Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Ujevn gange på Caravelle


martinch

Anbefalte innlegg

Hei!

 

Eg har ein VW Caravelle C Syncro 1,9l (DG) 1985 mod. Dei siste åra har den stort sett stått stille, men fått seg ein luftetur i ny og ne. Før sommaren slutta den å gå på den eine sylinderen ved mykje gass (feit blanding). Dette viste seg å vera eine tennpluggledningen som hadde overslag i seg. Denne eine vart bytta, og det såg ut til at den gjekk tilnerma knirkefritt...

No for ikkje lenge sidan begynte den å gå ganske hakkete igjen. Dei tre andre tennpluggledningane vart bytta, og det vart litt betre. Dei nye ledningane er ikkje like dei originale, men mekanikaren på verkstaden der eg kjøpte dei sa det skulle gå bra.

Eg synest at dei ikkje heng heilt godt på tennpluggen, men det er kanskje slik det skal vera.

 

Nokon forslag til kva problemet kan skuldast?

Tenkte å få fiksa problemet for å få solgt den...

 

Det er spesielt ved full gass at det kjem nokon feiltenningar/ikkje tenning, men den går litt ujevnt på tomgang også.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...