helge_tore_hoyland Skrevet 13. mai 2006 Skrevet 13. mai 2006 (endret) Hei. Eg har nett starta på eit prosjekt der målet "kanskje" vert å innstallera eit skolelinux nettverk på ein privat skule. For å forbereda meg litt til dette har eg sett opp eit lite testnettverk heime. Her har eg installert server og tynnklientserver på ei og same maskin, med to nettverkskort og prøvd å boote opp ein tynnklient både med pxe og rom-o-matic. I begge tilfella får eg kontakt med servaren og startar opp fila pxelinux.0, men får etter ei lita stund denne meldinga(slutten av ei mykje lengre): Trying to load: pxelinux.cfg/C Trying to load: pxelinux.cfg/default Missing parameter in config file. Could not find kernel image: linux Får so ein promt slik under: boot: _ Eg har prøvd å legga eit bilete inn i /var/lib/tftpboot/ og kallt det linux. Då startar lastinga av bildet og eg får etter ei lita stund kernel-panikk. Ikkje uventa sidan det er bildet til serveren. Det får meg til å tru at eg skulle hatt eit kjernebilete her som skal heita linux som eg ikkje finn nokon stad. Har prøvd å leita litt og fann nokre filer med namn img1770k.gz i forbindelse med "syslinux". Desse pakka eg ut og la inn i "tftpboot" som linux og fekk då ein svart sjerm etter oppstart. Eg har ikkje gjort anna enn å oppgje mac-adressa til nettverkskortet og oppretta ein brukar og ei gruppe i webmin. Tynnklienten er kobla til servaren med to kablar, den eine via ein svitsj og den andre er ein kryssa-kabel direkte mellom maskinene. Bytte om på desse til eg fekk ein pxe-boot i det heile. Vonar på litt hjelp her Mvh Helge Tore Høyland Endret 13. mai 2006 av helge_tore_hoyland
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå