Gå til innhold

Eg får feilmeldinga "Skjermtilkopling kan vere avgrensa" i Windows


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Hei!

Eg kjøpte meg nyss ein Samsung Odyssey G7-skjerm. Denne er kopla til eit RTX 3070 via DP.

Stundom får eg opp ei feilmelding i meldingssenteret i Windows 10 som ser slik ut:

bilete.png.bc3947247d4f3468a5edaef686d4bbca.png

Viss eg klikkar på meldinga så vert eg dirigera til denne sida her, som eg ikkje vert stort klokare av då den tykkjest omhandle USB-C og ikkje DP: https://support.microsoft.com/nb-no/windows/løs-usb-c-problemer-i-windows-f4e0e529-74f5-cdae-3194-43743f30eed2

Nyaste drivarar er installera for både skjermkort og skjerm, og skjermen er oppdatera til nyaste fastvare.

Er det nokon som veit kva dette kan bety? Skjermen fungerer fint som fjell, så det er kanskje berre å ignorere denne meldinga...?

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ja, det var den der eg fekk opp forslag om, men eg stussar på at dei berre så vidt nemner DisplayPort, og så verkar det som om heile avsnittet går over til å omhandle USB-C... 🤔 Det einaste relevante rådet eg kan finne er å prøve ein ny DP-kabel. Det har eg ikkje liggjande, berre HDMI og DVI, sidan dette er fyrste DP-skjermen min.

Så lenge eg ikkje ser nokon andre symptom på feil så trur eg ikkje at eg gidd å kjøpe ein ny kabel berre for å sjå om det kan vere noko gale med denne. Det steget får eg heller ta viss "problemet" vert verre. Ei tilsynelatande ikkje-reell feilmelding i ny og ne kan eg alltids leve med. ☺️

Uansett, takk for svar! 👍

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...