Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 584
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,9k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Vil berre kommentere at det er dette skjer dessverre rett som det er. Ein del opplever å bli plassert inn i stilling som blir kalla særleg uavhengig stilling og med overtidsbetaling "innbakt" i årslønna. Vilkåra for å ha særleg uavhengig stilling er i utgangspunktet strenge men det blir ofte juksa med dette. I eit slikt tilfelle så går timeslønna i praksis ned jo fleire timar ein jobbar overtid sidan ein ikkje får ekstra betalt for dei timane.
  2. Her går eg nok litt mot strømmen, men eg hadde også tenkte nøye over korleis det blir med vindusvask med slike høge trekanta vindu. Når ein har store vindusflater så krev det litt ekstra av vasking. Reint funksjonelt sett så hadde eg gjort nokre vurderingar på om du treng så store vindusflater. For å stå inne og sjå ut så treng du ikkje å ha ein heil vegg av glas for at synsfeltet ikkje skal bli innsnevra. Kor mykje du ser ut av vinduet har mykje med kor langt frå vinduet du står. Står du med nasen heilt inntil veggen så er det ikkje store glugga du treng for å sjå alt. Det er sjølvsagt mykje smak og behag, men personleg så hadde nok eg ikkje utnytta slike vindu fullt ut fordi eg hadde nok brukt solskjerming i store delar av året uansett.
  3. Den oppgitte årslønnen er lønna du får om du jobbar alle arbeidsdagar i året i 100% stilling. Det er kanskje lettare å forstå det når det betyr at dersom du hadde jobba 50% stilling så hadde årslønna for full stilling vært uendra men du hadde berre fått utbetalt halvparten så mykje. Dette kan være litt forvirrande, men det er etablert praksis på at oppgitt årslønn er lønna for 12 månedar, og at den måneden du tek ut ferie så får du ikkje utbetalt lønn men du får i staden utbetalt det du gjennom året har blitt trekt i feriepengar. Dette gjer også at dersom du får oppgitt ein månadslønn så skal du gange denne med 12 for å få årslønna sjølv om du berre jobbar i 11 månadar. For dei som jobbar overtid så medfører berre det at overtidsarbeidet aukar månedleg utbetalt og dermed også feriepengegrunnlaget. Forutsett her at dei som jobbar overtid får overtidsbetalt for arbeidet sitt. I dei aller fleste tilfeller så er årslønna basert på 100% stilling der ein berre jobbar avtalt arbeidstid. Overtidsarbeid skal kome i tillegg (og sjølv om det er mindre vanleg å snakke om, lønnstrekk dersom ein har jobba mindre enn avtalt arbeidstid). Det er med andre ord ikkje nødvendigvis slik at ei årslønn på 550 000 kr er fastlønn der det er beløpet du får utbetlat uavhengig av kor mykje eller lite du jobbar. Det kan være det i enkelte tilfeller der ein har særleg uavhengig stilling men det må i så tilfelle være særskilt avtalt.
  4. Det er som regel tryggast å gå for tradisjonelle hus med løysningar som har vært testa mange gongar før. Det er for all del også gode funkishus, men det er ein stor fare for å velge noko som ein arkitekt har sittet å tegna og som ingen har bygd og budd i før. Då er det også større fare for at du etterkvart oppdager uheldige løysingar. Flatt tak gir større fare for vanninntrenging, også fordi du er meir avhengig av at dreneringa til ei kvar tid fungerer og ikkje har blitt tett. Mange næringsbygg har flate tak, men det er fordi det er fordi flate tak gir maksimalt bygningsvolum til ein lav pris, og at næringsbygg ikkje nødvendigvis har som formål å skulle vare i minst 50 år.
  5. Det er ein sikkerheitsventil for å opprettholde Eurovision som ein sangkonkurranse. Det er problematisk når fagjuryen er heilt i ulage med folket, men hensikta er at det er mindre sjans for at ein jury beståande av fagfolk lar seg distrahere av politikk, kostymer, og andre ikkje-musikalske innslag. Med berre publikumsstemmer så vil mange av landa stemme i blokk slik at stemmene hovudsakleg går til naboland litt uavhengig av musikkvalitet.
  6. I Eurovision er det litt 50/50 om vinnaren er vanleg pop-låt eller om det er noko litt sært. Det å blande pop med folkemusikk har vist seg å være ein suksess. I forhold til kven som vinn i år så blir det nok veldig avhengig av fagjuryen i år. Folkestemmene vil nok drukne i politiske stemmer, litt slik som i forfjor når Ukraina fekk mykje sympatistemmer frå folket sjølv som juryen ikkje var like begeistra.
  7. Er eigentleg usikker på om ein kjem til å få gjennomført konkurransen. Nå har det tilspissa seg såpass mykje at eg trur at mange av deltakarane kjenner presset på at dei må ta sine minutt i rampelyset til å protestere for å blidgjere sine viktigaste fans på heimebane. Eg ser for meg at det blir mange muta mikrofonar for å hindre deltakarane i å rope ut bodskap før og etter gjennomføringa.
  8. Ja det trur eg også dei som støtter Israel kjem til å stemme på Israel uavhengig av musikken, dei som er imot Israel kjem til å boikotte, og EBU kjem ikkje til å gå ut med detaljar om stemmegivinga så vi vil aldri få vite kor mange som faktisk boikotta. Er stor fare for at dette blir siste Eurovision i alle fall i denne forma. Det skal veldig mykje til for at Israel kjem til å kunne arrangere, og det kan være vanskeleg å få deltakarane til å reise til Israel. Får vi nok eit Eurovision som må arrangerast i eit anna land så blir heile poenget med at vinnarlandet skal arrangere borte.
  9. For meg var største problemet at hobbit filmane hadde tegnefilmfysikk med actionsscener som ikkje gir meining. Det var ein del andre manusmessige ting også, og då kanskje særleg at sjølv med tre lange filmar så fekk vi aldri bli kjent med dvergane, då var det berre forvirrande med så mange karakterar.
  10. Folk har også ulike behov, særleg i ulike livssituasjonar. For meg er det heilt unødvendig å bruke opp ein fastlegeplass når det ikkje er det eg treng. Eg går sjeldan til lege, og når eg gjer det er det fordi eg treng ei legeerklæring, fordi eg har skada meg og treng nokon som kan sy kutt, eller fordi eg har fått noko som krev reseptbelagte legemiddel. Neste gong eg treng lege så er det stor sannsynlegheit for at den legen uansett har slutta slik at eg likevel må snakke ned ein framand lege. Det er litt annaleia om eg hadde hatt kroniske lidingar, då er det sjølvsagt ein fordel med fastlege for å ikkje trenge å bruke tid på å forklare heile historikken min til ein tilfeldig legevaktlege kvar gong.
  11. Krev attest uansett. Sjølv om du ikkje har tenkt å sette denne jobben på CVen no, så kan det være aktuelt å gjere det i framtida. Ein dokumentasjon på at du har hatt denne jobben er uansett fornuftig å ha. Til dømes ved utrekning av ansiennitet i ein framtidig jobb så kan dokumentasjon på denne jobben være det du treng for å kome opp eit lønnstrinn. Det kan til og med være at du i framtida vil ha dokumentasjon på at du har erfaring frå ei varslingssak. Så krev attest, og krev at attesten er nøytral. Så kan du legge attesten i ei skuff til du eventuelt får bruk for den.
  12. Sant nok, men er det faren for jordfeil som er begrunnelsen for at dette ikkje er lov?
  13. Begge delar, oljen skal primært smøre motoren. I tillegg har oljen ein sekundærfunksjon som kjølemiddel slik at motordelar ikkje blir for varme. Når oljen blir gamal så kan den skille seg, særleg ved at fuktigheit frå lufta kondenserer seg og blander seg med oljen. For å overdrive veldig så kan du med veldig gamal olje risikere at det som blir pumpa rundt som smøremiddel nesten berre er vatn, medan alt det smørande fettet i oljen har skilt seg og ligg igjen i botnen. For deg betyr det at du bør skifte olje for å sikre at oljen ikkje har skilt seg og fortsatt er effektiv som kjøle og smøremedium. Hadde du køyrt mykje så skal også oljen byttast med jamne mellomrom, då fordi oljen blir skitten av smuss og metallstøv som kjem av slitasje, og av den grunn blir dårlegare. Lite køyring kan fort være nesten like problematisk som mykje køyring ved at ting blir øydelagt av for lite bruk. Eg ville nok fortsatt å følgje anbefalte serviceintervall, men kanskje ikkje fullt like slavisk som då bilen var ny. Eg ville nok også kutta bruk av merkeverkstad om du ikkje alt har gjort det, jo eldre bilen blir jo mindre har du eigentleg igjen for å betale litt ekstra for å utføre servicen på merkeverkstad. I tillegg er det også eit spørsmål om kor lang levetid du ynskjer å få ut av bilen, og kva som er viktig for deg. Er du ute etter å bruke minst mogleg pengar på bilen så kan du til dømes kutte servicen på airconditionanlegget då dette ikkje er ein spesielt kritisk bilfunksjon. Kanskje særleg for deg som køyrer så korte turar at cupeen uansett ikkje rekk å bli kald om sommaren og varm om vinteren. EU-kontrollen er ikkje ei erstatning for service og anna vedlikehald, men samtidig så er kontrollintervalla på EU-kontrollen tilpassa slik at veldig alvorlege manglar som utslitte bremser og likande blir oppdaga før det går alt for lang tid.
  14. Du blir ikkje formelt satt opp på fastelegelista før den fyrste i måneden ettersom listene berre blir oppdatert ein gong i måneden. Om du har bytta til ein lege som har ledig plass på lista si så er det mest ein formalitet at du ikkje blir formelt satt opp på lista før 1 juni. I mellomtida så er det mogleg å bestille legetime og be spesifikt om å få den legen som blir din nye fastlege. Det er uansett ikkje noko å vente med å sende inn førespurnad om ny fastlege, jo tidlegare jo betre.
  15. Ja det synes eg. Poenget er ikkje at folk ikkje skal ha råd til å kjøpe egg, men at det fort blir kostbart å skulle hamstre egg som kanskje ikkje ein gong blir spist. Det er forskjellig tålegrense på ei prisstiging alt etter om ein kjøper seg ein 6-pakning med egg for å bake kake til 17 mai, og på det å kjøpe fire brett "for sikkerheits skuld" i tilfelle det skulle bli tomt. Mykje av hensikta med ei slik prisstigning er at alle som vil ha egg får muligheit til å kjøpe egg fordi det ikkje har blitt utsolgt. Eg ser ikkje at det er spesielt mykje meir urettferdig enn at nokre få hamstrarar har meir egg enn dei klarer å gjere seg nytte av medan dei som ikkje kan handle tidleg på formiddagen ikkje får tak i eit einaste egg. Om ein vil ha meir sosial profil så kan ein kombinere ei prisaukning på matvarer det er mangel på med eit priskutt på andre varer, som anna festmat. Er det for lite egg til at alle kan bake kake så kan ein sette opp prisen på egg og sette ned prisen på kremost slik at det å bytte ut bløtkaka med ei ostekake blir eit rimeleg og fullgodt alternativ å sette fram på kakebordet.
×
×
  • Opprett ny...