Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 286
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det tok 13 år å frigjere Syria. Det er viktig at ikkje Syria blir gløymt og overlate til kaos og terror.
  2. Ydstebø nemner både krigen i Vietnam og den amerikanskleia okkupasjonen i Afghanistan. Begge stader var det mangel på politisk vilje som gjorde at USA tapte. Dersom det er politisk vilje i Europa til å støtte Ukraina "as long as it takes" vil Ukraina ha gode føresetnader for å vinne krigen. I motsett fall vil dette bli vanskeleg.
  3. Folk på ytterfløyane er forholdsvis meir aktive i kommentarfelt, og kanskje også i slike uhøgtidelege meiningsmålingar... håpar eg. På den andre sida er det positivt at 87% er godt orienterte om kva russisk "forhandlingsvilje" inneber i praksis. Men avstemninga i ei seriøs nettavis manglar alle dei som brukar TikTok eller andre søppelsider til å lese nyheiter og forstå verda. Det er vel desse sistnemnde som utgjer den største faren for at parti som FOR eller Norgesdemokratene kan komme over sperregrensa.
  4. Med Trump-administrasjonen er vel det beste ein kan håpe på at USA ikkje stansar deling av etterretning (slik dei gjorde i vinter), blokkerer bruk av våpen med amerikanske deler, fjernar sanksjonar på eiga hand eller byrjar å støtte Russland aktivt. I det minste kan krigen mellom Israel og Iran føre til at Russland mistar ein partner som har vore viktig for dei i krigen mot Ukraina. Zelenskyj og Ukraina har blitt audmjuka nok. Det som er viktig no er at europeiske land gløymer USA, og kompenserer med å auke militær- og økonomisk støtte til Ukraina. Denne krigen skal Ukraina vinne på sikt.
  5. https://www.nrk.no/innlandet/halv-milliard-til-ny-produksjonslinje-for-raketter-til-nammo-1.17459958
  6. Vil denne måten å "tape" soldatar på bli rekna med i tapstala som Ukraina publiserer kvar morgon?
  7. https://www.nrk.no/norge/ukraina-krigen_-etterforsker-bildeler-fra-kongsberg-1.17452967
  8. ... og dermed vil vi vel heller ikkje få vite frå offisielt hald kva desse sårbarheitene består i.
  9. Vel så viktig som det politikarane seier er det som blir gjort i kulissane. Ein kan jo ha eit lite håp om at det blir lagt planar om korleis ein kan styrke europeisk forsvar og å gjere seg meir uavhengig av både USA og Kina. Det blir f.eks. spennande kvar den kommande norske fregatt-handelen vil finne stad. Eit stort problem med demokratisk styring der politikarar er på val titt og ofte er evna til å tenkje langsiktig. Putin har f.eks. overlevd fleirfoldige presidentar og statsministrar i dei fleste demokratiske land.
  10. I Belarus er stort sett all opposisjon mot regimet knust, og overvakinga minner om George Orwells "1984". https://www.nrk.no/urix/belarus_-opposisjon-er-knust-_-fra-eksil-kjemper-fagforeningen-for-rettigheter-1.17451051
  11. Det viktigaste er vel at forholdet til Israel betyr mykje meir for Trump/USA enn forholdet til Europa. Det har jo elles også sett ut til at Trump-folka prioriterer eit godt forhold til Putin/Russland framfor eit godt forhold til Europa.
×
×
  • Opprett ny...