Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Om du har scannar: Scan ein linjal og bruk denne som basis.

Om resultatet skal på papir: Bruk linjalen og ein penn.

Ein måte i Photoshop:

  1. Lag eit nytt dokument (Ctrl + N).
  2. Lag eit nytt, tomt lag (Ctrl + Alt + Shift + N).
  3. Lag ein kort, smal, loddrett strek med t.d. linjeverktøyet i venstre biletkant.
  4. Dupliser det laget (Ctrl + J)
  5. Trykk Ctrl + T for å aktivere Free transform.
  6. Hald inne shift, og trykk høgre piltast ti gonger.
  7. Trykk enter.
  8. Hald inne Ctrl, Alt og Shift, og trykk T ti gonger.
  9. Det er no laga ti nye lag. Trykk Ctrl + E til alle laga unntatt det fyrste du laga, med streken på, er smelta saman til eitt.
  10. Dupliser det originale streklaget ein gong til, og trykk Ctrl + T. I verktøylinja øvst skriv du inn 50% i boksen for høgd (den det står H ved sida av). Trykk enter.
  11. Igjen, trykk Ctrl + T. Hald inne shift, og trykk høgre piltast ein gong.
  12. Hald inne Ctrl, Alt og Shift, og trykk T til alle millimeterstrekane er på plass.
  13. Gjer bakgrunnslaget usynleg, og trykk Ctrl + Shift + E for å smelte saman alle dei synlege laga.
  14. Dupliser laget med skalaen (Ctrl + J) og roter det nye laget 90° ved å trykke Ctrl + T, høgreklikke og velge rotate 90°. Flytt på rett stad, og visk bort eventuelle overflødige strekar ved krysningspunktet.

Dette vil gjere at avstanden mellom strekane vert korrekt. Om storleiken er feil får du skalere biletet.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...