Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 218
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. ... eller omgangssjuke eller rein tilfeldigheit?
  2. https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/sykdommer-a-a/botulisme/?term= No var vel dette eit svar på m.a. min kommentar. (Og eg lærte noko nytt). Uansett: Dersom maten smakar og luktar normalt vil det vanlegvis vere ufarleg å ete den. Viser maten teikn til å vere sur eller bederva bør ein vere forsiktig.
  3. Kva for ein skyttar?
  4. Sakleg... Er namnet på våpenet viktigare enn kor mange born som blir drepne? Kor mange russiske born er blitt drepne av ukrainske klasevåpen?
  5. Kor mange er du villig til å ofre? Det var nyleg ein del kreftsjuke born som gjekk til i Kyiv, m.a. fordi Ukraina ikkje får lov til å bruke ATACMS mot flybasane inne i Russland som flya som sende desse missila kom frå.
  6. Dersom ikkje Vesten hadde hatt atomvåpen ville det ha vore stor fare for at Russland kunne ta atomvåpen i bruk.
  7. Klasevåpen tek mange russiske soldatar på ein gong. Dette er viktig når russarane brukar kjøt for å overvelde det ukrainske forsvaret. Om ein sender missilar eller droner mot ein russisk flybase øydelegg ein kanskje eitt og anna fly om ein er heldig. Sender ein derimot ATACMS skadar ein derimot store deler av flyparken slik at desse flya ikkje kan brukast til å bombe ukrainske sjukehus, kraftstasjonar, militære anlegg eller ukrainske posisjonar ved fronten.
  8. Og du skjønte altså ikkje at den kommentaren var eit sarkastisk svar til dei som vil forby ulike slags våpen fordi våpen er "fæle", og tilsynelatande vil at ein skal slåst med "stokkar og steinar"? Skal det verkeleg så lite til for å hisse opp enkelte deltakarar i denne tråden?
  9. Kva meiner du med dette?
  10. Ein vil vel iallefall drepe dei fleste bakteriane.
  11. Mange døydde som barn, ein del døydde unge. Og ikkje minst var det mange kvinner som døydde i barsel. Men alder var inga hindring for å gifte seg, folk kunne bli gift både 4 og 5 gonger. Born vart det også, trass i at aldersskilnaden på ektefellene kunne vere stor begge vegar. Men i dei tilfella der kona var over 46-47 år vart sjølvsagt ekteskapa barnlause. Når enkjemannen så gifta seg att i 70-åra vart det derimot ny barneflokk.
  12. Eg er einig i dette. I tillegg er det viktig å skilje mellom "best før - ofte god etter" og "siste forbruksdag". Varer merka "siste forbruksdag" bør ikkje frysast ned eller etast (med mindre dei har vore fryst) etter at datoen er gått ut. Likevel skal det mykje til å bli sjuk, og eg har ete servelat eller skinke ein månad etter at datoen gjekk ut. Legg ein slikt i frysen i god tid før det går ut på dato vil dei derimot halde seg i årevis.
  13. Før krigen var det ikkje noko fleirtal for ukrainsk NATO-medlemsskap. Putin har med denne krigen drive god rekruttering til NATO.
  14. Det fyrste som står i artikkelen er dette:
  15. Det er lita hjelp i dette når dei blir kverna før dei kjem så langt. Det veit nok også dei russiske styresmaktene.
  16. Når barnet blir vakse vil hen kunne ta gentest og få treff blant slektningar på slektsdatabasar på nettet. Så ein har aldri nokon garanti for at ein kan halde dette hemmeleg uansett. Det er vel ganske naturleg at mange (dei fleste?) ynskjer å vite kva opphav ein har og kven ein deler flest eigenskapar med i denne verda. Den norske tilnærminga er der av gode grunnar, og det finst uansett mange måtar å oppretthalde folketalet på. Det er ikkje mangel på folk i verda for å seie det slik.
  17. Som trådstartar sjølv seier var det tidlegare ikkje uvanleg for kvinner å få born fram til ein er 46-47 (mor mi var 41, farmor 46), men sjansen vil vel minske alt frå ein er i 30-åra. Ein skal vel heller ikkje sjå vekk frå at livsstilsendringar og ureining/miljøpåverknader gjer at fertiliteten i dag er lågare og/eller at overgangsalderen kjem tidlegare. Det er vel uansett berre ein måte å finne ut dette på, nemleg å prøve. Om det ikkje fungerer skulle jo også adopsjon vere eit mogeleg alternativ.
  18. Har krigen i Ukraina, alliansen mellom Russland og Iran, 7. oktober-terroren og/eller Gaza-krigen påverka forholdet mellom Israel og Russland? Korleis er synet på Russland i Israel i dag?
  19. Er det nokon som kan nekte dei det, dersom Ukraina ynskjer dei velkommen?
  20. Og kvifor er Israel alliert med Tyrkia og Azerbajdsjan? Er det fordi alle desse landa har sterke leiarar som "snakkar same språk", og som ikkje går av vegen for å føre krig for å oppnå sine mål?
  21. Er forholdet mellom Israel og Russland tradisjonelt like dårleg? Og evt. kvifor ikkje? Ein stor del av den jødiske befolkninga i Israel er vel nettopp frå Russland. Har religion noko å seie? Korleis ville russiskortodokse kristne bli behandla i Israel samanlikna med den armensk-kristelege minoriteten?
  22. Elles trur eg at mange av Russland sine vener jattar med Russland fordi dei ser at Vesten er svake. Dersom Ukraina skulle få frie tøylar og nok støtte til at dei kjem på offensiven og krigen snur skal ein ikkje sjå vekk frå at India og ein del andre land lener seg meir mot Vesten. Under krigen var Sverige nøytralt men tyskvennleg så lenge tyskarane hadde framgang, og nøytralt men alliert-vennleg etter at den tyske krigslukka snudde. Dersom ein utelukkande tenkjer på sitt eige land sine interesser er dette ei fornuftig tilnærming.
  23. Kan det vere slik at Lukasjenko prøver å snu ryggen til Putin for å ikkje bli dregen inn i krigen, samstundes som han søkjer støtte hos storebror, Kina?
  24. Kvifor er forholdet dårleg mellom Israel og Armenia, evt. mellom Israel og armensk-kristne innbyggjarar? Og kvifor støttar Israel Azerbajdsjan? Både jødar og armenarar har historisk blitt utsette for folkemord. Burde ikkje desse landa då heller ha vore allierte?
×
×
  • Opprett ny...