Byggjematerialar var vel i mange tilfelle tre og spikar, og Norge var i større grad eit sjølvbergingssamfunn enn i dag. Skog hadde ein vel ein del av. Etterkrigstida var forresten skogreisingstid på Vestlandet, og den skogen som vart planta då er den ein haustar av i dag. Onkelen min var til og med ein tur til Island i 1961 for å vere med på å plante skog.