Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 549
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

  • Bursdag 12. jan. 1983

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,8k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Alt er relativt. Ein 23 åring som har opplevd noko anna enn å gå på vidaregåande og sitte på gutterommet har i alle fall på enkelte områder meir livserfaring enn andre 23 åringar som har vært skjerma for det meste. Om ein gjennom å ha levd i 23 år og brukt litt narkotika har nok livserfaring til at ein er velegna til å stitte på Stortinget så er nok svaret klart nei.
  2. Intensjonen er avgjerande, men det er også det som er vanskelgast å bevise ettersom ein ikkje kan vite kva folk tenker. Om intensjonen var å drepe blir ei heilheitsvurdering, og ikkje minst blir det ei vurdering på kva tiltale ein kan ta ut og være rimeleg sikker på å få ei domfelling. Deretter blir det ei vurdering på om vedkommande hadde vilje og evne til å gjere alvor ut av eit ønske om å drepe. Drapstrusslar posta på sosiale nettverk vil typisk ikkje bli dømt som drapsforsøk fordi gjennomføringsevnen ikkje er til stades, det mest vanlege er at ein då blir dømt for skremmande og plagsom oppførsel.
  3. Det er vanskeleg å være ueinig men samtidig så synes eg at samfunnet tar bra mykje omsyn til dei som har lite. Ein kan sjølvsagt alltid bli betre men jamnt over så er det lite samfunnsaktivitetar som fattige ikkje får tatt del i. For dei som har pengar så må det være lov å bruke pengane, det vi ofte ser rundt oss med folk som ruller seg i luksus har også med kva prioriteringar kvar enkelt gjer. Det er ikkje nødvendigvis slik at alle som køyrer i fin bil har så veldig god råd, enkelte har berre prioritert å ha betale 10 000 kr i måneden på eit billån i staden for å bruke pengane på eit huslån. Det einaste eg ikkje er einig i er at det må være lov å kritisere dei som har rota vekk pengane sine. Ikkje det at ein skal drive å mobbe folk som har tatt dårlege valg, ikkje er det alltid vi kan vite eksakt kva slags økonomiske vurderingar som låg bak. Eit typisk døme er folk som er speleavhengige. For joda det er uheldige ting som ligg bak, men det er avgrensa med kor stor støttande eg vil være ovanfor personar som som har satsa alt dei eigde mot ein ørliten sjans for å bli rike. For då er det ikkje snakk om at ein har vært uheldig, då har ein med viten og vilje gjort ei vurdering på at dramen om å vinne stort er verdt å satse alle sparepengane. Det er sjølvsagt noko anna om ein har dårleg råd fordi ein har blitt sjuk og arbeidsufør. For det er ei grense mellom der vi skal være medfølande og fjerne tabuet rundt dårlege økonomiske valg, og på den andre sida bruke dei eksempla som vi har på dårlege økonomisk valg til skrekk og advarsel slik at vi unngår at fleire gjer same tabben.
  4. Grunnen er at det er takstmannen som er ansvarleg for at takstrapporten er korrekt, derfor er det takstmannen som bestemmer kva som er akseptabelt for at takstmannen skal kunne sette opplysningane i rapporten og signere på at informasjonen er korrekt. Meklaren er ingen fagperson på takst, så at takstmannen ikkje vil ta opplysningar som kjem munnleg frå huseigar og via meklaren for god fisk er ikkje så rart. Om bilder og slikt er gir takstmannen god nok informasjon om dei faktiske forhold blir det opp til takstmannen å vurdere. Meklaren din kan heilt fint være denne mellommannen mellom deg og takstmann, men ei slik arbeidsoppgåve vil ligg utanfor det meklaren skal gjere så slikt tilleggsarbeid må eventuelt avtalast. Som nemnt så er nok meklaren motvillig til å ta på seg ein slik jobb ettersom det både kan bli ei uheldig rolleblanding i tillegg til at det kan oppstå misforståingar når opplysningane går via ein mellommann. Det vil til dømes ikkje sjå særleg bra ut dersom du får ein ny takstrapport med høgare takst etter at meklaren har snakka med takstmannen, det kan fort sjå ut som at meklaren har påvirka takstmannen til å gi ein takst som er gunstig for meklaren som får provisjon på salet. Det er ikkje ein gong gitt at takstmannen er villig til å gjere endringar i takstrapporten utan å ta betalt for å gjennomføre ein heilt ny takst av huset. Beste sjansen for å få takstmannen til å redigere rapporten og sende deg ny rapport utan å ha fysisk vært å vurdert arbeidet er ved å ta kontakt med takstmannen direkte og legge fram ei detaljert beskrivelse og gjerne også dokumentasjon i form av bilder og eventuell FDV-dokumentasjon. Du må rekne med at takstmannen kjem til å ta betalt for for arbeidet sjølv om det berre er ei lita oppdatering frå den førre rapporten.
  5. Synes det kunne vært belyst litt meir kvifor denne settinga er så populær. Artikkelen blir mest ei liste over eksempel på spel som har brukt apokalypse som premiss for vedensbygginga. Eg trur at den viktigaste grunnen til at ein i både spel og i litteraturen utforsker denne tematikken er fordi det gir størst kreativt spelerom. Når verdenen har gått under så er det nesten ingenting som hindrar hovudpersonen frå å gjere ting, det einaste hinderet er det som forfattaren sjølv legg inn enten det er farlege zombiar, bitande kulde, eller gjengar av andre mennesker. Dersom det er snakk om sci-fi eller fantasy så slepp ein også å bruke tid på å skildre samfunnsstrukturen og politikken, for alt dette er borte vekk og ein startar med heilt blanke ark. Ei historie satt i ein blomstrande sivilisasjon blir fort ganske avgrensa av realisme. I ein verden full av zombier men utan at sivilisasjonen har kollapsa så er det ikkje rom for at ei gruppe med forskjellige karakterar må skaffe seg våpen og samarbeide om å overleve mot alle odds. I ein slik verden så vil hæren og politiet være mobilisert og det er dei som vil ta opp kampen mot zombiar/fiendar slik at sivilbefolkninga kan leve så normalt som mogleg. I ei fantasysetting så kan ikkje ein bondesønn legge ned arbeidet sitt og ta opp eit sverd for å dra ut på eventyr utan å bli stoppa av adelen som har einerett på både arbeidskrafta han utgjer og ikkje minst eineretten til å være ridder. Ein kan sjølvsagt skrive gode historier likevel, men det er mykje lettare om ein har ei setting der all form for myndigheiter og styring er fjerna til fordel for ein verden heilt utan slik regulering. I tillegg så er sjølvsagt apokalypse ei spennande setting i seg sjølv, då det er mange som har tenkt tanken på ein sjølv ville gjort dersom samfunnet bryter saman. Særleg i dataspel så er det også ein teknisk fordel med ei akopalypsesetting då ein kan ha handlinga i eit bymiljø utan å måtte ha så massevis av karakterar til å befolke byen.
  6. Stor forskjell på teori og praksis. Alt som kjem i kontakt med mat og som ikkje er sterilisert (inkludert luft) kan potensielt føre bakterier over på maten. I dette tilfellet er nok faren for kontaminering større ved at skinka ikkje hadde blitt pakka tett igjen slik at støv og bakteriar i lufta hadde fått tilgang til skinka. Denne uopna kjøttpakken som du la over vil nok være heilt akseptabelt rein til formålet, men det kan sjølvsagt være bakteriar på utsida av pakken. I aller verste fall så kan det denne kjøttpakken ha vært i kontakt med rått kjøtt, enten frå slakteriet eller ved at pakken ikkje har vært heilt 100% tett, men også det skal ganske mykje til. I tillegg til alt dette så er også serranoskinke veldig motstandsdyktig mot bakteriar. Dette er kjøtt som er preservert ved både tørking og salting, så sjølv om du skulle få bakteriar på skinka så skal det litt til for at bakteriane får formert seg og utgjer eit problem for matsikkerheita. At det kjem bakteriar på maten treng heller ikkje å være eit problem så lenge maten blir fortært før bakteriekonsentrasjonen blir for stor. Dersom du uansett skal ete opp pålegget i løpet av ein dag eller to så kan du være langt mindre nøye på mathygienen enn dersom du skal pakke ned pålegget for langtidsoppbevaring.
  7. Kantstein er berre nemt i forskrift om kjørende og gående i trafikk, og då berre i samband med forbodet mot å parkere nærmare enn 5 meter frå eit vegkryss, samt i definisjonen av vegskuldra. I forhold til vikeplikt så er det ingen reglar om betydninga av kantsteinen. Det er likevel ein god indikasjon på kva som gjeld for krysset ettersom det er vanleg at ein markerer vegar som er opne for allminneleg ferdsel med avrunda kantstein og at utkjørslar blir markert med rett og nedsenka kantstein. Andre typiske indikasjonar på om det er ein veg som ein har vikeplikt for er om vegen til høgre har eit gatenamn, det heller seier strengt tatt ingenting om at vegen er open for allminneleg ferdsel, men vanlegvis så kan ein anta at avkjørslar og tilkomstvegar ikkje har fått gatenamn. Det er likevel mange eksempel på at at ein ikkje kan stole på kantsteinane, det er fleire stadar der vegbyggaren har runda av kantsteinen inn til f.eks. parkeringsplassar, dette er sikkert fordi det ser estetisk penere ut med ei slik løysing sjølv om det bryt med det som er vanleg standard utforming.
  8. Vi kan gjere litt meir med eigne innbyggjarar enn vi kan med andres. Vi kan til dømes innføre dødsstraff igjen, men vi er fortsatt forplikta til å ikkje sende ut flyktningar til land der dei kan få dødsstraff. Norske gutar og jenter kan også flykte frå militærtenesta i Norge.
  9. Forskjellen på om det er drapsforsøk eller ikkje går på om ein hadde til intensjon og drepe og om angrepet utgjorde eit reelt forsøk på å skade. Dei to eksempla du viser til er heilt andre situasjonar. Den fyrste lenka var kollisjon i svært høg hastigheit og i den andre vart bilen brukt som våpen mot ein ubeskytta fotgjengar. For at det skal være eit drapsforsøk så må ein ha både vilje og gjennomføringsemne. I dette tilfellet utgjorde ikkje bilen ein spesielt stor risiko for livstruande skader på grunn av hastigheita og utforminga av vegen. Det sagt så burde nok dommen i støtre grad fokusert på heile opptakta og motivet for biljakta. At det var brukt bil og ein derfor kunne bruke vegtrafikklova framstår som litt tilfeldig. Hovedessensen i handlinga hadde nok blitt ganske lik om ein ikkje hadde satt seg i bilane men heller gåtr til fots.
  10. Strengt tatt er det skjerpande om det er ein russ som køyrer ettersom vedkomande mest truleg har prøvetid på lappen. Ikkje vil det hjelpe å dele bota heller sidan føraren mister lappen og må ta ny oppkøyring. Men den største risikoen er dersom det skjer noko der nokon blir skada og forsikringa ikkje vil dekke kostnaden på grunn av at dei satt usikra i bilen. Skal ikkje meir til enn ei kraftig nedbremsing før det er fare for personskade når det er så mange i bilen.
  11. Vanlig for ein ekstra passasjer er i underkant av 3000 kr i bot. To eller fleire personar i overlast gir vanlegvis beslag av førarkort. I tillegg kan dei som utgjer overlasta få personleg bot for å ikkje bruke bilbelte. Den fysiske maksvekta har eigentleg ikkje betydning når det gjeld passasjerar, men ein kan sjølvsagt også få bot om det viser seg at bilen i tillegg er overlasta med folk.
  12. Slike ting kan sikkert skje i andre bedrifter også. Her har toppleiaren hatt ein avtale på firmabil, og det har han tydelegvis utnytta til å skaffe seg ein av dei dyraste bilane som firmabil. I seg sjølv ikkje noko galt med det, men det er jo ein vanvittig pengebruk. Norsk industri er ei fagforeining på arbeidsgivarsida, så det som er mest utruleg er vel at medlemsbedriftene som betaler for gildet ikkje har hatt innvendingar. Det sagt så kan det være at det har vært lønnsomt å f.eks ha nettverksbygging på jaktområdene på Hardangervidda om dei millionane som vart brukt på å blidgjere handelspartnarar har sikra kontrakter verdt mykje meir. Det kan være grunnen til at medlemsbedrifter har syntes det er greit å betale for slikt ettersom det kan ha gitt større inntekter. Det store spørsmålet er lovlegheita, det får Økokrim vurdere. Men å ta betaling i eiga lomme for å vidareselge flygningar som din arbeidsgivar har betalt for vil fort være straffbart om det ikkje er gjort på rette måten.
  13. Ein må også finne balansen mellom å straffe og rehabilitere. Grunnen til at reaksjonar som ein har fått som mindreårig ikkje kjem på politiattest og liknande er jo fordi ein vil at dei kriminelle barna skal bli lovlydige voksne. Barn gjer mykje dumt, vanlegvis langt mindre alvorlege ting enn grove voldssaker men alikevel. Mange har som barn nasket i ein butikk, dratt på epleslang, plaga naboen med ringe-stikk, eller kasta stein på gjenstandar. Ein veit at det ein gjer er galt men ein aner ikkje konsekvensane fullt ut. Om slike ting hadde blitt meldt til politiet og straffeforfulgt på vanleg måte så er det nok mange som heilt frå barndommen hadde fått mange framtidige muligheiter tatt frå seg. Det sagt så er det openbart ein forskjell på rampestrekar og gjengaktivitet, så reaksjonane må stå i stil.
  14. Har du kontrakt på 150 timar i månaden så betyr det at arbeidsgivar har forplikta seg til å gi deg betaling for 150 timar og du har forplikta deg til å jobbe disse 150 timane. Skal du jobbe mindre enn dette så må dykk bli einige om det, same kven sitt forslag det er at du jobbar mindre. Når det ikkje er avtalt korleis du skal jobbe så kan timane fordele seg litt ulikt frå dag til dag. Om du får betalt ei fast månadslønn utifrå at du gjennomsnittlig jobbar 7,5 time per dag, eller om ein tell time for time er også noko som må avtalast. Eg tenker i alle fall at i ein slik jobb der arbeidet kan fordele seg litt ulikt så er det mest korrekt å føre timar og kreve betalt utifrå dei timane du faktisk har jobba. Du skal ha betalt for minst 150 timar, men har du jobba meir så skal du sjølvsagt ha betalt for alle timane du har jobba.
×
×
  • Opprett ny...