Gå til innhold

Life is Strange-utviklerne vil neppe lage episodiske spill igjen


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Sikkert lurt.
På same måte som med vanlege TV-seriar så må ein rekne med at ein god del hopper av undervegs. Det må nok forventast at spelet mister spelarar på grunn av at dei mister interessa, gløymer å kjøpe neste episode når den kjem ut, ikkje lenger har tid til å spele, synes at underhaldninga er verdt prisen, blir misfornøgde med historieutviklinga, og liknande.

Life is strange prøvde vel i tillegg å gi ut episode 1 gratis for ei stund sidan for å prøve å lokke til seg nye spelarar utan at det var ein stor suksess. 

I motsetning til ein ordinær TV-serie so ein synes har blitt litt kjedeleg så er det nok enklare å tvinge seg gjennom dei siste episodane medan ein sitt og trykkar på mobiltelefonen ettersom ein alt har betalt abonnementet for tilgang til heile serien. Om ein i tillegg skulle ha kjøpt enkeltepisodane til 200 kr stykke så er nok terskelen for å legge serien på hylla langt større.

Ved å selge heile spelet samtidig så blir nok totalprisen litt lavare (reknar med at eit spel med 5 episodar ikkje kjem til å koste 1000 kr), men fordelen er at det då ikkje spelar nokon rolle om kjøparen fullfører spelet eller ikkje.
Det er nok svært få som kjøpte Life is strange episode 2 før dei var ferdige med episode 1.

Ein annan fordel med å selge heile spelet samla er at ein forhåpentlegvis unngår bugs med at val som du gjorde i tidlegare episodar ikkje blir huska slik som det skulle.

Skrevet

Eg har ikkje inntrykk av at episodiske offline-spel har vore noko kjempesuksess, men det finnes sikkert nokre der ute. Dei få eg har vore borti har eg gjerne gløymd heilt vekk, som Dreamfall Chapters.

Skrevet

Life is Strange var fantastisk, men har ikke orket å prøvd de andre spillene ennå, pga at det er episodisk, likte ikke det. Samme med Telltale spillene.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...