Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 096
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. For det finnes ingen av dette langs hele vestlandet? Så får ein plassere det i Oslo.
  2. Tapet gjennom kraftlinjene er vel ikkje så stort. Det vil difor vere mykje betre å plassere datasentra i- eller nær byar og tettstader, slik at ein kan bruke overskotsvarmen til noko fornuftig. Men dette krev at ein har både nok straum og nok nett til å frakte straumen. Bygging av kraftlinjer fører gjerne til protestar mot øydeleggjing av natur. Det er elles ei gåte for meg at Statsforvaltaren set ned foten for skånsame vasskraftutbyggingar, samstundes som det er meir eller mindre fritt fram for vindkraft som etter mi meining er mykje verre med tanke på øydeleggjing av natur.
  3. Nrk hadde nyleg ei sak om akkurat dette: https://www.nrk.no/direkte/xl/slik-har-internett-endret-seg-1.17366985
  4. Men dette er jo ikkje akkurat noko overrasking. Resultatet av Russland si framferd har ein sett både i Butcha og i områda som vart frigjort hausten 2022.
  5. Akkurat der har han mykje til felles med idolet i Kreml.
  6. Men er ikkje dette også eit reelt problem? Ein veit at Kina ynskjer å kontrollere befolkninga. I USA drøymer Trump-administrasjonen om liknande ting, noko som m.a. gjer det farleg for studentar å ytre seg. I land med autoritære styresett er AI og ansiktsgjenkjenning nyttige verkty for å få dette til.
  7. Det blir visst ny rekord for kvar dag som går. Putin ser at han kan terrorisere Ukraina så mykje han vil utan at det får nokon konsekvensar. Trump prioriterer eit godt forhold til Putin og Russland framfor sine allierte, og legg skulda på Zelenskyj og Biden. I Europa driv ein stort sett berre og pratar. Kvar blir det f.eks. av dei tyske Taurus-missila?
  8. Når Putin ikkje er interessert i noko våpenkvile og set alt inn på å ta Ukraina: Er Putin gal, eller er han ein rasjonell spelar som blir meir og meir overbevist om at han vil vinne? Kan Putin sin besettelse vere ein fordel for Ukraina og auke sjansen for at Ukraina vinn krigen på sikt? Eller vil mangelen på våpenkvile auke sannsynlegheita for ukrainsk kollaps?
  9. Russland har sperra mange utanlandske nettsider frå før. Det er vel ikkje utenkjeleg at dei er klar over både denne tråden og at det store fleirtalet av medlemmer på diskusjon.no og det norske folk støttar Ukraina og er motstandarar av krigen.
  10. Har Svanesjøen blitt vist på russisk tv?
  11. Nei! Med mindre dei er "offentlege" personar frå før.
  12. For ei tid sidan var ein uroa over at Russland kunne finne på å plassere våpen i verdsrommet. Slik eg forstår artikkelen nedanfor vil Trump no gjere nettopp dette. https://www.nrk.no/urix/trump-lanserer-rakettskjoldet-golden-dome-for-usa-1.17425728 Skal tru kva dette kan føre med seg. Kan eit evt. nytt våpenkappløp mellom Russland og USA kombinert med sanksjonar og krig i Ukraina vere det som skal til for at Russland skal gå konkurs?
  13. Også talet på falne er lågare enn det var på det meste. Slit Russland med å rekruttere soldatar, eller held dei igjen fordi dei planlegg noko større?
  14. Det var også dette som vart sagt i Dagsrevy-innslaget.
  15. Burde ikkje midlane denne karen har i Norge vore beslaglagde saman med midlane til andre russiske oligarkar?
  16. Sjokk! Korleis blir dette i forhold til reglane om partifinansiering? Mannen er vel framleis norsk statsborgar, men bortsett frå det kjem jo pengane frå Russland på alle måtar. FOR er altså kjøpt og betalt. Ein kan jo nesten lure på kva folka i FOR ville ha gjort dersom det dukka opp ein rik nordmann med sterke økonomiske interesser i Israel og som ville sponse ein kampanje om FOR og støtte til Israel for å oppnå "fred" på Gaza.
  17. Han har vel sagt og gjort så mykje at han ikkje burde bli teken alvorleg før dette heller.
  18. FOR meiner altså at det er OK at Russland driv blodig krig og terror i Ukraina fordi Israel driv "folkemord" på Gaza.
  19. "Som vanleg" dukka svaret på spørsmålet mitt opp eit par setningar lenger framme, nærmare bestemt i neste innlegg. (Eg har ikkje følgd med på Debatten med desse tullingane, det einaste som interesserer meg var spørsmålet om kven som hadde betalt for støtta, og som altså viste seg å vere same person som var nemnd i den 5 år gamle artikkelen).
  20. Det er fleire land som prøver å blande seg inn i syriske forhold, og ikkje alle har gode hensikter. Men no er det viktig at regimet gjer alt dei kan for å etablere eit demokrati der ein respekterer alle folkegrupper, og på den måten viser at dei er tilliten verdig.
×
×
  • Opprett ny...