Gå til innhold

Remastering av (t.d.) Knoppix til minnepinne?


Anbefalte innlegg

Har nokon her røynsler med Knoppix på minnepinne, ikkje berre booting, men køyring? Eg tenkjer meg eit opplegg der eg har Knoppix på ein 2-4GB minnepinne, og skrivekatalogar på eit (2GB) sd-kort/minnepinne. (Nokon som har testa den kombinerte varianten?)

 

sd-kortet tenkjer eg å mounte med ein katalog, /store, og symlinkar av /home, /usr/local og /var (+ /etc?) inn i denne. Er dette mogleg? Ikkje mogleg? Dårleg ide?

 

Reknar med at utgangspunktet blir ei standard remastering av eit Knoppix-image, pluss og minus ein liten haug med pakker.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

http://www.knoppix.net/wiki/Knoppix_Remastering_Howto

Har desverre ikke mer erfaring med dette enn at jeg begynte å ta i det her om dagen, men ikke har hatt tid til å se noe videre på det.

 

Jeg skjønner ikke helt greia med SD-kortet. Du kan skrive til USB-pinnen? Å ha et SD-kort for å utvide lagringskapasiteten(home) er greit, men /usr/local, /var, /etc og alt annet BØR være på minnenpinnen. Hvis ikke vil ikke pinnen være brukbar uten SD-kortet.

Lenke til kommentar
Jeg skjønner ikke helt greia med SD-kortet. Du kan skrive til USB-pinnen? Å ha et SD-kort for å utvide lagringskapasiteten(home) er greit, men /usr/local, /var, /etc og alt annet BØR være på minnenpinnen. Hvis ikke vil ikke pinnen være brukbar uten SD-kortet.

6788003[/snapback]

Eg har alltid /home og /usr/local på eigne partisjonar. Dei er meir konstante, medan OS-versjonane kjem og gjeng. Om det er eit kombi-kort, kan SD-kortet monterast direkte i USB-port, om det ikkje er, kan det monterast via lesar om slik ikkje er innebygd i pc'en. Det er jo /etc/fstab som fortel kor partisjonar utafor rota er å finne, og den kan skrivast om dynamisk under booting om det trengst, eller ein kan gjere ein eksplisitt umount/mount etter boot. For meg er det og eit poeng å kunne mounte flest mogleg hovudkatalogar read-only.

 

For sikkerheita, kan det vere eit poeng at ein pinne ikkje kan brukast (effektivt) utan ein annan. Det er fleire grunnar til at eg vil fordele partisjonane over to kort. 4GB er ikkje so mykje, og eg kunne tenkje meg å ha vmware med ein Windows-installasjon med på hovudlasset. Då blir det fort trangt! Og /usr/local er staden eg gjerne kompilerar, då trengst det tidvis nokså mykje plass.

 

Eg vil og reservera nokre MB på USB-pinnen til vanleg bruk, det gjer prosjektet litt meir forsvarleg økonomisk - eg treng ein ny minnepinne no åkke som ;)

Lenke til kommentar

Litt oppdatering: Damn Small Linux (DSL) er ein grei stad å starte, men neppe nokon stad å bli. Køyring frå USB går ganske bra, og ein får jo lasta ned nokre ekstra pakkar (t.d JRE 1.5.0, abiword, full vim og maxima) fra (MY)DSL-arkiva, men endå eit pakkesystem er jo ein mildt sagt dårlig ide... DSL fyllar og opp /usr/local, slik at det ikkje er så lett å tilpasse den til eige bruk. Om ein berre har ein katalog på minnepinnen, må denne dobbelmountast for å brukast normalt, avdi DSL ikkje berre mountar Knoppix-katalogen, men heile pinnen, som /cdrom read-only! Og den kunne ikkje umountast. Så for å kunne skrive, må ein mounte den som noko anna... lite ryddig. Så ein må lasta ned frå pakkearkivet til /ramdisk/tmp, og kopiere derfra til katalog på den dobbeltmounta minnepinnen. Men det går.. Lasting av dei fleste program frå pinnen går på eit blunk.

 

Og det var ingen vits i å følgje Debian sine instruksjonar for å legge DSL på minnepinne - det funka ikkje. Måtte bruke funksjonen inne i DSL, med hardkodinga det innebar. Hardware-detekteringa av USB-einingar var og litt ustabil, men til å leve med.

 

DSL har mykje gamle pakker i MYDSL-arkiva, men dei er jo brukelege. Eg trur eit remastering-opplegg frå siste Knoppix, der ein oppdaterar pakker jamnleg, lagar ISO-image og skriv det rett til minnepinne, er fleire hakk betre. Ideen om å strippe unna bloatware, er god, utruleg kor bra fluxbox kan funke, og med nokre ekstra pakker installert, har vi ein arbeidsstasjon komprimert på under 150 MB!

Lenke til kommentar

Meir oppdatering:

Booting fra USB verkar som litt tilfeldige greier. T.d. får eg boota frå ein 512MB Corsair minnepinne, men ikkje frå ein 1GB, sjølv om oppsettet av dei to er heilt likt. Difor trur eg ikkje det er tilrådeleg å satse på booting frå store minnepinnar i dag. Men det går veldig fint og effektivt å køyre fra pinnen, eg har boota maskina frå GRUB installert på harddisken, og så har GRUB starta opp minnepinnen. Om ein legg GRUB på ein CD, blir opplegget portabelt.

 

Det er mykje betre å køyre Knoppix 5.0.1 frå minnepinne enn frå CD, og når eg får kasta ut nokre av dei ca 2 GB med program som er lagt inn, og lagt inn eigne favorittar (t.d. er ikkje gnumeric med no), trur eg min remaster-versjon får plass på ein CD. Ein stor fordel med Knoppix framfor Damn Small Linux, er at ein i Knoppix oppdaterar og lastar ned standard Debian-pakker med standard Debian-verkty.

 

Dobbel-mountinga (pinnen blir default mounta som /cdrom read-only) kan fiksast slik (pinnen er /dev/sda1):

mount -o remount,rw /cdrom
mount --bind /cdrom /media/sda1

Endret av capricorny
Lenke til kommentar

Då var første runde med remastering unnagjort, det gjekk veldig greit, fjerna språkpakker og litt anna rusk og rask, la til eigne godsaker med apt-get, og endte opp med ein DVD-ISO på ca 870MB, som bootar heilt fint. Eg trong ikkje setje opp minnepinnen på nytt, det var nok å kopiere den nye knoppix-fila over den gamle. Det går litt treigare å starte program enn med harddisk-installasjon, men skilnaden er ikkje veldig stor. Knoppix frå minnepinne er noko heilt anna å køyre enn Knoppix frå CD/DVD.

 

Eg har laga persistent /home på minnepinnen, det er satt av eit visst tal med MB som mountast som eit image. Er litt usikker på dette, om det kan føre til mange skriveoperasjonar, og dermed at pinnen slitast fort ut. Den beste teknikken her er nok ein ramdisk som lesast frå pinnen ved oppstart og skrivast attende dit til slutt.

 

Problemet med booting er berre delvis løyst - skal prøve med GRUB på ein mindre minnepinne, sjå om ikkje den installasjonen kan boote den større pinnen. Kan og bruke CD til dette, men to pinnar er litt enklare.

Lenke til kommentar

Boot-parameteren er toram, men første gong må jo alle program lesast frå optisk disk. Om ein berre køyrer nokre få program, vil dette verke bra etter kvart, men eg køyrer ofte mange ulike, og eg har jo andre ting eg vil bruke minnet til og. Slik at for meg er minepinne mykje betre, men "your mileage may vary", som det heiter på lengst-vest-norsk ;)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...