Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 568
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,8k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Så vidt eg fekk med meg så vart det ikkje oppfordra til hamstring, men det er sjølvsagt det som skjer når avisene gjengir Nortura sine uttaler om at det er mindre egg tilgjengeleg enn etterspørselen og at dersom ingen hamstrer så får alle kjøpe litt egg. Det var ingen oppfordring om å hamstre men samtidig var det gjort veldig klart at det ikkje er nok egg til alle. Alternativet til hamstring er då å bruke mindre egg enn normalt, men særleg inn mot påska så er det vanskeleg å skulle få folket til å droppe egg-tradisjonane sine for at alle skal kunne ha egg til frokost ein eller to gongar i løpet av påska. Avisene kunne ha formulert seg annaleis, men det har avisene ingen interesse av ettersom dei treng å få ordet "krise" eller "sjokk" inn i overskrifta for å generere klikk. Ein tørr artikkel om at Nortura har bomma på det stippulerte eggbehovet selg ikkje aviser. Det store spørsmålet som eg sitt igjen med er om ikkje ein burde løyst eggmangelen ved ei prisendring. Beste måten å unngå hamstring og overforbruk av ein vare som det er mangel på er å auke prisen slik at forbrukarane reduserer forbruket sitt.
  2. Stikkprøver er ein heilt grei måte å gjennomføre kontroll på, spørsmålet i denne saka går meir på om universitetet har rett (kanskje også plikt) til å gjennomføre stikkprøver tidlegare avlagte masteroppgåver. Normalt sett så er det eit krav om at det må føreligge heilt nye opplysningar for å gjere om eit vedtak, i denne saka så er det rom for å diskutere om det ved hjelp av digitale hjelpemiddel har blitt funnet nye opplysingar eller om ein berre har funnet meir av det som sensor opprinneleg kjente til og vurderte til å ikkje være juks ved fyrste gongs sensur. Grunnen til at eg synes at saka er interessant er ikkje fordi det er feilt å luke ut dei som har juksa, det er meir det at finn det interessant kva som eventuelt blir etablert praksis på området. Denne saka etablerer ein praksis på at det å ta ny vurdering av tre år gamle oppgåver er innafor, vidare blir det då eit spørsmål om dette er noko som alle kan kreve? Kan ein arbeidsgivar be om at graden til sine tilsette blir vurdert på nytt av universitetet? Kor ofte kan ein vurdere slike saker på nytt før dei blir forelda? Og kan slik ny vurdering gjerast utifrå dagens praksis eller må ein bruke same vurderingskriterier som ved opprinneleg sensur? Vil ny vurdering av ei masteroppgåve berre være for å vurdere om det har blitt juksa slik at graden skal annullerast eller er det også rom for ny karaktervurdering? Ved gjennomføring av fartskontroll så slepp du ustraffa unna dersom du køyrer for fort dei dagane det ikkje er stikkprøvekontroll i form av fartskontroll. Ein går aldri tilbake for å vurdere om køyreturen du hadde for 3 år sidan ville ført til fartsbot dersom det hadde vært fartskontroll den dagen. Heile premisset bak stikkprøvekontroll er at ein aksepterer at ein ikkje kan ta alle, men i staden så gir ein ekstra høge fartsbøter både for å være avskrekkande og for å til ei viss grad kompensere for at dersom du får fartsbot så har du nok også køyrt for fort tidlegare også utan å bli tatt. For universiteta så er stikkprøvekontroll ganske likt. Universitetet tek ein kalkulert risiko ved at juksarar kan sleppe unna, men at dette er ein akseptabel risiko i forhold til ressursbruken til universitetet måtte ha lagt ned for å være heilt sikre på at alt er i orden før det blir skrevet ut vitnemål.
  3. Vil også legge til at du skal ha ein attest etter arbeidsforholdet som ikkje skal innehalde meir enn dei faktiske opplysningar om namn, kva arbeidet har bestått av (noko som er mykje meir enn berre stillingstittel) og varigheit på arbeidsforholdet. Meir utfyllande attest skal være avtalt, men det er likevel ein fare for at din arbeidsgiver velger å bruke sluttattesten til å svare ut din argumentasjon i oppseiinga. Så også av den grunn så er det enkle det beste. Og ja, du har rett i at når det står at oppseiingsfristen er rekna frå oppseiingsdatoen så startar oppseiingstida å løpe med ein gong. Dersom du har 14 dagars oppseiingstid og leverer oppseiinga i dag så har du siste arbeidsdag 24 mai. Reknar med at du kanskje ikkje jobbar måndag til fredag, i så tilfelle skal du følgje oppsatt arbeidsplan slik at siste arbeidsdag også kan være tidlegare om du ikkje er satt opp på jobb den 24 mai. Det kan være litt forvirrig rundt eksakt kva som er siste arbeidsdagen så då er det ryddig at du presiserer at du har din siste arbeidsdag er 24 mai. Merk at sjølv om det står at det er oppseiingsdagen ( i praksis datoen) som er tellande så bør du vurdere å også informere munnleg, via SMS eller til og med skrevet ut på fysisk papir i tillegg berre for å forsikre deg mot at det blir noko tull med at arbeidsgivar påstår at oppseiinga ikkje har komt fram eller liknande.
  4. Om det ikkje er avtalt noko anna slik at ein følgjer arbeidsmiljøloven så tell oppseiingstida frå den fyrste i komamde måned. Elles er det avhengig av kva som står i arbeidsavtalen om oppseiingstid. I det offentlege er det ikkje uvanleg med dato til dato fristar. Det kan derfor være greitt å dobbeltsjekke oppseiingstida, har ein dato til dato så treng ein ikkje å vente til juni før oppseiingstida startar å telle.
  5. Oppseiinga treng ikkje å være begrunna, dette er ingen søknad. Einaste grunnen til å ha med ei forklaring på kvifor du seier opp er dersom du ynskjer å få eit "mottilbod" for å trekke oppseiinga. Når du har bestemt deg for å slutte så er det best å berre ha med det viktigaste. PS. Bra at du tek med kva du anser som siste arbeidsdag, då slepp ein ytterlegare konflikt rundt kva som er siste dag ettersom det då er arbeidsgivar som må kontre med det arbeidsgivar meiner er siste arbeidsdag.
  6. Det handlar nok mest om manglande dokumentasjon på at aggregatet kan brukast under køyring. Det kan nok være grunn til å stille spørsmål ved om i kva grad det er grunnlag for å kreve dokumentasjon på at aggregat og liknande kan monterast og brukast under køyring, men det er dette politiet krev. Eg har også sett argumentasjonen om fare for bensinlekkasje og brann ved bruk av aggregat under køyring, så mogleg eit forbod kan grunngjevast i eit generelt sikkerheitskrav.
  7. Du kan i utgangspunktet ikkje nekte å møte på jobb. Som @panzerwolf seier så er det eit krav etter arbeidsmiljølova at arbeidet skal være helsefremmande, men den praktiske utfordringa er at det blir ei vurderingssak. At ein kan bli smitta av vanlege sjukdommar vil ein ofte argumentere med at er pårekneleg når ein jobbar saman andre. Reint praktisk så blir fyrste spørsmål om du har reelle alternativ utanom å være heime utan å jobbe? Heimekontor er nemt, det er ikkje berre eit alternativ for deg men kanskje helst for dei som er sjuke men likevel kan jobbe. Det skal mykje til for at du kan nekte å møte på jobb, så realistisk sett så må du argumentere for kva som er alternativet, og kva risiko for unødvendige kostnadar ein får ved at sjuke får møte på jobb og føre til at fleire blir sjuke. Kortids sjukefråvær er noko som arbeidsgivar må dekke, så det bør være lønnsomt å forebygge at dei tilsette får influensa og liknande.
  8. Det er ikkje nødvendigvis sant. Det er ikkje slik at alle psykisk sjuke ikkje forstår kva og kvifor dei gjer og seier ting. Det er fint mogleg å rasjonelt sett forstå at ein er psykisk sjuk men likevel ikkje klare å la være å gi etter for dei tankane og handlingane som følgjer med sjukdommen. Ein som lir av depresjon vil vite utmerket godt at ein er deprimert, det er ikkje som at ein ikkje forstår at ein berre tenker negative tanker. Utofrdringa for deprimerte er at sjølv om ein veit at ein er deprimert så er det ikkje berre å bestemme seg for å tenke seg frisk.
  9. No veit eg ikkje kva du viser til viser til som blir avfeid av etterforskning, åstadsgransking, obduksjon og dommarar, men vil påpeike at det er ein vesentleg forskjell på avvise all offisiell etterforskning til fordel for ein forfattar, og å meine at det finnes støtte i bevismaterialet for forfattaren sin hypotese. Særleg når også gjennopptakingskommisjonen (etter lang tid) kom til same konklusjon og endte med at VK fekk prøvd saka på nytt og vart frikjent. At etterforskningsarbeidet ikkje holdt god nok kvalitet til å dømme både VK og JHA er vel alle einige om? Så er det sjølvsagt litt ueinigheit om VK hadde ein rolle i denne saka om han i det heile tatt hadde ei rolle. Det kan være alt frå at VK er 100% uskuldig og uvitande, til at VK var ein hovudmann som var til stades og beordra JHA til å gjere ugjerningane, kanskje til og med at VK deltok i ugjerningane. Det som uansett er rimeleg klart er at sjølv om VK skulle være skuldig så har ein ikkje funnet andre bevis mot han enn JHA sitt vitnemål, og utan tilstrekkeleg med bevis så kan ein ikkje dømmast. At det ikkje finnes sterke nok bevis til å dømme VK betyr ikkje at han ikkje kan være skuldig likevel, men det betyr at han skal behandlast som uskuldig så lenge ikkje anna er bevist. Sannsynlegheita for at VK var til stades på åstaden og deltok i ugjerningane utan å avsette anna enn ufullstendige DNA-profilar som også stemmer med personar som har delteke i etterforskninga, er nok særdeles lav, særleg med tanke på kor mykje DNA som stammar frå JHA eller svært nære slektningar av han. Når du snakker om Viggo tilhengere så lagar du ein stråmann om at alle som støtter at det ikkje føreligg nok bevis til å dømme VK (jamfør frifinninga) også meiner at VK er eit englebarn. Det er to litt forskjellige ting, det går fint ann å både meine at VK vart utsatt for eit justismord og at VK hamna i søkelyset av ein grunn, heriblant andre ting som VK hadde gjort tidlegare.
  10. Om dette har skjedd "underveis/før bryggeprosessen" så er det ei moglegheit for at endringa ligg innafor det som er søkt om så lenge dei romma som er bygd oppfyller krava som er stilt til slike rom. Det er sjølvsagt eit problem dersom ferdigattesten er utskrevet under føresetnad om at bygget er bygd slik som opprinnelege teikningar, men det hender også at ferdigattesten blir utskreven på bakgrunn av at ansvarleg søkar har erklært at bygget er satt opp etter gjeldande reglar. Så lenge det tredje soverommet er bygd på ein slik måte at det blir godkjent om det blir søkt så treng det ikkje å være eit problem for ferdigattesten med mindre det bryt krav til utnyttingsgrad av tomta. Hadde dette vært arbeid som har skjedd etter ferdigattesten utan søknaden så er det rimeleg lklart at det ikkje føreligg ferdigattest for slik huset er i dag, men sidan du skriv at det har skjedd ting undervegs og før byggeprosessen så er det ei moglegheit for at endringane har skjedd i samråd med kommunen utan at det er sendt inn heilt ny byggesøknad berre fordi ein ville sette inn eit vindu og gjere sportsboda om til eit soverom. Her kan det være fornuftig å ta kontakt med kommunen for å gå gjennom byggesaka, eventuelt be om innsyn i byggesaka slik at du sjølv kan gå gjennom detaljane. Det kan ha skjedd ganske mykje mellom den opprinnelege søknaden for arbeidet og den endelege ferdigattesten.
  11. Skal ikkje være nødvendig å rense filteret sjølv om ein ikkje skyller. Ein skal sjølvsagt fjerne større matrester men saus og tilgrising forsvinn i vask. Er elles einig i at det å ikkje skylle av oppvasken er viktigare når ein brukar autoprogram. Ved bruk av autoprogram så blir varigheita på vaskeprogrammet satt utifrå kor mykje ureinheiter det er i vaskevatnet. Om ein har skylt av all oppvasken så kan autoprogramet bli lurt til å tru at oppvasken er rein og dermed brukar kortare tid og lågare temperatur enn det som ein burde gjere. Dette er ikkje ein funksjon som er unik for automatikkprogrammet, dei fleste oppvaskmaskiner analyserer også kor skitten oppvasken er ved bruk av dei faste vaskeprogramma, men i noko mindre grad. Dette blant anna for å oppnå betre miljømerking. Det er blant anna enkelte oppvaskmaskiner som det er vanskelig å "tvinge" over på eit manuelt kokvaskprogram om ikkje automatikken også indikerer at det er nødvendig. Prøver ein då å kokvaske heilt rein oppvask så er det enkelte maskiner som "jukser" med å bruke vatn som ikkje er fullt så varm. I tillegg til omsynet til automatikken så er det som nemt også ein fordel for vaskemiddelet om det er litt fett som såpa kan reagere med for å få best resultat. Det mest riktige rådet er uansett å lese bruksanvisninga på si eiga oppvaskmaskin og ikkje følgje råd som blir gitt for andre oppvaskmaskiner som kan ha litt anna funksjonalitet.
  12. Vil legge til at vilkåret er at mangelen er vesentlig, så det er i utgangspunktet uavhengig av at forsikringsselskap ikkje ser på manglar som kostar mindre enn 5% av kjøpesummen. Trådstarter har ulike framgangsmåter, det fyrste og enklaste er å reklamere mot selgar og ta det derifrå.
  13. Vil også legge til at det er slettes ikkje uvanleg å være konfliktsky i møte med nye mennesker. Det er svært få som synes det er behageleg å i møte med nye folk måtte gå i konflikt. Det at det er ubehageleg betyr ikkje nødvendigvis at det er meir ubehagleg for deg enn for alle andre. Forskjellen ligg mykje i at ein må forstå at det er gjennom å tole å stå i ubehagelegheita at ein oppnår resultat. Når kelneren kjem for å spørre om maten var god så er det fort ubehageleg å svare ut spørsmålet med at biffen var tørr og sausen for salt. Det er nok mange som nikker og svarer ja for å sleppe å ha ein lengre samtale med kelneren, det kan til og med være ubehageleg å skulle kritisere restauranten sjølv omalt du seier er sant. Likevel så spør kelneren vanligvis fordi ein ynskjer å få tilbakemeldingar på om du faktisk er fornøgd med maten, om dei kan gjere noko meir for at du får ein best mogleg restaurantoppleving, og om restauranten kan endre noko til neste gong. I enkelte kulturar så er terskelen lang lågare for å svare direkte på slike spørsmål, og det er i all hovdsak noko som ein har lært gjennom sin kultur. Jo oftare du gjer noko, jo tryggare blir du.
  14. Det er fort ulike behov. Spesialvaskemiddelet for maskinens er ofte berre ekstra sterk såpe for å løyse opp fettet i sila. Om du renser sluken og ibtillegg vasker på høg temperatur av og til så vil eg tru at hygienen er ivaretatt. Det som er faren er at uten rens så kan du risikere å skylle opp bakterier frå sluken/filterer under vanleg vask.
  15. Ja det er fint mogleg, ikkje er det så vanskeleg heller om du ikkje har heilt lammande sosial angst. Det går blant anna fint å ha sosial angst i privatlivet, men samtidig legge dette fra seg når ein er i jobbmodus i f.eks. en butikkjobb. Det som kanskje er vanskeligast er å finne rette balansen mellom å utfordre deg utan at det blir for ubehageleg.
×
×
  • Opprett ny...