Gå til innhold

Flytting pga jobb


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Trur nok også at dette er veldig individuelt. Det er relativt vanleg å flytte når ein byttar jobb, men det er sjølvsagt forskjell på om du flyttar til andre sida av jorda eller berre til ein anna bydel.
Det er også stor forskjell på om du har noko som helst tilknytting til den nye staden frå før eller om alt er heilt nytt, samt kor langt du flyttar frå ditt vande miljø.

Sjølv synes eg det er nesten verre å berre flytte litt på seg sidan det då er lett å halde på gamle vennar frå der du budde før sjølv om dei er ein time eller to unna i staden for å kome deg ordentleg til rette på den nye plassen. Sånn sett er det enklare å flytte litt langt sidan du då må gjere ein større innsats for å finne deg til rette sidan du ikkje har andre i nærleiken som du kan falle tilbake på.

I tillegg så kjem det sjølvsagt veldig ann på kva du har av forventningar, det kan ta litt tid før du har ein stor vennegjeng med skikkeleg nære vennar men det er heller ikkje alle som har så store krav for å trivst på ein ny plass.

Eit anna moment er også kor mykje tid og energi du sjølv legg i å finne deg til rette. Du blir sjølvsagt mykje fortare kjent med folk om du engasjerer deg i fritidsaktivitetar, lag og organisasjonar. Særleg om arbeidsplassen du skal starte på ikkje er veldig stor med mange kollegaer som du kan støtte deg på.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...