Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 527
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

  • Bursdag 12. jan. 1983

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,8k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Du skal ha pause i løpet av arbeidsdagen, arbeidsdagen kan verken starte eller slutte med pause då det ikkje er ei pause frå arbeidet. Unntaksbestemmelsen er der du ikkje kan forlate arbeidsplassen eller har tilgang til pauserom så skal pausa reknast som arbeidstid, men det medfører berre at behovet for pause må ordnast på anna måte. For mange medfører det at ein tek nokre minutt her og der til å ete lunsj og får kompensert for ordentlig samanhengande pause ved at pausa er betalt. Alternativet at ein tek matpause til dømes i bilen og får betalt for pausetida då bilen ikkje er godkjent pauserom. Du skal uansett ha pause, forskjellen er berre at det du ikkje har reelt arbeidsfri i pausa så skal du i tillegg ha betalt for pausetida.
  2. Ukraina må i alle fall bytte strategi om dei skal nyttegjere seg av motvillige soldatat, ei slik krigføringen fungerer berre om ein har nærmast utømmeleg tilgang på dårleg trente soldatar. Det er openbart veldig lite fordelar for Ukraina å sende eigne statsborgarar i kjøttkverna. Det er sjølvsagt lite tilfredsstillande med krigsnektere, men Ukraina må også tenke på det langsiktige målet om gjenoppbygging, og då treng ein ukrainarar av begge kjønn.
  3. Einaste likheita er at politiet fikk så einsidig fokus at dei hadde på skylappar og ikkje etterforska andre moglegheiter i tilstrekkeleg grad.
  4. Dette forslaget er i praksis ikkje mogleg å iverksette ettersom vi via flyktningkonvensjonen har forplikta oss til å ikkje returnere flyktningar til farlege områder. Uansett korleis ein argumenterer rundt at Ukraina er trygt nok så kjem ein ikkje unna at å returnere flyktningar med det formålet at dei skal ut i krig er å sende dei til eit farleg område. Vi kan heller ikkje returnere dei til områder der dei blir forfulgt, noko dei blir om dei returnerer til Ukraina og prøver å undra seg militærteneste. Flyktningkonvensjonen er tatt inn i utlendingslova. Dette forslaget er ikkje gjennomførbart utan å fyrst endre utlendingslova, og deretter trekke oss frå FNs flyktningkonvensjon. Sjølv med full politisk støtte så vil dette ta tid.
  5. For dei som vil stjele så er det ikkje eit nevneverdig stort problem at ein går via ei manuell kasse, ein kan jo stikke unna varer utan å legge dei på båndet uansett. Eg huskar når det fyrst var snakk om sjølvbetente kasser, då var eit av temaene at ein skulle ha innveging slik at delar av betalingskontrollen var om handleposen hadde rett vekt i forhold til det som var registrert og betalt for. Dette kontrolltiltaket vart nok tatt vekk av omsyn til kostnadar, men det er nok absolutt relevant å innføre eit slikt system igjen. Mitt inntrykk er likevel at dei aller fleste butikkar er fornøgde med løysinga og har fått auka omsetting fordi mange kundar synes det er både raskt og enkelt å stikke innom butikken for å handle når ein slepp å stå i kø i vanleg kassakø. Dei butikkane som slit med tjuveri og svinn er så vidt eg har fanga opp butikkar som uansett slit med stort tjuveri.
  6. Utanom at bileigaren sjølv kan ha aktivt valgt bokstavkombinasjonen CF så er den mest nærliggande forklaringa at bileigaren har kjøpt bilen heilt ny av ein forhandlar som har Lillestrøm som sin nærmaste trafikkstasjon. Veldig mange av nye bilar kjem sjøvegen via Drammen, og blir deretter frakta på vegen ut til bilforhandlarane. For ein som bur på Finnsnes så kan det nok tenkast at vedkommande ikkje har tatt seg råd til å få bilen levert på Finnsnes då det sjølvsagt kostar å få bilen transportert. Særleg om bileigaren uansett hadde eit ærend i Oslo så kan det fort være like praktisk å hente bilen der for å køyre den heim i staden for å sitte på Finnsnes og vente på at bilen skal bli frakta dit. Elles så stemmer det at det blir brukt mindre salt i Nord-Norge men det blir salta der også, særleg i kystnære strøk. Der det er meir stabilt kaldt lenge så brukes det mest sand. Eg er noko usikker på i kor stor grad dette har betydning for om bilane rustar. For ein av grunnane til at det blir brukt mykje vegsalt i sør-norge er jo også fordi mykje av saltet blir forsvinn på grunn av regn og generelt trafikk. I Nord-Norge så vil saltet fort kunne få ligge i ro lenger slik at det ikkje er behov for å etterfylle med salt like ofte, men det er forsatt salt i vegbana.
  7. Som nødverge er det lovleg å avverge rettsstridige angrep, også ovanfor andre enn seg sjølv. I tillegg må handlinga være forsvarleg sett opp mot farlegheita av det rettsstridige angrepet. I praksis er forsøk på å stoppe voldsbruk frå politiet problematisk ettersom politiet i mange tilfeller har lov til å bruke vold. Det vil typisk være veldig vanskeleg for publikum å vurdere om politiets voldsbruk er lovleg eller ikkje i det aktuelle tilfellet. Dersom du som publikummer vurderer feil så er ikkje lenger din bruk av nødverge straffefri, den er straffeskjerpande som vold mot mot offentleg tenestemann. Sjølv om politiet har voldsmonopol så er ikkje det eit frikort for å få utøve rettsstridig vold utan hinder. Dreg vi den langt så er det rimeleg openbart at dersom ein politimann står og skyter inn i barnetoget på 17 mai så vil det være både lovleg og rettmessig å stoppe politimannen sidan den voldsbruken heilt openbart ikkje er rettmessig.
  8. Det er fleire moment i dette. Ein bustad som blir tvangssolgt vil typisk bli solgt for ein lågare sum enn ved vanleg salg. Dete er fleire grunnar til det, både at huset må selgast med ein gong og ein ikkje har muligheit til å vente til ein finner den rette kjøparen som er villig til å betale mykje, fordi at eit hus solgt på tvangssalg medfører litt høgare risiko for kjøparen, og fordi eit tvangssalg der eigaren ikkje er samarbeidsvillig typisk vil måtte gjennomføre visningar i eit urydda og uvaska hus som ikkje er styla opp til å vise seg frå sin beste side av den eksisterande eigaren. Banken får stort sett alltid pengane sine med mindre at du har mislegholdt gjelda di særdeles grovt og heller ikkje lenger har inntekt slik at det ikkje finnes pengar som banken kan ta. Det som banken kan tape på er dersom salgssummen ikkje er stor nok til å dekke heile lånet, for då må banken legge arbeid i å kreve inn det resterande beløpet på vanlege måte. Ideelt sett så bør det være slik at huset er verdt 5 mill, blir tvangssolgt til 4,5 mill og så blir disse pengane brukt til å gi banken dei 3 millionane som banken skal ha, restbeløpet på 1,5 mill går då til huseigar. Når det fungerer slik så går det stort sett veldig greit for seg, ofte vil då også huseigaren være samarbeidsvillig ettersom jo betre pris banken får for huset, jo meir sitter huseigaren igjen med etter at banken har fått sitt. Det som ofte er problemet er når huslånet nærmere seg verdien av huset, noko som kan skje dersom ein har fått eit stort huslån som ein ikkje har klart å betale og derfor har bådratt seg ekstra kostnadar ved. Har i tillegg huset gått ned i verdi så kan ein havne i ein situasjon der tvangssalget ikkje klarer å dekke heile huslånet. I slike tilfeller blir huset tvangssolgt og så sitter huseigar igjen med restlånet som usikra lån.
  9. Både og. Det er openbart urealistisk å sjekke vedtaka kva som er vedtatt fartsgrense. Samtidig er det nettopp dette som skjer etter eit trafikkuhell der det er ueinigheit om det er vikepliktsbrudd. Då baserer ein seg ikkje på berre det førarane fysisk kunne sjå, men i stor grad på kart og planverk som seier noko om kva som formelt var planlagt. I dette tilfellet så vil ein kollisjon i praksis bety at både politi og forsikringsselskap starter å leite i sakspapira for å finne ut kva som var søkt om då denne private vegen vart bygd. At vikeplikta ikkje var skilta og at vegmerkinga med vikepliktslinja var slitt vekk eller nedsnødd er ikkje nødvendigvis ei unskuldning.
  10. Ja mangel på bevis er ikkje bevis for at det ikkje kan ha skjedd. Men på eit eller anna tidspunkt så må ein nesten legge teorien til sides. Når all leiting etter bevis som ein vil ha berre fører til forsterka bevis for det motsette så må ein nesten legge fra seg teorien. Det er meiningslaust å fortsette å tru at månen er ein gul ost betre fordi ein ikkje kan utelukke at amerikanerne landa på ein støvete gul ost.
  11. Eg tenker at når ein ikkje finn DNA frå VK, ein finn berre meir DNA frå JHA så må det på eit eller anna tidspunkt være innafor å konkludere med at enten var ikkje VK med, eller så var var den einaste av dei som brukte hansker, kondom og hårnett, eller så kan det tenkast at han var der men med berre ei så passiv rolle at han ikkje la igjen DNA. Sjølv om det beste hadde vært om ein fant udiskutabele DNA spor frå begge to på stadar som ikkje kan bortforklarast med passiv overføring av genetisk materiale, så taler den totale mangelen på DNA frå VK samtidig som det var så mange DNA treff frå JHA for at dette må kunne betraktast som eit utelukkelsesbevis for at VK var på åstaden.
  12. Det spørs litt kva du legg i å stole på utrekninga. Å rekne ut bremselengda er ikkje 100% korrekt, så sånn sett så kan du ikkje stole på at det svaret du fekk ved utrekning også vil være 100% likt reint fysisk. Formelen for bremselengde er ikkje ei nøyaktig skildring av kva som skjer fysisk, formelen er ein modell som forklarer det vi fysisk observerer. Formelen er utrykt som v² / ( 2 * µ * g) der µ er estimert gjennomsnittleg friksjon. Kva som er den reelle friksjonen mellom dekk og underlag gjennom heile nedbremsinga er ein stor usikkerheitsfaktor, men for dei fleste formål så er det nøyaktig nok å anta at µ = 0,9 eller 1 på tørr asfalt. Reelt sett så veit vi at dette ikkje stemmer, det kjem ann på overflata på både dekk og vegbane og ved bremsing så blir gummien varm som igjen påvirker frisksjonen. Formelen for bremselengde har heller ikkje med seg andre faktorar som om oppbremsinga skjer i ein bakke, kva vindretninga er, korleis luftmotstanden er, osv, osv. Derfor stemmer ikkje formelen for bremselengde og du kan faktisk ikkje stole på den, men det er ein god nok matematisk modell for å kunne forutsjå kva som skjer når ein bil bremser til ei nøyaktigheit som er akseptabel. Er du ein våghals som skal utføre eit stunt der du køyrer mot stupet og bråbremser i siste liten slik at bilen stopper heilt ute på kanten slik at nokre få centimeter til eller frå er forskjellen på liv og død, ja då er ikkje denne formelen nøyaktig nok. Då må du også ta høgde for ei rekke andre faktorar som kan påvirke bremselengda.
  13. Det er som med fartsgrensene, du kan ikkje stole på at skilta er rett. Du må sjølvsagt sjekke opp om det føreligg gyldig vedtak om fartsgrense på strekninga. Det er vedtaket om lokal forskrift som er styrande for kva kva som er rett skilting. Finnes ein del eksempel på situasjonar der UP har hatt fartskontroll basert på skilta, der ein i ettertid har måtte betale tilbake bøtene fordi det har mangla gyldig skiltvedtak. Når det gjeld kva som bør gjerast med krysset så spørs det kva ein vil oppnå. Dersom eg forutsetter at det er meint å oppretthalde at dei som kjem frå Kabelgata har vikeplikt så burde det leggast ned ei stripe til med kantstein eller malast på ei kvit linje for å tydeleggjere at fortauet fortsetter rett fram og at bilane som kjem frå Kabelgata krysser fortauet og derfor har vikeplikt. For å være enda tydelegare så burde det også vært malt vikepliktslinje samt satt opp eit skilt om vikeplikt. Det sagt så ser det ut som at dette krysset er så trafikkert og med så mange butikkar og slikt som har dette som tilkomstveg at heile krysset bør endrast for å framheve at Kabelgata er open for alminneleg ferdsel og at alle bør ha vikeplikt frå høgre i dette krysset. Med dagens utforming så er det enklast å gjere ved å fjerne den nedsenka kantsteinen og la heile krysset være asfaltert. For sjølv om Kabelgata er ein privat veg så er den så open for alminneleg ferdsel at eg vil argumentere at det her burde være eit vanleg kryss.
  14. Det dei som var der personleg eller opplevde sakene via media husker er det dei gjorde når dei fekk nyheita. Det er lett å huske at 22 juli var på ein fredag og at eg var på veg heim frå jobb når eg høyrte på radioen at det hadde vært ein eksplosjon i Oslo, men kva eg gjorde på jobb den dagen og kven eg prata med husker eg ingenting frå. Fram til at eg fekk nyheita så var det "ein vanleg dag" utan noko å bite seg merke i. Sjølv om eg hadde vært i Oslo og kjent trykket frå bomba så hadde eg ikkje reflektert så mykje over kva eg gjorde før der, alt som skjedde etterpå hadde eg nok huska godt men ikkje alle kvardagslege detaljar som er heilt urelaterte til hendinga. Nyheita om at eit nokre ungar er savna vil av dei aller fleste bli oppfatta som at dei sikkert har gått seg bort eller besøkt nokon utan å seie ifrå. Dei aller fleste slike løyser seg etter nokre timar når jentene dukker opp igjen. Nokre dagar seinare når det var klart at det dreide seg om ei drapssak så er det meir naturleg å tenke tilbake på kva ein har sett og gjort, men då kan det alt være forseint om ein berre gjorde heilt vanlege rutinemessige ting. No huskar eg ikkje i farta om det var hundeluftaren eller det var eit anna vitne som i vitneavhøyret sa at han hadde observert JHA på eit tidspunkt som i ettertid ikkje viste seg å stemme. Går ein tur i det same området kvar einaste dag og så fleire dagar blir spurt om å i detalj fortelle om kva ein såg og høyrte under spasserturen så er det ikkje så lett å gjengi det i ettertid. Som nemnt så starta Baneheiasaka som ei sak om nokre jenter som ikkje kom heim til avtalt tid etter ein badetur. Utan at det er nokon haldepunkt for at ein ser etter mistenkte så er det ingen grunn til å memorisere alle personane ein har sett i området som sannsynlegvis ikkje har noko form for tilknytting til saka. Sjølv om forsvinninga skulle være ei drukningssak (som var vel det dei fleste frykta ettersom jentene hadde vært å bada åleine) så er det heller ingen grunn til å memorisere alt som skjedde den dagen. Ein tek kanskje ein kjapp refleksjon på om ein såg to jenter i 8-10 års alderen den dagen, men utanom det så er det unaturleg å skulle memorisere så mykje meir som skjedde.
  15. Ser på formateringa at trådstarter har klipt teksta frå eit anna innlegg. Mistenker trolling på tvers av ulike forum. @irole Veit ikkje om du faktisk lurer på dette men kan likevel svare. Du blander måleeiningar med matematikk, det er to ulike ting. Det dei har til felles er at ein kan bruke begge delar på både rasjonelle og irrasjonelle ting. Så før ein roter seg vekk med å tenke på kva som er dei kortaste og dei lengste målbare avstandane så bør ein ha kontroll på dei rasjonelle sidene som ein har eit intuitivt forhold til i dagleglivet. Du har heilt rett i at før så brukte ein andre måleeiningar, både tommer, alen og favn var i vanleg bruk. Sjølv om disse måla ikkje var presist definert og derfor kunne variere litt frå person til person så var nøyaktigheita god nok til kvardagslege forhold. Sånn sett er det ingen forskjell frå i dag når vi typisk brukar meter som den grunnleggande måleeininga, for sjølv om ein meter er presist definert som avstanden som lys tilbakelegger på 1/299 792 458 sekund så brukar vi aldri så meter på ein så nøyaktig måte. Når vi måler kor høge vi er så oppgir vi det aldri som meir nøyaktig enn ned til nærmaste centimeter, ofte heller ikkje meir nøyaktig enn nærmaste decimeter. Vi kan sjølvsagt oppgi høgda vår i både millimeter og nanometer men det blir langt meir nøyaktig enn kva vi vanlegvis har bruk for. Så vi kan måle alt til nært 100% nøyaktig, men då kjem vi opp i tal som ingen har forhold til og som ingen har praktisk nytte av å vite. På større avstandar som avstanden mellom bustaden din og skulen så oppgir vi det målet vanlegvis i kilometer eller til nærmaste 100 meter om avstaden er liten. Dersom du treng å vite talet på centimeter til skulen så gjer vi det vanlegvis ved å dele talet på meter med 100 for å få centimeter, då blir ikkje svaret meir nøyaktig enn det opprinnelege målet men det er ofte godt nok. Du kan sjølvsagt ligge på kne og måle avstanden med ein linjal for å få det eksakte talet på centimeter og millimeter, men det er vanlegvis alt for detaljert i forhold til kva som er nødvendig, og det kan i praksis være vanskeleg å få eit heilt nøyaktig mål sidan det er rom for mennesklege feil når du skal måle på den måten.
×
×
  • Opprett ny...