krisene som ikkje rammar oss, og som sjeldan blir nemnt i media.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Som eg har sagt før: Om Serbia mislikar at NATO "tok" Kosovo må dei også mislike at Russland prøver å forsyne seg av Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det ville no vere litt rart at Sverige og Finland går ut med dette, medan Norge prøver å halde det "hemmeleg". -
Når dei fyrst reagerte stengte dei ned landet på grunn av den mindre farlege omikronvarianten. Så viste det seg at den nye varianten både var meir smittsam og mindre farleg. I tillegg var befolkninga så godt vaksinerte at det ikkje lenger var snakk om pandemi. Dermed var full gjenopning uungåeleg. Men nedstenginga førte i det minste til ein rask slutt på deltavarianten, som var ei stor belastning på sjukehusa i førjulstida 2021. I etterpåklokskapens lys måtte ein evt. ha innført den siste nedstenginga før, og så byrja på ein strategi mot full gjenopning så snart omikronvarianten utkonkurrerte deltavarianten. Mi meining er at den norske koronahandteringa redda mange liv både direkte og indirekte (belastning på helsevesenet) i tida fram til det store fleirtalet var vaksinerte. Så får ein håpe at styresmaktene tek vare på alt ein har lært om beredskap, smittevernstiltak, skadeverknader ved nedstenging osv., slik at ein f.eks. ikkje hamnar i ein situasjon med mangel på smittevernutstyr eller behandlingskapasitet ved neste pandemi, og at ein då også kan unngå ein del av skadeverknadane som kom på grunn av sjølve nedstenginga.
- 182 svar
-
- 2
-
-
-
Om det ikkje oppstod problem før, oppstod det problem når desse skulle ut att i skule, arbeid osv. Det var lite kriminalitet under pandemien, men etter at samfunnet opna opp har ein fått ein epidemi av svenske tilstandar når det gjeld ungdomskriminalitet. Bortfall av skule, organiserte fritidsaktivitetar og møte med andre menneske har tydelegvis skubba mange unge ut på skråplanet. Elles har ein også sett auke i eteforstyrringar og psykiske problem både under- og etter pandemien.
- 182 svar
-
- 3
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg kosar meg litt over dei 400(?) russarane som Ukraina har fanga i fabrikken i Vovtsjansk. Om ein får dei fleste til å overgje seg bør dette gje ein moralsk boost til ukrainarane, samt svekke moralen til dei russiske soldatane. I tillegg blir det enklare å jage russarane ut av Kharkiv-regionen, samt at fangane kan gje nyttig informasjon til Ukraina og brukast i fangeutvekslingar med Russland (eller evt. kjempe vidare for rebellane/på ukrainsk side). Det er elles interessant at den russuske framgangen i aust ser ut til å vere i ferd med å stagnere.