Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 274
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Putin seier som vanleg at han er interessert i å "forhandle", men berre dersom han får det slik han vil.
  2. Det er mange nivå av tiltak, og full nedstenging hadde ein aldri i Norge. Tiltak med størst mogeleg verknad og minst mogeleg skadeverknad må brukast fyrst, og full nedstenging må vere siste utveg. Forsking på koronapandemien, handteringa og verknaden av både den og alle tiltaka bør brukast når ein skal utarbeide nye planar. Noko som bør vere gjort i god tid før neste pandemi. Eksisterande pandemiplanar var ikkje gode nok. Norge var altfor dårleg førebudde på ein pandemi, noko som viste seg då det var tomt for smittevernutstyr heilt i starten av pandemien og ein måtte lage smittevernutstyr på dugnad og håpe på godvilje frå Sverige/EU og Kina. EU hadde eksportforbod for smittevernutstyr, noko som gjorde det vanskeleg å få smittevernutstyr til Norge. Norsk-kinesaren som hjelpte med å få tak i smittevernutstyr frå Kina fekk sjølv korona og låg vekesvis i koma. (Han var forresten godt under nokon snittalder på 85-80 år, og får forhåpentlegvis leve i mange år til). Det same skjer kvar gong Norge blir ramma av ei krise. Gummibåten med politifolk 22/7 2011 kan vere ein god illustrasjon på alt som ikkje fungerte den gongen. Det same skjer når russarane invaderer Ukraina, og det viser seg at europeisk produksjon av granatar og forsvarsmateriell er utilstrekkeleg, lager raskt er tomme og ein er avhengig av å kunne kjøpe frå USA eller Kina.
  3. Eg spekulerer på om dette også kan vere litt av grunnen til at Norge hadde overdødelegheit etter pandemien. Det ein vann ved at folk ikkje måtte døy mange år før tida av korona tapte ein i form av at fleire døydde av trafikkulukker, overdosar, eteforstyrringar, drap, sjølvmord osv. som ein konsekvens av at folk ikkje takla å leve i eit normalt samfunn etter at nedstenginga var over.
  4. Då manglar det berre at dei to står side om side på balkongen på Grand Hotell i Oslo og tek imot folket sin hyllest som vinnarar av Nobels fredspris. Med Trump sine innfall kan alt skje, men det er nok meir sannsynleg at han normaliserer forholdet til Putin og Russland, samstundes som han legg ytterlegare press på Ukraina og opprettheld presset på Kina. Xi vil nok også vere skeptisk til om Trump er til å stole på. Vel og merke kan mykje skje den dagen Russland kollapsar og Putin er borte.
  5. Politikarane kjem nok til slutt diltande etter denne gongen også, slik dei har gjort heile tida sidan 2022 då ein bestemte seg for å sende hjelmar og skotsikre vestar til Ukraina som svar på invasjonen.
  6. Det er nok diverre mykje sant i dette. Kina er nok ikkje så begeistra for Putin, men er redde for å bli ståande åleine mot USA den dagen det russiske regimet fell og landet endar i kaos og oppløysing. Men om krigen får halde fram er det dette som til sjuande og sist vil skje uansett.
  7. Takk for oppklaring. Eg meinte å hugse at Ukraina skal ha drepe eit dusin russiske generalar i Kursk for ei tid sidan, og tenkte at det var dette russarane stadfesta. Det er gledeleg at dette ikkje var noko eingongstilfelle.
  8. Frøy Gudbrandsen: https://www.vg.no/nyheter/i/zAoj1r/peter-froelich-kan-bli-hoeyre-leder
  9. Kvar pandemi er unik. Svineinfluensaen vart handtert med generelle råd om å vaske hender og hoste i armkroken. Korona-pandemien var vel meir i klasse med spanskesjuka for 100 år sidan. Skulle det komme ein pandemi med høgare dødelegheit enn korona må ein ha tiltak som samsvarar. I tillegg vil nokre av tiltaka virke mot ein type virus, men ikkje mot ein annan. Eksempel er at munnbind virkar mot luftsmitte frå korona, medan spriting av hender virkar best mot omgangssjuke. Eg håpar at ein brukar det ein har lært ved neste korsveg. Dette gjeld ikkje minst alle dei negative konsekvensane som nedstenging fekk på folkehelsa, og då særleg born og unge.
  10. Har du noko kjelde som viser at snittalderen var 85? Var dette før eller etter at størstedelen av befolkninga var vaksinerte? Gjaldt dette omikron-varianten som gjorde at samfunnet opna opp, eller gjaldt det dei tidlegare variantane som fylte opp intensivavdelingane? Det er mange i yngre aldersgrupper som har nedsett immunforsvar av ulike årsaker. (Eg er sjølv i ei slik gruppe). Har du noko belegg for at koronaviruset ikkje var farleg for desse gruppene, men berre ramma folk i dei øverste aldersgruppene? Og kva gjorde danskane annleis enn oss? Slik eg hugsar det var danskane minst like strenge som oss. Sverige var unntaket, men også dei måtte til med tiltak etter kvart. Til tider hadde Sverige strengare tiltak enn Norge.
  11. Vel og merke var det uavhengigheit frå Sovjetunionen det var snakk om. Tsjetsjenia er så langt dei einaste som har prøvd å bryte ut frå sjølve Russland. Skal tru om det vart halde tilsvarande folkeavstemmingar i Russland og Belarus, og kva som evt. vart resultatet der.
  12. USA under Trump prioriterer kjæledeggen Israel framfor Ukraina og Europa. USA under Biden gjorde det same, om enn ikkje i like stor grad.
  13. Bileta viser at Azerbaidsjan ikkje er noko demokrati som behandlar fangar på human måte dei heller. Men det er uansett gledeleg at Russland får færre og færre vener i sentral-Asia.
  14. Ein legg her merke til at den norske gassen minkar mest. Er dette fordi ein i Norge skal vere flinkast i klassen i det grøne skiftet, og stenger ned produksjon slik at andre land med meir eller mindre tvilsame styreformer kan ta over marknaden?
  15. Eg tykkjer stort sett at pandemien vart handtert greit. Eg skal love at det hadde blitt kritikk dersom ein hadde gjort null tiltak og tusenvis av menneske hadde døydd unødvendig mange år før tida samt at folk som hadde andre sjukdommar som f.eks. beinbrot, kreft osv. ikkje kunne få behandling på grunn av sprengt kapasitet. Ein veit også at belastninga på intensivavdelingane på norske sjukehus til tider var høg nok som den var, og dei som kjempa mot å bli kvalt fekk ikkje nokon behageleg død for å seie det slik. Det vart gjort ein del feil. Eg meiner framleis at ein burde ha sytt for at risikogruppene over heile landet var vaksinerte før ein byrja å vaksinere friske folk i Oslo-området langt ned i aldersgruppene. Om risikogruppene var dekka ville det derimot rett å prioritere geografisk etter kvar smitten var mest utbreidd. Ein annan ting var at ein venta alt for lenge med tiltak når smitten steig, slik at tiltaka når dei fyrst vart innført vart verre enn nødvendig. Då omikron-varianten dukka opp var sjukehusa på brestepunktet, og sjukepleiarar fekk inndrege juleferie. Då tiltaka endeleg kom gjekk smitten med den gamle varianten (som eg ikkje hugsar namnet på) raskt ned, og trykket på intensivavdelingane letna. Så er eg einig med @Moromann i at ein godt kunne ha teke til seg kunnskapen ein trass alt allereie hadde og fjerna tiltaka raskare. Omikron var umogeleg å kontrollere, og koronaviruset var med eitt ikkje farlegare enn (annan) forkjølelse. Det einaste rette var dermed å fjerne alle tiltak, og pandemien var ikkje lenger nokon pandemi.
  16. Men i Norden gjer Embraer det godt: https://www.dn.no/luftfart/sas/anko-van-der-werff/luftfart/sas-kjoper-opptil-55-embraer-fly-dette-er-en-massiv-dag-for-oss/2-1-1839565
  17. Du fekk med andre ord ikkje med deg kva innlegg han svarte på.
  18. Og så fekk dei trass alt premie, sjølv om den berre var 1/10 000 av det som vart oppgitt.
  19. Rett nok var dette kanskje unntaket som bekreftar regelen: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Telavåg
  20. Men så er det også stor skilnad på at folk får feilaktige meldingar frå Norsk Tipping eller om det skjer ei alvorleg flyulukke. Ein må ha ein fornuftig storleik på arbeidsstokken og samstundes syte for at sjansen for feil blir minst mogeleg.
  21. Skal ein gjere om frå Euro til kroner må ein vel gonge med 10? (Eller 11,88 for å vere heilt nøyaktig) Neste spørsmål: Stikk Norsk Tipping pengar i eiga lomme når krona er svak?
  22. Dersom det sit anslagsvis 400 der for å gjere ein jobb som det trengst anslagsvis 50 for å gjere vil det å leggje jobben ut på anbod vere ei betre løysing som sikrar at inntektene i større grad går dit dei skal.
  23. Kan løysinga vere å avvikle Norsk Tipping, behalde spelemonopolet og å leggje jobben med å drifte dette ut på anbod til private?
  24. Eg er einig i det du skriv om sivil ulydigheit og demokrati. Men når det går over til sabotasje mot forsvaret har ein kryssa ei grense. Om ikkje dette blir slått hardt ned på vil det vere ein open invitasjon for sabotørar fordekt som "aktivistar", men finansiert av Russland. Og då blir det farleg. Russland vil elles også prøve å utnytte kontroversielle saker til å drive påverknadsoperasjonar i vestlege land, og då kan aktivistar opptre som nyttige idiotar. Dette er ein fare for demokratiet.
×
×
  • Opprett ny...