Gå til innhold

Immolation - Death metal Gods - Ein albumguide


MrHaze

Anbefalte innlegg

post-121678-1176152511_thumb.jpg

post-121678-1176152471_thumb.jpg

 

Immolation er eit death metal-band frå New York, som starta opp i 1986 under namnet Rigor Mortis. Dei ga ut ein demo (Warriors of Doom) under det navnet, før dei i 1988 skifta navn til Immolation. Gav ut 2 demoar før dei vart signa på Roadrunner Records, som gav ut debutalbumet, Dawn of Possession. Dei vart kasta ut av Roadrunner når dei gav slepp på dei aller fleste death metal-banda sine, men blei etterkvart signa på Metal Blade. Dei gjorde eit album til med Craig Smilowski som trommis, før Alex Hernandez kom inn og endra Immolation til eit mykje meir teknisk band. Hernandez fulgte bandet fram til og med Unholy Cult, før han slutta, og Steve Shalaty kom inn på trommer. Etter Close To A World Below, som var det fjerde albumet, blei dei signa på Listenable Records, og har gjett ut albuma fram til Shadows in the Light på den labelen.

Albuma frå og med Failures for Gods og til og med Unholy Cult + Shadows in the Light er etter mi meining noko av det mest eigenarta gjett ut innan death metal. Immolation er fortsatt aktivt, og har nett spela inn siste plate, Shadows in the Light, som har lekket ut på nettet i ein promokopi med noko dårleg lyd.

 

Diskografi:

  • 1991 - Dawn of Possession
  • 1996 - Here In After
  • 1999 - Failures for Gods
  • 2000 - Close to a World Below
  • 2002 - Unholy Cult
  • 2005 - Harnessing Ruin
  • 2007 - Shadows in the Light

Dawn of Possession (1991)

 

B000FDFPIY.01._SCLZZZZZZZ_SS400_.jpg

 

Immolation startar diskografien med eit ganske så rett fram death metal-album, med mykje blastbeats, og lite av det spreke trommearbeidet som pregar dei seinare albuma. Riffa er heller ikkje så minneverdige som dei på dei kommande albuma. Blir kanskje litt vel mykje sammenlikning med "the time to come", bare for å blande inn ein søt Sabbat-referanse, men det er vanskleg å unngå. Allikevel så er albumet absolutt bra, om du for eit øyeblikk gløymer kva som kom etterpå. Streit death metal med god, men ikkje heilt superb, riffing, god, brutal, tromming, om enn noko utight av og til. Produksjonen er brun og fin. Eit strakt igjennom godt album, men samtidig kanskje Immolations svakaste. Og det seier litt, når det faktisk er såpass bra.

 

Tracklist:

 

 

1. Into Everlasting Fire

2. Despondant Souls

3. Dawn of Possession

4. Those Left Behind

5. Internal Decadence

6. No Forgiveness (Without Bloodshed)

7. Burial Ground

8. After My Prayers

9. Fall In Disease

10. Immolation

 

 

 

Sjanger: Death Metal

Høgdepunkt: Into Everlasting Fire, Internal Decadence og No Forgiveness (Without Bloodshed) (Rektignok litt pga. den smått utighte trommeovergangen ca. 0:28 uti sangen).

Karakter: 7+/10

 

 

Here In After (1996)

 

post-121678-1176156057_thumb.jpg

 

Immolations neste album, Here In After, viste eit Immolation med litt meir eigenart enn på Dawn of Possession, til tross for litt mindre sprekt cover. Ikkje at det har noko å sei, men måtte bare diskret legge det inn. Riffa er meir gjennomarbeida, trommearbeidet er hakket meir interessant, om enn litt for høgt tempo til at det passar Immolation, vokalen til Ross Dolan er like deilig slimete som på Dawn of Possession, om ikkje meir. Herlig vokal på den karen. Albumet er ikkje så grumsete som DoP, men det er fortsatt ikkje noko Nile-produksjon. Dei tremolo-picka riffa som dukkar opp titt og ofte er heilt fantastiske, då særleg riffet som fyrste gong dukkar opp 0:36 i Nailed to Gold. Tøft og sinna album. Tekstane går i dei samme temaene (eventuelt det samma temaet) som på DoP, dvs. anti-religiøse/kristne. Ikkje det heilt store, men det er då heller ikkje tekstane som er hovudfokuset i Immolation. Here In After er eit knallalbum, og allerede her viser Immolation seg som eit band i endring, ein endring som ein ser veldig klart på neste album...

 

Tracklist:

 

 

1. Nailed To Gold

2. Burn With Jesus

3. Here In After

4. I Feel Nothing

5. Away from God

6. Towards Earth

7. Under the Supreme

8. Christ's Cage

 

 

 

Sjanger: Death Metal

Høgdepunkt: Nailed To Gold, I Feel Nothing og Christ's Cage.

Karakter: 9/10

 

 

Failures for Gods (1999)

 

post-121678-1176153452_thumb.jpg

 

Albumet startar opp med ein kort intro på sangen Once Ordained, før Alex Hernandez, den nye tromissen, sparkar igang helvetet, sammen med resten av ensamblet. Både trommene og gitarspelet harmonerar meir på dette albumet enn på dei to forrige, og begge delar er i tillegg meir komplekst. Det er her Immolation startar med dei skrikande gitarane, og dei meir komplekse trommemønstra. På opptil fleire stadar på nettet så ser eg at folk klagar på produksjonen, og sjølv om kanskje gitaren ligg litt lågt, og fokuset står litt vel mykje på trommene, så synes eg den er langt ifrå så dårleg som mange andre skal ha den til. Har veldig sansen for basstrommelyden, av typa punktert basketball. Og faktisk forskjellig lyd på basstrommene. Hernandez trakterar trommene i bandet mykje bedre enn forgjengaren, det er det liten tvil om. Mange av dei gamle fansen datt kanskje

av på denne skiva, men dei som valde å fortsette å følge med fekk sjå eit band som faktisk overgjekk denne skiva og. Riktignok ikkje på neste album, men på sitt femte album. Failures for Gods er ofte ganske mid-tempo, og utan dei altfor utstrakte blastbeat-partia, sjølv om Hernandez er innom blasting nokre gonger i kvar låt. Uansett, dette albumet markerar starten på det "nye" Immolation, eit bedre Immolation.

 

Tracklist:

 

 

1. Once Ordained

2. No Jesus, No Beast

3. Failures For Gods

4. Unsaved

5. God Made Filth

6. Stench of High Heaven

7. Your Angel Died

8. The Devil I Know

 

 

 

Sjanger: Teknisk Death Metal

Høgdepunkt: Failures for Gods, Your Angel Died og No Jesus, No Beast.

Karakter: 10/10

 

 

Close to a World Below (2000)

 

post-121678-1176153815_thumb.jpg

 

Immolation slår til igjen, med eit album i sama stil som Failures for Gods, dog litt meir velprodusert. Eg synes dog at musikken på Failures er hakket bedre, og likar faktisk produksjonen betre der og, utan at det betyr at Close to A World Below er eit dårleg album. Samma gode gitararbeidet, tromminga (VM i gode blastbeats), og den fortsatt like råe vokalen til Dolan. Tekstane er og dei gode gamle antireligiøse. Syns ikkje riffinga på denne er heiilt på topp, noko som fører til at den ikkje får ein nier, men låtmateriellet er jevnt over godt, så det er eigentleg ikkje noko å klage på. Dei låtane som er gode, er verkleg gode, og dei låtane som ikkje er så gode som dei verkleg gode, er og veldig bra. Soloen i Put My Hand in the Fire er forøvrig noko av det beste Immolation har gjort, når det gjeld soloar. Savnar litt meir skrikande gitarar, slik som på Failures og Unholy Cult, men det dei manglar på Close To A World Below tek Immolation igjen noko så inni helvete på Unholy Cult.

 

Tracklist:

 

 

1. Higher Coward

2. Father, You're Not A Father

3. Furthest From The Truth

4. Fall From A High Place

5. Unpardonable Sin

6. Lost Passion

7. Put My Hand in the Fire

8. Close To A World Below

 

 

 

Sjanger: Teknisk Death Metal

Høgdepunkt: Put My Hand in the Fire, Close to A World Below og Father, You're Not A Father

Karakter: 8/10

 

 

Unholy Cult (2002)

 

post-121678-1176154123_thumb.jpg

 

 

Dette er alt det gode ved Immolation, komprimert sammen i eit album. Heilt sjukt bra låtskriving, ein enormt bra produksjon, fantastisk speling av alle dei involverte, tekstar som overgår sjølv Failures for Gods i korleis dei passar inn i låtane, skrikande gitarar, og den utruleg kule gitar-paningen. Herregud, det er faktisk umogleg å finne noko å klage på ved dette albumet. Heilt frå fyrste brutale riff etter den eit minutt lange introen og fram til siste tone på Bring Them Down er dette ei euforisk oppleving. Riffet i starten av Of Martyrs, And Men er det beste riffet til Immolation, nokonsinne. Slår til og med tremolo-riffet i Nailed to Gold. Heilt absurd kor bra dette albumet er. Dolans vokal har ei kraft som aldri før, når han brøler "The cycle's complete" i tittelsporet... Det er heilt umogleg å beskrive krafta som ligg i det. Eit album som ein kvar person som reknar seg som fan av metal MÅ høyre. Ja, du leste rett, MÅ høyre. Ikkje bør. Etter mi meining er dette eit av metal-verdenens fem beste album. Eg har ikkje ord for å forklare kor fantastisk det er.

 

Tracklist:

 

 

1. Of Martyrs, And Men

2. Sinful Nature

3. Unholy Cult

4. Wolf Among the Flock

5. Relucant Messiah

6. A Kingdom Divided

7. Rival the Eminent

8. Bring Them Down

 

 

 

Sjanger: Teknisk Death Metal

Høgdepunkt: Unholy Cult, Bring Them Down og Of Martyrs, And Men.

Karakter: 10/10

 

 

Harnessing Ruin (2005)

 

post-121678-1176154390_thumb.jpg

 

Unholy Cult var desverre siste albumet med Alex Hernandez, men det var ikkje slutt på Immolation for det. Ny tromiss vart innskaffa, og nytt album vart spela inn. Harnessing Ruin vart tittelen, og Immolation skuffa ikkje. Til tross for at det ikkje er heilt på Unholy Cult/Failures for Gods-nivå, så er det absolutt på eit godt nivå. Det er ikkje slutt på dei komplekse trommene, sjølv om det ikkje er så mykje av det som før. Blastbeat-frekvens er skrudd opp, noko som for min del ikkje er heilt positivt, iallefall ikkje i Immolation-sammenheng. Vokalen har blitt endra litt på, eller, den blir brukt på fleir måtar enn den klassiske brølingen til Ross. Me får ein kviskre-vokal som ikkje er heilt superb etter mi meining, den funkar greit på dei få låtane den vert brukt, men det gjer meg ikkje noko at det er kutta ut igjen på Shadows in the Light. Om albumet hadde kutta ut kviskre-vokalen, og hatt litt meir grumsete produksjon, så kunne det lett glidd inn som mellomleddet mellom Here In After og Failures for Gods. Den har ein god balanse mellom blastbeats og den typen tromming som vert brukt frå Failures og utover, og mykje riffing som og kunne glidd inn. Riffa blir til tider kanskje litt for anonyme, men syns det meste er godsaker på dette albumet. Enda eit godt tilskot til Immolations plettfrie diskografi.

 

Tracklist:

 

 

1. Swarm of Terror

2. Our Saviour Sleeps

3. Challenge The Storm

4. Harnessing Ruin

5. Dead To Me

6. Son of Iniquity

7. My Own Enemy

8. Crown the Liar

9. At Mourning's Twilight

 

 

 

Sjanger: Småteknisk Death Metal

Høgdepunkt: Swarm of Terror, Dead To Me og Our Saviour Sleeps.

Karakter: 8-/10

 

 

Shadows in the Light (2007)

 

post-121678-1176154771_thumb.jpg

 

Shadows in the Light er litt vanskleg å skrive anmeldelse for, sidan den berre har kommet ut på nettet i ein promokopi med dårleg lyd, så tenk på det når du les det eg skriv om den. Den Immolation-skiva som minner mest om Shadows in the Light er Failures for Gods. Promoen høyres ut som ein skitten versjon av den skiva, noko som ein absolutt kan like. Det er meir av dei gamle trommerytmane, og slikt gjer meg til ein glad ungdom. Vekk er kviskre-vokalen frå Harnessing Ruin, vekk er stort sett dei lange blastepartia, og tilbake er det Immolation eg verkeleg elskar. Eg elskar strengt tatt all Immolation, men det Immolation eg elskar mest, for å presisere. Ein god del bra soloar får me og servert. Eg er ikkje heilt sikker på om eg skal skrive stort meir om skiva, men om berre gitarane vert skrudd litt høgare, så trur eg fadermeg detta kan bli ei skiva blant topp 3 av Immolation.

 

Tracklist:

 

 

1. Hate's Plague

2. Passion Kill

3. World Agony

4. Tarnished

5. The Weight of Devotion

6. Breathing the Dark

7. Deliverer of Evil

8. Shadows in the Light

9. Lying With Demons

10. Whispering Death

 

 

 

Sjanger: Teknisk Death Metal

Høgdepunkt: Whispering Death, World Agony og Hate's Plague.

Karakter: 9/10

 

Takk for merksemda. No skal du, om du ikkje allereie har sjekka dei ut, sjekke ut Immolation.

Offisiell Immolation-heimeside

Immolation@Myspace

Endret av MrHaze
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Les da, mann. Har kommet ut ein promo-kopi med halvdårleg, dog grei lyd. Gler meg til å høyre albumet med den lyden det egentleg skal ha.

8346134[/snapback]

Fikk bare med meg at du nevnte den jeg. Frister å kjøpe de to skivene du ga topkarakter, da det lille jeg har hørt av Immolation er ganske fett.

Lenke til kommentar

Hmm, har likt Immolation ganske lenge, selv om de ikke har vært helt på toppen av lista.

 

Så dem live i '96, som oppvarming for Cannibal Corpse på Rockefeller. Lydmessig var det bare graut, men pokker så fett likevel. Prata med, og fikk signert en plakat av Ross Dolan og Robert Vigna også. :woot:

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...