Gå til innhold

– Activision misbrukte Guitar Hero


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Noko folk kommenterte i alle GH-artiklar som har kome sidan GH3. Det gjekk for fort til tider, ingen tvil om det. Kor lang levetid serien hadde hatt utan dette racet er vanskeleg å spå, men eg trur ikkje det er noko som kunne overlevd like lenge som FPS, RTS og RPG, det blir etter kvart for vanskeleg å implementere nye elementer. Det har kome ein del funksjonar og elementer sidan GH først kom ut, men i bunn og grunn er det snakk om å treffe riktig note på riktig tidspunkt. Dei fleste som har spelt serien mykje er gått lei.

 

Det var kanskje eit lurt trekk av Activision. For min del var GH snakk om ein periode over nokre år der aktiviteten var veldig høg, for så å gå ned til null. Eg kunne sikkert gått like lei etter to år om dei gav ut 2 spel i forhold til 5-6. Det er ikkje variasjonen som er problemet, det er kome store mengder låtmateriale på både GH og RB, det er sjølve konseptet å spele på plastgitaren.

Endret av Zeph
Lenke til kommentar
×
×
  • Opprett ny...