Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    21 637
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

1 følger

Om The Avatar

  • Bursdag 12. jan. 1983

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

15,5k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Utviklinga går framover, eg trur at det ikkje tek lang tid før politiet får land-droner. Det finnes vel nokre bombe robotar basert på eldre teknologi, men slike "robot-hundar" vil vi nok få sjå snart. Utfordringa med flygande droner er liten nyttelast. Eg kjenner ikkje detaljane på dronene som politiet no testar ut, men vil gjette på at det berre er ei drone påmontert ein, maks to vanlege elektrosjokkvåpen. Ein landgåande drone vil kunne frakte mykje tyngre skyss, vil være motstandsdyktig mot angrep frå gjerningsmannen som prøver å øydelegge drona. I tillegg vil ein større landgåande drone kunne utføre mindre redningsoperasjonar som å dra eit offer vekk frå situasjonen og i sikkerheit.
  2. Sjølv om at drona har god rekkevidde, så vil det være uansvarleg å gi støyt utan nokon i umiddelbar fyrstehjelp til vedkommende. I ekstremsituasjonar som Utøya så kan ein nok tillate seg andre metodar, men i slike situasjonar så er nok skarpskyttarar vel så aktuelt. Ei slik drone med elektrosjokkvåpen kjem ikkje til å flyge høgt oppe i lufta, den kjem til å flyge i omtrent brysthøgde slik at elektrosjokkvåpenet kan avfyrast. Rekkevidda på elektrosjokkvåpenet er betre omtrent 10 meter, så dei einaste uskuldig som kan være i fare for vådeskot er dei som er så nært gjerningspersonen at dei uansett er i fare. Alternativet til elektrosjokk er skytevåpen med langt større rekkevidde og skadepotensiale dersom politiet bommer.
  3. Det er forresten interessant dette med regelverket rundt dronebruk. For det regelverket er i dag forholdsvis lite tilpassa muligheitene som finnes ved dronebruk. Det er sjølvsagt enkelt å gi politiet unntak frå både flyforbod og forbodet mot å flyge nært mennesker, men eg trur nok at vi fortsatt har stort potensiale for å kunne lage dronereglar som er meir tilpassa det som er nødvendig å ta hensyn til. Eg synes blant anna at forbodet mot drone innafor 3 km frå flyplass er på grensa til latterleg når det er dei same reglane som gjeld uavhengig av kor høgt dronen flyg. Flyg du ein drone 10 meter over bakken meir enn 2 km frå flyplassen så er det heilt usannsynleg at eit fly eller helikopter kan kræsje inn i dronen. Og dersom det er fare for det så flyg flyet alt så lavt at både trær, flaggstenger og hustak nok utgjer ein langt meir umiddelbar kollisjonsfare. At du ikkje kan flyge drone i luftkorridoren som blir brukt til innflyging eller take-off er sjølvsagt noko heilt anna.
  4. Du kan lese i Teknisk Ukeblad: https://www.tu.no/artikler/oslo-politiet-tester-droner-med-elektrosjokkvapen/573376 Eg synes i alle fall at det er mykje meir forsvarleg å bruke fjernstyrte droner der det er ein politibetjent som tek beslutninga om bruk av elektrosjokk, samanlikna med dagens bruk av politihundar. Når politiet slepp hunden så er det etter mitt syn likestilt med å trykke på avtrekkaren. Uansett kor god trening polithunden får, så vil ikkje ein politihund evne å sjølv vurdere om den mistenkte overgir seg etter at hunden har fått sin kommando. Er du mistenkt og politiet har sluppet hunden etter deg, ja då blir du innhenta av hunden. I beste fall så biter hunden berre i klesplagget og tvinger deg i bakken, oftast får du deg eit skikkelig bit, og i aller verste fall så kan du få ein så kraftig blødning at skaden er livstruande om hunden punkterer ei blodåre. Sender politiet ei drone med elektrosjokk våpen inn etter den mistenkte, så kan den mistenkte fortsatt overgi seg og politibetjenten som følger med via kameraet kan unnlate å gi støt så lenge den mistenkte samarbeider. Den virkelig store fordelen med å bruke elektrosjokkvåpen frå ei drone er at det gir politiet eit reelt handlingsalternativ for bruk av ikkje-dødeleg makt. Eit stort problem med både pepperspray og elektrosjokkvåpen er at rekkevidda er så kort at ein gjerningsmann kan veldig raskt bykse fram og knivstikke. I slike situasjonar så vil politiet ofte måtte bruke skytevåpen for å kunne være sikker på å stoppe trusselen dersom gjerningspersonen skulle prøve å angripe. Bruk av elektrosjokkvåpen er i slike tilfeller lite effektivt ettersom ein er avhengig av å treffe godt med begge pilene for å få god nok kontakt og straumgjennomføring til å stoppe gjerningspersonen. Sidan elektrosjokkvåpenet må ladast om etter kvart skot, så har politiet berre ein sjanse til å lykkes, og dermed blir det skytevåpen som blir svaret på trusselen. Ein vanleg polititaktikk (i alle fall i USA) er at ein konstabel gjer eit forsøk med elektrosjokkvåpen, og den andre står klar med pistolen i den med elektrosjokkvåpenet bommer på den eine sjansen ein hadde til å treffe. Elektrosjokk på drone gir politiet moglegheit til å bruke ikkje-dødeleg makt frå langt større avstand enn i dag. Ein gjerningsmann med skytevåpen kan politiet i dag berre nedkjempe ved å sikte eigne skytevåpen mot vedkommande kombinert med oppfordring om å overgi seg. Med drone så kan politiet (og publikum) stå trygt rundt hjørnet utan å rette skytevåpen mot vedkommande.
  5. Mykje av grunnen til at det er så høgt konfliktnivå rundt Pride er nettopp det at Pride er ei for uavhengig rørsle utan styring. Grunnen til at folk brenner prideflagg er at dei ser eit symbol på kjønnsidentitet og indoktrinering, der andre berre ser eit symbol på likeverdigheit. Sidan det er ingen som bestemmer verken kva prideflagget symboliserer, når det kan brukast, eller korleis flagget skal sjå ut, så har det opna for kven som helst kan tillegge flagget dei verdiane ein sjølv vil, og ingen har autoritet til å seie at det er feil. For dei som er såpass liberale at dei vil feire likestilling, inkludering og kjærlegheit, men fortsatt så konservative at dei ikkje kan støtte at transkvinner skal ha rett til å bruke kvinnergarderober eller delta i kvinneidrett basert på eigendefinert kjønnsidentitet, så er det ikkje gitt at regnbogeflagget er eit samlande symbol. Tradisjonelt sett så vart regnbogeflagget brukt som symbol for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Seinare har vi fått fleire variasjonar av flagget, som eige prideflagg for transpersonar og bifile, samt dette progressflagget som no blir meir og meir brukt sidan det også har striper som representerer LGBTQI+ gruppene. Eit litt ledande spørsmål er då; kva verdiar kan vi tillegge ein person som flaggar med det vanlege regnbogeflagget? At vedkommande støttar alt som er pride-relatert fordi flagget representerer alt? Eller kan vi då anta at personen ikkje støtter rasemangfald ettersom ein har valgt å bruke flagget utan den brune og svarte stripa som representerer disse gruppene?
  6. Godt poeng. Har også litt "spenn" hos Strawberry og Norwegian som stort sett går ut på dato før eg får gjort noko fornuftig med poenga. Om poenga kan brukast via rema 1000 appen så er jo det ein enkel måte å bruke opp poenga på.
  7. Fant saka: https://rettspraksis.no/wiki/Rt-1986-1406 Ser ut som det gjeld ein kar som var sikta for mordbrann (§ 148 i den gamle straffelova), før siktinga seinare vart endra til § 291 for skadeverk, samt besittelse og bruk av narkotika etter legemiddellova. Høgsterett hadde mellom anna lagt til grunn at den varetektsfengsla mannen då hadde sittet samanhengande fengsla sidan midten av juni det året utan at det var tatt ut tiltale. Han ville uansett måtte sleppe fri den 2. januar om det ikkje hadde blitt tatt ut tiltale innen den fristen. Konklusjonen frå høgsterett var då at vidare fengsling ville utgjere eit uforholdsmessig inngrep, då han var fengsla langt unna heimstaden (underforstått då at hans mor budde på heimstaden). Det er også verdt å bemerke at grunnen for at saka havna i høgsterett er at lagmannsretten hadde tidlegare avslått den siktedes klage på vidare varetektsfengsling. Eg klarer ikkje å lese ut av konteksten i kva grad det er gjentakingsfare i avgjersla frå 1986 då eg ikkje har sett sjølve saka. Men om han hadde tent på eit eller anna av stor verdi så tilseier ikkje det spesielt stor gjentakingsfare om han ikkje er pyroman eller liknande. Typisk vil slike saker ofte handle om forsøk på forsikringssvindel. Største gjentakingsfaren ligg nok til narkotikabruken, men det er både eit langt mindre alvorleg forhold og det vil nok være heilt naturleg at totalt avhold er ein av førehandsreglane som høgsterett ville at mannen skulle være underlagt ved lauslating. Opp mot saka som no går mot Marius Høiby så er det nok langt større gjentakingsfare. Marius har mellom anna utvist ei fullstendig manglande vilje til å respektere kontakt og besøksforbodet, mellom anna ved å møte kvinna for å la henne låne bilen hans under besøksforbodet. Det er kanskje litt formildande at kvinna har også vært delaktig i å oppnå kontakt i strid mot besøksforbodet, men i alle tilfeller så er det eit lovbrot å bryte besøksforbodet. I tillegg er det regelrett dumt å så openbart bryte det gjennom at kvinna naturleg nok ville bli observert køyrande rundt i Marius sin bil. Marius har også begått andre lovbrot medan han var under etterforskning, som denne transporten av fleire kilo hasj medan han ikkje berre var i politiets søkelys, men også i medias søkelys.
  8. Ser at det ruller ein TV-reklame som informerer om ansvarsforsikring på elsparkesykkel, og med at du som foreldre kan få eit høgt erstatningsansvar etter at barnet ditt har køyrt inn i ein bil med uforsikra elsparkesykkel. Spørsmålet er enkelt og greit, er det slik det fungerer i praksis? Etter skadeerstatningsloven så er foreldrenes ansvar avgrensa til 5000 kr per skade. Det står riktignok også at barn og ungdom under 18 plikter å erstatte skader som er forvoldt uaktsomt, men berre når det er rimeleg i forhold til alder, utvikling, økonomisk evne, osv. I reklamen så fekk mora eit forsikringskrav på typen 142 000 kr for skade på ein bil. a) Kan mora avvise kravet og betale berre 5000 kr ved å vise til skaderstatningslova når barnet som forårsaka skaden er mindreårig? b) Er det nokon rettspraksis på om f.eks ein vanleg 15 åring kan bli stilt erstatningsansvarleg for ein så høg sum? Mora i dette tilfellet vil sjølvsagt risikere bot for at elsparkesykkelen ikkje hadde ansvarsforsikring slik som lova krev. Er det slik at det berre er myndige personar som sitter virkelig i saksa med eit høgt erstatningskrav om dei kræsjer med uforsikra køyretøy?
  9. Dommen vil bli publisert, men det er litt tidsforsinking då rettsavgjerslane som blir publisert skal anonymiserast ved å ta vekk namn, fødselsdato,og tilsvarande identifiserande opplysningar. Sidan det alt ligg eldre avgjerslar som også skal publiserast, så er det ein viss tidsforsinking før publisering. Avisene og media løyser dette med å enten være tilstades i retten eller ved å be om innsyn i avgjorte saker. Du kan også be om innsyn. Ved innsyn så vil du vanlegvis få dommen usensurert med mindre det er fastsatt at dommen berre kan offentleggjerast i anonymt versjon. Om dommen må anonymiserast fyrst, så framskunder du den prosessen ved å be om innsyn.
  10. Presedensen som den saka setter er at det tilfellet gav grunnlag for å bli sluppet ut frå varetekt. Det er ingen sjølvfølgje at den saka fastsetter eit minstenivå. Marius sin forsvarar brukar den saka som bevis for at det finnes tilfeller der syk mor gir grunnlag for lauslating. Så blir det opp til retten å vurdere om Marius har ein sak. Eg er likevel einig i at i saka frå 86 så framstår det som meir rimeleg med lauslating ettersom døden var svært nærståande. Så vidt det er kjent frå media så er ikkje Mette-Marit sin helsesituasjon fullt så kritisk, sjølv om det er alvorleg.
  11. Dette er to forholdsvis like leilegheiter, i praksis er dei like berre speilvendte. Personleg foretrekk eg den billegaste av dei to. Den billegaste av dei to har fordelen med litt større balkong, og ikkje minst bonusarealet på loftet. Sjølv om at loftet ikkje er godkjent til varig opphold og teller med som soverom, så har du i praksis eit eller to gjesterom på loftet, eventuelt ekstra oppbevaring. Tilsvarande med kotta på loftet, sjølv om dette er kott som er litt upraktiske i bruk. Eg er ikkje spesielt imponert av loftstrappa som i praksis er en stige, men som bonusareal så er det greit nok. Den billegaste leilegheita er to år eldre, men det har liten praktisk betydning. Eg liker også at den billegaste leilegheita har varmepumpe, sjølv om det ikkje er allverdens til investering å eventuelt ettermontere om du går for den andre leilegheita. Største minuset med den billegaste leilegheita er parkeringa. Om du treng bilen til dagleg pendling så er det litt upraktisk å parkere under open himmel utan muligheit for verken elbillader eller motorvarmer. Innendørs parkering er klart mykje betre, og utgjer nok fort fleire hundre tusen i verdi. Merk her at garasjeparkeringa medfører høgare felleskostnadar på denne leilegheita. Ved å ha garasjeplass så kostar det deg 7000 kr i året i ekstra felleskostnadar, så det er også eit moment å vurdere opp mot kor stor nytte du har av garasjeplass. Merk likevel at det på den dyraste leiegheita er oppgitt at den har kaldloft, sidan den er i eit heilt likt bygg som den andre leilegheita så betyr nok det at du kan lage til loftet på tilsvarande måte som i den billegaste leilegheita om du ønsker det. Det som plagar meg mest i den dyraste leilegheita er at varmtvannsberederen er plassert inne på soverommet. Fordelen er at det gir litt meir plass inne på badet (begge er på 4,5 kvm), men eg synes det er ei elendig løysing. Ein ting er faren for vasslekkasje om berederen koker over og den står på eit rom utan sluk. Men kanskje meir problematisk er det at varmtvannsberederen produserer varme, noko som er upraktisk om du liker å ha det kjølig på soverommet. Ein av grunnane til at ein ofte har varmtvannsberederen på badet (i tillegg til at det er våtrom) er at badet er eit rom du gjerne vil ha litt ekstra varme på, og dermed så kjem varmen frå varmtvannsberederen til nytte. I alle tilfeller så er dette så like leilegheiter også i pris, at du må nesten finlese på prospektet for å sjå på detaljane. PS. Ettersom at dette er leilegheiter i trehus som er 17/19 år gamle, så ville eg ha sjekka opp i når husa sist vart mala, når det er planlagt å male neste gong, og på kva måte malararbeidet blir organisert. Det blir fort ein stor kostnad om det er slik at sameiget leiger inn profesjonelle malarar for å male bygget. Det er også greit å ta ein avsjekk på korleis sameiget forheld seg maling, er det slik at dei anser ytterveggar som felleseige som heile sameiget står ansvarleg for, eller forutsetter dei at du sjølv maler "din del" i andre etasje? Det er ikkje heilt uvanleg i slike små sameiger at dei som bur i underetasjen insisterer på å berre male "sin del" sidan det er enkelt arbeid som knappast krev stige, medan dei ønsker at dei som bur i andre etasje tek alle kostnadane/arbeidet med å male den øvste delen ved hjelp av lang stige eller stillas.
  12. Kor mykje ein poster på forumet handlar vel så mykje om prioriteringar, som mangelen på andre ting å bruke tid på. Vi er mange som lever heilt normale liv med både jobb og familie, og som i tillegg engasjerer seg på mange andre områder. Det tek ikkje mange minutta å skrive eit innlegg på forumet, men det er sjølvsagt 2 minutt som ein då ikkje kan bruke skrive innlegg på Facebook, spele mobilspel, drikke kaffe, eller anna tidsforbruk. Om ein er arbeidsledig og "avhengig" av forumet så vil ein kunne produsere mykje mykje meir enn berre ca 10 innlegg per dag. Så er ein arbeidsufør og berre klarer å skrive 10 innlegg på ein heil dag, så er vel det eit bevis for at ein er reelt arbeidsufør? 10 innlegg på 8 timar er veldig lite, og enda mindre er det om vi fordeler "arbeidet" utover døgnets 24 timar. Ulike brukarar brukar formuet på veldig ulike måtar. Enkelte heng berre i off-topic delen med fjas og leikar, andre er kun på underforumet for eit spesielt fagområde og deler sin kompetanse der, og andre igjen er mest på forumet for å spre sine politiske synspunkt.
  13. Sikkert dumt spørsmål, men har du "direkte" fanen på profilen din? Altså i tillegg til fanen for video, shorts, spillelister, osv. Streaming på youtube legg seg inn under fanen direkte og ikkje i videoar der vanlege videoar ligg.
  14. Det er feil. OnlyFans vart utvikla for at ein skulle kunne ha ein fanskare, derav namnet. Det er sjølvsagt mogleg å berre akseptere at ein brukar om gangen har abonnement, men det er det nok få som bruker OnlyFans på den måten. Slik som eg forstår det så bygger onlyfans på tre foretningsmodellar. 1. At ein krev eit månedleg beløp for å ha tilgang til profilen med dei bilda og meldingane som blir lagt ut der. Altså ikkje så ulikt ei vanleg pornoside med betaling. Det må likevel leggast til at det er langt frå alle som bruker onlyfans til porno, mange bruker onlyfans på samme måte og med samme innhold som på Instagram, og brukar OnlyFans plattformen berre til å administrere betaling og tips frå sine fans sidan Instagram ikkje støtter slik brukarbetaling. 2. Ein har ein fullstendig åpen profil, der innteninga hovudsakleg kjem i form av eksponering, og med ei bi-inntekt på at enkelte innlegg kan leggast bak ein betalingsmur, eller basert på at enkelte av fansen vil donere ein sum som tips. 3. Ein kombinasjon der ein både krev månedleg betaling, og i tillegg tek ekstra betalt for innholdet. Dette er nok den mest vanlege løysinga for dei som startar å tene ein del pengar, men det krever at ein alt har ein forholdsvis stor fan-base så dei fleste som ikkje er kjendisar må starte med ein annan foretningsmodell. Eg kjenner ikkje til at at onlyfans har betalingsmodell for meldinger/chat, men eg har forstått det slik at modellen får opp betalingsstatus til brukarane som sender melding, og dermed kan dei prioritere å svare ut dei som legg igjen mest pengar på sida. At det har blitt ein del svindel på onlyfans der modellen hyrer inn folk for å chatte og godprate med brukarane som trur dei snakkar med modellen, eller at modellen bruker AI-filter og i realiteten er ein mann. Slike ting skjer nok, men det vil utgjere eit brot på brukarvilkåra.
  15. Når Marius får dommen så vil nok det umiddelbare behovet løyse seg ved at Marius nok havner nokre månedar i soningskø om det ikkje blir lengre å vente. Sidan dei siste innlegga har vært veldig bastante på at Marius ikkje må få sleppe ut, så synes det er interessant å kome med motargument. For meg er nok det sterkaste argumentet for at Marius bør få sleppe ut og bu på gutterommet på Skaugun at det kan være at Mette-Marit har eit behov for å ha sin nærmaste familie i nærheita. At det er vanskeleg for Marius å sitte i fengsel medan mora er sjuk er forståeleg, men det er også ein 100% pårekneleg konsekvens av det Marius har gjort (også om eg legg til grunn berre dei forholda han har innrømt som truslar og vold, skadeverk, transport av fleire kilo hasj, råkøyring og brot på besøksforbod, voldtektsanklagene får vi svar på når dommen er klar). Dersom det er Mette-Marit sine behov som blir lagt til grunn så er det ei litt anna sak, ettersom det ikkje er pårekneleg for Mette-Marit at sønnen sitt i fengsel. Det som er mest unikt med Mette-Marit sin helsesituasjon, og som no har endra seg etter at ho står på venteliste for lungetransplantasjon er at helsesituasjonen kan endre seg veldig fort. Når eller dersom det blir tilgjengelege lunger frå ein donor som er kompatibel med Mette-Marit så vil Mette-Marit få ein telefon frå sjukehuset og ho må kunne møte opp på sjukehuset så raskt som råd, både for å auke sannsynlegheita for vellykka transplantasjon, og fordi lungene kan gå til neste mann i køa om ho ikkje klarer å kome seg til sjukehuset raskt nok. Sidan transplantasjonen er omfattande så er det ein reell dødsrisiko under operasjonen sjølv om denne risikoen er forholdsvis liten, så i det Mette-Marit haster ut av dørene på Skaugun for å få nye lunger så har ho nok eit behov for å ta farvel med familien i tilfelle det går galt, om Marius sitter i fengsel så vil det i praksis være uråd å få snakka med han før transplantasjonen, og særleg om telefonen frå sjukehuset kjem utanom "kontortid". Prinsippielt sett så er det slik at straff bør ramme den straffedømte, og bør i minst mogleg grad gå utover familie, vennar, og øvrige forpliktingar. I praksis er det ofte vanskeleg, for realiteten bak fengselsstraff er jo at ein blir avskilt frå vennar og familie. Det er ikkje heldig at til dømes barn av straffedømte i praksis veks opp med eineforsørgar fordi far sitt i fengsel og berre får maks to korte besøk i veka. Samtidig så kan ikkje det ikkje være slik at kriminelle som har barn ikkje kan straffast av omsyn til barna.
×
×
  • Opprett ny...