Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 555
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,8k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Det er fort ulike behov. Spesialvaskemiddelet for maskinens er ofte berre ekstra sterk såpe for å løyse opp fettet i sila. Om du renser sluken og ibtillegg vasker på høg temperatur av og til så vil eg tru at hygienen er ivaretatt. Det som er faren er at uten rens så kan du risikere å skylle opp bakterier frå sluken/filterer under vanleg vask.
  2. Ja det er fint mogleg, ikkje er det så vanskeleg heller om du ikkje har heilt lammande sosial angst. Det går blant anna fint å ha sosial angst i privatlivet, men samtidig legge dette fra seg når ein er i jobbmodus i f.eks. en butikkjobb. Det som kanskje er vanskeligast er å finne rette balansen mellom å utfordre deg utan at det blir for ubehageleg.
  3. Det kjem sikker ann på fargevalg og slikt, men min fyrste reaksjon hadde nok vært at dette er spesielt. Det sagt så er det forskjell på rosa neglelakk på lange negler, og svart neglelakk på korte negler slik som enkelte black metal miljøet kler seg. I tillegg tenker eg at det er litt forskjell om denne mannen berre bruker neglelakk og ellers vanleg herremote, eller om neglelakken inngår i ein meir gjennomført stil.
  4. Det runder vel både av inn i Kabelgata og fortsetter gjennom krysset? Kantstein blir ofte brukt til å tydeleggjere skillet men det må ikkje nødvendigvis være avmerka. Om vegen har eit fortau eller berre ei vegskulder blir då fort eit spørsmål om kva som er planlagt i prosjekteringa. Ideelt sett så skulle det sjølvsagt vært tydeleg merking både i vegbana og som skilt, men slik er det ikkje nødvendigvis.
  5. Betalingsviljen er nok ikkje god nok til at det er mogleg å gjere dette utover hobbybasis, så ein må uansett ha ein jobb. Ikkje berre konkurrerer ein mot KI som vist til, men ein konkurrerer også mot utanlandsk arbeidskraft som er villige til å gjere same jobben for langt mindre betaling.
  6. Synes vi har meir til felles med Japan enn mange andre land vi samanliknar oss med. Vi har vår eigen avart av slik høffligheit og kollektivisme med vår dugnadskultur og respekt for personleg rom.
  7. Alt er relativt. Ein 23 åring som har opplevd noko anna enn å gå på vidaregåande og sitte på gutterommet har i alle fall på enkelte områder meir livserfaring enn andre 23 åringar som har vært skjerma for det meste. Om ein gjennom å ha levd i 23 år og brukt litt narkotika har nok livserfaring til at ein er velegna til å stitte på Stortinget så er nok svaret klart nei.
  8. Intensjonen er avgjerande, men det er også det som er vanskelgast å bevise ettersom ein ikkje kan vite kva folk tenker. Om intensjonen var å drepe blir ei heilheitsvurdering, og ikkje minst blir det ei vurdering på kva tiltale ein kan ta ut og være rimeleg sikker på å få ei domfelling. Deretter blir det ei vurdering på om vedkommande hadde vilje og evne til å gjere alvor ut av eit ønske om å drepe. Drapstrusslar posta på sosiale nettverk vil typisk ikkje bli dømt som drapsforsøk fordi gjennomføringsevnen ikkje er til stades, det mest vanlege er at ein då blir dømt for skremmande og plagsom oppførsel.
  9. Det er vanskeleg å være ueinig men samtidig så synes eg at samfunnet tar bra mykje omsyn til dei som har lite. Ein kan sjølvsagt alltid bli betre men jamnt over så er det lite samfunnsaktivitetar som fattige ikkje får tatt del i. For dei som har pengar så må det være lov å bruke pengane, det vi ofte ser rundt oss med folk som ruller seg i luksus har også med kva prioriteringar kvar enkelt gjer. Det er ikkje nødvendigvis slik at alle som køyrer i fin bil har så veldig god råd, enkelte har berre prioritert å ha betale 10 000 kr i måneden på eit billån i staden for å bruke pengane på eit huslån. Det einaste eg ikkje er einig i er at det må være lov å kritisere dei som har rota vekk pengane sine. Ikkje det at ein skal drive å mobbe folk som har tatt dårlege valg, ikkje er det alltid vi kan vite eksakt kva slags økonomiske vurderingar som låg bak. Eit typisk døme er folk som er speleavhengige. For joda det er uheldige ting som ligg bak, men det er avgrensa med kor stor støttande eg vil være ovanfor personar som som har satsa alt dei eigde mot ein ørliten sjans for å bli rike. For då er det ikkje snakk om at ein har vært uheldig, då har ein med viten og vilje gjort ei vurdering på at dramen om å vinne stort er verdt å satse alle sparepengane. Det er sjølvsagt noko anna om ein har dårleg råd fordi ein har blitt sjuk og arbeidsufør. For det er ei grense mellom der vi skal være medfølande og fjerne tabuet rundt dårlege økonomiske valg, og på den andre sida bruke dei eksempla som vi har på dårlege økonomisk valg til skrekk og advarsel slik at vi unngår at fleire gjer same tabben.
  10. Grunnen er at det er takstmannen som er ansvarleg for at takstrapporten er korrekt, derfor er det takstmannen som bestemmer kva som er akseptabelt for at takstmannen skal kunne sette opplysningane i rapporten og signere på at informasjonen er korrekt. Meklaren er ingen fagperson på takst, så at takstmannen ikkje vil ta opplysningar som kjem munnleg frå huseigar og via meklaren for god fisk er ikkje så rart. Om bilder og slikt er gir takstmannen god nok informasjon om dei faktiske forhold blir det opp til takstmannen å vurdere. Meklaren din kan heilt fint være denne mellommannen mellom deg og takstmann, men ei slik arbeidsoppgåve vil ligg utanfor det meklaren skal gjere så slikt tilleggsarbeid må eventuelt avtalast. Som nemnt så er nok meklaren motvillig til å ta på seg ein slik jobb ettersom det både kan bli ei uheldig rolleblanding i tillegg til at det kan oppstå misforståingar når opplysningane går via ein mellommann. Det vil til dømes ikkje sjå særleg bra ut dersom du får ein ny takstrapport med høgare takst etter at meklaren har snakka med takstmannen, det kan fort sjå ut som at meklaren har påvirka takstmannen til å gi ein takst som er gunstig for meklaren som får provisjon på salet. Det er ikkje ein gong gitt at takstmannen er villig til å gjere endringar i takstrapporten utan å ta betalt for å gjennomføre ein heilt ny takst av huset. Beste sjansen for å få takstmannen til å redigere rapporten og sende deg ny rapport utan å ha fysisk vært å vurdert arbeidet er ved å ta kontakt med takstmannen direkte og legge fram ei detaljert beskrivelse og gjerne også dokumentasjon i form av bilder og eventuell FDV-dokumentasjon. Du må rekne med at takstmannen kjem til å ta betalt for for arbeidet sjølv om det berre er ei lita oppdatering frå den førre rapporten.
  11. Synes det kunne vært belyst litt meir kvifor denne settinga er så populær. Artikkelen blir mest ei liste over eksempel på spel som har brukt apokalypse som premiss for vedensbygginga. Eg trur at den viktigaste grunnen til at ein i både spel og i litteraturen utforsker denne tematikken er fordi det gir størst kreativt spelerom. Når verdenen har gått under så er det nesten ingenting som hindrar hovudpersonen frå å gjere ting, det einaste hinderet er det som forfattaren sjølv legg inn enten det er farlege zombiar, bitande kulde, eller gjengar av andre mennesker. Dersom det er snakk om sci-fi eller fantasy så slepp ein også å bruke tid på å skildre samfunnsstrukturen og politikken, for alt dette er borte vekk og ein startar med heilt blanke ark. Ei historie satt i ein blomstrande sivilisasjon blir fort ganske avgrensa av realisme. I ein verden full av zombier men utan at sivilisasjonen har kollapsa så er det ikkje rom for at ei gruppe med forskjellige karakterar må skaffe seg våpen og samarbeide om å overleve mot alle odds. I ein slik verden så vil hæren og politiet være mobilisert og det er dei som vil ta opp kampen mot zombiar/fiendar slik at sivilbefolkninga kan leve så normalt som mogleg. I ei fantasysetting så kan ikkje ein bondesønn legge ned arbeidet sitt og ta opp eit sverd for å dra ut på eventyr utan å bli stoppa av adelen som har einerett på både arbeidskrafta han utgjer og ikkje minst eineretten til å være ridder. Ein kan sjølvsagt skrive gode historier likevel, men det er mykje lettare om ein har ei setting der all form for myndigheiter og styring er fjerna til fordel for ein verden heilt utan slik regulering. I tillegg så er sjølvsagt apokalypse ei spennande setting i seg sjølv, då det er mange som har tenkt tanken på ein sjølv ville gjort dersom samfunnet bryter saman. Særleg i dataspel så er det også ein teknisk fordel med ei akopalypsesetting då ein kan ha handlinga i eit bymiljø utan å måtte ha så massevis av karakterar til å befolke byen.
  12. Stor forskjell på teori og praksis. Alt som kjem i kontakt med mat og som ikkje er sterilisert (inkludert luft) kan potensielt føre bakterier over på maten. I dette tilfellet er nok faren for kontaminering større ved at skinka ikkje hadde blitt pakka tett igjen slik at støv og bakteriar i lufta hadde fått tilgang til skinka. Denne uopna kjøttpakken som du la over vil nok være heilt akseptabelt rein til formålet, men det kan sjølvsagt være bakteriar på utsida av pakken. I aller verste fall så kan det denne kjøttpakken ha vært i kontakt med rått kjøtt, enten frå slakteriet eller ved at pakken ikkje har vært heilt 100% tett, men også det skal ganske mykje til. I tillegg til alt dette så er også serranoskinke veldig motstandsdyktig mot bakteriar. Dette er kjøtt som er preservert ved både tørking og salting, så sjølv om du skulle få bakteriar på skinka så skal det litt til for at bakteriane får formert seg og utgjer eit problem for matsikkerheita. At det kjem bakteriar på maten treng heller ikkje å være eit problem så lenge maten blir fortært før bakteriekonsentrasjonen blir for stor. Dersom du uansett skal ete opp pålegget i løpet av ein dag eller to så kan du være langt mindre nøye på mathygienen enn dersom du skal pakke ned pålegget for langtidsoppbevaring.
  13. Kantstein er berre nemt i forskrift om kjørende og gående i trafikk, og då berre i samband med forbodet mot å parkere nærmare enn 5 meter frå eit vegkryss, samt i definisjonen av vegskuldra. I forhold til vikeplikt så er det ingen reglar om betydninga av kantsteinen. Det er likevel ein god indikasjon på kva som gjeld for krysset ettersom det er vanleg at ein markerer vegar som er opne for allminneleg ferdsel med avrunda kantstein og at utkjørslar blir markert med rett og nedsenka kantstein. Andre typiske indikasjonar på om det er ein veg som ein har vikeplikt for er om vegen til høgre har eit gatenamn, det heller seier strengt tatt ingenting om at vegen er open for allminneleg ferdsel, men vanlegvis så kan ein anta at avkjørslar og tilkomstvegar ikkje har fått gatenamn. Det er likevel mange eksempel på at at ein ikkje kan stole på kantsteinane, det er fleire stadar der vegbyggaren har runda av kantsteinen inn til f.eks. parkeringsplassar, dette er sikkert fordi det ser estetisk penere ut med ei slik løysing sjølv om det bryt med det som er vanleg standard utforming.
  14. Vi kan gjere litt meir med eigne innbyggjarar enn vi kan med andres. Vi kan til dømes innføre dødsstraff igjen, men vi er fortsatt forplikta til å ikkje sende ut flyktningar til land der dei kan få dødsstraff. Norske gutar og jenter kan også flykte frå militærtenesta i Norge.
×
×
  • Opprett ny...