Det har vore eit problem dei seinare åra at Sbanken sender ut årsoppgåver med feil, eller at dei er ufullstendige. Dette vart ikkje akkurat betre med DnB. Eg har både aksje- og rentefond, og årets årsoppgåve inneheld kostnader og returprovisjon berre for ASK. Rentefonda er oppført med kostnader og returprovisjon i skattemeldinga, men dette manglar i årsoppgåva. Så ein må berre håpe på at det som står i skattemeldinga stemmer. DnB nektar sjølvsagt for at årsoppgåva er mangelfull.
På den andre sida, så har eg byrja å jobbe med eit dødsbu. Då er det godt å ha med ein solid bank å gjere som er lett å komme i kontakt med, og der dei har løysingar for innsending av dokument som fungerer. Dette ville nok ikkje ha vore så enkelt om banken var ein app.