Gå til innhold
Spørsmål om hus eller oppussing? Still spørsmål her! ×

Varmepumpe, nominell og maks effekt


Anbefalte innlegg

Eg ser etter varmepumpe til eit hus frå rundt 1950, ca. 170 m3 over to etasjar. Det er skifta ein god del vindauge og etterisolert på enkelte sider, men framleis litt småkaldt, så eg har tenkt at det bør vere ei av dei større pumpene. Området er vestlandet med stort sett plussgrader, av og til ned til -5 og ein og anna sjeldan gang -10, men huset har vedovn i tillegg.

Når det samanliknar modellar så legg eg merke til forskjellane på nominell og maks effekt, som eg lurer på kva betyr i praksis.

Her er tre eksempel:

Panasonic HZ-35
Maks: 7,5 kW
Nominell: 4,2 kW

Toshiba Daisekai 9 35
Maks: 7,7 kW
Nominell: 4,0 kW

Daikin 35 Gulvmodell
Maks: 6,2 kW
Nominell: 4,0 kW

Eg har sett eit par stader at nominell effekt er snakk om 40-50% av maks effekt, men kvifor er det då så store forskjellar her? Det er 200 W forskjell mellom dei tre pumpene på nominell effekt, men opp til 1500 W på maks effekt. Om nominell skal vere 40-50% av maks, burde det ikkje vere større forskjell på nominell? 

Om ein reknar ut 40-50% av maks så ser det sånn ut:

Panasonic: 3,10 - 3,88 kW
Toshiba: 3,08 - 3,85 kW
Daikin: 2,48 - 3,10 kW

Prosent oppgitt nominell er av maks:

Panasonic: 54,19%
Toshiba: 51,95%
Daikin: 64,52%

Er dette triksing med tal for å få ein brosjyre til å sjå bra ut? Kva tal er det ein faktisk bør sjå på? Det er ikkje ideellt å kjøre ei varmepumpe på maks, så behovet for toppeffekten er ikkje så stor så lenge pumpa er dimensjonert riktig. Då tenker eg at nominell er viktigare sidan den uansett kjem til å kjøre på det nivået døgnet rundt. Kanskje litt meir effekt på natta for å nytte lågare straumpris og kunne kjøre opp pumpa litt når det ikkje er folk der (støy).

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
2 hours ago, Zeph said:

Når det samanliknar modellar så legg eg merke til forskjellane på nominell og maks effekt, som eg lurer på kva betyr i praksis.

Nominell effekt skal være (maksimal) avgitt varmeeffekt ved innetemperatur på 20 grader og utetemperatur på 7 grader når varmepumpen er på sitt mest effektive .

Det kan tenkes at noen produsenter er litt "kreative" rundt dette.

Endret av mobile999
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...